on holid on holiday by mistake: mars 2008

28 mars, 2008

WEIRD TALES 28.03

Dalai Lama, Michael Bay og Adam Sandler blant sakane i denne oppdateringa.

* Doctor Who på julemiddag
* Nye rykter om Connery attende til Bond
* WT-vinnar får fulldistribusjon
* You Don't Mess with Adan Sandler
* Hyll ein filmskapar
* Dalai Lama-effekten
* Batman: The Dark Knight of Advertising
* Michael Bay is Awesome
* I Am Legend 2

Doctor Who på julemiddag

IO9 har ein artikkel om korleis no også Tom Baker sleng seg med i diskusjonen om ny multi-doktor historie i Doctor Who. I kommentarsporet låg denne fabelaktige videoen, som eg berre måtte dele.

Etiketter: ,

Nye rykter om Connery attende til Bond

SEAN CONNERY HAR LENGE uttalt at det einaste som hadde fått han ut av pensjonisttilværet hadde vore dersom han fekk spele skurk i James Bond eller dersom det vart laga ny Indiana Jones-film. No viste det seg at sistnemnte eksempel faktisk vart ein realitet, men Connery valde likevel å takke nei til å vende attende til filmindustrien, den lunefulle hora.

Ace Showbiz melder at Connery angjeveleg verkeleg vurderer å gjere comeback som skurk i høve Quantum of Solace, også kjend som Bond 22.

Dersom dette er tilfelle, noko vi tvilar sterkt på, ville det vere vakkert, å-så-vakkert, på ein nesten incestuøs måte. Endringane Casino Royale gjorde til Bond-franchisen var heilt perfekte., og Connery som skurk er eit sjeldant fenomen, som kunne vere den ekstra prikken over i-en QoS treng for å nå heilt opp til sin forgjengar.

Og angåande pensjonistlivet til Connery, eg hadde óg pensjonert meg på flekken etter League of Extraordinary Gentlemen.

Etiketter: ,

WT-vinnar får fulldistribusjon

VINNAREN AV APOLLO-STATUETTEN FOR BESTE LANGFILM 2006 ved WT Os internasjonale filmfestival var eit genialt litte stykke arbeid av Hal Haberman og Jeremy Passmore ved namn Special. Filmen handlar om ein mistilpassa parkometervakt som melder seg til å teste ut ein eksperimentell medisin. Bieffekten er at han utviklar superkrefter, og bestemmer seg for å nytte dei nyvunne kreftene til å bekjempe kriminalitet.

Problemet er berre at den verkelege bieffekten av medisinen er psyotiske reaksjonar.

Filmen utforska einsemda og behovet for eit betre liv på ein heilt ny og original måte, og kan berre anbefalast på det varmaste. Diverre var den einaste staden den fekk distribusjon i England, og det på DVD, men no, etter nesten to år på festivalturné har den endeleg fått napp og får kinodistribusjon i statane.

Les eit intervju med Rapaport hjå MTV her, der han mellom anna snakkar om ein mogleg oppfølgjar. Korleis kan eg ikkje sjå, men med denne gjengen måtte det blitt interessant.

Vonar også at Paul Blackthorne frå "The Dresden Files" får litt lenge fortent eksponering gjennom sin rolle som skurk i denne filmen.

Traileren har byrja versere på veven, og vi presenterer den sjølvsagt her!


Etiketter: , ,

You Don't Mess with Adan Sandler

ADAM SANDLER ER EIN SÅNN DUSTEKOMIKAR som folk flest har eit hat- eller elskforhold til.

Eg likar fyren. Eg elska Billy Madison og Happy Gilmore då eg var ung, og lo meg skakk av 50 First Dates då eg var mindre ung. Han har vist at han meistrar å vere seriøs (og er fordømt god til det!) i filmar som Punch Drunk Love og Spanglish, for ikkje å snakke om den undervurderte Click!.

Men det er noko med hjernedaud tullefilm som, dersom det vert gjort rett, er reint gull. Will Ferrell greier det, Rob Schneider greier det, og Adam Sandler er kanskje kongen på haugen.

Difor er det ikkje utan grunn til at eg gleder meg til ein og ein halv time med minimal hjerneaktivitet og krampe i kinnbeina med Sandler sin neste film, You Don't Mess with the Zohan.

Konseptet seier alt: Den israelske special-ops-soldaten Zohan forlater sitt valdelege liv i Israel for å følgje draumen om å bli hårstylist i USA. Men så tek fortida han att. Hilarity ensues.

Legg til at manuset er ved Sandler i samarbeid med Judd Apatow og Triumph the Insult Comic Dog-skapar Robert Smigel, så er det veldig tydeleg kva spor dette legg seg i.

Dette er humoren du anten elsker eller hatar. Ingen har eit ambivalent forhold til Sandler.



(via JoBlo)

Etiketter: ,

Hyll ein filmskapar

ETTER AT VI SKREIV OM SWEDEING I GÅR, kom tilfeldigvis Slashfilm i dag med ei sak som kanskje kan nevnast i same andedrag.

Dette handlar også om fan-laga filmar, men i staden for heimelaga bilete er dette montasjar frå heile karriera til kjende filmskaparar lagt til musikk.

Det er faktisk forbløffande bra! Eksempelvis har eg i lang tid hatt eit anstrengt forhold til Quentin Tarantino; eg elska Reservoir Dogs og Pulp Fiction då dei kom ut, men har liksom alltid hatt ein dårleg smak i munnen av han sidan. Hyllesten til han gjorde at eg kjem til å revurdere mine kjensler ovanfor fyren, og kanskje gje dei siste filmane hans ein ny sjanse.

Sjå også den fantastiske Paul Thomas Anderson-montasjen, samt Michael Mann og Martin Scorsese hjå Slashfilm.

Etiketter: ,

Dalai Lama-effekten

JOSHUA DUGDALE FØLGTE DALAI LAMA i 18 månader for å lage sin dokumentar The Unwinking Gaze. Dalai Lama hevdar i filmen at hans konstante PR-turné verda over, som inkluderer eit eit usanseleg vell av hob-nobbingen med kjendisar, har ei desidert og handgripeleg effekt på Tibet-situasjonen. Han fortel at han aldri har nølt med å manipulere media for å seie det han meiner han treng, fordi han omfavna den moderne verdas metodar for å få bodskapen høyrd. Endring for Tibet berre kan kome gjennom at nok menneske som bryr seg har motteke bodskapen, seier Lamaen. Ein kan seie kva ein vil om Lamaen sine metodar, og hans selskapsreiser, men kva for ein annan religiøs autoritetsperson brukar taletid på å diskredittere trua på sine eigne krefter? Sjå berre korleis Paven nett har teke nok eit jarngrep rundt Det katolske folk med sine nye dødssynder.

Uansett er ikkje Lamaen sitt kjendisliv som er viktig i denne samanhengen. Snarare er det tematikken i dokumentaren om han som påverkande kraft. Regissør Dugdale meiner at filmen vil resultere i "sjokkbølgjer", som vil tvinge Kina til å opne for resolusjon med Dalai Lama, og håper filmen vil få Beijing til å invitere Dalai Lama til OL.

Fleire kommentatorar, mellom anna Peter Tatara hjå The Guardian sin filmblogg, trur at denne filmen faktisk kan få påverkande følgjer, ei kraft som i lang tid har vore relativt fråverande samanlikna med tidlegare tider. Tatara nevner korleis mange hevdar Peter Davis' Hearts and Minds frå 1974 påverka USA sin tilbaketrekning frå Kambodsja, men at suksessfulle forsøk på liknande påverknad har vore omlag fråværande i ettertida.

Dersom det for ein gongs skuld kjem ein grensesprengande dokumentar som har ein effekt på vårt apatiske og blaserte samfunn, vil dette forhåpentlegvis vere eit vendepunkt for dokumentarsjangeren.

For ordens skuld, her er traileren til The Unwinking Gaze.

Etiketter:

Batman: The Dark Knight of Advertising

VI HAR IKKJE SKRIVE NOKO OM reklamekampanjen til Batman: The Dark Knight tidlegare, fordi, for å vere ærleg, er den så gjennomført og omfattande at det er vanskeleg å berre nevne den utan å bli frista til å skrive ei avhandling om den.

Så sjå på dette som eit kompromiss; eg sender dykk vidare til First Showings, som har ein fin og oversikteleg artikkel som tek for seg denne unike viralreklamekampanjen i sin heilskap.

Og tenkje seg til at den tidlegare indie-hovdingen Christopher Nolan er mannen bak filmen.

Etiketter: , , ,

Michael Bay is Awesome

VEL; KOKKELIMONKE, I ALLE FALL, det har vi dekka tidlegare. Men han legg i alle fall ikkje to pinnar i kross angåande kven han er - ein nerd som likar å få ting til å eksplodere.

Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie til dette - den intellektuelle sida av meg forkastar tullball med eksplosjonseffekter, medan 12-åringen i meg elskar å sprenge ting. Eg reknar med det gjeld oss alle.

Så sjå på dette som ei utstrekt hand til Michael Bay - han latar i alle fall ikkje som om han er nokon annan enn den han er.

(De har kanskje sett ein kortare versjon av denne reklamen før)

(via Filmschool Rejects)

Etiketter:

I Am Legend 2

I AM LEGEND VAR NOK EIT SPEKTAKULÆRT uttykk for manglande kreativitet og integritet i Hollywood - sjølvsagt levert av fakkelbæraren for kunstarisk integritet (or not), Warner Bros. Det var som om det var to ulike manus vilkårleg spleisa saman. Ein djup og kjenslelada "omega mann"-soge (Omega Man er den ikkje ukjende førre filmatiseringa av Richard Mathesons bok I am Legend, med Charlton Heston) der Will Smith for ein gongs skuld speler kanonbra (som han som regel gjer når han klarar å parkere "Big Willie" heime, i.e. omtrent aldri), og hans usunne forhald til sin hund. Og ein dårleg 28 Days Later rip-off som ikkje har ballar nok til å ha realistiske monstre ein gong, men forsøkjer å surfe av garde på annanrangs effekter som liknar meir på dataspel enn på film.

Kva vil oppfølgjaren innehalde? Laura Deely hjå Blockbuster Buzz meiner at ho har svara. Hei, eg ville sett hennar film!

Etiketter: ,

27 mars, 2008

WEIRD TALES 27.03

"Svenske" videoklipp, våte draumar om George Clooney og Bruce Campbell, og nyhende om huttetuane i denne oppdateringa.

* Forest Withaker bekymra for huttetuane, han også!
* Lords of the Swedes
* Cambell & Clooney vs. Killer Tomatoes?

Forest Withaker bekymra for huttetuane, han også!

NYLEG HADDE MTV EIT INTERVJU med Oscar-vinnar Forest Withaker, der han snakkar om rolla si i Spike Jonze-filmen Where The Wild Things Are, som vi har skrive om tidlegare.

Withaker er tydeleg ein oppdatert kar, og har lese fleire av omtalane filmen har fått på veven, i artiklar i bloggar og liknande. Han speler ein av huttetuane, og fortel sjølve om korleis han som involvert har forstått kva det er Jonze prøver å gjere. Han har vore så imponert over det han såg under ein testvisning av delar av filmen (som vi også har nevnt tidlegare), at han er svært bekymra over rykta han har lese om at delar av eller heile filmen skal gjerast på ny for å tilfredsstilla produsentane (Warners, of course).

Han og forsvarar Jonze si avgjersle med å leggje filmen så tett opp til boka som mogleg, og justifiserer korleis det kan vere mykje meir skremmande på film enn i ei bok:
"I'm going to call Spike and find out what's going on," he promised. "The thing is, it's one thing to read [scary stuff] in a book, but when you see an itty-bitty kid running alongside a 10-foot-giant on the side of a cliff, it gets intense. But that's the point, because we're representing the things inside of the kid. They represent his struggles, either him being too angry or being confused, or not feeling like he belongs. They're a gargantuan extension of the way he's feeling inside."
Go Forest, Go!

Jo meir eg les om denne filmen, jo meir frustrert vert eg over at eg moglegeins ikkje skal få sjå den slik Spike Jonze vil at eg (og du!) skal sjå den. Eg hugsar denne boka godt frå barndomen, og det hadde vore nostalgitripp som kun kunne overgåast av langfilmversjonar av Shagma eller Maika - jenta frå Verdsrommet.

Etiketter: , ,

Lords of the Swedes

SWEDEING ER, SOM DEI FLESTE BURDE HA FÅTT MED SEG, ein prossess der ein lagar ein tøyseversjon av ein kjend film, med speletid på nokre minutt, og utelukkande med effekter og props ein kan laga sjølv. Fenomenet, som har utvikla seg til ein vevbasert subkultur av uanste proposjonar, spinn attende til den geniale (men merkeleg nok feilslåtte) marknadsføringsstrategien til den franske surrealistregissøren Michel Gondry sin film Be Kind, Rewind som kom ut like før jul. I filmen råkar Jack Black og Mos Def i ulukka ved at alle VHS-kassettane i videobutikken til Danny Glover vert avmagnetiserte, og i vill panikk prøver dei å bytte ut dei tomme kassettane med versjonar av filmane (frå Løvenes Konge til Robocop) med versjonar dei lagar sjølv med søppeldynga i bakgarden som einaste ressurs. Konfrontert med resultatet, prøver dei å påstå at det er bootleg-versjonar importert frå Sverige. Hence Sweded. Hilarity ensues. I marknadsføringskampanjen oppmoda Gondry folk til å lage sine eigne sweda trailers og filmversjonar - han sweda tilmed sin eigen trailer sjølv (ja, det er han):



Resultatet vart som sagt eit fenomen som utvikla seg til ein heilt ny subkultur (hovudsakleg gjennom YouTube), så sjølv om filmen berre hadde moderat suksess, har Gondry i alle fall sikra seg kred i lang tid framover (sjølv om å laga tøyseversjonar av filmar på denne måten slett ikkje er nytt - men no er det liksom formalisert).


Dette er kanskje dei beste fan-sweda klippa eg har sett, og må opplevast.

Eg gjer dykk Ringenes Herre og TRON!





(sjå fleire sweda filmar her)

Etiketter: ,

Bruce Campbell & George Clooney vs. Killer Tomatoes?

VISSTE DE AT EIN AV GEORGE CLOONEY sine tidlege rollar var i Return of the Killer Tomatoes frå 1988, oppfølgjaren til ein av dei merkelegste skrekkomediane gjennom tidene, Attack of the Killer Tomatoes (1978). Jada, filmane handlar om vondsinna drapstomatar som trugar menneskeheita, og var eit kultfenomen eg hugsar godt frå barndomen. Serien hadde ytterlegare to oppfølgjarar, Killer Tomatoes Strike Back! og Killer Tomatoes Eat France! på tidleg nittital, alle fire regisserte av John De Bello.

Gærningane bak Ask a Ninja, Doug Sarine og Kent Nichols, har fått det for seg at dei skal lage remake av kultfavoritten, og i eit intervju med Bloody Disguisting hevdar dei to at dei ynskjer seg George Clooney i hovudrolla, og at dei har ei spesiell rolle i tankane for Bruce Campbell.

The Last Movie Star vs. the King of B-Movies? Det er sjølvsagt for godt til å vere sant. Sjølv om Bruce Campbell kunne vere tenkjandes til å stille opp, er det naturlegvis ikkje det spor sannsynleg at Clooney hadde teke seg tid til dette. Sjølv for å vise at han er like flink til å snurre pizza som i gamle dagar...



Men vi har i lov til å håpe (og be, og trygle)!

Heile artikkelen

(PS: Clooney og Bruce Campbell HAR spela i same film før også; Bruce hadde ein cameo i Intolerable Cruelty, som han har i dei fleste av Coen-brørne sine filmar. Han speler såpeoperakirurg saman med Billy Bob Thornton).


Etiketter: , ,

26 mars, 2008

WEIRD TALES 26.03

HEI ALLE BARN! Med tanke på korleis det berre ballar på seg med innlegg i blant, så har vi her på "byrået" funne ut at vi skal prøve noko nytt: Magasinaktige oppdateringar.

Det betyr kort og godt at vi skriv innlegg på ein litt annan måte, nemleg nedover i staden for oppover.

Forvirra?

Vel, er det ikkje irriterande korleis ein heile tida må scrolle nedover for å finne det siste innlegget sidan sist du las? Never fear, no vil du kunne lese kvar utgåve av WEIRD TALES her på On Holiday By Mistake som eit magasin. Ho-lee!

Vi gleder oss også til å flytte på oss, til den nye adressa http://wt-festivalen.no/holidaybymistake (den er ikkje aktiv enno), og ynskje velkomen til våre nye skribentar (gamle kjenningar!).

Men lat oss presisere: Er dette formatet noko som kjem til å fungere? Vi veit ikkje. Men vi vel å forsøkje!

Så utan vidare visvas, her er overskriftene i dag!

* Popkult recap
* Bite my Shiny Lego Ass!
* Constantine 2 - til helvete
* Moro med våre vener frå Star Wars
* Te kan motverke miltbrann!
* Gothic Lolitalærarar
* Guy Ricthie attende i form?
* Doctor Who: Satans verk?

Popkulturell recap

HER ER NOKRE AV dei viktigaste popkulturelle nyhendene så langt denne veka!

* B-kjendis Craig Bierko fortel Newsweek om kvifor han badar i badekar med John Malkovich.

* New York Magazine har ein artikkel om John Waters!

* Er det sannsynleg med ein Jericho-film etter at serien vart lagt ned igjen? (Cinemablend)

*Ny TV-reklame for Iron Man! (Film School Rejects)

* Lucasfilm går viral med Indiana Jones-marknadføringa. Det betyr sjølvsagt at godtruande nerdar postar reklamen gratis. Erhm, her er den..



* First Showings melder at Sir Ian McKellen definitivt kjem til å spele Gandalf i Hobbiten!

Etiketter: , , , , ,

Bite my Shiny Lego Ass!

KVA HADDE VORE ENNO BETRE ENN Indiana Jones-, Star Wars- og Harry Potter-lego til saman? Svaret er sjølvklart. Futurama-lego!

Det har lego-maestro Pepa Quinn teke til etteretning. Quinn har gjenskapa Futurama temmeleg perfekt i legoklossar! Diverre er dette sjølvsagt noko Quinn har laga for seg sjølv, og ikkje den offisielle, nye produktlinja til Lego. Sjølv om det burde ha vore det!

Sjekk ut Futurama-galleriet her, og andre legosaker her.

Etiketter: , , ,

Constantine 2 - til helvete

MANGE HAR KANSKJE FÅTT MED SEG at Keanu Reeves har fått rolla som Klatuu i ein remake av sci-fi-klassikaren The Day the Earth Stood Still. Og alle gleder seg til nok ei rolle Reeves har høve til å gjere godt; den førre var fantastiske A Scanner Darkly, og ein kan jo merke seg at rotoskop-teknikken som vart nytta på denne filmen gjorde underverker for Reeves sitt heller manglande skodespelartalent. Og Klatuu, i TDTESS, vel, han er kjend for å vere heller stiv og uttrykkslaus, så det burde jo passe vår venn perfekt.

Keanu fortel om filmen:
“The first one was borne out of the cold war and nuclear détente. Klaatu came and was saying cease and desist with your violence. If you can’t do it yourselves we’re going to do it. That was the film of that day,” Reeves explained. “The version I was just working on, instead of being man against man, it’s more about man against nature. My Klaatu says that if the Earth dies, you die. If you die, the earth survives. I’m a friend to the earth. …what we are doing and who we are as a species. We’re trying to reach beyond the idea of [just] environmentalism.” (MTV)
Ikkje så lovande. Ikkje så lovande i heile tatt.

Derimot hadde han noko anna å seie, som gleda våre nerdehjerter langt inn i rota: Keanu seier at han ikkje vil gjere nokon oppfølgarroller. Med andre ord, det blir ingen oppfølgjar til Constantine.

No, for de som ikkje kjenner soga, så er Constantine basert på ein teikneserie ved namn "Hellblazer" frå den skrekk-relaterte underavdelinga Vertigo hjå DC Comics. Hellblazer handlar om ein hardbarka, kjederøykjande og stordrikkjande liverpudlianar i London, som tilfeldigvis også likar å lefle med okkulte krefter, og havnar i den eine metafysiske konspirasjonen etter den andre. Karakteren, John Constantine, vart skapt av serieforfattarguden Alan Moore, kanskje det største namnet innan teikneseriefeltet ved siden av (kanskje over?) Neil Gaiman, som ein bi-karakter i "Swamp Thing", men det var fort tydeleg at karakteren levde sitt eige liv og behøvde sin eige blad.

Så kjem Warner Bros., som tilfeldigvis eig DC Comics, og vil lage filmversjon av denne populære serien. Men ein kan då ikkje lage amerikansk film om ein engelskmann (som atpåtil ser ut som Sting)! Neineinei, han må jo vere amerikansk, og kven er hot nett no? Jo, Keanu, han gjer det jo så godt med Matrix for tida, få inn han. Og denne serien er jo så treig, det er jo berre snakking. Nei, han kan ikkje reke rundt på pub heile dagen, det må vere masse effekter, og så må han reise til helvete i tide og utide. Og magikar? Nei, det gjer det så dårleg med den kristne demografien, så gjer han til synsk i staden, og så må han ha eit tøft skytevapen. Ei heilag hagle! Då snakkar vi ost. Ost, ja. Brått har dei øydelagd alt som var originalt med teikneserien og laga ein dime-a-dozen amerikansk dustefilm. Som atpåtil var ke-e-e-e-eisam (men hadde eit fantastisk soundtrack av Brian Tyler). For øvrig gjekk regissør Francis Lawrence vidare til å skyte box office-gullfuglen med I am Legend.

Men no har i følgje IESB Keanu altså avkrefta at det vert nokon oppfølgjar som kunne valdta franchisen vidare, så dagen i dag er ein gledens dag her hjå On holiday by mistake, vonar de kan dele gleda med oss. John Constantine har endeleg fått hemn.

Ein litt tristare bieffekt blir at Keanu ikkje kjem til å ha cameo som ein av sine beste rollefigurar, agent Johnny Utah i Peter Iliff sin oppfølgjar til Point Break.

(via Slashfilm)

[EDIT: Skreiv Gort i staden for Klaatu ved eit feiltak. Gort er den berømte roboten i same film]

Etiketter: ,

Moro med våre vener frå Star Wars

IKKJE EI VEKE UTAN STAR WARS.

* WIRED har ein Star Wars-tribute-fotokonkurranse gåande, og Nerdcore har funne ein haug med Zombie Star Wars-bilete blant bidraga. Haha, moro! Men ikkje heilt originalt; denne karen lagar Zombie Star Wars-actionfigurar.

* Disney slepp ein ny serie actionfigurar med Disney-karakterar og Muppets(!) kledd ut som karakterar frå Star Wars. Det er like vittig som det høyrest ut. Men Mikke Mus som Indiana Jones var litt dust. Vi her heime har jo i mange år fått italienske Disney-historiar gjennom Donaldpocket, og der er det jo Langbein, eller Indiana Beinson, som er den soleklare kandidaten til den karakteren.

* De har kanskje lese om fan-kampanjen mot Superheromovie i regi av Star Wars-fans grunna Weinstein Company si handtering av Fanboys? Det stod tilmed i Dagbladet. Det som IKKJE var i Dagbladet, var det alle eigentleg ville sjå: Dette biletet av Kristen Bell (Veronica Mars) i Leia-gullbikini! Boo-ya! (trykk for stor versjon)

Etiketter:

Te kan motverke miltbrann!

DET ER HEILT SANT, i følgje denne studia. Forskarar ved Den walisiske skulen for farmasi har oppdaga at Engelsk frukostte har potensialet for å motvirke miltbrann, også kjend som antrax, melder Danger Room. Verdt å merkje seg at "en anelse melk" referanse til Asterix hos Britene, plebei) negerer denne effekten. Kjekt å vite for amerikanarar, som er så glad å tømme teen sin i Boston Harbour.

I say! It's tea-time for me!

Etiketter:

Gothic Lolita-lærarar

JAPAN, HERLEGE JAPAN, ER KJEND SOM heimtraktene til alskens tullingar, mellom anna bydelen Shibuya, som husar nerdar som visar seg stolt fram ikledd alskens kostymer - ein trend som kallas cosplay, som i "costume play". Spesielt kjend er Gothic Lolitas, ikkje utan grunn. No melder Fanboy at det har vorten sett opp ein engelskskule for nerdar, med mellom anna Gothic Lolitas som lærerinner, nerde- og teknobydelen Akihabara.

Cosplaying teachers are told to teach students how to use simple, "broken" English, while the school also plans to give instructions on "Otaku English," using mostly abbreviations, and "Anime English," which will focus on English instructions of famous lines from cartoons like Gundam.
Vi kan ikkje anna enn å riste på hovudet over japanarane, og banne over at Den norske stat ikkje innfører liknande tiltak i Noreg.

Etiketter: , ,

Guy Ritchie - attende i form?

GUY RITCHIE SKAL ANGJEVELED SKILJAST FRÅ MADONNA, og er formodentleg ferdig med kaballahtull. Han er i alle fall attende i form, skal vi tru sjarmtrollet Thandie Newton, som speler i hans komande film, RocknRolla. Og ikkje nok med dét, men RocknRolla er fyrste film i ein trilogi.

I god tradisjon er RocknRolla ein klassisk "follow-the-money"-sak, som hanlar om at "London's criminal underworld takes notice of a Russian mobster's shady land deal, a scam that puts millions of dollars up for grabs. "

Newton speler den korrupte bokføraren Stella, og speler mot mellom anna Gerard Butler, Jeremy Piven og Ludacros.

Les meir hjå MTV, men mer at there be spoilers!

(Via First Showings.)

Etiketter: ,

Doctor Who Satans verk?

WILTSHIRE TIMES SKRIV OM ein mann som ynksjer å kvitte seg med sine mange Doctor Who-memorabilia, mellom anna ein TARDIS. Kvifor, spør du? Vel, Simon White, 47, er ein tidlegare alkoholikar, som sidan fann ut at han kunne skulde sine svakheiter på Satan (javel), og Doctor Who (kva??).

Herr White byrja samle på Doctor Who-effekter i ung alder, og seinare skulle han ta til å byggje modellar i full skala til ein samla verdi av rundt £7000 (omlag 72000 kroner), mellom anna ein TARDIS, ein Dalek, to Cybermen og robotkjøteren K-9.

Samle- og byggjemanien var i følgje White nok til å gje han bipolar liding, som kosta han jobben og råka han ut i alkoholismen. Seier White, "[Doctor Who represents the] greatest lie that Satan ever told"

"I turned to drink and became an alcoholic and the Dr Who obsession was the only thing that kept me going. I wouldn't have given it up if you'd have put a gun to my head."

Having discovered Christianity Mr Smith has renounced his old life and is putting the whole collection up for sale in local trade magazines and on eBay.

He said: "God delivered me from the evil that is Dr Who, materialism and alcoholism.

"Through my relationship with Jesus I saw that none of this was making me happy and I was born again like Lazarus.

"It's a timely tale as we come up to Easter. I wanted to tell others that no matter what trouble you are in God can deliver you from the evil. If you are prepared to have a relationship with him then God can help. I have been resurrected. My old life is dead, my new life is alive."

Jippi, han gjekk frå ein fanatisk mani til ein annan, og så er alt løyst?! Tydelegvis slutta han å sjå på Doctor Who før sesongavslutninga førre sesong, for då hadde han nok ikkje trengt å springe heilt til kristendomen! (Åtvaring! Spoiler!)


Vi har for øvrig sett finare fanskapte TARDISar, som denne, med innebygd arkademaskin!

(via IO9)

Etiketter: ,

24 mars, 2008

Doctor Who

ENDELEG HAR BBC GÅTT UT med sendeplan for sesong fire av "Doctor Who", og fleskar til med ny sesongtrailer i tillegg. Den nye serien tek til 5. April, altså om knappe to veker!

Eg innrømmer det - eg er Doctor Who-nerd. Eg elskar den nye serien, og har tilmed fått eit passerbart forhald til den gamle serien, som gjekk frå 1963 til 1989, og er verdas lengstlevande science-fiction serie. Eg vil kanskje gå så langt å seie at "Doctor Who" er favorittserien min - det kjekkaste eg kan sjå på: tøysete, britisk science-fiction, akkurat passeleg lite alvorleg, utan noko fiksfakseri og såpeoperatendensar (les: Battlestar Galactica/Babylon 5/Star Trek).

Så om du ikkje har fått med deg serien om den rare mannen frå verdsrommet som fis rundt i tid og rom i ein liten, blå telefonboks, så har du gått glipp av eit verkeleg underhaldande fenomen (sesong to på NRK3 vart nett ferdig i Februar, men rekne med nok ein runde med reprisar her!).

[EDIT:] Burde kanskje nevnt at den lille fyren på biletet er ein Sontaran, ein kjend arketyp frå den originale serien; her har han tydeleg fått seg ein liten make-over. Og ja, heilt til venstre står Donna (Katherine Tate - "Am I bovvered?") frå "The Runaway Bride"-julespesialen i 2006 som er attende, som den faste kompanjongen denne sesongen (sjå også traileren). Men som de ser av biletet, kjem heldigvis Martha (Freema Agyeman) attende (om enn litt lenger ute i serien), sjølv om ryktene seier at ho har fått seg ein permanent heim i "Torchwood" etter gjestespelet der denne sesongen. Eg drit i kor ho er så lenge eg får sjå henne!

For resten av oss, her er den nye sesong 4-traileren, pluss tre teasers:

Etiketter: , ,

James Earl Jones er litt forvirra

Ahaaa!


Etiketter: ,

23 mars, 2008

Lolthulhu Fthagn Cheezburger

DEI FLESTE KJENNER NOK TIL internettmemen "lolcats", og tåpene ansvarleg vil vere dei fyrste som må opp mot veggen når kattane ikkje finn seg i å bli hånleggjort på dette viset lenger, og reiser seg for å underkaste seg menneskesamfunnet og ta over all makt på jorda (And I, for one, welcome our new feline overlords. I'd like to remind them as a trusted popcult blogger, I can be helpful in rounding up others to toil in their underground yarn caves). Heldigvis for meg foregår dette fenomenet hovudsakleg på andre delar av verdsveven enn eg vanlegvis frekventerer, men eg veit ikkje korleis det er med dykk.

Samstundes, i eit litt klammare og litt mørkare (men ikkje så veldig) hjørne av interveven, kom nokre, til kontrast, geniale hovuder opp med dette. Ya R'lyeh.

Denne vevsida postar regelmessig fine Lolthulhus, og eg er sikker på at vi alle kjem til å svi den dagen Cthulhu stig fram frå R'lyeh og finn ut at vi fnisar av han [insert ny Kent Brockman-trope].

Ti-hi!

Etiketter: , ,

Lost Boys: The Tribe trailer

MTV HAR DET MED Å HA EKSKLUSIV førsterett på trailarar for tida, merkeleg det der. No har dei oppe traileren til Lost Boys: The Tribe, den lenge etterlengta oppfølgjaren til den verkeleg store vampyrkultfilmen frå 80-talet. Corey Haim og Corey Feldman er attende som henhaldsvis Sam Emerson og Edgar Frog, sjølv om det av traileren eigentleg såg ut som om Corey Feldman har fått mesteparten av rampelyset (Corey Haim kan berre høyrast, med ein replikk). Ingen Jason Patric, however.

For å vere heilt ærleg syntes eg videoen sugde. Den hadde ingenting av magien eller mystikken som gjorde The Lost Boys til ein seminal film. Vampyrfilmsjangeren fekk ein revitalisering den sårt trang etter tiår med campy Hammer-filmar og tvilsame sexploitations (not that there's anything wrong with that!). Filmen sin tittel refererer til dei foreldrelause gutane på Neverland i Peter Pan som ikkje har ei bekymring i verda og generelt berre gjer som dei vil. Akkurat slik har gutane i The Lost Boys det også, men i motsetnad til dei sjarmerane karane som held Wendy fange for Peter Pan, er desse karane vanheilag demonyngel som søv opp-ned i taket om dagen, og moonlighter (heh) som er brutale drapsmenn om natta. Men ideologiane deira er dei same -
som taglinen til The Lost Boys heiter, "
Sleep all day. Party all night. Never grow old. Never die. It's fun to be a vampire." Høyrer de? Vampyrfilmar kunne innehalde noko meir enn støvete slott, kveldsantrekk, og lesbiske orgiar!

Analogien var ganske genial då filmen kom ut, men i dag er ALLE vampyrfilmar slik som denne. Traileren var gresseleg keisam fordi den såg ut til å vere ein av eit dusin lavbudsjettshorrors i veka. Veldig synd om det visar seg å stemme, eigentleg, for Lost Boys fortener ein god oppfølgjar. Det er berre det at ein oppfølgjar er nøydd til å skilje seg ut frå alle Blade-kopiane og dårlege gothic/anarkist-wank-fests som florerer.

Men dette er berre observasjonar, basert på ein trailer og Corey Feldman sitt rykte som sjølvviktig dass (men vi likar han for det om). Filmen kan bli like genial som einaren? Neppe, som rullebladene til regissøren og manusforfattaren vitnar om (Tromafilmar tel ikkje - dei er IKKJE representative for evna til å lage mainstream film!).

Etiketter: , ,

Påskepop

BLOGGENERDAR TEK IKKJE PÅSKEFERIE, men det gjer eg, og difor får vi ikkje med alle popkultnyhendene frå denne veka. Så her kjem ei oppsummering av nokre av vekas viktigaste sakar.

* The Daily Mail melder at Thomas Sangster (biletet), son til Liam Neeson i Love, Actually, har fått rolla som Tintin i Spiel/Jack sin komande trilogi. Heil til deg óg, Thomas.

* Er Clint Eastwood sin nye film Gran Torino eigentleg Dirty Harry 6? (AICN) Nei, meiner Filmjerk, men spekulasjonane flyr. (Slashfilm)

*Rope of Silicon har nokre nye Indiana Jones-bilete, mellom anna dette lekre biletet av Cate Blanchett (trykk for stor versjon). [EDIT: Her var dei visst ikkje så glad for at vi lånte biletet, så de får følgje lenka for å sjå.)


Og medan vi snakkar om han, lyst på ein tur inn i heimen til Indiana Jones? (via Blockbuster Buzz)

* Spekulasjonane om tie-ins mellom dei ulike Marvel-filmane denne sommaren stemmer. Fans har heile tida rekna det for ganske sikkert, fordi fleire av karakterane i desse filmane er knytt til superheltklubben The Avengers, som er eit av dei neste store filmprosjekta til Marvel. Robert Downey, jr. har ein cameo som Tony Stark (Iron Man) i The Incredible Hulk, Hillary Swank har ein cameo i Iron Man, og rykta seier ho speler Black Widow. I tillegg er ein siste, hittil ikkje-namngjeven karakter med i slutten av Iron Man. Det kan vere Samuel L. Jackson som Nick Fury, men dette er mellombels ukjend. (MTV)

På dette biletet som dukka opp på ei russisk Iron Man-side kan vi se regissør Jon Favreau (til venstre for Robert Downey, jr.), men er det Hilary Swank ved sida av han igjen?


* Sylvester Stallone går snart i gong med sin nye Rambo-film, som skal spelast inn i Bulgaria. Mellom anna skal heimbyen til Rambo (i Arizona) gjenskapast her, med kulissene som vart brukt i Van Damme-filmen The Shepherd. Arizona i Bulgaria, you say? Billig-billig. (Moviehole)

* Ice Cube vil gjerne spele B. A. Barraccus i John Singleton sin A-Team-remake, men John Singleton blir irritert over at Ice trur at Mr. T heiter B. A. Barraccus på ordentlig. Men det er jo berre eit tullenamn, han heiter jo, ehm, Mr. T! (men vi diggar Ice fordi om!) (Slashfilm)

*Dei fyrste bileta av Benicio DelToro som varulv i gjeninnspelinga av The Wolfman er her. (EW)


Etiketter: , , , , ,

19 mars, 2008

2001-forfattar Arthur C. Clarke og filmskapar Anthony Minghella har gått bort

DEN LEGENDARISKE SCIENCE-FICTION-gudfaren Arthur C. Clarke, mannen bak boka bak verdas minst forståelege sci-fi film (og den totalt undervurderte oppfølgjaren) gjekk i dag bort i ein alder av 90.

Clarke, som var kjend for sine svært vitskapeleg truverdige teoriar i sitt forfattarskap, er mellom anna kjend som gudfaren for telekommunikasjonssatelittar. Han var enormt visjonær, og inspirerte generasjonar av vitskapsfolk og teknologinerdar. Mellom anna forutsåg han romstasjonar, månelandinga, mobiltelefonar, ja sågar Internett.

Tidlegare på dagen gjekk også den Oscar-vinnande regissøren av Den engelske pasienten og Den talentfulle Mr. Ripley Anthony Minghella bort, i ein alder av berre 54. Minghella døydde frå komplikasjonar etter å ha blitt operert for kreft i mandlane.

Det britiske filmmiljøet er i djup sorg, og det skortar ikkje på godord frå vener og kollegaer, som hyllar Minghella for å ha vore ein usedvanleg sympatisk mann, i tillegg til ein svært habil filmskapar og teaterregissør. Geekanerd har posta nokre ord, samt kanskje Minghella sin beste film, ein kortfilm basert på Play av Samuel Beckett, som var eit stykke Minghella var svært fortruleg med frå si tid i teateret.

Med Dungeons & Dragons-skapar Gary Gygax' bortgang tidlegare denne månaden, bekreftast nok ein gong regelen om at dei store forlét oss tre av gongen.

Les nekrolog for Clarke her og Minghella her. (henhaldsvis LA Times og The Guardian)

(Kjelder: Slashfilm, Geekanerd)

18 mars, 2008

John Carter of Mars

ALLE KJENNER TIL Edgar Rice Burroughs for hans bøker om Tarzan, eh?

Vel, kjenner de til Rice Burroughs sin andre, litt mindre kjende helt, John Carter of Mars?

Carter var helten i Rice Burroughs sin Mars-serie, der han har fantastiske eventyr blant marsbuarane. Han kunne tilsynelatande ikkje døy, men migrerte i staden mellom to former, ein på Mars og ein på jorda, kvar gong han "døydde". På sine eldre dagar i sin jordlege form, fortel han historia si til sin nevø, Edgar Rice Burroughs, som så skriv dei ned, hevda i alle fall Rice Burroughs.

Det har lenge vore kjend at Disney har hatt lyst til å lage spelefilm med John Carter, og Pixar-sjef John Lassiter røpte under premiera av Pirates of the Caribbean 3 at Pixar ynskja å ta seg av den godbiten. Pixar-gjengen har allereie annonsert éin spelefilm, med Brad Bird som regissør, 1906, ein film om jordskjelvet i San Fransisco i det året, som blir ein samproduksjon mellom Pixar/Disney og Warners (*skjelve*).

Og no ser det ut til at det kan bli alvor av ein film på eigahand for Pixarittane fortare enn vi hadde trudd.

Sist August kjøpte Disney opp ei rekke John Carter-relaterte domenenamn på interveven, og no i helga snappa Disney/Pixar opp ein haug nye, mellom anna johncarterandthegodsofmars.com, johncarterandthewarlordofmars.com, godsofmarsmovie.com og warlordofmars-movie.com. Høyrest kosher ut, ikkje sant? (Litt seint ute, der, Ole Boy!)

Jim Hill, som dekkar Disney/Pixar-relatert informasjon ganske grundig, meldar at det er Wall-E-regissør Andrew Stanton som ryktast å stå for regien, etter eit manus av Ratatouille-skribent Mark Andrews, og spekulerer i at noko av grunnen til at dette prosjektet er viktig for Disney er at dei mistar meir og meir popularitet rundt Narnia-filmane. Det ryktast at Prince Caspian og Dawn Trader blir dei to siste av filmatiseringane, og at Disney difor vil ha eit vakuum å fylle utover 2011, som som Io9 formulerer det,"can only be filled with two-fisted sword-wrangling Martian action." Hell yes!

Vel, Narnia var artig nok det, personleg skjøna eg ikkje kva vi skulle med anna enn BBC-filmatiseringa. John Carter-action? Yes please. Kan eg få foreslå Bruce Campbell i hovudrolla...? Trudde ikkje det, nei.

(via IO9)

Etiketter: , ,

Star What?!

Eg var litt usikker på om eg skulle poste denne videoen gutta hjå Topless Robot kom over, for eg visste ikkje korleis eg skulle justifisere det. Så eg gav blaffen, og posta den likevel :-D

Åååå, nerdar...

Etiketter: ,

Boondock Saints 2 - endeleg! Kanskje. Moglegeins. Vi får sjå.

Litt seint ute, men Slashfilm posta i dag denne videoen (vi henta den på Youtube).

Mannen i videoen er Troy Duffy, og han snakkar sjølvsagt om den ettelengta oppfølgjaren til kultklassikaren Boondock Saints. Fans av filmen (som oss!) har venta på dette sidan 2002. No, ingenting er klart enno, og Duffy har fleire gongar før gått ut med slike annonseringar på nettet. Men det er lov å håpe!

Etiketter: ,

"You don't like the Bruce, you walk!"

  • Fan anmelder My Name is Bruce på nett
  • Klipp frå filmen
Vel, vi ventar framleis i andelaus spenning på om Bruce Campbell dukkar opp på Os i November, men det er relativt sikkert at ein av filmane vi kjem til å vise under årets WT-festival (bank i bordet. BANK, SEIER EG!!) er My Name is Bruce, som dei aaaaaller fleste (alle 5? Vi når i alle fall heilt til både Romania og Argentina!) som les denne spalta burde ha fått med seg kva handlar om.

Som meldt hadde East Lansing Film Festival premiere av filmen, eller i alle fall det Mr. C himself kallar "så nært som mogleg Final Cut", og dette publikumet var det fyrste i verda til å sjå filmen.
Denne karen var der, og har skrive denne vurderinga av filmen.

Samstundes var Brusaren på Monster Mania (mest sannsynleg ikkje samstundes med at han var i East Lansing? -red. anm.), og då hadde han med seg dei ti fyrste minuttane av filmen til almenn forlysting. Vi vel å ikkje poste klippet her, i frykt for å påføre oss sjølv Bruce' vrede, men Bruce Campbell News Blog har ikkje same skam som oss, og lenker direkte til Youtube-klippa. Vi oppmodar sjølvsagt ingen om å øydeleggje fyrsteinntrykket ved å gjere det - det er jo snakk om klipp som ein fyr i salen har filma. Det vert tidsnok høve til å sjå verket i sin gloriøse heilskap, i ein lokalkino nær deg (BANK I BORDET, SA EG!!!).

Etiketter: , ,

17 mars, 2008

St. Patricksdag

NO HAR EG I MANGE ÅR haldt eit intenst hat mot konsummerkedagar (i.e. Valentinsdag, Halloween) som ikkje har noko som helst i det norske samfunnet å gjere. Men, hyklerisk som eg er, har eg i minst like mange år feira ein slik merkedag, som overhovud ikkje har noko i det norske samfunnet å gjere. Eg snakkar sjølvsagt om den irske nasjonaldagen, Sankt Patricksdag.

Dagen for å minnast at den irske skythelgenen dreiv alle slangar ut av Irland (høyrest ut som Kong Kull av Atlantis, spør du meg - Ka nama kaa lajerama!)

Skilnaden mellom denne dagen og dei andre, feikolaisen merkedagane, er at her er det ikkje marknadskreftene som prøver å innføre den for å lure/tvinge deg til å KJØPEKJØPEKJØPE. Her er det ølelskarans sjølv som tek initiativet - det er som kjend ikkje lovleg å reklamere for alkohol i dette landet, og difor kan det ikkje seiast å vere direkte marknadsføring (den indirekte marknadsføringa nevnar eg ikkje i frykt for mi eiga sikkerheit).

St. Patricksdag kan kun feirast i dertil sanksjonerte irske ambassadar (i.e. irske pubar), om ikkje er det humbug! Dei siste, tja, 7 åra (med mindre avvik) har det i Bergen vore Finnegan's. Dog etter reklamesida dei hadde i BT fekk eg heilt avsmak på å gå, men "heldigvis" vart ikkje det eit problem; - ikkje har eg pådrege meg eit eller anna ulumsk i feberfamilien (er delvis sengeliggande), men det er heller ikkje fridag i morgon, så om eg ikkje hadde vore sjuk, hadde det vore jobb.

Difor nøyer eg meg med eit beskjedent glas irsk whisky, og å dele med dykk denne vakre (nei, trolske!) versjonen av den über-irske balladen Danny Boy, courtsey of Svenskekokken, Beaker, og Animal. Slàinte!

(frå BoingBoing)

Etiketter:

15 mars, 2008

Skaparen av The Rocketeer har gått bort

Dave Stevens1955 - 2008

Vi her i WT-festivalen er veldig glade i pulp. Ikkje tremasse eller fruktkjøt, men billeg underhaldning frå dei glade dagane på 30- og 40-talet. Det er også Quentin Tarantino, George Lucas, Steven Spielberg, og mange, mange andre kjende filmskaparar, som har lete seg inspirera av denne veldig lause sjangeren med noveller, romanar, filmseriar og teikneseriar. Heltar som Buck Rogers (in the 25th Century), Flash Gordon, Tarzan, Fantomet, The Shadow, Supermann, Conan Barbaren, ja vi nevner i fleng, alle desse stammar frå 30- og 40-tals pulp, og har gjeve oss uendeleg med glede i over 70 år. (Conan og Fantomet er framleis dei einaste to serieheltane kun forbeholdt vaksne, og det er temmeleg legitimt å lese desse blada den dag i dag).

Ein annan som var svært glad i pulp var Dave Stevens. Du har kanskje ikkje høyrd om han, men det har vi, og vi vart svært triste over å lese om hans bortgang tidlegare denne veka.

Dave Stevens var ein teikneserieteiknar/illustratør som kanskje var mest kjend for å hente 50-tals pin-up dronninga Bettie Page fram frå gløymselen med sine Page-inspirerte illustrasjonar. (Bettie Page er i dag den mest kjende pin-up modellen nokon sinne).

Stevens er mannen bak teikneserien The Rocketeer, ein serie som var modellert etter pulp-forteljingar og -filmar frå 30-talet. På den tida var det vanleg med såkalla "Matinee Serials" på kino; sidan dette var før Gud og kvarmann hadde fjernsyn i si eiga stove, var det vanleg å gå på kino og sjå det som i dag er tv-seriar. Dei fleste av desse handla om fantastiske ting; om romfararar og superheltar - men kanskje viktigast for Stevens var dei som handla om fryktlause eventyrarar som flygaressa Smilin' Jack og Ace Drummond. Desse var hovudinspirasjonaskjeldene til både The Rocketeer og Indiana Jones, ein samtidig helt med The Rocketeer, som deler ein god del av den same tematikken, som slemme nazistar som skurkane, og heseblesande eventyr.

Diverre var ikkje Stevens ein spesielt suksessrik teikneserieskapar trass i svært god mottaking av serien, grunna hans ekstreme perfeksjonisme. På 90-talet selde han brorparten av rettane til Disney, som laga ein minneverdig og undervurdert eventyrfilm (med mellom anna Locke frå "Lost" og Timothy Dalton i skurkerollar).

Mark Evanier, teikneserieverdas største gromgut, har skrive ein fin artikkel til minne om sin ven Stevens, der du kan lese meir om karriera hans.

Vi minnst Dave Stevens med den originale traileren til The Rocketeer, med eit ynskje om at det lagast meir slikt (heldigvis kjem snart Indy 4!)


Etiketter: , , ,

Robocop vender attende

VEL, DET MÅTTE JO KOME. Vi er jo i oppfølgjarens era, i gjeninnspelingas tid, og alle gamle 80-talsheltar har jo som kjend ein ny vår.

Allereie har Rocky, Rambo og Terminator gjenoppfunne seg sjølve, og i fjor fekk vi vite at Escape from New York av John Carpenter spelast inn på nytt (originalt med Gerard Butler i hovudrolla, og regi av Brett Ratner (Superman Returns), men dei har båe i ettertid bukka ut). Manuset er ved Ken Nolan (Black Hawk Down). Kvifor må fuglane vita, men personleg skjønar eg ikkje korleis rolla som Snake Plissken (sic) kan gestaltast av andre enn fabelaktige Kurt Russell.

Fredag kom rapporten om at også Robocop skal dra ein Jesus og gjenoppstå. Som Slashfilm foreslår er det nok også her tilbøyeleg å tru at det er snakk om ein slags remake (i stil med Batman, Supermann og Hulken), då siste kapittel i soga om Robocop frå 1993 var ein gedigen flopp.

Tja, kva kan vi seie?
"It's back! Big is back, because bigger is better than ever!"

Etiketter: ,

A Crate Movie

...og forresten, sidan vi var i den delen av skogen (jungelen?) med Istid3, DreamWorks SKG Fansite har funne denne snutten om Madagascar 2 på DVDen til Bee Movie. Eg har ikkje sett den fyrste enno (har ein filmdate med niesa mi om å sjå den, ho skryt hemningslaust av den, men sidan eg brukar all mi fritid til å skrive her, har det ikkje blitt høve til å sjå den enno), men eg såg Madagascar Penguins in: Christmas Caper, og den var rasande festleg. Ikkje heilt overtydd av Ben Stiller sin "morosame" monolog her, men det er jo for ungane, så eg er villig til å satse på at også dette vert festlege greier.




Etiketter: , ,

Istid 3

Her er eit promobilete og fyrste filmplakat (trykk bileta for å sjå i full storleik) til Istid 3 (via slashfilm). Eg er stor fan av desse filmane, og gleder meg til neste installasjon. Korleis dei skal flette inn dinoar med tanke på at istida var ETTER dinosaurane si storheitstid, gjenstår å bli sett, men det var jo hint i Istid2 om at slikt var mogleg, jfr. dei to vassmonstra.


Etiketter: , ,

14 mars, 2008

Ny Muppetfilm?

It's time to put on make-up
Eg har aldri heilt skjønt kva muppetar skal med sminke, men no er uansett den raggete gjengen til Jim Henson Creature Shop på veg til filmen att, denne gongen med hjelp frå Apatow-gjengen.

Det er Film School Rejects som melder at Jason Segel og Nick Stoller, som nett har gjort seg ferdig med Forgetting Sarah Marshall, kan få grønt lys til å lage ny Muppetfilm for Disney. Segel og Stoller er to av formelmeisteren Judd Apatow sitt alumni, men vi er litt usikre på korleis dop og sex, som er formelen i Apatow-produserte filmar, passar inn med Muppets.

Segel fekk mot til seg til å pitche idéen etter at han som Peter i Forgetting Sarah Marshall setter opp ein musikalversjon av Dracula for dukker.

( For dei som lurar på kva eg snakkar om så er Judd Apatow mannen bak 40-year old Virgin og Knocked Up, samt kultseriane "Freaks & Geeks" og "Undecleared" ("Collegeliv" på norsk). Apatow har i heile karriera "samla" på både manusforfattarar og skodespelarar, og etter kvart etablert eit kollektiv av folk med prepubertal humor som han lét laga film, og også brukar sjølv. Filmane er som regel ekstremt formulaiske, men trass i at det er klassisk lavkultur sterkt rotfesta i typisk gute- og underbuksehumor, får filmane applaus frå mange uventa hald. Erlend Loe erklærte nyleg på bloggen sin at han likar Superbad, til dømes. )

Her er forøvrig traileren til Forgetting Sarah Marshall, som hadde premiere under SXSW, og som har hatt ein herleg viral kampanje med diverse vevsider og flyers med anti-Sarah Marshall-bodskap:


Og nerdar verda over gleder seg over både Veronica Mars og Jackie frå "That 70's Show" i bikini i same film. *kviskrestemme:* Yaaaaay...

Etiketter:

Tintininnpelinga starta

Spielberg på veg til Møllenborg
Steven Spielberg regisserer den fyrste av dei tre planlagde Tintin-filmane.

Det har lenge vore spekulert i korvidt Peter Jackson eller Steven Spielberg ville regissere den fyrste av deira samarbeid med å bringe Tintin til lerretet. No er det altså klart at Spielberg regisserer den fyrste, etter manuskript av geniale og prisbeløna Steven Moffat, mannen bak tidenes beste (kanskje einaste gode) romantiske sitcom, "Coupling", dei aller beste episodane av nye "Doctor Who" (t.d. vil eg nevne episoden "Blink"), og den fantastiske serien "Jekyll" med James Nesbitt ("oppfølgjaren" til Robert Louis Stevenson sin roman Dr. Jekyll & Mr. Hyde). Moffat skriv så fabelaktig at eg vanskeleg kan tenke meg at ein gong Jack-/-berg kan rote det til.

Det er skodespelar Andy Serkis (Gollum), som spelar kaptein Haddock i filmen (det var vel for mykje å be om Harald Mæle, til og med eg skjønar det...), som avslører regissøren i eit intervju med Indie London, og bekreftar at innspelinga no skal vere i gong.

Filmen er ei blanding av CGI og spelefilm, med karakterdesign henta rett frå teikneseriane. Teknologien, i regi av WETA (som gjør effektene i alle Jackson sine filmar), og dei nyttar same teknologi som vart brukt for å skape Gollum og King Kong, med altså levande skodespelarar som utgongspunkt. Det kan, for alt vi veit, bli heilt utruleg bra, så lenge tekstarane her heime hugsar på å bruke dei norske/franske navna i staden for dei talentlause engelske ekvivalentane. Og så blir det heilt feil at det er på engelsk, men eg reknar med at på DVD-en kan ein nytte fransk tale og norsk tekst, og då er vi jo i boks?

Etiketter: , ,

Hulk oppdatering

Hulk Smash!
...Box Office? Det er vel ganske store sjansar for akkurat det, når Louis Leterrier sin The Incredible Hulk debuterer i Juni. Traileren til filmen, bråk mellom [hovurolleinnehavar/manusforfattar] Ed Norton og Marvel, og korleis filmen ikkje er ei opphavshistorie, trass i at den ikkje har noko med tidlegare filmatiseringar å gjere.

VEL, VI SKRAUT OVER Å HA TRAILEREN på plass med ein gong den var ute, men redesign av WT sine vevsider, og også ny utsjånad på denne bloggen (yay!) kom i vegen for oppdateringar dei siste par dagane (rekn med at ting skal vere på plass i laupet av påska, om Hulken vil). No er vi på pletten att, og presenterer herved traileren. Du kan sjå den nedest i artikkelen.

Ja, dette for oss ser ganske så lovande ut. Norton ser ut til å ha ganske god kontroll på emnet, og det var vel ikkje anna å vente med tanke på kor alvorleg han har sett ut til å ta dette prosjektet. Regissør Leterrier påpeiker i eit intervju med Empire Online (sjå nedanfor) at det er viktig å påpeike at ingen av SFX-skota er ferdige enno, og at det er difor det har teke lang tid før vi har fått sett traileren. Han er likevel sikker på at det er representativt for det ferdige produktet (kva enn det måtte bety).

No ser det derimot ut til å vere noko smuss i maskineriet - Marvel og Norton er ueinige over final cut av filmen melder Deadline Hollywood Daily - eit ikkje ukjend fenomen i den bransjen, og Marvel er nok heller nervøse for at dette skal bli ein ny fadese a la Ang Lee sin Hulk-film frå 2003, som framandgjorde fansen og framstod som flåsete for det generiske publikummet. Norton er dog også kjend for å skape problemar med klippinga i filmar han spelar i - for både American History X (som for regissør Tony Kaye framleis er uferdig) og The Italian Job skapte Norton bølgjer. Som ein kommentar hjå Deadline Hollywood Daily seier,
"I think Norton makes terrific decisions as an actor, but it must be maddening as the director having your star trying to make editing and writing decisions. I don’t care how great your leading actor is, you can’t let him or her take over creative control of the picture."
Og angåande regissøren, Louis Leterrier, så har han lagt ut eit "kommentarspor" til traileren hjå Empire Online, melder Io9. Her er det fleire lekre bilete frå filmen, med kommentarar frå Leterrier rundt det vi ser og filmen generelt.

Merk at det kan vere spoiler-heavy, så vi let vere å poste det her, og sender dykk i staden vidare. Vi merkar oss uansett at genesis av Hulken skjer i dei fyrste tre minuttane, og at sjølve handlinga skal avansere hurtig i byrjinga av filmen for å unngå å dvele ved opphavet, men heller fokusere på plottet, som er kjærleikshistoria mellom Bruce Banner (Ed Norton) og Betty Ross (Liv Tyler), samt oppgjer mellom Hulken og Abomination (Tim Roth).

Trailer:


Etiketter: ,

11 mars, 2008

Popkulturell recap

KVA SKJER når nerdeelita i Sambandstatane reiser på festival heile helga? Jo, dei går amok på nettsidene sine ved vekestart, og gjer at slike stakkarar som meg får litt for mykje å melde om.

Difor tek vi no ein liten oppsummering av dei mest interessante/snålaste greiene vi kom over no etter helga.


Fyrst ut er denne greia her Topless Robot-gutta har grave fram frå ei japansk reklame. Eg seier berre, det måtte vel skje?(Lenke)

Deretter har Fanboy.com funne denne artige videoen signert Rik Mayall, som alle sjølvsagt hugsar som Rik i "The Young Ones", ein av tidenes beste britiske komiserier:

(Lenke)

Michael Moran hjå Blockbuster Buzz melder at den nye Terminator-filmen signert McG (ja, han kallar seg faktisk det, og stod bak Charlie's Angels 2 og tv-serien "Fastlane"), som tidlegare var kjend som Terminator Salvation: The Future Begins mista tittelen sin, og kommenterer følgjande:

Christian Bale's other blockbuster franchise has taken one small step backwards today. The movie we were all getting used to calling Terminator Salvation: The Future Begins has, according to Coming Soon, lost its title. Appropriate, you might think, for a movie that's being directed by a chap without a name.

I quite like 'Terminator 4 - Future War' as a title, but maybe that's just because it has that rhyming ' Gone with the Wind 2 - Electric Boogaloo' sound to it.

(Lenke)

Dei fleste melder også at Fox har bestemt seg for å torturere oss med nok ei gjengvaldtekt av Aliens vs. Predator-franchisen. Why, oh-why?!?! Det meldast også om at Bryan Singer har signert for oppfølgjaren til Superman Returns. Om Brandon Routh nok ein gong vil ta undikken utanpå stilongsen er uvisst enno, men dei aller fleste Supermannfans skulle gjerne sett både Singer og Routh vekke frå dette prosjektet.

Cinema Blend melder at Paramount har tenkt å lansere sin eigen Facebook-applikasjon, for å benytte seg av den mest kostnadssparande måten å reklamere på nokonsinne, nemleg la nerdar blogge og sende reklamefilmar/trailers/sanksjonerte klipp til ein annan. Ja, vi er faktisk så dumme at vi går på den.

Lurar på kvifor vi ikkje har posta den nye Indiana Jones-posteren? Fordi vi veit at det ikkje er den endelege, og greier å spare oss. Vi kan derimot melde om ny trailer på veg, og går dermed Dagbladet, Rushprint, og dei andre sinkene ein høg gong. Og nyhendeverdien i det? Meh, manna for filmnerdar som meg. Rykter seier at den kanskje kjem saman med førpremiere av Iron Man (som vi har meldt for lite om, vi veit... Vi gleder oss skikkeleg, altså! Æresord!)

Den siste snippeten var frå Filmschool Rejects, som også kan melde at Terry Gilliam si siste vindmølle, The Imaginarium of Doctor Parnassus, faktisk er på skinnene att, etter å ha blitt lamma av Heath Ledger sin bråe bortgang. Jøsses, og her var vi og trudde at NOK eit Gilliam-prosjekt skulle kollapse - dei har ein tendens til det... Ikkje misforstå, vi elskar filmane hans, men dei har ein tendens til å lide overdrivent mange problem. Til å ta opp tråden etter Ledger, finn vi Johnny Depp, Jude Law og Colin Farrell. I same rolle. Snakk om å fange opp det kvinnelege publikum til det som til sjuande og sist er ein nerdefilm!

Les også deira oppdatering på to Marvel-filmar til (jesus! Skal dei filmatisere ALLE superheltane sine i år, eller?!), nemleg Thor og Antman. Thor, ein norrøn gud med medlemskap i superklubben Avengers, har nok dei fleste høyrt om, men ein skal vere ganske innbitt teikneserienerd for å ha kontroll på Antman. Det må likevel nevnast at sistnevnte er ein av dei mest komplekse karakterane i Marveluniverset. Rekn med ein eigen artikkel om han i framtida.

SFX melder at Russell T. Davis, den stormannsgale og åpent homofile (ikkje at det er noko gale med korkje av dei to fakta, men det har blitt "ei greie" blant Doctor Who og Torchwood-fans!) sjefen for BBC sin oppdaterte Doctor Who-serie (som er på veg inn i sin fjerde runde når som helst - ikkje spør oss når, BBC er merkelege slik. Den dukkar plutseleg opp!) meiner at den er levedyktig i minst 20 år til! Hei, vi er med i 20 år til! Så har vi noko moro å sjå på i staden for søppel som Battlestar Galactica . Det blir nok neppe heile 20 år med fabelaktige David Tennant (biletet) i hovudrolla, då det ryktast om at han hoppar av etter dei tre tv-filmane som erstattar 2009-sesongen (det kjem ny sesong i 2010). Med det har det vore rykter om sidan den fyrste sesongen hans, så vi får berre vente og sjå.

For å veie litt opp for mangelen på stoff om Iron Man, her er båe trailerane, pluss ein reklamefilm for Audi (det gjer meining når du ser den...)


Etiketter: , , , , ,