on holid on holiday by mistake: Doctor Who

24 mars, 2008

Doctor Who

ENDELEG HAR BBC GÅTT UT med sendeplan for sesong fire av "Doctor Who", og fleskar til med ny sesongtrailer i tillegg. Den nye serien tek til 5. April, altså om knappe to veker!

Eg innrømmer det - eg er Doctor Who-nerd. Eg elskar den nye serien, og har tilmed fått eit passerbart forhald til den gamle serien, som gjekk frå 1963 til 1989, og er verdas lengstlevande science-fiction serie. Eg vil kanskje gå så langt å seie at "Doctor Who" er favorittserien min - det kjekkaste eg kan sjå på: tøysete, britisk science-fiction, akkurat passeleg lite alvorleg, utan noko fiksfakseri og såpeoperatendensar (les: Battlestar Galactica/Babylon 5/Star Trek).

Så om du ikkje har fått med deg serien om den rare mannen frå verdsrommet som fis rundt i tid og rom i ein liten, blå telefonboks, så har du gått glipp av eit verkeleg underhaldande fenomen (sesong to på NRK3 vart nett ferdig i Februar, men rekne med nok ein runde med reprisar her!).

[EDIT:] Burde kanskje nevnt at den lille fyren på biletet er ein Sontaran, ein kjend arketyp frå den originale serien; her har han tydeleg fått seg ein liten make-over. Og ja, heilt til venstre står Donna (Katherine Tate - "Am I bovvered?") frå "The Runaway Bride"-julespesialen i 2006 som er attende, som den faste kompanjongen denne sesongen (sjå også traileren). Men som de ser av biletet, kjem heldigvis Martha (Freema Agyeman) attende (om enn litt lenger ute i serien), sjølv om ryktene seier at ho har fått seg ein permanent heim i "Torchwood" etter gjestespelet der denne sesongen. Eg drit i kor ho er så lenge eg får sjå henne!

For resten av oss, her er den nye sesong 4-traileren, pluss tre teasers:

Etiketter: , ,

4 Comments:

Anonymous Anonym said...

Er det vanleg at Dr. Who kryssar over i D&D-universet eller er desse illithidane eit eingongstilfelle?

4:32 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

Hehehe, dei kallast Ood, og liknar nok litt på Mindflayers i at dei har tentakkel-liknande andlet og hive-mind. Men Ood sine tentaklar er ikkje meir enn dingeldangel, medan Illithidar sine er prehensile (+5 i nerding her, for øvrig). The Ood har hatt éin opptreden i Doctor Who tidlegare (eller to, det var ein dobbelepisode), og denne gongen, i episoden Planet of the Ood, skal vi få meir bakgrunnshistorie på desse krabatane.

4:42 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Dei er jo heller ikkje heilt ulike gode gamle Chtulhu sjølv, for ikkje å sei hans små, star-spawn-nevøar.

Forøvrig brukar vel illithidane også dingeldangelet sitt til å tafse på hjernen til folk og fe, gjer dei ikkje?

1:02 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

Jau, det er heilt rett. The Ood har hittil ikkje hatt liknande vanar, men som sagt, tentakkel-andlet og hive-mind har dei til felles, så for tidleg å seie. Det gjenstår å sjå korvidt the Ood har noko slektskap med Cthulhu eller ei. Kven veit? Til mitt kjennskap er det lite Cthulhu-referansar i Doctor Who-mytologien, men ein veit jo aldri.

5:06 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home