on holid on holiday by mistake: desember 2006

12 desember, 2006

caitlin thomas in: lesbian spank inferno

det er nok vidkjend allereie at disney-favoritten lindsay lohan skal spele dylan thomas' enke caitlin i ein av to caitlin dylan-filmatiseringar på trappene . dylan og caitlin thomas er den litterære verda sitt svar på sid og nancy , så slik sett kan enkelte hevde at hollywood si truselause partyprinsesse (google det sjølve) kan fungere. in a universe gone mad. og, heisann... når mora til keira knightly skriv manus [sic!!!] kan alt skje... kiera speler sjølvsagt også i "eposet".

caitlin thomas er å rekne som ei litterær kvinne. lohan leverte nyleg følgjande grammatiske høgdepunkt om å arbeide med auteuren robert altman, og skal altså spele britisk forfatterinne, og the guardian lurar, forståeleg nok, på korleis ein kan rekne henne som kvalifisert til å late som om ho faktisk kan skrive. sjå berre her: "I am lucky enough to of [sic] been able to work with Robert Altman [...] He left us with a legend that all of us have the ability to do [...] Be adequite."

nettopp...

skjønt, eg har ikkje naudsynt noko i mot at ho speler britisk, i alle fall ikkje etter å ha sett dette. sei kva du vil om lohan, men aiaiAIaiAiaiAiai, for å sitere fred/george... å ja, og denne filmen inneheld tvilsame scener mellom lindsay og kiera. couchio, indeed.

heldigvis, heldigvis, heldigvis (heldigvis for alt anna i verda enn den single nerden i oss, that is) kjem det også ein caitlin thomas-film med fantastiske miranda richardson i hovudrolla. takk gud for det. om det vert felles wrap-party vitast ikkje, men me kan gå ut i frå at miranda i så fall ville kome med følgjande sitat frå sin rolle som dronning elizabeth i blackadder III så fort høvet bydde seg: "First I'm going to have a little drinkie, and then I'm going to execute the whole bally lot of you."
vi let dét tale for seg sjølve.