on holid on holiday by mistake: Fleire castingnyhende frå Doctor Who - Michelle Ryan bekrefta

22 januar, 2009

Fleire castingnyhende frå Doctor Who - Michelle Ryan bekrefta

Fleire kjelder melder i dag at ryktet om at Michelle Ryan skal stille som andrefiolinist i Doctor Who tilsynelatande var sant - men ikkje som Matt Smith sitt reisefølgje.

Det er lang tradisjon med fans som luskar på innspelinga av episodar av serien, og spesialepisoden som går på lufta no til påske er inga unntak. Den of Geek og Daily Mail melder båe om at "Bionic Woman" Michelle Ryan har vore observert på settet under innspelinga av det som blir den fyrste av i alt fire spesialepisodar før David Tennant leverer inn nålestripedressen, Converse-skoa, og nøklane til TARDIS. Det hevdast også at ho er i samtalar om å fortsetje i rolla på fast basis - vi reknar då med at det då er tale om den nye sesongen med Smith i 2010.

Som tidlegare rapportert, har Ryan jobba med showrunner Steven Moffat før, og det vert spennande å sjå korleis kjemi ho eventuelt vil ha med henhaldsvis David Tennant og Matt Smith. Serien har fleire gongar fått kritikk for å fokusere for mykje på emo mellom Doktoren og hans "crumpets" (spesielt Rose, spela av Billie Piper), om mange såg det meir platoniske forhaldet mellom han og Donna Noble (Catherine Tate) som forfriskande.

Vi nevner også at Lee Evans, frå mellom anna Det femte element, Alle elsker Mary og Vekk ikke musen som sover, samt uendelege britiske komiseriar) er bekrefta i ei gjesterolle i episoden til påske. Han har rolla som ein professor, og alle som har sett Evans sine ofte klossete karakterar veit kva vi har i vente.



(via Outpost Gallifrey, Daily Mail, Den of Geek)

Etiketter: , ,