on holid on holiday by mistake

26 mars, 2008

Bite my Shiny Lego Ass!

KVA HADDE VORE ENNO BETRE ENN Indiana Jones-, Star Wars- og Harry Potter-lego til saman? Svaret er sjølvklart. Futurama-lego!

Det har lego-maestro Pepa Quinn teke til etteretning. Quinn har gjenskapa Futurama temmeleg perfekt i legoklossar! Diverre er dette sjølvsagt noko Quinn har laga for seg sjølv, og ikkje den offisielle, nye produktlinja til Lego. Sjølv om det burde ha vore det!

Sjekk ut Futurama-galleriet her, og andre legosaker her.

Etiketter: , , ,

05 mars, 2008

Meir legogreier

DIY - I Lego
OK, eg veit at eg har eit par legobyggjande lesarar her, så denne er til dei.

No kan de designe kva enn de ynskjer å byggje i Lego på PCen fyrst, for deretter å bestille kvar enkelt lille bit direkte frå Legobutikken ved hjelp av programmet. Jepp, du høyrde riktig, Christian, det er på tide å byggje ein kjempereplika av Dødsstjerna i Lego i stedet for den fislete greia dei sel! Moahahahaha!

Eh, beklagar.

Om de ikkje ynskjer gje dykk fatt på ei ubrukeleg plastikkgreie, så kan ein jo alltids byggje seg ein Dødsstjerne subwoofer i staden. Oh dear!

Etiketter: ,

The Thing - Lego Style!


I dunno what the hell's in there, but it's weird and pissed off


Eitt siste innlegg på ein særs produktiv bloggedag.

The Thing av John Carpenter frå 1982 er basert på "Who Goes There" skriven av John W. Campbell, jr., og var tidlegare spelt inn som The Thing from Another World i 1952. Carpenter sin remake med Kurt Russell og Keith David framstår som noko verkeleg originalt i ei tid der alle forsøkte å gjere ein Polanski, eller rippe off Ridley Scott sin Alien eller Steven Spielberg sin Jaws. Ein kan lure på korleis det kan ha vore for amerikanarane å sjå filmen UTAN å få plottet servert av produsent Larry Franco sin norsktalande cameorolle heilt i byrjinga, men filmen skremte likefullt vetet frå ein generasjon med skrekkfilmbuffs.

Dette er kanskje den beste skrekkfilmen som nokonsinne er laga, så det er kanskje difor den trengte å bli gjengjeven i Lego... Enjoy! (merk at denne gjengjevinga devierer ein del frå filmen!)

Etiketter: , , ,

02 januar, 2007

season's greetings

eg veit at jula er over, men det er alltid ting ein skulle ynskje ein putta på ynskjelista si. nok eit år er gått, og me er eit steg nærare apokalypsen. omfavn slutten, seier eg, og kva med å ha det moro i same stund?

som med t.d. dette:





eller kanskje eit nytt dataspel der sherlock holmes vert kasta inn i cthulhu-mythoset (sic)?

for øvrig ikkje fyrste cross-overen mellom holmes og cthulhu. enkelte hugsar kanskje denne boka:man oh man denne bør filmatiserast....

Etiketter: ,