on holid on holiday by mistake: Lords of the Swedes

27 mars, 2008

Lords of the Swedes

SWEDEING ER, SOM DEI FLESTE BURDE HA FÅTT MED SEG, ein prossess der ein lagar ein tøyseversjon av ein kjend film, med speletid på nokre minutt, og utelukkande med effekter og props ein kan laga sjølv. Fenomenet, som har utvikla seg til ein vevbasert subkultur av uanste proposjonar, spinn attende til den geniale (men merkeleg nok feilslåtte) marknadsføringsstrategien til den franske surrealistregissøren Michel Gondry sin film Be Kind, Rewind som kom ut like før jul. I filmen råkar Jack Black og Mos Def i ulukka ved at alle VHS-kassettane i videobutikken til Danny Glover vert avmagnetiserte, og i vill panikk prøver dei å bytte ut dei tomme kassettane med versjonar av filmane (frå Løvenes Konge til Robocop) med versjonar dei lagar sjølv med søppeldynga i bakgarden som einaste ressurs. Konfrontert med resultatet, prøver dei å påstå at det er bootleg-versjonar importert frå Sverige. Hence Sweded. Hilarity ensues. I marknadsføringskampanjen oppmoda Gondry folk til å lage sine eigne sweda trailers og filmversjonar - han sweda tilmed sin eigen trailer sjølv (ja, det er han):



Resultatet vart som sagt eit fenomen som utvikla seg til ein heilt ny subkultur (hovudsakleg gjennom YouTube), så sjølv om filmen berre hadde moderat suksess, har Gondry i alle fall sikra seg kred i lang tid framover (sjølv om å laga tøyseversjonar av filmar på denne måten slett ikkje er nytt - men no er det liksom formalisert).


Dette er kanskje dei beste fan-sweda klippa eg har sett, og må opplevast.

Eg gjer dykk Ringenes Herre og TRON!





(sjå fleire sweda filmar her)

Etiketter: ,