on holid on holiday by mistake

17 november, 2008

AWESOME: Gris Grimly + Guillermo Del Toro lagar Pinocchio!

Det var ikkje så veldig mange som fekk med seg Gris Grimly sin spesielt inviterte novellefilm "Cannibal Flesh Riot" under årets WT-festival, og det er ein tragedie i seg sjølv. Den fullstendig geniale designeren, som tidlegare har illustrert for Neil Gaiman (The Dangerous Alphabet, sjå bilete nedanfor), har no blitt snappa opp av Guillermo Del Toro, som vil lage stop-motion animasjonsfilm av Grimly si tolking av Pinocchio, med Grimly som regissør, melder Bloody Disguisting. Ikkje nok med dét, dei skal laga det saman med Jim Henson Company!!! (Ja, det var faktisk verdt tre utropsteikn, akkurat det der).

Seier Del Toro:

We are trying to get a full stop-motion version of Gris Grimly’s PINOCCHIO off the ground, with the Jim Henson Company. The idea came from Gris, and everybody loves his book about it. The original story is far more perverse and spooky and semi-necrophilia vibe to it in certain aspects. Gris certainly has that vein in him, he wants to do this with that original spookiness in it, we are trying to get it going.

The Jim Henson Company is the behind it and we are currently working on the screenplay! Its not coming to a screen near you any time soon, even if it were to begin today it would be about three years in the making, but we are working to make it happen. A full-scale puppet universe takes time.


Gris Grimly sjølv er rakst på pletten på sin eigen nettstad, Mad Creator Productions, og spesifiserer at det er enno svært tidleg i prossessen, og at sjølv om Del Toro nevner at det kan ta tre år til den er ferdig, betyr ikkje det at den kjem ut i 2011. Han seier også at han har arbeidd med å få til ein filmversjon av boka i om lag fem år, og har møtt med både Del Toro og Jim Henson Company fleire gongar heilt sidan den fyrste Hellboy-filmen var i produksjon, så dette er ein prossess som tek tid.

Grimly sin veldig originale og ekstremt stiliserte strek er ein perfekt match for Del Toro sine fantastiske visjonar, og dette er eit prosjekt vi kan sjå fram til.

Nok eit prov på at Del Toro er arbeidsnarkoman og/eller fullstendig galen, med tanke på alle ballane han har i lufta akkurat no!

Dei som dreit seg ut på å ikkje sjå "Cannibal Flesh Riot!" på WT-festivalen, kan angra enno meir ved å sjå traileren til filmen på MySpace:
Cannibal Flesh Riot! Trailer 2



(Via Slashfilm)

Etiketter: , , , , ,

14 november, 2008

Klonane reddar æra

Kven hadde trudd det? Den nye Star Wars: Clone Wars tv-serien manar fram mykje av den same sjarmen og barnlege gleda som den originale trilogien gjorde. Utan Hayden Christensen sitt åleglatte og talentlause ytre (ei eingong stemme, men med stemma til Matt Lanter!) framstår Anakin som ein perfekt, trøblete helt med akkurat passe dose issues utan å bli EMO, og vissheita om at han ikkje blir Vader i løpet av denne serien gjer at vi kan kjøpe han som helt utan å vente på at han skal bli ond. James Arnold Taylor si stemme som Obi-Wan er ein ypperleg blanding av Ewan McGregor og Alec Guinness, og det er berre heilt fabelaktig å høyra Dee Bradley Baker som SAMTLEGE klonar (sjølvsagt). Sistnevnte er kanskje det kulaste ved heile serien, Star Wars sine nye badass chicks Assaj Ventress og råkule Ahsoka Tano inkludert. Klonane har verkeleg individuelle identitetar, sjølv om enkelte slit med det faktum at dei alle er "like" på bunnen. Eg kjenner at eg verkeleg diggar Commander Cody, sjølv om eg gav katten i han i makkverket som er Revenge of the Sith (som likevel er tolv parsec betre enn Attack of the Clones!), og Captain Rex er eit herleg tillegg til eit rollegalleri som faktisk kunne blitt noko monotont (i og med at 95 prosent av bakgrunnskarakterane er klonar eller battledroids).

Alt i alt er Clone Wars, etter sju episodar på Cartoon Network, eit gledeleg gjensyn med Star Wars-universet, etter at nettopp dette tok ein kraftig støyt av filmtrilogien som nesten tok livet av det for fans av dei originale filmane. Eg likte Genndy Tarkovsky sin teiknefilmserie frå 2003 ganske godt også (også på Cartoon Network), men episodane vart for korte og sporadiske til å engasjere - ikkje så med denne nye inkarnasjonen. Lucas har greid å fornya SW på ein måte som fungerer og engasjerer, og eg gledar meg til ein ny episode kvar veke. TV-formatet passar SW overraskande bra i denne drakta, og det er berre å glede seg til live-action serien som etter planen skal på lufta når Clone Wars sine 100 episodar er over.

Etiketter: , ,

15 mars, 2008

A Crate Movie

...og forresten, sidan vi var i den delen av skogen (jungelen?) med Istid3, DreamWorks SKG Fansite har funne denne snutten om Madagascar 2 på DVDen til Bee Movie. Eg har ikkje sett den fyrste enno (har ein filmdate med niesa mi om å sjå den, ho skryt hemningslaust av den, men sidan eg brukar all mi fritid til å skrive her, har det ikkje blitt høve til å sjå den enno), men eg såg Madagascar Penguins in: Christmas Caper, og den var rasande festleg. Ikkje heilt overtydd av Ben Stiller sin "morosame" monolog her, men det er jo for ungane, så eg er villig til å satse på at også dette vert festlege greier.




Etiketter: , ,

Istid 3

Her er eit promobilete og fyrste filmplakat (trykk bileta for å sjå i full storleik) til Istid 3 (via slashfilm). Eg er stor fan av desse filmane, og gleder meg til neste installasjon. Korleis dei skal flette inn dinoar med tanke på at istida var ETTER dinosaurane si storheitstid, gjenstår å bli sett, men det var jo hint i Istid2 om at slikt var mogleg, jfr. dei to vassmonstra.


Etiketter: , ,

14 mars, 2008

Tintininnpelinga starta

Spielberg på veg til Møllenborg
Steven Spielberg regisserer den fyrste av dei tre planlagde Tintin-filmane.

Det har lenge vore spekulert i korvidt Peter Jackson eller Steven Spielberg ville regissere den fyrste av deira samarbeid med å bringe Tintin til lerretet. No er det altså klart at Spielberg regisserer den fyrste, etter manuskript av geniale og prisbeløna Steven Moffat, mannen bak tidenes beste (kanskje einaste gode) romantiske sitcom, "Coupling", dei aller beste episodane av nye "Doctor Who" (t.d. vil eg nevne episoden "Blink"), og den fantastiske serien "Jekyll" med James Nesbitt ("oppfølgjaren" til Robert Louis Stevenson sin roman Dr. Jekyll & Mr. Hyde). Moffat skriv så fabelaktig at eg vanskeleg kan tenke meg at ein gong Jack-/-berg kan rote det til.

Det er skodespelar Andy Serkis (Gollum), som spelar kaptein Haddock i filmen (det var vel for mykje å be om Harald Mæle, til og med eg skjønar det...), som avslører regissøren i eit intervju med Indie London, og bekreftar at innspelinga no skal vere i gong.

Filmen er ei blanding av CGI og spelefilm, med karakterdesign henta rett frå teikneseriane. Teknologien, i regi av WETA (som gjør effektene i alle Jackson sine filmar), og dei nyttar same teknologi som vart brukt for å skape Gollum og King Kong, med altså levande skodespelarar som utgongspunkt. Det kan, for alt vi veit, bli heilt utruleg bra, så lenge tekstarane her heime hugsar på å bruke dei norske/franske navna i staden for dei talentlause engelske ekvivalentane. Og så blir det heilt feil at det er på engelsk, men eg reknar med at på DVD-en kan ein nytte fransk tale og norsk tekst, og då er vi jo i boks?

Etiketter: , ,