on holid on holiday by mistake: desember 2008

29 desember, 2008

KA-CHING! Mitt førjulsynskje gjekk i oppfylling: Her er Lesbian Vampire Killers!

De hugsar kanskje at eg for lenge sidan (eller, i førre innlegg) bad om fleire mainstreamfilmar med moralsk tvilsamt innhald, og bygod dei er på veg!

La meg presentere traileren for Lesbian Vampire Killers, som debuterte denne veka!



Så lenge det ikkje vert Razor Blade Smile omatt, men sidan filmskaparane kallar det "Sean of the Dead with Tits" er det grunn til optimisme.

Åja, jul og sånn, har vore sjuk heile jula, så lista mi over dei beste julefilmane som ikkje er julefilmar er forseinka.

Slapp heller av med ovannevnte Lesbian Vampire Killers si julehelsing til deg:



Og Hastur? Eg SA det gjekk an å finna slikt utan Misty Mundae involvert, og greit nok at det tok eit par år, men told you so. Så det så.

Etiketter: , , ,

16 desember, 2008

Kjære Hollywood: Vi treng meir filmar som dette!

Etiketter: , ,

10 desember, 2008

Robocop: The Musical

Neida, neida, gudane forby. Men Robocop: The Rap!




Jaudå, vi er nok ein gong vitne til genia som er DJ Mayhem & Mouthmaster Murf, alias The Anomalies, som også stod bak den geniale Predator-rap'en eg har skrive om tidlegare. Boo-ya!

(via Topless Robot, duh!)

Etiketter: , ,

09 desember, 2008

Great Jah's Dreadlocks: Eg deltek i ein internetmeme!

This is highly irregular, Dave!

Ja, kjedebrev og anna ulumsk er noko eg vanlegvis skyr som pesten, anten det kjem i form av SMSar, epostar, MSN Messenger-messages (MMMs?), eller verbale trugslar.

Men når Den skjeggete landkrabben frå Lysefjorden utfordrar meg, då ser ikkje anna råd enn å følge opp.

Her er reglane han har presentert  Den tvilsame humanist:

1. Du må lenke til bloggen som tagga deg.
2. Lag ei liste med seks (u)interessante ting om deg sjølv.
3. Tagg fem andre bloggar, la dei vete det ved å kommentere på deira blogg.


OK.

1. Eg er ein av sannsynlegvis svært få nolevande norske forfattarar som har oppnådd lågare enn 100 på Amazon.com sin Sales Rank (hint: lågt er bra. Boo-yah! Om de no orsakar meg, skal eg gå og svømme i alle royalty-pengane mine. Eller, det hadde eg gjort dersom eg hadde vore ein ordentleg forfattar, og ikkje berre ein ussel, eingongsbetalt freelancer. Sukk.).
2. Eg har alle episodane av "Northern Exposure" på DVD, og det er til dags dato ein av mine absolutte favorittseriar of all time.
3. Grunnen til at eg røykjer er eine og aleine for å tilfredsstille mitt behov for å lese fantasylitteratur. Ein kanskje dubiøs samanheng for enkelte, men like fullt sant.
4. Eg likar tv-seriar betre enn film - ja, eg veit, kokkeliko! Men vel å merkje av typen HBO og Showtime.
5. Eg kan berre mala i svart/kvitt. Mala maleri, altså.
6. Ein gong videointervjua eg Tor-Åge Bringsværd og Jon Bing i ein time, berre for å kutta dei fullstendig frå dokumentaren, og bruka intervju med Hastur i staden. Oy  gevalt!

Eg følgjer ikkje med på så mange norske bloggar som ikkje allereie er affisert av dette, så denne greina av dette kjedebrevet endar med meg. Moahahaha!!

04 desember, 2008

"I don't like this one bit. Not one bit.": They Live Remake under planleggjing...

Kvifor i all verda nokon vonar å laga ein remake av John Carpenter sitt seminale meisterverk They Live er uforståeleg. Det gjev inga meining, og er samanliknbart som å banke opp nokon, setje seg oppå dei slik at dei ikkje kan røra seg, samla opp ei god bussemannspyttklyse, og sakte men sikkert la den renne utover heile andletet deira. Kvifor gjer nokon slikt? Kvifor? KVIFOR?! John Carpenter-filmar er til for å la seg bli inspirert av, ikkje spele inn om att! Lærte dei ingen ting av The Mist og Assault on Precinct 13?
Og her gjekk vi og frykta at det var The Thing som skulle i elden...

They Live er historia om ein namnlaus boms (brytarikonet "Rowdy" Roddy Piper) som oppdagar at verda er kontrollert av motbydelege romvesen som undertrykkjar menneskeheita ved hjelp av subliminale ordre skjult i... kapitalismen. Ein brilliant film som verkeleg transcenderer cheesy og skrullete og blir noko heilt anna - pur genial.

Les meir hjå Slashfilm og Topless Robot - som for berre kort tid sidan hadde eit innlegg om kvifor nettopp denne filmen er den beste i heile filmhistorien.

Takk til Hastur for tipset. Det er også for han eg seier frå meg ein kvar form for objektiv journalistikk i dette innlegget, sidan han er så glad i slikt.

Etiketter: , , ,

Prop 8 - The Musical

Det er Slashfilm som bringar oss denne herlege videoen i si spalte Video of the Day, der du kan sjå mellom anna Margaret Cho, Andy Richter, John C. Reilly, Lake Bell, Sarah Chalke, og ikkje minst Jack Black og Neil Patrick Harris, utfalda seg i song og dans medan dei opplysar deg om Proposition 8, lovforslaget som endra lova i California til å klassifisere giftarmål som ei pakt mellom ei kvinne og ein mann, og dermed eliminerte homofile sin rett til å gifta seg.

Sjølv om fornuften gjekk tapande ut av valkampen om denne lova, er om ikkje anna denne videoen eit testament til kor sjefolaisen Jack Black og Neil Patrick Harris er. Om berre dei to kunne spele mot kvarandre i ein langfilm!

See more Jack Black videos at Funny or Die

Etiketter:

03 desember, 2008

AWESOME: Ghostbusters: The Videogame

Det er ikkje så mykje meir å seie om dette som ikkje videoen under oppsummerer. Ja, Bill Murray, Dan Aykroyd, Harold Ramis og Ernie Hudson har stemmene til figurar som ser ut som dei. Ja, du får spele Bill Murray alias Peter Venkman. Ja, giantisk Stay-Puft Marshmallowmann kastar bilar på deg. Ja, tidenes meist legendariske tittelkutt-rap er med. Om eg nokon gong skulle falla for fristelsen om å spele eit dataspel som ikkje har Forgotten Realms-stempel utanpå, så er det så definitivt dette:

Etiketter: , , ,