Hulk oppdatering
Hulk Smash!
...Box Office? Det er vel ganske store sjansar for akkurat det, når Louis Leterrier sin The Incredible Hulk debuterer i Juni. Traileren til filmen, bråk mellom [hovurolleinnehavar/manusforfattar] Ed Norton og Marvel, og korleis filmen ikkje er ei opphavshistorie, trass i at den ikkje har noko med tidlegare filmatiseringar å gjere.VEL, VI SKRAUT OVER Å HA TRAILEREN på plass med ein gong den var ute, men redesign av WT sine vevsider, og også ny utsjånad på denne bloggen (yay!) kom i vegen for oppdateringar dei siste par dagane (rekn med at ting skal vere på plass i laupet av påska, om Hulken vil). No er vi på pletten att, og presenterer herved traileren. Du kan sjå den nedest i artikkelen.
Ja, dette for oss ser ganske så lovande ut. Norton ser ut til å ha ganske god kontroll på emnet, og det var vel ikkje anna å vente med tanke på kor alvorleg han har sett ut til å ta dette prosjektet. Regissør Leterrier påpeiker i eit intervju med Empire Online (sjå nedanfor) at det er viktig å påpeike at ingen av SFX-skota er ferdige enno, og at det er difor det har teke lang tid før vi har fått sett traileren. Han er likevel sikker på at det er representativt for det ferdige produktet (kva enn det måtte bety).
No ser det derimot ut til å vere noko smuss i maskineriet - Marvel og Norton er ueinige over final cut av filmen melder Deadline Hollywood Daily - eit ikkje ukjend fenomen i den bransjen, og Marvel er nok heller nervøse for at dette skal bli ein ny fadese a la Ang Lee sin Hulk-film frå 2003, som framandgjorde fansen og framstod som flåsete for det generiske publikummet. Norton er dog også kjend for å skape problemar med klippinga i filmar han spelar i - for både American History X (som for regissør Tony Kaye framleis er uferdig) og The Italian Job skapte Norton bølgjer. Som ein kommentar hjå Deadline Hollywood Daily seier,
"I think Norton makes terrific decisions as an actor, but it must be maddening as the director having your star trying to make editing and writing decisions. I don’t care how great your leading actor is, you can’t let him or her take over creative control of the picture."Og angåande regissøren, Louis Leterrier, så har han lagt ut eit "kommentarspor" til traileren hjå Empire Online, melder Io9. Her er det fleire lekre bilete frå filmen, med kommentarar frå Leterrier rundt det vi ser og filmen generelt.
Merk at det kan vere spoiler-heavy, så vi let vere å poste det her, og sender dykk i staden vidare. Vi merkar oss uansett at genesis av Hulken skjer i dei fyrste tre minuttane, og at sjølve handlinga skal avansere hurtig i byrjinga av filmen for å unngå å dvele ved opphavet, men heller fokusere på plottet, som er kjærleikshistoria mellom Bruce Banner (Ed Norton) og Betty Ross (Liv Tyler), samt oppgjer mellom Hulken og Abomination (Tim Roth).
Trailer:
Etiketter: Popkult, Teikneseriefilm
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home