Grand Moff dumpar belgisk journalist for heit affære med ukjent doktor!
Mail on Sunday meldar at Steven Moffat har takka nei til ein halv million pund for å skriva manus til Tintin-film 2 og 3, fordi han skal ta over som showrunner for Doctor Who frå og med neste sesong.
Moffen sjølv dyssar det heile ned ved å forklare kvifor han berre skriv manus for Tintin 1, trass i å ha vorten headhunta av Spielberg og Jackson: Han hadde berre kontrakt på film ein og to, og då prosjektet vart utsett av manusforfattarstreiken i statane gjekk det utover Moffat sine nye plikter som showrunner for Doctor Who hjå BBC, og bad difor om å bli løyst frå kontrakten. Han kallar påstanden om ein halv million pund "entirely speculative and wildly inaccurate".
Kanskje ikkje den største nyhendeverdien å hente her, men moro lell, spesielt sidan dette vert slått enormt stort opp i England, der sesongavslutninga av Doctor Who hadde høgaste sjåartal i serien si 45-år lange historie, og slo dei aller fleste sjåarrekordar på britisk fjernsyn i 2008.
Moffat presiserer at Doctor Who var det einaste i verda som kunne ha fått han til å takka nei til å jobba vidare på JackSpiel-filmatiseringa av Tintin. Han seier at "[...]nothing less than Doctor Who could have torn [him] away" from Tintin. Han kallar Tintin eit "stunning project" som han er stolt over å ha vore involveret i, men "the proper duty of every British subject [is] to come to the aid of the TARDIS".
Dei som har nokon som helst tilknytning til WT-festivalen veit at fleire av hovuda som kokar saman festivalen har ein spesiell plass i hjartet for nerdeting (ja, tilmed eg! Kven hadde trudd?). Dette gjeld mellom anna snål film, teikneseriar, og obskur science-fiction og pulp. Stikkord på ting vi likar kan vere, tja, Frank Miller og Buck Rogers, for eksempel?
Då kan du tenkje deg korleis vi reagerte då vi fekk høyre rykta om at nettopp Frank Miller kanskje skal gjenopplive nettopp Buck Rogers.
Eller gjer du det? Kanskje du seier, "Miller? Rogers? Kven snakkar du om?"
Velvel, på tide med nok ein liten runde folkeopplysing.
Frank Miller er ein av dei mest banebrytande teikneserieskaparane dei siste 15 åra. Mannen stod bak at Batman reiste seg frå middelmådigheiten etter mange år som ein elendig serie, med The Dark Knight Returns. Han gjorde det same med Daredevil, og skapte fan-favoritten Elektra. Men det verkelege gjennombruddet hans kom med Sin City, som alle har sett, og difor plutseleg skjøna kven eg snakka om. Han, ja. Han som også laga serien 300 er basert på.
Miller har ein ny film på trappene i år, The Spirit, filmatiseringa av teikneserieguden Will Eisner sin seminale serie (for å illustrere kor stor Eisner er, så er den mest prestisjetunge serieprisen i verda kalla the Eisner Award). Diverre er det ingen som lenger veit kven i huleste The Spirit er, så vi får vone at Frank Miller aleine har gravitas nok til at folk går og ser den.
Her er ein teaser trailer, for øvrig. Og ja, det blir ganske likt Sin City, dersom du lurte. Det er liksom Miller sin unike stil (han co-regisserte Sin City, så rekn med at det var han som tilførte denne stilen), så det er eigentleg greit.
Så, lat oss snakke litt om Buck Rogers.
Buck Rogers gjennom 80 år (fritt etter Wikipedia) Buck Rogers er ein legendarisk romhelt, som fyrst dukka opp under namnet Anthony Rogers i to novelletter publisert i Amazing Stories i 1928, skrivne av Philip Francis Nowlan. Historia er klassisk pulp nonsens: Ein amerikansk flygaroffiser ramlar ned i ein gruvegong og blir slått i koma av ein mystisk gass. Han vaknar opp 500 år seinare, og slår seg saman med ei lekker møy og ein skrullete doktor for å slåss mot onde rom-mongolar (sic).
I 1929 fekk John F. Dille løyve av Nowlan til å snekre ei teikneseriestripe av helten (for dette geniale konseptet skreik jo etter å videreførast?), for høvet omdøypt Buck Rogers. Stripa debuterte saman med den enno meir kjende teikneserien om Tarzan.
Interessant nok redefinerte desse to seriane teikneserieformatet, som tidlegare hadde berre vore enkeltståande vitsar. Buck Rogers og Tarzan var båe sekvensielle, det vil seie dei hadde ei fortsetjande historie, av det formatet Fantomet framleis har i dag, og som alle utanom eldre BA -og Aftenpostenlesarar hatar intenst. Men på denne tida var det grensesprengande, og det er takka vere suksessen av desse to seriane at mediet utvikla seg til det som vi kjenner og elskar (og i somme tilfelle hatar) i dag. Spin-offprodukt og merkesteinar Buck Rogersin the 25th Century hadde fleire spin-offprodukt, som pop-upbøker, samlingar, o.l., og ikkje minst den dramatiserte radioføljetongen. Ikkje berre var Buck Rogers den fyrste sekvensielle teikneserien, ikkje berre var det den fyrste science-fictionteikneserien, det var også det fyrste science-fictionprogrammet på radio nokon sinne! Serien vart kringkasta fire gongar i veka i frå 1932 til 1947.
Og det enda ikkje der: Buck Rogers in the 25th Century: An Interplanetary Battle with the Tiger Men of Mars var ein kortfilm på 10 minutt produsert i 1933, med John F. Dille sin son, John Dille, jr. i rolla som Buck (elskar de ikkje tittelen, for øvrig?). Filmen var laga i reklameøyemed, og ein meir obskur Buck-kortfilm var også produsert i 1936.
I 1939 vart det laga ein 12-episodars filmserie produsert av Universal Pictures. Serien var av låg kvalitet, og resirkulerte kulissar og props frå andre sci-fiseriar, som t.d. Lyn Gordon (men kven ville vel ikkje resirkulere kulissar frå Lyn Gordon?). Serien vart også klippa saman til tre spelefilmar over 25 år seinare.
Den fyrste tv-serien av Buck Rogers in the 25th Century vart produsert frå 1950 til 1951 av ABC, men diverre finst det ikkje lengre kinetoskop av denne serien. Spelefilm og tv-serie for nye generasjonar I 1979 vart det produsert ein pilotepisode for ein ny Buck Rogers-serie. Denne vart vist på kino, og vart godt motteke. Serien omhandlar US Air Force-pilot kaptein William "Buck" Rogers, kommandør påromfergaRanger 3 i den fjerne framtida 1987. Nok ein gong vert Buck offer for snodige gassar, og ligg komatøs i 504 år. Der (eller burde det vere då?) får han vite at vi burde omskrive historiebøkene våre, fordi jorda var sameina i 1988 etter ei frykteleg atomulukke (kunne ha lurt meg). Alle nasjonar på jorda vert beskytta av Den jordiske forsvarseininga med hovudkvarter i New Chicago (kvar elles), og Buck slår seg saman med desse for å stogge ondingar frå planeten Draconia!
Serien introduserte den elskelege og humoristiske roboten Twiki, som i Statane er nesten like kjend som R2-D2, Cylonar, og den derre roboten frå Lost in Space som heile tida masar "Danger, Will Robinson! Danger!" som ingen veit kva heiter. Den er meir kjend enn Doctor Who sin robothund K-9, men det er ikkje så merkeleg.
Sidan serien var skikkeleg forut for si tid fekk Buck vanskar som han ikkje kunne slåss mot, nemleg ein manusforfattarstreik i 1981 som var minst like brutal som den vi nett hadde. Då serien kom på lufta att, var den mistenkeleg lik Battlestar Galactica: Buck dreg på oppdrag for å finne dei tapte menneskekoloniar i rommet. Serien vart snart lagt ned, men er framleis ein kjempestor kultfavoritt.
Buck Rogers er i dag ein inngrodd del av den amerikanske popkulturelle medvita. Den generelle befolkninga hadde berre tilgong til science-fiction gjennom teikneseriane i avisene, og difor var Buck med på å forme den oppfatninga folk hadde av kva science-fiction skulle vere. Lyn Gordon , Battlestar Galactica, Star Trek og Star Wars er direkte resultat av dette. Buck var fyrst ute, han var alle romfarande swashbucklande* heltars far.
Buck Rogers in the 21st Century I følgje IGN, står altså ny versjon for tur, med Miller som regissør. Miller er angjeveleg ven med Flint Dille, ein teikneserie-, tv-, og dataspelforfattar og produsent, som m.a. skreiv ein teikneserieroman om Buck i 1990. Åja, og så er han John Dille sitt barnebarn. Flint (vår mann?) skal skrive manus og produsere, og filmen skal ha eit budsjett på omlag 40 millionar dollar. Det er kanskje ikkje så mykje, tenkjer du, men ryktet seier at filmen skal bevisst spele på at effektar og scenografi er billege, samt harselere med kor tåpeleg 1980-serien var. Det kan funke temmeleg bra, spør du meg. Les mykje av det same og litt uinteressant ekstra info hjå IGN.
Oppdatering: IGN melder no at Nu Image/Millennium Films har kontakta dei i høve saka, og hevdar at ingen avtale er gjort med Miller. Dei har ikkje bestemt seg for regissør enno, seier dei. Eeek!
*No, diverre finst det ikkje noko norsk ord for "swashbuckling", så la oss ta eit bel for å klarere nett kva det betyr.
Swashbuckler er eit omgrep som dukka opp på 1600-talet, og beskreiv ein sjølvgod, pralande og storkjefta fektar, som slest med eit rundt einhandsskjold ("buckler") i eine handa. Dette bråka og vifta han rundt med ("swashing"), og kunne gjerne finne på å gjere ukonvensjonelle manøvre ut av det blå.
- I admit it, you are better than I am. - Then why are you smiling? - Because I know something you don't know. - And what is that? - I... am not left-handed! - You are amazing! - I ought to be, after 20 years. - Oh, there's something I ought to tell you... - Tell me. - I'm not left-handed either!
I litteraturen vart omgrepet utvida til å gjelde den fryktlause, sjarmerande og romantiske arketypen av ein helt. Swashbucklingmanøvrar inkluderer t.d. svinging i lysekroner, fekting opp trange trappeoppgongar, forføre lettpåverkelege møyer, og den slags. Klassiske swashbucklers inkluderer Robin Hood, Dei tre musketerar, Zorro, Lord Flashheart, Indiana Jones og Han Solo.
AAaah no kjenner eg meg betre i alle fall, ingenting eg likar meir enn å besudle opplyse viljuge sinn.
College Humor har sett saman denne interessante kollasjen, der ein berre kan spekulere i om The Dark Knight eigentleg berre er ein rip-off av Tim Burton sin Batman frå 1989. OOoh the irony! Hoohah!
VI HAR IKKJE SKRIVE NOKO OM reklamekampanjen til Batman: The Dark Knight tidlegare, fordi, for å vere ærleg, er den så gjennomført og omfattande at det er vanskeleg å berre nevne den utan å bli frista til å skrive ei avhandling om den.
Så sjå på dette som eit kompromiss; eg sender dykk vidare til First Showings, som har ein fin og oversikteleg artikkel som tek for seg denne unike viralreklamekampanjen i sin heilskap.
Og tenkje seg til at den tidlegare indie-hovdingen Christopher Nolan er mannen bak filmen.
MANGE HAR KANSKJE FÅTT MED SEG at Keanu Reeves har fått rolla som Klatuu i ein remake av sci-fi-klassikaren The Day the Earth Stood Still. Og alle gleder seg til nok ei rolle Reeves har høve til å gjere godt; den førre var fantastiske A Scanner Darkly, og ein kan jo merke seg at rotoskop-teknikken som vart nytta på denne filmen gjorde underverker for Reeves sitt heller manglande skodespelartalent. Og Klatuu, i TDTESS, vel, han er kjend for å vere heller stiv og uttrykkslaus, så det burde jo passe vår venn perfekt.
Keanu fortel om filmen:
“The first one was borne out of the cold war and nuclear détente. Klaatu came and was saying cease and desist with your violence. If you can’t do it yourselves we’re going to do it. That was the film of that day,” Reeves explained. “The version I was just working on, instead of being man against man, it’s more about man against nature. My Klaatu says that if the Earth dies, you die. If you die, the earth survives. I’m a friend to the earth. …what we are doing and who we are as a species. We’re trying to reach beyond the idea of [just] environmentalism.” (MTV)
No, for de som ikkje kjenner soga, så er Constantine basert på ein teikneserie ved namn "Hellblazer" frå den skrekk-relaterte underavdelinga Vertigo hjå DC Comics. Hellblazer handlar om ein hardbarka, kjederøykjande og stordrikkjande liverpudlianar i London, som tilfeldigvis også likar å lefle med okkulte krefter, og havnar i den eine metafysiske konspirasjonen etter den andre. Karakteren, John Constantine, vart skapt av serieforfattarguden Alan Moore, kanskje det største namnet innan teikneseriefeltet ved siden av (kanskje over?) Neil Gaiman, som ein bi-karakter i "Swamp Thing", men det var fort tydeleg at karakteren levde sitt eige liv og behøvde sin eige blad.
Så kjem Warner Bros., som tilfeldigvis eig DC Comics, og vil lage filmversjon av denne populære serien. Men ein kan då ikkje lage amerikansk film om ein engelskmann (som atpåtil ser ut som Sting)! Neineinei, han må jo vere amerikansk, og kven er hot nett no? Jo, Keanu, han gjer det jo så godt med Matrix for tida, få inn han. Og denne serien er jo så treig, det er jo berre snakking. Nei, han kan ikkje reke rundt på pub heile dagen, det må vere masse effekter, og så må han reise til helvete i tide og utide. Og magikar? Nei, det gjer det så dårleg med den kristne demografien, så gjer han til synsk i staden, og så må han ha eit tøft skytevapen. Ei heilag hagle! Då snakkar vi ost. Ost, ja. Brått har dei øydelagd alt som var originalt med teikneserien og laga ein dime-a-dozen amerikansk dustefilm. Som atpåtil var ke-e-e-e-eisam (men hadde eit fantastisk soundtrack av Brian Tyler). For øvrig gjekk regissør Francis Lawrence vidare til å skyte box office-gullfuglen med I am Legend.
Men no har i følgje IESB Keanu altså avkrefta at det vert nokon oppfølgjar som kunne valdta franchisen vidare, så dagen i dag er ein gledens dag her hjå On holiday by mistake, vonar de kan dele gleda med oss. John Constantine har endeleg fått hemn.
Ein litt tristare bieffekt blir at Keanu ikkje kjem til å ha cameo som ein av sine beste rollefigurar, agent Johnny Utah i Peter Iliff sin oppfølgjar til Point Break.
BLOGGENERDAR TEK IKKJE PÅSKEFERIE, men det gjer eg, og difor får vi ikkje med alle popkultnyhendene frå denne veka. Så her kjem ei oppsummering av nokre av vekas viktigaste sakar.
* The Daily Mail melder at Thomas Sangster (biletet), son til Liam Neeson i Love, Actually, har fått rolla som Tintin i Spiel/Jack sin komande trilogi. Heil til deg óg, Thomas.
*Rope of Silicon har nokre nye Indiana Jones-bilete, mellom anna dette lekre biletet av Cate Blanchett (trykk for stor versjon). [EDIT: Her var dei visst ikkje så glad for at vi lånte biletet, så de får følgje lenka for å sjå.)
Og medan vi snakkar om han, lyst på ein tur inn i heimen til Indiana Jones? (via Blockbuster Buzz)
* Spekulasjonane om tie-ins mellom dei ulike Marvel-filmane denne sommaren stemmer. Fans har heile tida rekna det for ganske sikkert, fordi fleire av karakterane i desse filmane er knytt til superheltklubben The Avengers, som er eit av dei neste store filmprosjekta til Marvel. Robert Downey, jr. har ein cameo som Tony Stark (Iron Man) i The Incredible Hulk, Hillary Swank har ein cameo i Iron Man, og rykta seier ho speler Black Widow. I tillegg er ein siste, hittil ikkje-namngjeven karakter med i slutten av Iron Man. Det kan vere Samuel L. Jackson som Nick Fury, men dette er mellombels ukjend. (MTV)
På dette biletet som dukka opp på ei russisk Iron Man-side kan vi se regissør Jon Favreau (til venstre for Robert Downey, jr.), men er det Hilary Swank ved sida av han igjen?
* Sylvester Stallone går snart i gong med sin nye Rambo-film, som skal spelast inn i Bulgaria. Mellom anna skal heimbyen til Rambo (i Arizona) gjenskapast her, med kulissene som vart brukt i Van Damme-filmen The Shepherd. Arizona i Bulgaria, you say? Billig-billig. (Moviehole)
Vi her i WT-festivalen er veldig glade i pulp. Ikkje tremasse eller fruktkjøt, men billeg underhaldning frå dei glade dagane på 30- og 40-talet. Det er også Quentin Tarantino, George Lucas, Steven Spielberg, og mange, mange andre kjende filmskaparar, som har lete seg inspirera av denne veldig lause sjangeren med noveller, romanar, filmseriar og teikneseriar. Heltar som Buck Rogers (in the 25th Century), Flash Gordon, Tarzan, Fantomet, The Shadow, Supermann, Conan Barbaren, ja vi nevner i fleng, alle desse stammar frå 30- og 40-tals pulp, og har gjeve oss uendeleg med glede i over 70 år. (Conan og Fantomet er framleis dei einaste to serieheltane kun forbeholdt vaksne, og det er temmeleg legitimt å lese desse blada den dag i dag). Ein annan som var svært glad i pulp var Dave Stevens. Du har kanskje ikkje høyrd om han, men det har vi, og vi vart svært triste over å lese om hans bortgang tidlegare denne veka.
Dave Stevens var ein teikneserieteiknar/illustratør som kanskje var mest kjend for å hente 50-tals pin-up dronninga Bettie Page fram frå gløymselen med sine Page-inspirerte illustrasjonar. (Bettie Page er i dag den mest kjende pin-up modellen nokon sinne).
Stevens er mannen bak teikneserien The Rocketeer, ein serie som var modellert etter pulp-forteljingar og -filmar frå 30-talet. På den tida var det vanleg med såkalla "Matinee Serials" på kino; sidan dette var før Gud og kvarmann hadde fjernsyn i si eiga stove, var det vanleg å gå på kino og sjå det som i dag er tv-seriar. Dei fleste av desse handla om fantastiske ting; om romfararar og superheltar - men kanskje viktigast for Stevens var dei som handla om fryktlause eventyrarar som flygaressa Smilin' Jack og Ace Drummond. Desse var hovudinspirasjonaskjeldene til både The Rocketeer og Indiana Jones, ein samtidig helt med The Rocketeer, som deler ein god del av den same tematikken, som slemme nazistar som skurkane, og heseblesande eventyr.
Diverre var ikkje Stevens ein spesielt suksessrik teikneserieskapar trass i svært god mottaking av serien, grunna hans ekstreme perfeksjonisme. På 90-talet selde han brorparten av rettane til Disney, som laga ein minneverdig og undervurdert eventyrfilm (med mellom anna Locke frå "Lost" og Timothy Dalton i skurkerollar).
Mark Evanier, teikneserieverdas største gromgut, har skrive ein fin artikkel til minne om sin ven Stevens, der du kan lese meir om karriera hans.
Vi minnst Dave Stevens med den originale traileren til The Rocketeer, med eit ynskje om at det lagast meir slikt (heldigvis kjem snart Indy 4!)
Spielberg på veg til Møllenborg Steven Spielberg regisserer den fyrste av dei tre planlagde Tintin-filmane.
Det har lenge vore spekulert i korvidt Peter Jackson eller Steven Spielberg ville regissere den fyrste av deira samarbeid med å bringe Tintin til lerretet. No er det altså klart at Spielberg regisserer den fyrste, etter manuskript av geniale og prisbeløna Steven Moffat, mannen bak tidenes beste (kanskje einaste gode) romantiske sitcom, "Coupling", dei aller beste episodane av nye "Doctor Who" (t.d. vil eg nevne episoden "Blink"), og den fantastiske serien "Jekyll" med James Nesbitt ("oppfølgjaren" til Robert Louis Stevenson sin roman Dr. Jekyll & Mr. Hyde). Moffat skriv så fabelaktig at eg vanskeleg kan tenke meg at ein gong Jack-/-berg kan rote det til.
Det er skodespelar Andy Serkis (Gollum), som spelar kaptein Haddock i filmen (det var vel for mykje å be om Harald Mæle, til og med eg skjønar det...), som avslører regissøren i eit intervju med Indie London, og bekreftar at innspelinga no skal vere i gong.
Filmen er ei blanding av CGI og spelefilm, med karakterdesign henta rett frå teikneseriane. Teknologien, i regi av WETA (som gjør effektene i alle Jackson sine filmar), og dei nyttar same teknologi som vart brukt for å skape Gollum og King Kong, med altså levande skodespelarar som utgongspunkt. Det kan, for alt vi veit, bli heilt utruleg bra, så lenge tekstarane her heime hugsar på å bruke dei norske/franske navna i staden for dei talentlause engelske ekvivalentane. Og så blir det heilt feil at det er på engelsk, men eg reknar med at på DVD-en kan ein nytte fransk tale og norsk tekst, og då er vi jo i boks?
...Box Office? Det er vel ganske store sjansar for akkurat det, når Louis Leterrier sin The Incredible Hulk debuterer i Juni.Traileren til filmen, bråk mellom [hovurolleinnehavar/manusforfattar] Ed Norton og Marvel, og korleis filmen ikkje er ei opphavshistorie, trass i at den ikkje har noko med tidlegare filmatiseringar å gjere.
VEL, VI SKRAUT OVER Å HA TRAILEREN på plass med ein gong den var ute, men redesign av WT sine vevsider, og også ny utsjånad på denne bloggen (yay!) kom i vegen for oppdateringar dei siste par dagane (rekn med at ting skal vere på plass i laupet av påska, om Hulken vil). No er vi på pletten att, og presenterer herved traileren. Du kan sjå den nedest i artikkelen.
Ja, dette for oss ser ganske så lovande ut. Norton ser ut til å ha ganske god kontroll på emnet, og det var vel ikkje anna å vente med tanke på kor alvorleg han har sett ut til å ta dette prosjektet. Regissør Leterrier påpeiker i eit intervju med Empire Online (sjå nedanfor) at det er viktig å påpeike at ingen av SFX-skota er ferdige enno, og at det er difor det har teke lang tid før vi har fått sett traileren. Han er likevel sikker på at det er representativt for det ferdige produktet (kva enn det måtte bety).
No ser det derimot ut til å vere noko smuss i maskineriet - Marvel og Norton er ueinige over final cut av filmen melder Deadline Hollywood Daily - eit ikkje ukjend fenomen i den bransjen, og Marvel er nok heller nervøse for at dette skal bli ein ny fadese a la Ang Lee sin Hulk-film frå 2003, som framandgjorde fansen og framstod som flåsete for det generiske publikummet. Norton er dog også kjend for å skape problemar med klippinga i filmar han spelar i - for både American History X (som for regissør Tony Kaye framleis er uferdig) og The Italian Job skapte Norton bølgjer. Som ein kommentar hjå Deadline Hollywood Daily seier,
"I think Norton makes terrific decisions as an actor, but it must be maddening as the director having your star trying to make editing and writing decisions. I don’t care how great your leading actor is, you can’t let him or her take over creative control of the picture."
Og angåande regissøren, Louis Leterrier, så har han lagt ut eit "kommentarspor" til traileren hjå Empire Online, melder Io9. Her er det fleire lekre bilete frå filmen, med kommentarar frå Leterrier rundt det vi ser og filmen generelt.
Merk at det kan vere spoiler-heavy, så vi let vere å poste det her, og sender dykk i staden vidare. Vi merkar oss uansett at genesis av Hulken skjer i dei fyrste tre minuttane, og at sjølve handlinga skal avansere hurtig i byrjinga av filmen for å unngå å dvele ved opphavet, men heller fokusere på plottet, som er kjærleikshistoria mellom Bruce Banner (Ed Norton) og Betty Ross (Liv Tyler), samt oppgjer mellom Hulken og Abomination (Tim Roth).
KVA SKJER når nerdeelita i Sambandstatane reiser på festival heile helga? Jo, dei går amok på nettsidene sine ved vekestart, og gjer at slike stakkarar som meg får litt for mykje å melde om.
Difor tek vi no ein liten oppsummering av dei mest interessante/snålaste greiene vi kom over no etter helga.
Fyrst ut er denne greia her Topless Robot-gutta har grave fram frå ei japansk reklame. Eg seier berre, det måtte vel skje?(Lenke)
Deretter har Fanboy.com funne denne artige videoen signert Rik Mayall, som alle sjølvsagt hugsar som Rik i "The Young Ones", ein av tidenes beste britiske komiserier: (Lenke)
Michael Moran hjå Blockbuster Buzz melder at den nye Terminator-filmen signert McG (ja, han kallar seg faktisk det, og stod bak Charlie's Angels 2 og tv-serien "Fastlane"), som tidlegare var kjend som Terminator Salvation: The Future Begins mista tittelen sin, og kommenterer følgjande:
Christian Bale's other blockbuster franchise has taken one small step backwards today. The movie we were all getting used to calling Terminator Salvation: The Future Beginshas, according to Coming Soon, lost its title. Appropriate, you might think, for a movie that's being directed by a chap without a name.
I quite like 'Terminator 4 - Future War' as a title, but maybe that's just because it has that rhyming ' Gone with the Wind 2 - Electric Boogaloo' sound to it.
Dei fleste melder også at Fox har bestemt seg for å torturere oss med nok ei gjengvaldtekt av Aliens vs. Predator-franchisen. Why, oh-why?!?! Det meldast også om at Bryan Singer har signert for oppfølgjaren til Superman Returns. Om Brandon Routh nok ein gong vil ta undikken utanpå stilongsen er uvisst enno, men dei aller fleste Supermannfans skulle gjerne sett både Singer og Routh vekke frå dette prosjektet.
Cinema Blend melder at Paramount har tenkt å lansere sin eigen Facebook-applikasjon, for å benytte seg av den mest kostnadssparande måten å reklamere på nokonsinne, nemleg la nerdar blogge og sende reklamefilmar/trailers/sanksjonerte klipp til ein annan. Ja, vi er faktisk så dumme at vi går på den.
Lurar på kvifor vi ikkje har posta den nye Indiana Jones-posteren? Fordi vi veit at det ikkje er den endelege, og greier å spare oss. Vi kan derimot melde om ny trailer på veg, og går dermed Dagbladet, Rushprint, og dei andre sinkene ein høg gong. Og nyhendeverdien i det? Meh, manna for filmnerdar som meg. Rykter seier at den kanskje kjem saman med førpremiere av Iron Man (som vi har meldt for lite om, vi veit... Vi gleder oss skikkeleg, altså! Æresord!)
Den siste snippeten var frå Filmschool Rejects, som også kan melde at Terry Gilliam si siste vindmølle, The Imaginarium of Doctor Parnassus, faktisk er på skinnene att, etter å ha blitt lamma av Heath Ledger sin bråe bortgang. Jøsses, og her var vi og trudde at NOK eit Gilliam-prosjekt skulle kollapse - dei har ein tendens til det... Ikkje misforstå, vi elskar filmane hans, men dei har ein tendens til å lide overdrivent mange problem. Til å ta opp tråden etter Ledger, finn vi Johnny Depp, Jude Law og Colin Farrell. I same rolle. Snakk om å fange opp det kvinnelege publikum til det som til sjuande og sist er ein nerdefilm!
Les også deira oppdatering på to Marvel-filmar til (jesus! Skal dei filmatisere ALLE superheltane sine i år, eller?!), nemleg Thor og Antman. Thor, ein norrøn gud med medlemskap i superklubben Avengers, har nok dei fleste høyrt om, men ein skal vere ganske innbitt teikneserienerd for å ha kontroll på Antman. Det må likevel nevnast at sistnevnte er ein av dei mest komplekse karakterane i Marveluniverset. Rekn med ein eigen artikkel om han i framtida.
SFX melder at Russell T. Davis, den stormannsgale og åpent homofile (ikkje at det er noko gale med korkje av dei to fakta, men det har blitt "ei greie" blant Doctor Who og Torchwood-fans!) sjefen for BBC sin oppdaterte Doctor Who-serie (som er på veg inn i sin fjerde runde når som helst - ikkje spør oss når, BBC er merkelege slik. Den dukkar plutseleg opp!) meiner at den er levedyktig i minst 20 år til! Hei, vi er med i 20 år til! Så har vi noko moro å sjå på i staden for søppel som Battlestar Galactica . Det blir nok neppe heile 20 år med fabelaktige David Tennant (biletet) i hovudrolla, då det ryktast om at han hoppar av etter dei tre tv-filmane som erstattar 2009-sesongen (det kjem ny sesong i 2010). Med det har det vore rykter om sidan den fyrste sesongen hans, så vi får berre vente og sjå.
For å veie litt opp for mangelen på stoff om Iron Man, her er båe trailerane, pluss ein reklamefilm for Audi (det gjer meining når du ser den...)
Traileren til Hulken endeleg her? Not so much... (Moglege spoilers) Marvel set ny standard i tvilsam melking, før dei onsdag lanserer traileren for Edward Norton sin The Incredible Hulk. Akkompagnert av dei splitter nye promobileta frå filmen.
Filmen, med regi av Transporter og Danny the Dog-regissør Louis Leterrier, har Norton som både manusforfattar og hovudrolleinnehavar (i andre roller finn vi Liv Tyler, William Hurt og Tim Roth, så dette er verkeleg eit stjernelag), og har ingenting med Ang Lee sin fadese frå 2003 å gjere, men er Norton sitt forsøk på å starte ein heilt ny franchise (vi har meldt om dette tidlegare). Mange spennande rykte svever rundt på veven, mellom anna at Robert Downey, jr. sin Tony Stark frå den kommande Iron Man (som er minst like spennande) har ein cameo - teorien går ut på at Marvel forsøkjer å knyte saman fleire av filmane med karakterer som høyrer til superheltklubben Avengers (Marvel sitt svar på DC sin Justice League - du veit, klubben Supermann og Batman er med i) for å ENDELEG kunne lage ein skikkeleg ensemble-piece film med heltar vi kjenner trynet på (SPOILERÅTVARING: Warners prøver å gjere det same med Justice League for tida, med Mad Max-regissør George Miller ved spakene, men slit ekstremt grunna nix frå Brandon Routh og Christian Bale. I staden, seier rykta, vil filmen fokusere på karakterar som Green Arrow og Green Lantern, i ei settning der Supermann er daud og Batman har fått sparken. Whoops!). Men dette er rykter, rykter alt saman.
Det som derimot er klinkande klart, er at Marvel og Universal prøver å melke traileren for filmen som om den i seg sjølv er eit høgdepunkt. No, 2007 var spesielt dominert av at trailere for "store ting" hadde "premiere" i den og den samanhengen (gjerne foran Superbowl eller Lost), og no står det slik til at MTV, som har fått æra av å eksklusivt gjeste premieren av denne traileren har gått ut med teaser til traileren.
Du las riktig: Ikkje ein teaser trailer, men teaser til traileren, som i seg sjølv kanskje berre er ein teaser trailer. Mind boggling? Det tykkjer vi óg.
Vi viser sjølvsagt trail... eh, teaseren her, og kjem sjølvsagt også til å poste sjølve traileren når den kjem, som MTV for øvrig berre presenterer for sitt amerikanske publikum, på fjernsyn så vel som på nett - dvs. at ein må ha amerikansk IP-adresse for å sjå den på MTV.com. Kjipingane! Pfft, vi kjem sjølvsagt til å ha traileren her torsdag, vær du trygg. Vi er kanskje kritiske til denne typen marknadsføring, men vi er jo geeks til sjuande og sist, og enn kor mykje vi kan slenge drit om teikneseriefilmatiseringar elskar vi dei.
Og ja, vi burde ha skrive meir om Iron Man. Og ja, vi har merka oss at William Hurt sin bart er über-macho. Vi likar bart - bart er tøft!
Warners slår klørne i Bone Fredag kom nyhenda om at Warner Brothers (også kjend som den sekulære inkarnasjon av Satan) har kjøpt rettane til Jeff Smith sin teikneserie Bone, og planlegg å laga filmversjon med Dan Lin (Warners sitt komande He-Man-prosjekt) og Smith som produsentar. Bone er fantasyserien om dei tre merkelege Bone-fetrane, som etter å ha blitt jaga ut av Boneville rotar seg inn i ein mystisk og vakker dal, der dei møter mange rare skapnadar, mellom anna menneskja som bur der, Den store, raude draken, og slemme rottenikkar. Snart oppdagar dei at ein mørk skugge har senka seg over dalen, og må ta opp kampen mot Dei vonde kreftene for å redde dalen, og forhåpentlegvis til slutt kome seg heim att til Boneville.
Stilen til Smith er tydeleg farga over hans tid hjå Disney sitt animasjonsstudio, og av klassiske seriar som Pogo og Carl Barks sine onkel Skrue-forteljingar.
Historia spant over 55 hefter over ni historiearkar, gjeven ut mellom 1991 og 2004, og er den lengstlevande sjølvpubliserte serien i USA. Den er også samla i ein Ringenes Herre-liknande murstein.
Dette er ganske snåle nyhende (men så er kanskje eigentleg alt som har med Bone å gjere snålt?). Warners er kjend for sine heller stygge ovegrep mot teikneseriar dei filmatiserer (X-Men, Constantine), og Smith er kjend for å ikkje kompromissere, og braut i av eit teiknefilmprosjekt med Nickelodeon då dei ynskja å tone ned dei vaksne elementa i serien for at den skulle passe eit yngre publikum med Britney on N*Sync-soundtrack (sic).
Det er heller ikkje klart om det er snakk om ein spelefilm a lá Where the Wild Things Are-prosjektet til Spike Jonze som Warners prøver å øydeleggje, 3D-animasjon a lá Istid, Shrek, &c., eller tradisjonell 2D-teiknefilm (personleg tykkjer eg dette hadde vore best).
TellTale Games gjev for tida ut ein seriell dataspelserie av Bone i 3D-grafikk, og det ser slik ut.Bone har gjentekne gongar vore forsøkt utgjeven på norsk, med liten respons frå marknaden. Serien har nett starta opp i Egmont sitt nye "Tommy & Tigern"-blad, saman med mellom anna Pogo. Jeff Smith vitja Bergen i 2001.
Vore innom Warner Bros. si Watchmen-side og sett på dei nye promobileta av hovudpersonane i kostyme enno? Ho-leeh. Eg må seie at som Watchmen-fan er eg no ganske betrygga. Det ser fordømt bra ut!
Slashfilm har ei knallbra samanlikning mellom teikneserien og desse nye promobileta. Verdt å få med seg. No er det berre manustolkinga og Zack Snyder sine eigenskapar som regissør som gjenstår å vise seg... Dette er verkeleg det mest ambisiøse og det mest risikable teikneseriefilmprosjektet nokon gong.
Kan også melde i eit apropos at DVD-utgåva av Watchmen vil innehalde heile Tales from the Black Freighter , som teiknefilm. Gerard Butler (Leonidas i Snyder sin 300) les voiceoveren gjennom heile filmen...
For øvrig tykkjer eg Jeffrey Dean Morgan er ein kjempegod erstatning til Bruce Campbell som The Comedian. Ikkje at det nokon gong var snakk om Brusaren i denne filmen, eg berre seier, liksom...
Death to all humans Medan vi gleder oss til Futurama II: The Beast with a Billion Backs, kan vi jo kose oss med denne lille snutten av eit preview frå filmen!
Alle si favorittskurkinne i Batman, Harley Quinn (ho som går kledd som ein harlequin, er totalt kokkelimonke, og i tillegg dødsfoxy), med i The Dark Knight???
Dette har vore ein fan-drøm i evigheiter, men ingen trudde det skulle vere faktum! Blockbuster Buzzmeldar at det britiske agentselskapet RDF har lagt til rolla som 'Harley Quinn' i Christopher Nolan's The Dark Knight i biografien til ein av deira klientar, Sarah Jayne Dunn. Holy shamrocks, Batman!
Så, Warner Brothers har skaffa seg rettane til den seminale mangateikneserien Akira av Katsuhiro Otomo, som også er hyra inn som utøvande produsent. Dette betyr at det innan kort tid kjem ikkje berre ein, men to spelefilmar basert på 6-volums teikneserien frå 80-talet, om motorsykkelgjengleiaren Shotaro Kaneda og hans psynske kompis/nemesis Tetsuo Shima. Gutta rotar seg borti den eponyme Akira, eit kryogenisk nedfrose born som stod for øydeleggjinga av Tokyo fleire tiår tidlegare, og utløyste WWIII. Dette får spesielt sjebnesvange følgjer for Tetsuo, utan at vi skal røpe meir for Akiramøyer. No cruisar gutta rundt i hypermoderne Neo-Tokyo, og havnar i trøbbel med hemelege militærorganisasjonar, terroristar, og korrupte samfunssleiarar. Pitchen seier "Blade Runner møtar City of God", som høyrest heilt idiotisk ut, og eg fryktar Matrix-kloning deluxe.
Som forventa, er sjølvsagt handlinga flytta til USA, og skal foregå på New Manhattan (hæ???), og Leonardo DiCaprio, som produserer filmen (!), ligg an til rolla som Kaneda, medan Joseph Gordon-Lewitt (frå 3rd Rock from the Sun) skal tangere Tetsuo si skapnad. Ugh. Garantiane for at det blir ny glorete skinnjakkemote og EMO-hårfrisyrer i kjølvatnet av denne kalkunen er innebefatta. Vi gruar oss, men som dei nerdane vi er, kan vi ikkje hjelpe for å grue oss med ein viss form for fryd...
Me har lenge frykta Zack Snyder (Dawn of the Dead, 300) si innspeling av Alan Moore/Dave Gibbons-serien Watchmen, generelt kjend som den beste (mainstream)teikneserien som nokon sinne er laga. Snyder har vist at han kan ronke i 3D, men korleis han vart veld til å handsame ein av dei meist komplekse og low-key historiane som vert overførd frå returkartong til celluloid kan ein berre spekulere i. Snyder sjølv kallar prosjektet "20 years in the making", og det er ein grunn for det. Ingen har tidlegare ville røre prosjektet avdi fallhøgda er så enormt stor. No er i alle fall teknologien til å gjennomføre det på plass, men i staden for å gje prosjektet til ein regissør som har vist eigenskapane som trengs for å fortelje denne historia, gav altså Warner Bros. (dette selskapet som har vist så god dømekraft i slike høve før, som denne filmen, eller denne filmen, eller denne filmen, for å nevne eit par elendige film-versjonar av kjende seriar) jobben til 3-nerdefilmar-wunderkinden Snyder.
No kan Snydaren melda at filmen er ferdig innspelt, og då er det berre CGI-teamet si monumentale oppgåve som gjenstår. Filmen har premiere Mars til neste år, så ein kan rekne med at det er litt av ein jobb som gjenstår. Snyder har latt fansen få sjå eit bilete frå filmen satt i kontrast med storyboard og panelet frå teikneserien, og dette ser jo riktig flott ut. Rett nok ikkje nokon indikasjon på korleis historia vert fortalt, men me kan jo håpa på at det mannen har gjort tidlegare ikkje betyr at han ikkje klarar det. Me er spente!
Sidan det gjekk så bra å reboote Batman, slang som kjend Marvel seg på bølgja med ein etterlengta reboot av Hulken, som kjem til amerikanske kinoar 8. Juni i år. Denne filmen er langt tettare teikneserien enn det tragiske, førre forsøket, eller Shrek 2 som den også var kjend som, og har det overraskande stjernelaget Edward Norton, Liv Tyler og William Hurt som henhaldsvis Bruce Banner, Bettie Ross og General Ross, samt Tim Roth som bizarro-hulken Abomination. I tillegg er manuskriptet levert av ingen ringare enn Edward Norton sjølv, ein sjølverklært fan av Hulken, og han ynskjer at denne filmen skal bli grunnsteinen i eit nytt Hulken film franchise.Slahsfilm har bilete av ein promoskulptur av den nye Hulken, samt eit bilete av Shrek-versjonen til Ang Lee til samanlikning her.
Samstundes vel Marvel å reboote nok ein teikneseriehelt på film, nemleg The Punisher. Denne filmatiseringa, med Ray Stevenson (Titus Pullo i HBO/BBC-serien Rome) som Frank Castle, og Dominic West som Jigsaw (og Julie Benz frå Buffy, Dexter og den siste Rambo-installasjonen, men eg tykte det var mindre interessant å nevne). Gjensynsgleda med Dominic West er stor - eg har for lengst erklært The Wire som verdas beste tv-serie og er godt inne i 5., og diverre siste, sesong. Sjå eit kort intervju med West om filmen her.
Manusforfattar Kurt Sutter, kjend frå m.a. sitt arbeid på The Shield, har denne veka bestemt seg for å forlate produksjonen av Punisher: War Zone (premiere i September i statane) grunna ulikheiter av visjon. I bloggen sin fortel han inngåande om grunnane til at han har valgt å ta namnet sitt bort i frå krediteringsvurderingane, og korleis han tykkjer det er synd at The Puisher: War Zone ikkje blir noko anna enn ein formulaisk superheltfilm. Med tanke på at Punisher ikkje har superkrefter, hadde det jo vore artig å sjå korleis ein Punisher-film med stemninga frå The Shield kunne blitt! Sutter har fått mange sinte reaksjonar frå nerdar, og følte for å (til dels) beklage at folk tok det ille opp når han sa at superheltfilmar er formulaiske. Eh, javel.