Dette er ikkje annonseringa av ein animeversjon av Blade Runner, i mine auge tidenes beste film.
Dessverre.
For når ein ser på denne konseptskissa den 35-år gamle illustratøren Mark Brooks laga berre for moro skuld, kan ikkje ein gamal Blade Runner og Ghost in the Shell-fan ynskje seg noko som helst meir enn ein Blade Runner anime. Eg kan ikkje sei anna enn FOR GUDS SKULD, Mamoru Oshii, SKAFF DEG RETTANE PÅ DETTE!!'
(trykk venstre musknapp og vel "sjå bilete" for stor versjon. Ja, du nyttar vel Firefox på nynorsk?)
Mamoru Oshii er mannen som transformerte Masamune Shirow sin tøysete manga Kôkaku kidôtai (Ghost in the Shell) til to av tidenes beste animasjonsfilmar, og det i ein stil som hadde kledd Blade Runner utruleg bra. Spesielt dei som har sett Kôkaku kidôtai 2 (Innocence: Ghost in the Shell 2) må kunne sei seg einige at hans eventuelle handsaming av Ridley Scott sin fantastiske framtidsdystopi basert på Phillip K. Dick-romanen Do Androids Dream of Electric Sheep? ikkje kunne ha resultert i noko anna enn eit meisterverk smidd i himmerike av englar med hår av gull og allsong til stemmer.
Med gårsdagens syningar av Outlander og Interplanetary er den fantastiske delen av programmet på WT Os internasjonale filmfestival over for i år. Med nesten fullsatt sal var Outlander lett den mest vitja filmen på årets festival, som ikkje er overraskande, men synd. Moro dog det var, den verkelege stjerna var Interplanetary, som hadde meir eller mindre verdspremiere (den hadde ein tidlegare syning i Memphis for nesten ein månad sidan, men dette var ein tidlegare, meir uferdig klipp, og det var mest folk tilknytt filmen tilstades - les ein omtale av filmen hjå Oxford Film Freak her).
I sann John Carpenter-stil leverer Interplanetary varene med eit imponerande, CG-fritt visuelt ytre, og eit spennande og akkurat passe cheesy manus (til samanlikning var det cheesye manuset til Outlander nok til å skapa laktoseintoleranse). Filmen handlar om staben på ein marsbase eigd av ein megakorporasjon (Interplanetary Corporation), og handlar om kva som skjer når denne staben beståande utelukkande av middle management og support crew hamnar i ein situasjon som merkeleg nok ikkje vert dekka av selskapet sine fyldige permar med retningslinjer og byråkrati. Det heile utviklar seg i ein retning splattermeistar Roger Corman hadde vore imponert over, og regissør Chance Shirley sine grep for å dekkja over sekvensar som hadde blitt for dyre for superlågbudsjettet i blant mersterlige. Kombinert med ein originalt lydspor igjen heilt i Carpenter-anda er dette ein film eg vart sitjande igjen med eit intenst håp om at dei vert plukka opp av ein stor distributør etter. De kan følgja Chance og Interplanetary på veven, på filmen sin blogg, Everybody on Mars is Dead.
Dette er verkeleg den typen filmar WT-festivalen handlar om.
Outlander var også som forventa: Totalt over-the-top, supersnackse effekter, digre eksplosjonar, vikingar og aliens, ein perfekt symbiose av mellom anna Alien, Army of Darkness, Predator, Den 13. kriger og John Wayne-westerns (!). Sistnevnte i form av Jim Caviezel sine utrulig klisje men kontante "kjenslelada" replikkar - heilt i The Duke's ande. For å sitera filmanmeldarane på The Simpsons,"It was a rollercoaster of shrills, thrills AND kills!", og om det var moro! Kombinert med det å ha ein hastig leigd 35mm prosjektør inne i salen (den var for høg for prosjektorrommet frå 1938!), samt bytte av rull midt i, var dette definitivt sann Grindhouse, og det er fantastisk å ha vore med på denne opplevinga.
Det einaste som er så synd er at det må til ein film av dette kaliberet for å lokka folk på kino i Fjellheim - og eg antar filmfestivalar elles. Folk er naturleg skeptiske til ting som nokon andre ikkje allereie har bestemt at skal gå på vanleg kino - men kvifor det? Eg trur vel så mange hadde hatt glede av mange av dei andre filmane våre i år, som leid under låge besøkstal, men fekk svært gode skussmål av dei som såg dei, spesielt Goodbye Baby og Interplanetary. Det som i allefall er sikkert er at det berre er i prime time folk har lyst å gå på kino, og det er absolutt noko festivalen kjem til å ta i betraktning i framtida - men det er framleis synd.
Dei som har nokon som helst tilknytning til WT-festivalen veit at fleire av hovuda som kokar saman festivalen har ein spesiell plass i hjartet for nerdeting (ja, tilmed eg! Kven hadde trudd?). Dette gjeld mellom anna snål film, teikneseriar, og obskur science-fiction og pulp. Stikkord på ting vi likar kan vere, tja, Frank Miller og Buck Rogers, for eksempel?
Då kan du tenkje deg korleis vi reagerte då vi fekk høyre rykta om at nettopp Frank Miller kanskje skal gjenopplive nettopp Buck Rogers.
Eller gjer du det? Kanskje du seier, "Miller? Rogers? Kven snakkar du om?"
Velvel, på tide med nok ein liten runde folkeopplysing.
Frank Miller er ein av dei mest banebrytande teikneserieskaparane dei siste 15 åra. Mannen stod bak at Batman reiste seg frå middelmådigheiten etter mange år som ein elendig serie, med The Dark Knight Returns. Han gjorde det same med Daredevil, og skapte fan-favoritten Elektra. Men det verkelege gjennombruddet hans kom med Sin City, som alle har sett, og difor plutseleg skjøna kven eg snakka om. Han, ja. Han som også laga serien 300 er basert på.
Miller har ein ny film på trappene i år, The Spirit, filmatiseringa av teikneserieguden Will Eisner sin seminale serie (for å illustrere kor stor Eisner er, så er den mest prestisjetunge serieprisen i verda kalla the Eisner Award). Diverre er det ingen som lenger veit kven i huleste The Spirit er, så vi får vone at Frank Miller aleine har gravitas nok til at folk går og ser den.
Her er ein teaser trailer, for øvrig. Og ja, det blir ganske likt Sin City, dersom du lurte. Det er liksom Miller sin unike stil (han co-regisserte Sin City, så rekn med at det var han som tilførte denne stilen), så det er eigentleg greit.
Så, lat oss snakke litt om Buck Rogers.
Buck Rogers gjennom 80 år (fritt etter Wikipedia) Buck Rogers er ein legendarisk romhelt, som fyrst dukka opp under namnet Anthony Rogers i to novelletter publisert i Amazing Stories i 1928, skrivne av Philip Francis Nowlan. Historia er klassisk pulp nonsens: Ein amerikansk flygaroffiser ramlar ned i ein gruvegong og blir slått i koma av ein mystisk gass. Han vaknar opp 500 år seinare, og slår seg saman med ei lekker møy og ein skrullete doktor for å slåss mot onde rom-mongolar (sic).
I 1929 fekk John F. Dille løyve av Nowlan til å snekre ei teikneseriestripe av helten (for dette geniale konseptet skreik jo etter å videreførast?), for høvet omdøypt Buck Rogers. Stripa debuterte saman med den enno meir kjende teikneserien om Tarzan.
Interessant nok redefinerte desse to seriane teikneserieformatet, som tidlegare hadde berre vore enkeltståande vitsar. Buck Rogers og Tarzan var båe sekvensielle, det vil seie dei hadde ei fortsetjande historie, av det formatet Fantomet framleis har i dag, og som alle utanom eldre BA -og Aftenpostenlesarar hatar intenst. Men på denne tida var det grensesprengande, og det er takka vere suksessen av desse to seriane at mediet utvikla seg til det som vi kjenner og elskar (og i somme tilfelle hatar) i dag. Spin-offprodukt og merkesteinar Buck Rogersin the 25th Century hadde fleire spin-offprodukt, som pop-upbøker, samlingar, o.l., og ikkje minst den dramatiserte radioføljetongen. Ikkje berre var Buck Rogers den fyrste sekvensielle teikneserien, ikkje berre var det den fyrste science-fictionteikneserien, det var også det fyrste science-fictionprogrammet på radio nokon sinne! Serien vart kringkasta fire gongar i veka i frå 1932 til 1947.
Og det enda ikkje der: Buck Rogers in the 25th Century: An Interplanetary Battle with the Tiger Men of Mars var ein kortfilm på 10 minutt produsert i 1933, med John F. Dille sin son, John Dille, jr. i rolla som Buck (elskar de ikkje tittelen, for øvrig?). Filmen var laga i reklameøyemed, og ein meir obskur Buck-kortfilm var også produsert i 1936.
I 1939 vart det laga ein 12-episodars filmserie produsert av Universal Pictures. Serien var av låg kvalitet, og resirkulerte kulissar og props frå andre sci-fiseriar, som t.d. Lyn Gordon (men kven ville vel ikkje resirkulere kulissar frå Lyn Gordon?). Serien vart også klippa saman til tre spelefilmar over 25 år seinare.
Den fyrste tv-serien av Buck Rogers in the 25th Century vart produsert frå 1950 til 1951 av ABC, men diverre finst det ikkje lengre kinetoskop av denne serien. Spelefilm og tv-serie for nye generasjonar I 1979 vart det produsert ein pilotepisode for ein ny Buck Rogers-serie. Denne vart vist på kino, og vart godt motteke. Serien omhandlar US Air Force-pilot kaptein William "Buck" Rogers, kommandør påromfergaRanger 3 i den fjerne framtida 1987. Nok ein gong vert Buck offer for snodige gassar, og ligg komatøs i 504 år. Der (eller burde det vere då?) får han vite at vi burde omskrive historiebøkene våre, fordi jorda var sameina i 1988 etter ei frykteleg atomulukke (kunne ha lurt meg). Alle nasjonar på jorda vert beskytta av Den jordiske forsvarseininga med hovudkvarter i New Chicago (kvar elles), og Buck slår seg saman med desse for å stogge ondingar frå planeten Draconia!
Serien introduserte den elskelege og humoristiske roboten Twiki, som i Statane er nesten like kjend som R2-D2, Cylonar, og den derre roboten frå Lost in Space som heile tida masar "Danger, Will Robinson! Danger!" som ingen veit kva heiter. Den er meir kjend enn Doctor Who sin robothund K-9, men det er ikkje så merkeleg.
Sidan serien var skikkeleg forut for si tid fekk Buck vanskar som han ikkje kunne slåss mot, nemleg ein manusforfattarstreik i 1981 som var minst like brutal som den vi nett hadde. Då serien kom på lufta att, var den mistenkeleg lik Battlestar Galactica: Buck dreg på oppdrag for å finne dei tapte menneskekoloniar i rommet. Serien vart snart lagt ned, men er framleis ein kjempestor kultfavoritt.
Buck Rogers er i dag ein inngrodd del av den amerikanske popkulturelle medvita. Den generelle befolkninga hadde berre tilgong til science-fiction gjennom teikneseriane i avisene, og difor var Buck med på å forme den oppfatninga folk hadde av kva science-fiction skulle vere. Lyn Gordon , Battlestar Galactica, Star Trek og Star Wars er direkte resultat av dette. Buck var fyrst ute, han var alle romfarande swashbucklande* heltars far.
Buck Rogers in the 21st Century I følgje IGN, står altså ny versjon for tur, med Miller som regissør. Miller er angjeveleg ven med Flint Dille, ein teikneserie-, tv-, og dataspelforfattar og produsent, som m.a. skreiv ein teikneserieroman om Buck i 1990. Åja, og så er han John Dille sitt barnebarn. Flint (vår mann?) skal skrive manus og produsere, og filmen skal ha eit budsjett på omlag 40 millionar dollar. Det er kanskje ikkje så mykje, tenkjer du, men ryktet seier at filmen skal bevisst spele på at effektar og scenografi er billege, samt harselere med kor tåpeleg 1980-serien var. Det kan funke temmeleg bra, spør du meg. Les mykje av det same og litt uinteressant ekstra info hjå IGN.
Oppdatering: IGN melder no at Nu Image/Millennium Films har kontakta dei i høve saka, og hevdar at ingen avtale er gjort med Miller. Dei har ikkje bestemt seg for regissør enno, seier dei. Eeek!
*No, diverre finst det ikkje noko norsk ord for "swashbuckling", så la oss ta eit bel for å klarere nett kva det betyr.
Swashbuckler er eit omgrep som dukka opp på 1600-talet, og beskreiv ein sjølvgod, pralande og storkjefta fektar, som slest med eit rundt einhandsskjold ("buckler") i eine handa. Dette bråka og vifta han rundt med ("swashing"), og kunne gjerne finne på å gjere ukonvensjonelle manøvre ut av det blå.
- I admit it, you are better than I am. - Then why are you smiling? - Because I know something you don't know. - And what is that? - I... am not left-handed! - You are amazing! - I ought to be, after 20 years. - Oh, there's something I ought to tell you... - Tell me. - I'm not left-handed either!
I litteraturen vart omgrepet utvida til å gjelde den fryktlause, sjarmerande og romantiske arketypen av ein helt. Swashbucklingmanøvrar inkluderer t.d. svinging i lysekroner, fekting opp trange trappeoppgongar, forføre lettpåverkelege møyer, og den slags. Klassiske swashbucklers inkluderer Robin Hood, Dei tre musketerar, Zorro, Lord Flashheart, Indiana Jones og Han Solo.
AAaah no kjenner eg meg betre i alle fall, ingenting eg likar meir enn å besudle opplyse viljuge sinn.
BLOGGENERDAR TEK IKKJE PÅSKEFERIE, men det gjer eg, og difor får vi ikkje med alle popkultnyhendene frå denne veka. Så her kjem ei oppsummering av nokre av vekas viktigaste sakar.
* The Daily Mail melder at Thomas Sangster (biletet), son til Liam Neeson i Love, Actually, har fått rolla som Tintin i Spiel/Jack sin komande trilogi. Heil til deg óg, Thomas.
*Rope of Silicon har nokre nye Indiana Jones-bilete, mellom anna dette lekre biletet av Cate Blanchett (trykk for stor versjon). [EDIT: Her var dei visst ikkje så glad for at vi lånte biletet, så de får følgje lenka for å sjå.)
Og medan vi snakkar om han, lyst på ein tur inn i heimen til Indiana Jones? (via Blockbuster Buzz)
* Spekulasjonane om tie-ins mellom dei ulike Marvel-filmane denne sommaren stemmer. Fans har heile tida rekna det for ganske sikkert, fordi fleire av karakterane i desse filmane er knytt til superheltklubben The Avengers, som er eit av dei neste store filmprosjekta til Marvel. Robert Downey, jr. har ein cameo som Tony Stark (Iron Man) i The Incredible Hulk, Hillary Swank har ein cameo i Iron Man, og rykta seier ho speler Black Widow. I tillegg er ein siste, hittil ikkje-namngjeven karakter med i slutten av Iron Man. Det kan vere Samuel L. Jackson som Nick Fury, men dette er mellombels ukjend. (MTV)
På dette biletet som dukka opp på ei russisk Iron Man-side kan vi se regissør Jon Favreau (til venstre for Robert Downey, jr.), men er det Hilary Swank ved sida av han igjen?
* Sylvester Stallone går snart i gong med sin nye Rambo-film, som skal spelast inn i Bulgaria. Mellom anna skal heimbyen til Rambo (i Arizona) gjenskapast her, med kulissene som vart brukt i Van Damme-filmen The Shepherd. Arizona i Bulgaria, you say? Billig-billig. (Moviehole)
ALLE KJENNER TIL Edgar Rice Burroughs for hans bøker om Tarzan, eh?
Vel, kjenner de til Rice Burroughs sin andre, litt mindre kjende helt, John Carter of Mars?
Carter var helten i Rice Burroughs sin Mars-serie, der han har fantastiske eventyr blant marsbuarane. Han kunne tilsynelatande ikkje døy, men migrerte i staden mellom to former, ein på Mars og ein på jorda, kvar gong han "døydde". På sine eldre dagar i sin jordlege form, fortel han historia si til sin nevø, Edgar Rice Burroughs, som så skriv dei ned, hevda i alle fall Rice Burroughs.
Det har lenge vore kjend at Disney har hatt lyst til å lage spelefilm med John Carter, og Pixar-sjef John Lassiter røpte under premiera av Pirates of the Caribbean 3 at Pixar ynskja å ta seg av den godbiten. Pixar-gjengen har allereie annonsert éin spelefilm, med Brad Bird som regissør, 1906, ein film om jordskjelvet i San Fransisco i det året, som blir ein samproduksjon mellom Pixar/Disney og Warners (*skjelve*).
Og no ser det ut til at det kan bli alvor av ein film på eigahand for Pixarittane fortare enn vi hadde trudd.
Sist August kjøpte Disney opp ei rekke John Carter-relaterte domenenamn på interveven, og no i helga snappa Disney/Pixar opp ein haug nye, mellom anna johncarterandthegodsofmars.com, johncarterandthewarlordofmars.com, godsofmarsmovie.com og warlordofmars-movie.com. Høyrest kosher ut, ikkje sant? (Litt seint ute, der, Ole Boy!)
Jim Hill, som dekkar Disney/Pixar-relatert informasjon ganske grundig, meldar at det er Wall-E-regissør Andrew Stanton som ryktast å stå for regien, etter eit manus av Ratatouille-skribent Mark Andrews, og spekulerer i at noko av grunnen til at dette prosjektet er viktig for Disney er at dei mistar meir og meir popularitet rundt Narnia-filmane. Det ryktast at Prince Caspian og Dawn Trader blir dei to siste av filmatiseringane, og at Disney difor vil ha eit vakuum å fylle utover 2011, som som Io9 formulerer det,"can only be filled with two-fisted sword-wrangling Martian action." Hell yes!
Vel, Narnia var artig nok det, personleg skjøna eg ikkje kva vi skulle med anna enn BBC-filmatiseringa. John Carter-action? Yes please. Kan eg få foreslå Bruce Campbell i hovudrolla...? Trudde ikkje det, nei.
Vi her i WT-festivalen er veldig glade i pulp. Ikkje tremasse eller fruktkjøt, men billeg underhaldning frå dei glade dagane på 30- og 40-talet. Det er også Quentin Tarantino, George Lucas, Steven Spielberg, og mange, mange andre kjende filmskaparar, som har lete seg inspirera av denne veldig lause sjangeren med noveller, romanar, filmseriar og teikneseriar. Heltar som Buck Rogers (in the 25th Century), Flash Gordon, Tarzan, Fantomet, The Shadow, Supermann, Conan Barbaren, ja vi nevner i fleng, alle desse stammar frå 30- og 40-tals pulp, og har gjeve oss uendeleg med glede i over 70 år. (Conan og Fantomet er framleis dei einaste to serieheltane kun forbeholdt vaksne, og det er temmeleg legitimt å lese desse blada den dag i dag). Ein annan som var svært glad i pulp var Dave Stevens. Du har kanskje ikkje høyrd om han, men det har vi, og vi vart svært triste over å lese om hans bortgang tidlegare denne veka.
Dave Stevens var ein teikneserieteiknar/illustratør som kanskje var mest kjend for å hente 50-tals pin-up dronninga Bettie Page fram frå gløymselen med sine Page-inspirerte illustrasjonar. (Bettie Page er i dag den mest kjende pin-up modellen nokon sinne).
Stevens er mannen bak teikneserien The Rocketeer, ein serie som var modellert etter pulp-forteljingar og -filmar frå 30-talet. På den tida var det vanleg med såkalla "Matinee Serials" på kino; sidan dette var før Gud og kvarmann hadde fjernsyn i si eiga stove, var det vanleg å gå på kino og sjå det som i dag er tv-seriar. Dei fleste av desse handla om fantastiske ting; om romfararar og superheltar - men kanskje viktigast for Stevens var dei som handla om fryktlause eventyrarar som flygaressa Smilin' Jack og Ace Drummond. Desse var hovudinspirasjonaskjeldene til både The Rocketeer og Indiana Jones, ein samtidig helt med The Rocketeer, som deler ein god del av den same tematikken, som slemme nazistar som skurkane, og heseblesande eventyr.
Diverre var ikkje Stevens ein spesielt suksessrik teikneserieskapar trass i svært god mottaking av serien, grunna hans ekstreme perfeksjonisme. På 90-talet selde han brorparten av rettane til Disney, som laga ein minneverdig og undervurdert eventyrfilm (med mellom anna Locke frå "Lost" og Timothy Dalton i skurkerollar).
Mark Evanier, teikneserieverdas største gromgut, har skrive ein fin artikkel til minne om sin ven Stevens, der du kan lese meir om karriera hans.
Vi minnst Dave Stevens med den originale traileren til The Rocketeer, med eit ynskje om at det lagast meir slikt (heldigvis kjem snart Indy 4!)
To Wings! To Wings! Vakre Lena Heady slest ein tapande kamp både mot terminatorar og låge sjåartal som Sarah Connor i Terminator: The Sarah Connor Chronicles som heldigvis ikkje har besudla våre fjernsynsskjermar her heime. Eg oppdaga henne fyrst med Michael Caine/Dylan Moran-filmen The Actors (anbefalt), og ho slo for alvor slo igjennom med Zack Snyder sin 300, der ho velta seg rundt i nettoen med både Gerard Butler og Dominic "McNulty" West. No er ho på vingene att - bokstaveleg tala.
Cinemablend kan melde om at Nikolai Müllerschön har snekra saman ein film om ingen ringare enn Den røde baron - Manfred Albrecht von Richthofen - din kjende, tyske, flygande krigshelten frå fyrste verdskrig. Og i motsetnad til James Franco-floppen Flyboys, ser denne filmen ut til å ha knakandes gode effekter, i alle fall om ein skal tru denne skrytevideoen FX-teamet bak Der Rote Baron har sett saman for CVane sine:
Heady speler naturlegvis ikkje Den røde baron, men ein sjukepleiar som tydelegvis vert båren til himmels av baronen - på meir enn ein måte. Var det tillete i reglementet på den tida, altså? Ingen kjelder kan støtte opp under at baronen var romantisk involvert med nokon sjukepleiar, men som de skjønar er ikkje filmskaparane så opptekne med å vere historisk korrekte. Det seier også filmens regissør Müllerschön:
"A meticulous reconstruction of the Baron's life and the historical setting was not uppermost in mind, that didn't interest me so much. It is more important to see what is relevant for people today. I saw no sense in making the film like a well-researched documentary. However, during my preparation on the film and looking into the story of his life, the man seems to be more like how I thought he should be."
Filmen har engelsk tale, men er tysk (sic), og har forelaupig berre release i Tyskland. Andre kjende skodespelarar på rollelista er Joseph Fiennes (Enemy at the Gates) og Til Schweiger (oh boy, denne fyren har spela i mykje merkeleg! Som tripod gigolo Heiz Hummer i Deuce Bigalow: European Gigolo, skurki Tomb Raider 2, og Lucky Luke i den heilt fantastiske Les Dalton.).
For ordnungs skuld, her er også den tyske traileren:
Hugsar de The League of Extraordinary Gentlemen? Sikkert ikkje - de har nok fortrengt analvaldtekta av Alan Moore og Kevin O'Neill sitt seminale verk slik som eg har. Men ein som det ser ut som har hatt mareritt om makkverket i lengre tid, og bestemt seg for å gjere noko med det, er Tarsem Singh, regissøren av The Cell. Der The Cell ikkje var anna enn lekre bilete og null substans (omlag som hovudrolleinnehaver Jennifer Lopez sjølv, med andre ord), er Singh sin film The Fall alt mogleg anna. Tydeleg inspirert av The League.. samlar The Fall heltane kjend som Inderen, Eks-slava, Sprengstoffeksperten, Den maskerte banditt, og, eh, Charles Darwin (sic!), som slår seg saman mot den onde Guvernør Odious. Og jepp, dette er så pulp som det kan bli (og er det noko vi likar, så er det pulp!). Filmen kom ut i 2006, men har framleis tilgode å sjå dagens lys her i landet - sikkert fordi den enno ikkje er sluppen i statane, og norske filmdistributørar likar å vente på retningslinjer frå sine overherrar. Skammeleg - for dette er verkeleg vakkert. Det er IO9 som melder om filmen i høve lanseringa i statane, og me er ikkje verre enn at me også gjev den litt merksemd og serverer denne traileren i håp om norsk lansering snarast.
What the hell, eg sleng med dette klippet også:
Io9 melder også at Singh er kopla til gjeninnspelinga av Westworld, sci-fi-klassikaren frå 1973 som er kjend for å vere den fyrste spelefilmen som nytta med 2-dimensjonal CGI, eller dataanimerte effekter (oppfølgjaren Futureworld var den fyrste filmen som nytta 3-dimensjonal CGI). Det kan bli interessant - vi reknar med Josh Brolin (No Country for Old Men) i rolla far hans, James Brolin, gestalta i originalen, og Michael Biehn (Reese i The Terminator) som gunslingeren Yul Brunner spelte, basert på Brunner sin eigen skapnad frå The Magnificent Seven. Biehn spelte rolla i tv-serien basert på den filmen.
Me har lenge frykta Zack Snyder (Dawn of the Dead, 300) si innspeling av Alan Moore/Dave Gibbons-serien Watchmen, generelt kjend som den beste (mainstream)teikneserien som nokon sinne er laga. Snyder har vist at han kan ronke i 3D, men korleis han vart veld til å handsame ein av dei meist komplekse og low-key historiane som vert overførd frå returkartong til celluloid kan ein berre spekulere i. Snyder sjølv kallar prosjektet "20 years in the making", og det er ein grunn for det. Ingen har tidlegare ville røre prosjektet avdi fallhøgda er så enormt stor. No er i alle fall teknologien til å gjennomføre det på plass, men i staden for å gje prosjektet til ein regissør som har vist eigenskapane som trengs for å fortelje denne historia, gav altså Warner Bros. (dette selskapet som har vist så god dømekraft i slike høve før, som denne filmen, eller denne filmen, eller denne filmen, for å nevne eit par elendige film-versjonar av kjende seriar) jobben til 3-nerdefilmar-wunderkinden Snyder.
No kan Snydaren melda at filmen er ferdig innspelt, og då er det berre CGI-teamet si monumentale oppgåve som gjenstår. Filmen har premiere Mars til neste år, så ein kan rekne med at det er litt av ein jobb som gjenstår. Snyder har latt fansen få sjå eit bilete frå filmen satt i kontrast med storyboard og panelet frå teikneserien, og dette ser jo riktig flott ut. Rett nok ikkje nokon indikasjon på korleis historia vert fortalt, men me kan jo håpa på at det mannen har gjort tidlegare ikkje betyr at han ikkje klarar det. Me er spente!