on holid on holiday by mistake: mai 2008

20 mai, 2008

Meir OMFG! Moffat tek over Doctor Who!

Då er det offisielt, etter mange månadar med spekulering og rykter: Russel T. Davies, mannen som brakte "Doctor Who" attende frå sitt nesten 15-år lange hiatus (eller ni, om ein reknar med filmen) går av som showrunner neste sesong, og gjev fakkelen vidare til ingen ringare enn Steven Moffat.

Moffat har sidan serien gjenoppstod vore hylla som den beste Who-forfattaren, inkludert av Davies sjølv, som hevdar at han tuklar med alle manus han får inn, gjerne med fullstendige omskrivningar - unnteke Moffat sine manus. Og i sanning er Moffat-episodane fleire divisjonar over resten av Who-forfattarane, noko denne sesongen med sine merkeleg keisame episodar (men framleis moro) kan vitne om. Det er store forventingar til Moffat dobbelepisoden som kjem på BBC laurdag om to veker, og Moffat sin Doktor-episode frå førre sesong, "Blink", vann nett BAFTA (britisk Oscar) for beste TV-manus. To gongar! (Den eine ved BAFTA Cymru, den walisiske tevlinga). Det var berre å forvente; ein kunne ikkje svinge innom eit vev-forum eller ei kritikarside som tala om Doktoren, og ikkje få med seg at det var temmeleg unisont blant Doktor-sjåarar verda over at Moffat sine episodar var suverene, og nesten heva over kritikk. Utvilsamt har BBC kjend det på same måten.

Steven Moffat har ikkje berre tiltru frå BBC - han er også mannen Steven Spielberg og Peter Jackson har handplukka til å skrive manus til dei tre Tintin-filmane som er i produksjon - og det er ikkje akkurat å kimsa av.

Han har óg mange fans frå før "Doctor Who"; Her i Noreg gleda vi oss i fleire år over hans vidd med serien "Avisgjengen" etter Barne-tv. Han er mannen bak verdas beste romantiske sit-com, "Coupling" (faktisk er det dein einaste gode romantiske sit-comen i verda, så det blir litt meiningslaust å kalle den verdas beste), som gjekk på TV2, samt den grufullt gode "oppfølgjaren" til Robert Louis Stevenson sin Doctor Jekyll & Mr Hyde, "Jekyll", frå BBC i fjor. Moffat hevdar heile hans karriere har vore eit hemmeleg spel for å få denne jobben som showrunner for "Doctor Who", og at han har søkt før, men då hadde dei andre i tankane (det, og det faktum at han var sju år på tidspunktet).

Eg kan ikkje anna enn å anbefala alt mannen har rørt ved, det er reint gull. Gold, Jerry, gold! Frå eit forfattande standpunkt er Moffat det næraste eg kjem eit førebilete (min store, urealistiske draum er jo å skrive fjernsyn for BBC), og som den "Doctor Who"-fanen eg er, er dette definitivt kategorisert under OMFG (ny label herved oppretta), trass i at det nesten var venta.

(Og dei fleste har kanskje fått med seg at Miller ikkje kjem til å regissere Buck Rogers, men i sanning hadde eg berre leita etter ei orsaking til å skriva ein artikkel om Buck, så det er for såvidt greit. Dille hevdar Miller kjem til å påvirke den kreative prossessen uansett, i og med at dei er så nære vener.)

Etiketter: , , , ,

10 mai, 2008

Buck Rogers + Frank Miller = OMFG

(Dette innlegget er dedikert til Vidar)

Dei som har nokon som helst tilknytning til WT-festivalen veit at fleire av hovuda som kokar saman festivalen har ein spesiell plass i hjartet for nerdeting (ja, tilmed eg! Kven hadde trudd?). Dette gjeld mellom anna snål film, teikneseriar, og obskur science-fiction og pulp. Stikkord på ting vi likar kan vere, tja, Frank Miller og Buck Rogers, for eksempel?

Då kan du tenkje deg korleis vi reagerte då vi fekk høyre rykta om at nettopp Frank Miller kanskje skal gjenopplive nettopp Buck Rogers.

Eller gjer du det? Kanskje du seier, "Miller? Rogers? Kven snakkar du om?"

Velvel, på tide med nok ein liten runde folkeopplysing.

Frank Miller er ein av dei mest banebrytande teikneserieskaparane dei siste 15 åra. Mannen stod bak at Batman reiste seg frå middelmådigheiten etter mange år som ein elendig serie, med The Dark Knight Returns. Han gjorde det same med Daredevil, og skapte fan-favoritten Elektra. Men det verkelege gjennombruddet hans kom med Sin City, som alle har sett, og difor plutseleg skjøna kven eg snakka om. Han, ja. Han som også laga serien 300 er basert på.

Miller har ein ny film på trappene i år, The Spirit, filmatiseringa av teikneserieguden Will Eisner sin seminale serie (for å illustrere kor stor Eisner er, så er den mest prestisjetunge serieprisen i verda kalla the Eisner Award). Diverre er det ingen som lenger veit kven i huleste The Spirit er, så vi får vone at Frank Miller aleine har gravitas nok til at folk går og ser den.

Her er ein teaser trailer, for øvrig. Og ja, det blir ganske likt Sin City, dersom du lurte. Det er liksom Miller sin unike stil (han co-regisserte Sin City, så rekn med at det var han som tilførte denne stilen), så det er eigentleg greit.



Så, lat oss snakke litt om Buck Rogers.

Buck Rogers gjennom 80 år (fritt etter Wikipedia)
Buck Rogers er ein legendarisk romhelt, som fyrst dukka opp under namnet Anthony Rogers i to novelletter publisert i Amazing Stories i 1928, skrivne av Philip Francis Nowlan. Historia er klassisk pulp nonsens: Ein amerikansk flygaroffiser ramlar ned i ein gruvegong og blir slått i koma av ein mystisk gass. Han vaknar opp 500 år seinare, og slår seg saman med ei lekker møy og ein skrullete doktor for å slåss mot onde rom-mongolar (sic).

I 1929 fekk John F. Dille løyve av Nowlan til å snekre ei teikneseriestripe av helten (for dette geniale konseptet skreik jo etter å videreførast?), for høvet omdøypt Buck Rogers. Stripa debuterte saman med den enno meir kjende teikneserien om Tarzan.

Interessant nok redefinerte desse to seriane teikneserieformatet, som tidlegare hadde berre vore enkeltståande vitsar. Buck Rogers og Tarzan var båe sekvensielle, det vil seie dei hadde ei fortsetjande historie, av det formatet Fantomet framleis har i dag, og som alle utanom eldre BA -og Aftenpostenlesarar hatar intenst. Men på denne tida var det grensesprengande, og det er takka vere suksessen av desse to seriane at mediet utvikla seg til det som vi kjenner og elskar (og i somme tilfelle hatar) i dag.

Spin-offprodukt og merkesteinar

Buck Rogers in the 25th Century hadde fleire spin-offprodukt, som pop-upbøker, samlingar, o.l., og ikkje minst den dramatiserte radioføljetongen. Ikkje berre var Buck Rogers den fyrste sekvensielle teikneserien, ikkje berre var det den fyrste science-fictionteikneserien, det var også det fyrste science-fictionprogrammet på radio nokon sinne! Serien vart kringkasta fire gongar i veka i frå 1932 til 1947.

Og det enda ikkje der: Buck Rogers in the 25th Century: An Interplanetary Battle with the Tiger Men of Mars var ein kortfilm på 10 minutt produsert i 1933, med John F. Dille sin son, John Dille, jr. i rolla som Buck (elskar de ikkje tittelen, for øvrig?). Filmen var laga i reklameøyemed, og ein meir obskur Buck-kortfilm var også produsert i 1936.

I 1939 vart det laga ein 12-episodars filmserie produsert av Universal Pictures. Serien var av låg kvalitet, og resirkulerte kulissar og props frå andre sci-fiseriar, som t.d. Lyn Gordon (men kven ville vel ikkje resirkulere kulissar frå Lyn Gordon?). Serien vart også klippa saman til tre spelefilmar over 25 år seinare.

Den fyrste tv-serien av Buck Rogers in the 25th Century vart produsert frå 1950 til 1951 av ABC, men diverre finst det ikkje lengre kinetoskop av denne serien.

Spelefilm og tv-serie for nye generasjonar

I 1979 vart det produsert ein pilotepisode for ein ny Buck Rogers-serie. Denne vart vist på kino, og vart godt motteke. Serien omhandlar US Air Force-pilot kaptein William "Buck" Rogers, kommandør på romferga Ranger 3 i den fjerne framtida 1987. Nok ein gong vert Buck offer for snodige gassar, og ligg komatøs i 504 år. Der (eller burde det vere då?) får han vite at vi burde omskrive historiebøkene våre, fordi jorda var sameina i 1988 etter ei frykteleg atomulukke (kunne ha lurt meg). Alle nasjonar på jorda vert beskytta av Den jordiske forsvarseininga med hovudkvarter i New Chicago (kvar elles), og Buck slår seg saman med desse for å stogge ondingar frå planeten Draconia!

Serien introduserte den elskelege og humoristiske roboten Twiki, som i Statane er nesten like kjend som R2-D2, Cylonar, og den derre roboten frå Lost in Space som heile tida masar "Danger, Will Robinson! Danger!" som ingen veit kva heiter. Den er meir kjend enn Doctor Who sin robothund K-9, men det er ikkje så merkeleg.

Sidan serien var skikkeleg forut for si tid fekk Buck vanskar som han ikkje kunne slåss mot, nemleg ein manusforfattarstreik i 1981 som var minst like brutal som den vi nett hadde. Då serien kom på lufta att, var den mistenkeleg lik Battlestar Galactica: Buck dreg på oppdrag for å finne dei tapte menneskekoloniar i rommet. Serien vart snart lagt ned, men er framleis ein kjempestor kultfavoritt.

Buck Rogers er i dag ein inngrodd del av den amerikanske popkulturelle medvita. Den generelle befolkninga hadde berre tilgong til science-fiction gjennom teikneseriane i avisene, og difor var Buck med på å forme den oppfatninga folk hadde av kva science-fiction skulle vere. Lyn Gordon , Battlestar Galactica, Star Trek og Star Wars er direkte resultat av dette. Buck var fyrst ute, han var alle romfarande swashbucklande* heltars far.

Buck Rogers in the 21st Century
I følgje IGN, står altså ny versjon for tur, med Miller som regissør. Miller er angjeveleg ven med Flint Dille, ein teikneserie-, tv-, og dataspelforfattar og produsent, som m.a. skreiv ein teikneserieroman om Buck i 1990. Åja, og så er han John Dille sitt barnebarn. Flint (vår mann?) skal skrive manus og produsere, og filmen skal ha eit budsjett på omlag 40 millionar dollar. Det er kanskje ikkje så mykje, tenkjer du, men ryktet seier at filmen skal bevisst spele på at effektar og scenografi er billege, samt harselere med kor tåpeleg 1980-serien var. Det kan funke temmeleg bra, spør du meg.
Les mykje av det same og litt uinteressant ekstra info hjå IGN.

Oppdatering: IGN melder no at Nu Image/Millennium Films har kontakta dei i høve saka, og hevdar at ingen avtale er gjort med Miller. Dei har ikkje bestemt seg for regissør enno, seier dei. Eeek!


*No, diverre finst det ikkje noko norsk ord for "swashbuckling", så la oss ta eit bel for å klarere nett kva det betyr.

Swashbuckler er eit omgrep som dukka opp på 1600-talet, og beskreiv ein sjølvgod, pralande og storkjefta fektar, som slest med eit rundt einhandsskjold ("buckler") i eine handa. Dette bråka og vifta han rundt med ("swashing"), og kunne gjerne finne på å gjere ukonvensjonelle manøvre ut av det blå.
- I admit it, you are better than I am.
- Then why are you smiling?
- Because I know something you don't know.
- And what is that?
- I... am not left-handed!
- You are amazing!
- I ought to be, after 20 years.
- Oh, there's something I ought to tell you...
- Tell me.
- I'm not left-handed either!
I litteraturen vart omgrepet utvida til å gjelde den fryktlause, sjarmerande og romantiske arketypen av ein helt. Swashbucklingmanøvrar inkluderer t.d. svinging i lysekroner, fekting opp trange trappeoppgongar, forføre lettpåverkelege møyer, og den slags. Klassiske swashbucklers inkluderer Robin Hood, Dei tre musketerar, Zorro, Lord Flashheart, Indiana Jones og Han Solo.


AAaah no kjenner eg meg betre i alle fall, ingenting eg likar meir enn å besudle opplyse viljuge sinn.

Etiketter: , , ,

They're Nazis on the moon, they carry a harpoon

Sett Star Wreck: In the Pirkinning? Om ikkje, er du ikkje humoristisk anlagt og/eller fan av Star Trek eller Babylon 5, eller hatar ein eller båe av dei (i tillegg hatar ofte B5-fans Trek, og Trek-fans B5, og mange hatar båe delar). Forvirra? Ikkje så mykje som du vil vere etter å ha sett filmen. Ein heilsprø komedie som parodierer dårleg science-fiction (men ikkje Doctor Who, merkeleg nok), som garantert vil gje deg ein god latter, og imponere deg med dei heimelaga spesialeffektene, som ser tilnærma profesjonelle ut (det tok 7 år å rendre dei. Nei, eg overdriv ikkje - sju år!) Å, og den er gratis å laste ned frå heimesidene.

Denne veka kom teaser traileren til same gjengen sitt nye prosjekt, Iron Sky, ut. Same formel som sist - filmen vert laga på dugnad - men denne gongen er det ei original historie (vel, noko kan den vel minne om Robert Heinlein sin Rocket Ship Gallileo), og filmen har fått 50000 euro i stønad frå Den finske stat og har Oscar-nominerte produsentar. Og kva handlar den om? Why, nazistar frå månen, så klart! Eg veit ikkje kva de tykkjer, men i mi bok betyr det automatisk vinn.

Teaseren kan du sjå nedanfor, og meir om filmen kan du lese hjå N4f, i ein artikkel underteikna, øh, underteikna.

Etiketter: , ,

04 mai, 2008

Batman Again?

College Humor har sett saman denne interessante kollasjen, der ein berre kan spekulere i om The Dark Knight eigentleg berre er ein rip-off av Tim Burton sin Batman frå 1989. OOoh the irony! Hoohah!

See more funny videos at CollegeHumor

Etiketter: , ,