on holid on holiday by mistake: januar 2009

28 januar, 2009

Vi bur her ikkje lenger

Vi slukkjer lyset her på Blogspot, men har alt tent det på vår nye adresse, blogg.wt-festivalen.no.

Flyttinga vart annonsert for omlag eit år sidan, så det er vel på tide at vi tek hintet og flyttar inn på den nye serveren.

Vi vonar de vil følgje etter, og gjer merksame på at vi fortfarande er i betafasen, så om de oppdagar feil eller bugs, ver venlege å gje ein lyd til administrator.

Med på lasset får eg og Mullaen Hjarandr og Doc Fortune, som vil skriva om henhaldsvis musikk og popkultur. Formodentlegvis vil den late Mullaen få fingen ut og skriva litt meir på ein skikkeleg blogg (eg siktar til Holiday by mistake, Hastur), og våre nye medarbeidarar faktisk levera litt i ny og né. Hovudsakleg blir det vel meg som plagar dykk med nyhende om Doctor Who, så inga endring der.

Vel møtt på den andre sida av veven, og hugs å oppdatere bokmerka dykkar!



26 januar, 2009

Tintin-casting annonsert!

Studioet har sendt ut ei pressemelding med castet til Steven Spielberg og Peter Jackson sin fyrste Tintin-film, med regi av Spielberg, og manus av Steven Moffat (Doctor Who, Coupling, Jekyll), Joe Cornish (Adam & Joe, Big Train) og Edgar Wright (Shaun of the Dead, Hot Fuzz).

Her er hovudcastet:
(Eg legg til at vi tidlegare har meld om fleire av desse)

Jamie Bell (Billy Elliot) er Tintin
Andy Serkis er kaptein Haddock
Simon Pegg og Nick Frost er Dupond og Dupont
Daniel Craig (!) er Rackham den røde
Toby Jones er professor Tournesol
og i tillegg er Gad Elmaleh og Mackenzie Crook (Pirates of the Caribbean) tilknytte, vi kan berre gå ut ifrå at det gjeld rollene som dei to skurkane som bur på Møllenborg.

Det er heilt utruleg, men det virkar faktisk som om Spielberg og Jackson veit nøyaktig kva dei gjer. Dette er fabelaktig casting - legg til at alt blir gjort i ei blanding av 3D-animasjon og filmopptak, som gjer at figurane vert svært likt teikneserien (berre i realistisk 3D).

Vi gler oss!

(via Slashfilm)

Etiketter: , , , ,

24 januar, 2009

Monty Python tener fett på å vere gratis

Monty Python gjorde nyleg sitt omfattande arkiv tilgjengeleg på YouTube - gratis - fordi dei var lei av dei uendeleg mange dårlege piratklippa der ute. Samstundes som dei lanserte sin eigen kanal på YouTube, sende dei ut denne videoen:



No, nokre knappe månadar seinare, viser det seg at i kjøvatnet - og som direkte konsekvens - av dette vågale trekket, har salet av Monty Python-DVDar auka med 23000 %. Tjuetretusen prosent!

Dette er er stikk i strid med kva det vert hevda frå heksejegarane hjå dei store plate- og distribusjonsselskapa. Dei ynskjer avgrensa tilgjengeleg materiale så mykje som mogleg fordi det vil hindra piratvekrsemd, men så visar det seg altså at gruppa som kanskje er større enn Beatles blir enno rikare av å faktisk gje vekk materialet sitt.

Noko til ettertanke?

(via Slashfilm, Topless Robot)

Etiketter: , , , ,

22 januar, 2009

Fleire castingnyhende frå Doctor Who - Michelle Ryan bekrefta

Fleire kjelder melder i dag at ryktet om at Michelle Ryan skal stille som andrefiolinist i Doctor Who tilsynelatande var sant - men ikkje som Matt Smith sitt reisefølgje.

Det er lang tradisjon med fans som luskar på innspelinga av episodar av serien, og spesialepisoden som går på lufta no til påske er inga unntak. Den of Geek og Daily Mail melder båe om at "Bionic Woman" Michelle Ryan har vore observert på settet under innspelinga av det som blir den fyrste av i alt fire spesialepisodar før David Tennant leverer inn nålestripedressen, Converse-skoa, og nøklane til TARDIS. Det hevdast også at ho er i samtalar om å fortsetje i rolla på fast basis - vi reknar då med at det då er tale om den nye sesongen med Smith i 2010.

Som tidlegare rapportert, har Ryan jobba med showrunner Steven Moffat før, og det vert spennande å sjå korleis kjemi ho eventuelt vil ha med henhaldsvis David Tennant og Matt Smith. Serien har fleire gongar fått kritikk for å fokusere for mykje på emo mellom Doktoren og hans "crumpets" (spesielt Rose, spela av Billie Piper), om mange såg det meir platoniske forhaldet mellom han og Donna Noble (Catherine Tate) som forfriskande.

Vi nevner også at Lee Evans, frå mellom anna Det femte element, Alle elsker Mary og Vekk ikke musen som sover, samt uendelege britiske komiseriar) er bekrefta i ei gjesterolle i episoden til påske. Han har rolla som ein professor, og alle som har sett Evans sine ofte klossete karakterar veit kva vi har i vente.



(via Outpost Gallifrey, Daily Mail, Den of Geek)

Etiketter: , ,

21 januar, 2009

Gal Mullah i dansk teikneserie?

Det var med eit lite sjokk eg bladde opp årets fyrste utgåve av "M" her idag, for kven oppdaga eg ikkje i ei stripe frå Wulffmorgenthaler enn sjølvaste Mad Mullah Hastur - kjendisbloggar og sporadisk bidragsyter her i garden?

No har han rett nok både mørkare dress og skjegg i røyndomen, men reknar med det har blitt gjort for personvernet sin del (evt. fargeleggjarar i Baltikum).

Men likevel - både framtidsutsikter, Picard-sveis, dresskode, og freidige manøvre, lemnar liten til ingen tvil:



For ein gongs skuld kunne eg tenkje meg ein god runde med kommentarar her, folkens!

Etiketter: , ,

20 januar, 2009

Beastmaster Jr.

Denne videoen går sin sigersgong i nerdebloggar i heile bloggosfæren, så vi kan ikkje vere verre her:



Den vann fyrstepris i Alamo Drafthouse (i.e. verdas feitaste kino) sin Be Kind Rewind Sweded Short Film Contest. Og det er ikkje rart å sjå kvifor!

De kjennar kanskje att guttungen som "unge Jean-Claude Van Damme" i ein video frå tidlegare i år som gjer oss eit betre svar på når JCVD vart ein Mann...

Etiketter: , , ,

Quixote attende på eselryggen for Gilliam

Gilliam ikkje lengre Lost in LaMancha.

Empire intervjua nyleg Terry Gilliam, der han avslørte at han har teke opp att arbeidet med den sjebnesvangre filmatiseringa av The Man Who Killed Don Quixote.

Filmen, med Johnny Depp og Jean Rochefort i hovudrollane, vart avbroten etter berre dagar med filming i 2000, etter ei forbløffande rekke uhell råka produksjonen - inkludert oversvømmingar, skadelidande skodespelarar, og det spanske flyvåpenet. Det heile er nitidig dokumentert i den fantastiske dokumentaren Lost in LaMancha.

Depp har heile vegen vore ein av dei sterkaste forkjemparane for å få filmen attende på beina, og Gilliam har lenge sagt at han berre har venta på at Depp skulle bli ledig for å halda fram.

No ser det altså ut til at dei er på sporet att, etter at Gilliam er i gang med ein ny versjon av manus for å få finansane i orden, og dei skal etter sigande filma seinare i år.

(artikkelen vert også publisert på n4f.no)

(via slashfilm)

Etiketter: ,

19 januar, 2009

Nye foto frå Where The Wild Things Are

Trufaste lesarar veit kanskje at eg har skrive ein del om tullballet rundt Spike Jonze si filmatisering av Maurice Sendak-boka Where The Wild Things Are (Til huttetuenes land).

Trass i alt dette tullballet, vert filmen rekna som ein av dei mest antisiperte i år, og det er difor spennande når nokre nye bilete dukkar opp som visar oss meir av huttetuane.

Men dei kjem kanskje ikkje frå det mest venta haldet i verda: Tilsynelatande eig Spike Jonze ein skateboardforhandlar, og har planar om å gje ut ein serie brett med motiv frå filmen. Så her er dei! Og dei ser fabelaktige ut!


(via Firstshowings, Slashfilm)

Etiketter: , ,

Sjå Catherine Tate som Doctor Who, pluss nye castingrykte

Komikar Catherine Tate opplevde enorm suksess som Doktoren sitt reisefølge i sesong 4 av Doctor Who. Rollefiguren Donna Noble er blitt ein av dei mest populære bikarakterane i den nye serien, takka vere den fabelaktige karakterutviklinga serien sine skribentar utsette henne for. Hadde det ikkje vore for mitt hjartesukk for Freema Agyeman som Martha Jones, samt kjærleiken til Captain Jack (platonisk, vel å merke), ville eg lett ha kåra Donna som min favorittkarakter i serien. Catherine Tate er mest kjend som sine ufordragelege karakterar på The Catherine Tate Show - som tidlegare har "cross-overed" med den gode Doktoren, berre sjå her:


(Children in Need Comedy Special 2007)

Søndag var Catherine vert for det populære Channel 4-talkshowet The Sunday Night Project, og dei klara sjølvsagt ikkje å styre unna Doctor Who. Om du tolmodig held ut til dei siste par minutta i videoen under, får de sjå Catherine som Doktoren - og det er verdt å venta på.



I øvrige Doctor Who-nyhende er det nyaste casting-ryktet at smellvakre Michelle Ryan - som de sjølvsagt såg på NRK-premiera av BBC-serien "Merlin" i går kveld, eller kanskje som "The Bionic Woman" i fjor, skal traktere rolla som Matt Smith sin følgesvenn i neste sesong av Doctor Who (2010). Ryktet går for å vera svært truverdig, då Ryan tidlegare har jobba for showrunner Steven Moffat i den ypperlege "Jekyll", og showrunnarane i Doctor Who har for vane å gje rollar til skodespelarar dei tidlegare har arbeidd med (for øvrig ein tradisjon i britisk tv generelt). Dette gjer det enno mindre sannsynleg at Paterson Joseph snik seg inn i serien den vegen, trass i at også han spelte i "Jekyll".

(via io9, Outpost Gallifrey)

Etiketter: , , , ,

16 januar, 2009

jbq @ i09


Jepp folkens, eg er no blitt udøyeleggjort ved å anta rolla som korrespondent for den eminente nerdebloggen i09.

Stikk hit for ein filmvurdering av den moderne norske klassikaren Død snø, no på ein kino nær deg, signert underteikna.

Etiketter: , , ,

15 januar, 2009

Star Wars for Dummies?

Eg lev i eit verd av motpolar. På den eine sida har eg fleire gode venar som aldri har sett Star Wars (i.e. heidningar). På den andre sida, har eg meir enn ein god ven som har halde tittelen Bergensmeister i Star Wars-trivia (i.e. fundamentalistar).

Det er ikkje til å unngå at dei aller fleste veit ein ting eller to om Star Wars, sjølv om dei gjerne ikkje har quizmeisterdiplom, eller ein gong har sett filmane.

Som Joe Nicolosi illustrerer når han får si venninne Amanda til å gjenfortelje plottet i den originale Star Wars-trilogien, utan at ho i det heile har sett filmane ("I've seen bits of it").

Dette er til almennopplysning for Star Wars-jomfruane der ute. De andre kan ty til flaska med det same. Gudane veit at det er det eg gjer no.


(via
BoingBoing)

Etiketter: , ,

14 januar, 2009

Asterix i familietrøbbel

Albert Uderzo, skaparen av den legendariske teikneserien Astérix, er i hardt vær for tida, etter at han har give frå seg dei posthume rettane av Asterix-serien til forlaget Hachette Livre, for å forsikre seg om at serien vil fortsetje etter at han er død.

Det likar dottera hans, Sylvie Uderzo, svært dårleg, og det er ho som står bak den proverbiale stormen.

Kvifor? "Fordi Asterix er min eigen bror av papir," seier ho til Le Monde. "Eg finn meg sjølv på veg til strid mot det som kanskje er Asterix sine verste fiendar nokon sinne - finans- og industripampar." Ho fortel at Uderzo tidlegare hadde som mål å ferdigstille serien ved sin eventuelle død, og at dette, som gjev Hachette Livre 60 prosent av rettane til Astérix, er eit resultat av pengegriske rådgjevarar.

Serien har vorten omsett til 107 språk, og seld meir enn 300 millionar utgåver verda over.

Det er ikkje til å skyve under ein stol at med med-skapar René Goscinny sin død i 1979 har ikkje Uderzo klart å halda det høge nivået serien ein gong hadde, og det er for ein gamal teikneserienerd lett å nikka sympatiserande med dottera Sylvie.

La Asterix døy i fred, han óg!!

(via Robot 6)


Etiketter:

13 januar, 2009

Blade Runner Anime?!

Berre for å ha det klart med ein gong:

Dette er ikkje nyhende.

Dette er ikkje annonseringa av ein animeversjon av Blade Runner, i mine auge tidenes beste film.

Dessverre.

For når ein ser på denne konseptskissa den 35-år gamle illustratøren Mark Brooks laga berre for moro skuld, kan ikkje ein gamal Blade Runner og Ghost in the Shell-fan ynskje seg noko som helst meir enn ein Blade Runner anime.
Eg kan ikkje sei anna enn FOR GUDS SKULD, Mamoru Oshii, SKAFF DEG RETTANE PÅ DETTE!!'


(trykk venstre musknapp og vel "sjå bilete" for stor versjon. Ja, du nyttar vel Firefox på nynorsk?)

Mamoru Oshii er mannen som transformerte Masamune Shirow sin tøysete manga Kôkaku kidôtai (Ghost in the Shell) til to av tidenes beste animasjonsfilmar, og det i ein stil som hadde kledd Blade Runner utruleg bra. Spesielt dei som har sett Kôkaku kidôtai 2 (Innocence: Ghost in the Shell 2) må kunne sei seg einige at hans eventuelle handsaming av Ridley Scott sin fantastiske framtidsdystopi basert på Phillip K. Dick-romanen Do Androids Dream of Electric Sheep? ikkje kunne ha resultert i noko anna enn eit meisterverk smidd i himmerike av englar med hår av gull og allsong til stemmer.

Men akk, vi får leve med draumane, og frykta/antisipasjonen for korleis den eventuelle Blade Runner 2 vil/kan bli.


(via slashfilm, io9)

Etiketter: , , ,

The Awesomness That Is Neil Patrick Harris.

Handling er verdt meir enn tusen ord. Også i dette tilfellet:



(via halve blogosfæren)

Etiketter: , ,

11 januar, 2009

Gratulerer med overstått!

Tintin feira 80 år i går, 10. jaunar. Beklagar at eg gløymde deg, gamle ørn, du var ein fundamental del av min barndom og oppvekst, og eg kosar meg framleis med albuma dine den dag i dag. Gratulerer med overstått!

Det hadde sikkert vore artigare å feira kaptein Haddock sin bursdag - då hadde det i det minste blitt nokre rundar Loch Lomond, men Tintin er stort sett heilt avhalds. Til og med Sprint og Lucky Luke har teke seg ein tår i blant, for ikkje å snakka om Asterix (ingen veit kva ingrediensane i styrkedrikken er, men eg mistenkjer fleinsopp som ein integral del).

I andre Tintin-nyhende har de kanskje alt høyrd at Nick Frost og Simon Pegg teke rollane som Dupont og Dupond i Spielberg/Jackson-filmatiseringa av Tintin. Thomas Sangster har i følge rykta droppa ut frå tittelrolla, som for augneblinken skal vera open. Vi følgjer sjølvsagt utviklinga.

Etiketter: ,

04 januar, 2009

Meir Exploitationfilm!

2009 ser ut til å bli eit glimrande år for oss som er glade i exploitationfilm. Det følgande klippet er "green band"-traileren til Black Dynamite, som debuterer på Sundance-festivalen seinare denne månaden.

Enjoy!

Etiketter: , , , ,

03 januar, 2009

Mr Smith er den ellevte Doktoren!

Vart han casta grunna namnet - Matt Smith? John Smith er Doktoren sitt vanlege pseudonym når han må gje fullt namn, og det er eit namn som går att i Doctor Who, som Jones.

Matt Smith kom inn frå sidelinja i går, og fekk uhyre bra odds hjå bookmakerane på rekordtid - og jamen var han ikkje den utvelde.

26-åringen vert den yngste Doktoren nokon sinne, og fansen er usikre på korleis dei skal ta valet av skodespelar til den mest britiske av karakterar sidan Sherlock Holmes.

Ein er jamnt over einige om at han treng å få håret klippa, dog. Ingen vil ha ein EMO-doktor.

Sjå eit lengre intervju med Smith om rolla nedanfor - og merk hans små idiosynkronitetar. Piers Wenger, utøvande produsent for Doctor Who, har uttalt at Smith innehar kvalitetar som gjorde at dei med ein gong var sikre på at han var den nye Doktoren. Doktor-kvalitetar. Eg trur de skjønar kva han meiner når de ser klippet.

Meir om dette seinare, no skal eg sjå om att ein episode Firefly.

Etiketter: ,

02 januar, 2009

Eleven's the charm?

Etter tre sesongar som det mest populære ikonet innan science-fiction (utanfor amerikansk sci-fi, eg trur kanskje Darth Vader kjem høgare på lista), parkerer David Tennant sin blå politiboks etter fire tv-filmar som kjem på lufta i 2009. I 2010 møtast det oss ein ny inkarnasjon Doctor Who, den ellevte i rekka, og det har sjeldan vore større spekulasjonar om kven som skal ta over ein tv-seriekarakter i britisk presse.

For å setje det heile i perspektiv, så vil BBC i morgon, 3. januar, avsløra kven som tek over rolla - og programmet der det vert avslørt går live på storskjerm i bysentrum over heile Storbritannia. Eg køddar ikkje.

I frykt for å tippe feil vil denne Doctor Who-fantasten ikkje spekulere i kven som tek over rolla, men ein av dei som vart ansett som mest sannsynleg var Robert Carlyle, som nyleg takka ja til ei rolle i Stargate: Universe, og dermed vart avskriven.

Andre namn som har vore i vinden inkluderer Daniel Radcliffe (Harry Potter), John Simm (Life on Mars, The Master på Doctor Who), Bill Nighy (Love Actually), Jennifer Saunders og Catherine Zeta-Jones (!).

Dei fleste forståsegpåarane hevdar ganske bestemt at det derimot vert Paterson Joseph som vert annonsert i morgon. Joseph blir då den fyrste svarte Doktoren, og har tidlegare arbeidd for showrunner Steven Moffat på Jekyll, samt hatt ein birolle i Doctor Who. Fansen generelt er positivt innstilt til Joseph, som også hadde ei populær birolle i både Green Wing og Hyperdrive.

Vær sikker på at eg kjem attende i morgon med avsløringa; dette er som det amerikanske presidentvalet for science-fictionnerdar som meg!


EDIT: Eg gløymde å nevna at Peter Davison, den 5. Doktoren, var ute og slang med leppa for litt sidan, og hevda at den nye Doktoren er ein vi ikkje kjenner. Kva no enn det skal bety. David Tennant har for ørvrig omtala erstattaren sin som "the chap", så oddsa for at det fortfarande vert ein mann er store.