on holid on holiday by mistake

21 januar, 2009

Gal Mullah i dansk teikneserie?

Det var med eit lite sjokk eg bladde opp årets fyrste utgåve av "M" her idag, for kven oppdaga eg ikkje i ei stripe frå Wulffmorgenthaler enn sjølvaste Mad Mullah Hastur - kjendisbloggar og sporadisk bidragsyter her i garden?

No har han rett nok både mørkare dress og skjegg i røyndomen, men reknar med det har blitt gjort for personvernet sin del (evt. fargeleggjarar i Baltikum).

Men likevel - både framtidsutsikter, Picard-sveis, dresskode, og freidige manøvre, lemnar liten til ingen tvil:



For ein gongs skuld kunne eg tenkje meg ein god runde med kommentarar her, folkens!

Etiketter: , ,

20 januar, 2009

Beastmaster Jr.

Denne videoen går sin sigersgong i nerdebloggar i heile bloggosfæren, så vi kan ikkje vere verre her:



Den vann fyrstepris i Alamo Drafthouse (i.e. verdas feitaste kino) sin Be Kind Rewind Sweded Short Film Contest. Og det er ikkje rart å sjå kvifor!

De kjennar kanskje att guttungen som "unge Jean-Claude Van Damme" i ein video frå tidlegare i år som gjer oss eit betre svar på når JCVD vart ein Mann...

Etiketter: , , ,

19 januar, 2009

Sjå Catherine Tate som Doctor Who, pluss nye castingrykte

Komikar Catherine Tate opplevde enorm suksess som Doktoren sitt reisefølge i sesong 4 av Doctor Who. Rollefiguren Donna Noble er blitt ein av dei mest populære bikarakterane i den nye serien, takka vere den fabelaktige karakterutviklinga serien sine skribentar utsette henne for. Hadde det ikkje vore for mitt hjartesukk for Freema Agyeman som Martha Jones, samt kjærleiken til Captain Jack (platonisk, vel å merke), ville eg lett ha kåra Donna som min favorittkarakter i serien. Catherine Tate er mest kjend som sine ufordragelege karakterar på The Catherine Tate Show - som tidlegare har "cross-overed" med den gode Doktoren, berre sjå her:


(Children in Need Comedy Special 2007)

Søndag var Catherine vert for det populære Channel 4-talkshowet The Sunday Night Project, og dei klara sjølvsagt ikkje å styre unna Doctor Who. Om du tolmodig held ut til dei siste par minutta i videoen under, får de sjå Catherine som Doktoren - og det er verdt å venta på.



I øvrige Doctor Who-nyhende er det nyaste casting-ryktet at smellvakre Michelle Ryan - som de sjølvsagt såg på NRK-premiera av BBC-serien "Merlin" i går kveld, eller kanskje som "The Bionic Woman" i fjor, skal traktere rolla som Matt Smith sin følgesvenn i neste sesong av Doctor Who (2010). Ryktet går for å vera svært truverdig, då Ryan tidlegare har jobba for showrunner Steven Moffat i den ypperlege "Jekyll", og showrunnarane i Doctor Who har for vane å gje rollar til skodespelarar dei tidlegare har arbeidd med (for øvrig ein tradisjon i britisk tv generelt). Dette gjer det enno mindre sannsynleg at Paterson Joseph snik seg inn i serien den vegen, trass i at også han spelte i "Jekyll".

(via io9, Outpost Gallifrey)

Etiketter: , , , ,

15 januar, 2009

Star Wars for Dummies?

Eg lev i eit verd av motpolar. På den eine sida har eg fleire gode venar som aldri har sett Star Wars (i.e. heidningar). På den andre sida, har eg meir enn ein god ven som har halde tittelen Bergensmeister i Star Wars-trivia (i.e. fundamentalistar).

Det er ikkje til å unngå at dei aller fleste veit ein ting eller to om Star Wars, sjølv om dei gjerne ikkje har quizmeisterdiplom, eller ein gong har sett filmane.

Som Joe Nicolosi illustrerer når han får si venninne Amanda til å gjenfortelje plottet i den originale Star Wars-trilogien, utan at ho i det heile har sett filmane ("I've seen bits of it").

Dette er til almennopplysning for Star Wars-jomfruane der ute. De andre kan ty til flaska med det same. Gudane veit at det er det eg gjer no.


(via
BoingBoing)

Etiketter: , ,

13 januar, 2009

Blade Runner Anime?!

Berre for å ha det klart med ein gong:

Dette er ikkje nyhende.

Dette er ikkje annonseringa av ein animeversjon av Blade Runner, i mine auge tidenes beste film.

Dessverre.

For når ein ser på denne konseptskissa den 35-år gamle illustratøren Mark Brooks laga berre for moro skuld, kan ikkje ein gamal Blade Runner og Ghost in the Shell-fan ynskje seg noko som helst meir enn ein Blade Runner anime.
Eg kan ikkje sei anna enn FOR GUDS SKULD, Mamoru Oshii, SKAFF DEG RETTANE PÅ DETTE!!'


(trykk venstre musknapp og vel "sjå bilete" for stor versjon. Ja, du nyttar vel Firefox på nynorsk?)

Mamoru Oshii er mannen som transformerte Masamune Shirow sin tøysete manga Kôkaku kidôtai (Ghost in the Shell) til to av tidenes beste animasjonsfilmar, og det i ein stil som hadde kledd Blade Runner utruleg bra. Spesielt dei som har sett Kôkaku kidôtai 2 (Innocence: Ghost in the Shell 2) må kunne sei seg einige at hans eventuelle handsaming av Ridley Scott sin fantastiske framtidsdystopi basert på Phillip K. Dick-romanen Do Androids Dream of Electric Sheep? ikkje kunne ha resultert i noko anna enn eit meisterverk smidd i himmerike av englar med hår av gull og allsong til stemmer.

Men akk, vi får leve med draumane, og frykta/antisipasjonen for korleis den eventuelle Blade Runner 2 vil/kan bli.


(via slashfilm, io9)

Etiketter: , , ,

The Awesomness That Is Neil Patrick Harris.

Handling er verdt meir enn tusen ord. Også i dette tilfellet:



(via halve blogosfæren)

Etiketter: , ,

16 desember, 2008

Kjære Hollywood: Vi treng meir filmar som dette!

Etiketter: , ,

10 desember, 2008

Robocop: The Musical

Neida, neida, gudane forby. Men Robocop: The Rap!




Jaudå, vi er nok ein gong vitne til genia som er DJ Mayhem & Mouthmaster Murf, alias The Anomalies, som også stod bak den geniale Predator-rap'en eg har skrive om tidlegare. Boo-ya!

(via Topless Robot, duh!)

Etiketter: , ,

04 desember, 2008

"I don't like this one bit. Not one bit.": They Live Remake under planleggjing...

Kvifor i all verda nokon vonar å laga ein remake av John Carpenter sitt seminale meisterverk They Live er uforståeleg. Det gjev inga meining, og er samanliknbart som å banke opp nokon, setje seg oppå dei slik at dei ikkje kan røra seg, samla opp ei god bussemannspyttklyse, og sakte men sikkert la den renne utover heile andletet deira. Kvifor gjer nokon slikt? Kvifor? KVIFOR?! John Carpenter-filmar er til for å la seg bli inspirert av, ikkje spele inn om att! Lærte dei ingen ting av The Mist og Assault on Precinct 13?
Og her gjekk vi og frykta at det var The Thing som skulle i elden...

They Live er historia om ein namnlaus boms (brytarikonet "Rowdy" Roddy Piper) som oppdagar at verda er kontrollert av motbydelege romvesen som undertrykkjar menneskeheita ved hjelp av subliminale ordre skjult i... kapitalismen. Ein brilliant film som verkeleg transcenderer cheesy og skrullete og blir noko heilt anna - pur genial.

Les meir hjå Slashfilm og Topless Robot - som for berre kort tid sidan hadde eit innlegg om kvifor nettopp denne filmen er den beste i heile filmhistorien.

Takk til Hastur for tipset. Det er også for han eg seier frå meg ein kvar form for objektiv journalistikk i dette innlegget, sidan han er så glad i slikt.

Etiketter: , , ,

28 november, 2008

Black Friday-tilbod på Amazon

Denne helga er det Thanksgiving i USA, den desidert viktigaste markeringa dei har der borte. Dette slår óg ut på marknaden, og fredagen før Thanksgiving, altså i dag, er berre kjend som Black Friday, fordi folk går amok med handlinga. Seriøst, ser de ikkje på Chuck?

Kvifor bryr eg meg? Å, jo. Amazon.com, verdas største nettbutikk, har ei rekke sinnsjukt gode tilbod i dag i høve Black Friday, men dei er tidsavgrensa, så sving innom tidleg!

Slashfilm har lista opp spesielt gode tilbod på filmar, så sving innom dei for tips til julegåver til dei som ikkje treng undertekstar på filmane sine (i.e. ikkje mor mi, med andre ord). Spesielt gode tilbod på tv-seriar, hint hint!


Etiketter: ,

27 november, 2008

Dei fem beste antikopireklamane på veven

I desse dagar er det jo stor ståhei på dei sju hav, og med unntak av terrorangrep, finanskrisar o.l, er det piratverksemd det vert skrive mest om i dagspressa. Og då snakkar vi om piratverksemd i ordets rette forstand, ikkje det virtuelle tøyseomgrepet som vert kasta rundt av folk som eigentleg ikkje veit kva det vil seie (hint: Det er lovleg å lasta ned t.d. filmar og tv-seriar i Noreg, så å kalla det piratverksemd er faktisk bakvasking! Det er derimot ikkje lov å spre kopiar, men dette blir omtala i same handvending, sjølv om det ikkje er det same).

Det er likevel ikkje til å stikke under ein stol at (virtuell) piratverksemd kan vere svært skadeleg for ulike ledd av underhaldningsbransjen, men for min eigen del er det hovudsakleg tv-seriar eg lastar ned. Piratverksemd av tv-seriar (som ikkje er utgjeven på DVD, vel å merkje) er ikkje skadeleg i heile tatt, fordi dei i USA nyttar det såkalla Nielsen-systemet for å måla antall sjåarar eine og aleine; dei reknar ikkje med TiVO-opptak, online streaming (mange tv-stasjonar tilbyr no seriane streama gratis over veven), og andre, lovlege, måtar folk ser seriane sine på - berre antall sjåarar som registrerer seg på boksen sin når programmet går på lufta. Ergo har nedlasting av tv-seriar absolutt ingen målbar effekt, fordi det er umogleg å skilje mellom lovlege sjåarar som ikkje vert registrert, og gråsone-lovlege sjåarar (i.e. nedlastarar).

Men dette er langt i frå nokon tirade pro eller kontra nedlasting, ei heller ein justifisering for meg sjølv slik at eg kan sova i natt utan å tenkje på dei stakkars, stakkars tv-serieprodusentane, som Tim Kring, som tapar pengar; dette er berre mitt påskot for å dele med dykk nokre videoar som på alvor set fokus på det alvorlege samfunnsproblemet som er ulovleg kopiering. Eg gjer dykk dei fem beste antikopireklamane, eller Anti-Piracy Public Service Announcements som dei heiter på sambandsstatisk, på veven!

5. Bender (Futurama)

Den elskelege, robotiske rakkaren Bender stel kva det skal vere, og han er ikkje ukjend med piratverksemd. Tidlegare har han mellom anna lasta ned Lucy Liu frå internett, i ein episode av komiserien Futurama. Men er det han gjer moralsk rett, sjølv om det får oss til å le så hjarteleg?



4. Jack Black (Tenacious D)

Jack Black tek eit skikkeleg Patrick Swayze- augneblikk, og gjer oss eit ektefølt bod om å slutte opp med ulovleg kopiering.



3. The IT-crowd

Kva er meist skremmande; Dei langsiktige effektene av ulovleg kopiering, eller dei som lagar antikopireklamar??



2. Christopher "McLovin" Mintz-Plasse (Superbad):
Eg personleg er på nippet til å aldri meir lasta ned ein film med Christopher Mintz-Plasse i - han skal få mine DVD-pengar, ingen diskusjon!

See more Judd Apatow videos at Funny or Die



Og den beste anti-piracy PSA'en, er den originale, frå 1992:

1. Don't Copy That Floppy
Og ja, dette er ekte. Frå 1992. Om noko nokonsinne skal overtyde deg om at det er galt å kopiera spel, så er det denne videoen!

Etiketter: , ,

16 november, 2008

DIY Muppet!

Ynskjar du deg din eigen, custom Muppet? Då har eg gode nyhende til deg: FAO Schwartz tilbyr nemleg eksklusive Muppets med ei rekkje ulike løysingar du kan velje mellom for å skape din eigen, unike Muppet - ein Muppet Whatnot.

No må det seiast at dei er litt gnitne på dei ulike vala, og at ting i tillegg har teke til å bli utseld talar heller ikkje i deira favør - men tilbodet er så unikt og genialt, at her er det berre å kaste seg på kredittkortet. Det heile minnar meg litt om Simpsonize Me, berre at du sit att med ein fysisk sak i hendene, og at du diverre ikkje kan laste opp eit bilete som genererer ein ekte Muppetversjon av deg. Sjølv kjem eg til å avventa og sjå om det kjem fleire kustomiseringsalternativ, det var nemlig ikkje mogleg å laga ein muppet-Ole Henning av desse vala.

Etiketter: , , ,

07 november, 2008

Statusrapport frå WT-festivalen

WT-festivalen 2008 er i gong, og det er no publisert ein liten statusrapport så langt på nettsidene til festivalen.

Den nasjonale pressa har glimra med sitt fråver nok ein gong (det er jo trass alt berre Os, ikkje Oslo, og det er ingen live sex show på festivalen, som er det som må til for å dra Oslopressa ut av syndebygda si), men det vert sjølvsagt ein del lokalt.

Frå nettsidene til festivalen er her eit utdrag:

Årets festival er i full sving, og det har skjedd mykje allereie.

Opninga onsdag vart sjølvsagt dekka av pressa, både lokal og metropol sådan. Både Midtsiden , Os&Fusaposten, BA og Vestlandsrevyen hadde førehandsomtale av festivalen - trykk på lenkene for å lesa deira inntrykk frå timane før det braka laust som verst. Bergen StudentTV var også tilstades, og denne rapporten kjem seinare i veka.

RadiOs var sjølvsagt representert ved Jan Petter Svendal under opninga, og han opplevde det heile slik .

Midtsiden har lete seg imponera stort over Elin Søfteland si fantastiske utsmykking av Fjellheim, og skildrar dette gjennom denne fotoserien .

BA var tilstades på den raude lauparen, og snakka med både festivalstab, jurymedlemmar, og gjestar, og slik rapporterer dei dét .

Midtsiden tok seg også tid til å snakka med vår æresgjest Timo Vuorensola, og det intervjuet kan du lesa her .


Etiketter: ,

08 september, 2008

WTFIT: Evil Dead: The Musical 3D til det store lerretet?

Før helga vart det bekrefta at Sam Raimi og Tobey Maguire har signert for Spider-Man 4 og 5. Ikkje så store nyhende at vi følte for å skrive om det her (sidan Spider-Man 3 bestod av fire ulike typar FAIL).

Dette førte naturlegvis til at fansen nok ein gong følte seg snytt for Evil Dead 4, etter at Raimi hinta frampå at han var i planleggingsfasen med eit nytt manus, og at Brucaren ville vende attende til den "karriereskapande" rolla som Ash, under San Diego Comic Con i år (kvifor skreiv eg ikkje om det, seier du? Alle ekte fans veit aldri kjem til å skje uansett!).'

Men no ser det på ein måte lysare ut for dei som krever meir Evil Dead: Raimi har tilsynelatande gått med på at gjengen bak den overraskande suksessfulle Evil Dead: The Musical får retten til å dra ein The Producers - filmatisering av musikalen - i 3D! Screen Daily rapporterer at Raimi er i samtalar med dei om prosjektet.

Musikalregissøren Christopher Bond og koreograf Hinton Battle ynskjar å ta fatt på innspelinga til våren, med castet frå den originale oppsetjinga, men har ein del rettigheitsklarering å gjere før dei er i gong, og planlegg altså filmen i 3D.

Kva meir kan ein seie, enn dette (som eg trur eg har posta før!):


(via Slashfilm)

Etiketter: , ,

05 september, 2008

Del Toro har tydelegvis ikkje tenkt å ta ut noko avspasering med det fyrste

Guillermo Del Toro står som kjend for filmatiseringa av Hobbiten for Peter Jackson, men no har det kome for ein dag at han også skal lage nye versjonar av Universal Pictures' klassiske skrekkfilmar Doctor Jekyll & Mr. Hyde og Frankenstein. Saman med Dracula stod desse filmane for ryggraden i Universal sitt skrekkabinett på 30-talet, og det var desse filmane som redefinerte karakterane til slik vi kjenner dei i dag (Boris Karloff-Frankenstein-monsteret med boltar i halsen, til dømes).

I tillegg skal han óg filmatisere Kurt Vonnegut-romanen Slaughterhouse Five, ein roman som også har vore filmatisert før, med heller labert resultat.

Alt dette skal altså gjennomførast medan draumeprosjektet hans, Into the Mountains of Madness, filmatiseringa av H.P. Lovecraft si novelle ved same namn (som, lat oss være ærlege, er det vi alle eigentleg ventar på) lét venta på seg. Det er rett og slett irriterande at mannen tek på seg så mykje på bekostning av Mountains, men så er det nettopp for å få lov til å lage Mountains at han tek på seg desse typiske prestisjeprosjekta, så vi får berre sukke, sette oss godt til rette, og vente nokre år til.

For øvrig: Er det berre meg som tykkjer Del Toro kanskje ikkje er riktig mann for å filmatisere... Vonnegut?


(Eigentleg skreiv eg berre denne posten for å få med sistnevnte, for å reklamere for Absalong sitt H.P. Lovecraft-foredrag 15. September, som du kan lese meir om her.

Og, ja, for å slenge ved denne Youtube-videoen av komikar Frank Caliendo. Den er relevant, æresord!)




Etiketter: , , ,

08 august, 2008

James Bond: Something of Boris

Den nye Bond-låten er her! Eh, eller, Joe Cornish sin "foreslåtte" versjon - eller søknad om ein vil - i alle fall. Eg har eigentleg berre ein kommentar, den er ein million gongar betre enn Madonna si sviske frå Die Another Day...

Enjoy!



(via Slashfilm)

Etiketter: ,

26 juli, 2008

David Warner, Doctor Who, Captain America - samanheng?

Medan eg ventar på at det skal bli jul slik at eg kan få min naudsynte dose Doctor Who, har eg nokre sakar å dele med dei som bryr seg om slikt.

Julespesialtrailer på Comic Con
Britiske Doctor Who-fans surmular til den store gullmedaljen etter at Doctor Who-panelet beståande av Grand Moff himself Steven Moffat, Julie Gardner, og John Barrowman (Captain Jack) hadde med seg traileren til årets julespesial til amerikanarane. Den er nemleg ikkje vist i Storbritannia, og for britiske Doctor Who-fans er dette sjølvsagt ei fornærming på linje med å dumpe te i Boston Harbour.

Den har sjølvsagt hamna på veven, og eg såg den sjølvsagt med det same (duh! som om det IKKJE står "Doctor Who Geek" i panna mi eller noko!). Ingen store overraskingar; Cybermen er attende, og historia seiast å vere inspirert av audioskodespelet "The One Doctor", der Doktoren oppdagar at ein sjarlatan nyt sosietetslivets godar ved å utgje seg for å vere vår alles favoritt-tidsherre, komplett med falske Cybermen som han slest mot. Men så dukkar ekte vare opp, og då er vi i gong
. Traileren er i så dårleg kvalitet at eg ventar med å poste den til BBC lanserer den sjølve. Her er i staden teaseren som også var med i sesongavslutninga i Juli:


Captain Jack er... Captain America...?

Under spørsmål-og-svar-runden spurte ein fan John Barrowman om han kunne tenkt seg å spele Captain America i den komande storfilmsatsinga frå Marvel. Barrowman sin respons var noko... uventa (via ComingSoon.net):

He smiled and gave the stock answer that he’d love to play the character and that Captain America has always been his favorite comic book superhero. Clearly, though, the notion did not take him by surprise and he ended up admitting there had been discussions with his agents and meetings on that very issue.

Javel?? Det ville i såfall vere det einaste i verda som kunne få meg til å bli interessert i ein film om ein karakter som har null apell utanfor Statane. Captain Jack FTW!!


Nok SDCC for no, og over til noko heilt anna. Vel, ikkje heilt, det handlar framleis om Doctor Who...


David Warner er Doctor Who!
Dei aller fleste filmnerdar (og då meiner eg nerdar som likar film, altså) har eit relativt vått forhold til kultskodespelaren David Warner. Ein skodespelar med ein karisma berre eit fåtall erkebritiske skodespelarar, som mellom anna Ian McKellen, Brian Blessed, og Richard Harris, har (eller i tilfellet Harris, hadde, RIP). Det er noko med glimtet i auget, måten dei enunsierer ord på, haldninga - svært få har denne spesielle kvaliteten.

Det er kanskje difor Big Finish Productions, som i ei årrekkje har laga audioskodespel med alternative Doktorar frå Doctor Who, vel å produsere eit nytt kapittel om den alternative tredje (!) Doktoren, spela av nettopp Warner. Warner får følge av Nicholas Courtney som Brigadier Lethbridge-Stewart, ein av dei mest elska bikarakterane i serien, som var med med jamne mellomrom frå sekstitalet til åttitalet, og no gjer comeback i Doctor Who-spin-offen "Sarah Jane Adventures", samt den andre skodespelaren til å spele rolla som Daleks-skapar Davros, Terry Molloy, i "The Masters of War". The Master er merkeleg nok ikkje med, tittelen til trass.

Men eg bør leggje til at Warner ikkje er aleine som Doktoren i Big Finish sine nye skodespel. Samstundes med denne produksjonen produserer dei også eit eventyr med den alternative fjerde Doktoren, spela av Trevor Martin, som også spelte inkarnasjonen på scenen i 1974 i "The Seven Keys of Doomsday", og Colin Baker, den femte Doktoren, trer nok ein gong inn i TARDIS i "The Ultimate Adventure. Michael Praed trakterer ein ukjend inkarnasjon av tidsherren i "Curse of the Daleks". EXTERMINAAAATE!

Kvifor Big Finish sjonglerer så mange Doktorar på ein gong (det finst også laaaaaange seriar med den sjuande Doktoren, Sylvester McCoy, og den åttande Doktoren, Paul McGann, samt med Richard E. Grant som den alternative niande Doktoren, og den noverande tiande Doktoren David Tennant, og ei rekke andre - puuuuh!), er umogleg å skjønne. Likevel er det kjekt å sjå at mytoset bak Doctor Who framleis er så knusande populært at det er ein marknad for dette her.


Om berre NRK kunne få fingen ut og sende meir Doctor Who, helst rett etter Barne-TV på laurdagar, då serien er meint for å visast, og kan besudle unge sinn til ekstrem nerderi!

Og ja, eg er allereie utsulta etter sesongavslutninga for nokre veker sidan, og tykkjer det er veeeeeeeeeldig lenge til neste episode av Doctor Who, som kjem Fyrste juledag...

Etiketter: , , , , ,

Moonlightin'

Det hender eg hjelper ein gamal kompis i nauda med å klæsje saman nokre nerdenyhende for nettstaden han er redaktør for, Forum for fantastiske fritidsinteresser (N4F, eller Afahfahfahfah). Sakane eg skriv for han er som regel av slik natur at dei ikkje passar seg her. Det vil seie, eg får ikkje lov å vere så subjektiv som eg ynskjer, og han redigerer som regel bort tøysesetningane eg likar å smite innimellom.

Men i dag såg han gjennom fingrane, og difor vart saka mi om at Jason i dag vann Eisner for Jeg drepte Adolf Hitler (ta den Dagbladet! Det hadde de ikkje fått med dykk, eh?) ståande slik eg skreiv ho. Muahahaha!

I andre nyhende, oppfølgjarar av TRON og RoboCop.


Etiketter: , , , ,

12 juli, 2008

I Heart Finland

Det er eit allereie alment kjent fenomenfaktum at mange av oss i WT-festivalen elskar Finland. Kvifor? Vi er ikkje heilt sikre, men det har nok noko med sakar som dette å gjere:



Elles kan vi gratulere vår tidlegare festivaldirektør Frode Sirevåg med å ha fylt 30 år. Synd dette bandet ikkje spelte i laget ditt, Frode, då hadde du vel gått amok :-D

Etiketter: , ,

30 juni, 2008

Well, I did laugh

Det er sjeldan eg ler høgt når eg ser vittige ting på veven, men i dette tilfellet gjorde eg det, og då er det på sin plass å dele dette med dykk.

Det er Topless Robot som bragte dette meisterverket for mine auge.

Du er kanskje av den oppfatning at nerdar verda over har alt for mykje fritid. Og du har heilt rett.

Exhibit A: Mannskapet frå USS Enterprise dreg til Monty Python sitt Camelot...

Etiketter: , ,