on holid on holiday by mistake: Skaparen av The Rocketeer har gått bort

15 mars, 2008

Skaparen av The Rocketeer har gått bort

Dave Stevens1955 - 2008

Vi her i WT-festivalen er veldig glade i pulp. Ikkje tremasse eller fruktkjøt, men billeg underhaldning frå dei glade dagane på 30- og 40-talet. Det er også Quentin Tarantino, George Lucas, Steven Spielberg, og mange, mange andre kjende filmskaparar, som har lete seg inspirera av denne veldig lause sjangeren med noveller, romanar, filmseriar og teikneseriar. Heltar som Buck Rogers (in the 25th Century), Flash Gordon, Tarzan, Fantomet, The Shadow, Supermann, Conan Barbaren, ja vi nevner i fleng, alle desse stammar frå 30- og 40-tals pulp, og har gjeve oss uendeleg med glede i over 70 år. (Conan og Fantomet er framleis dei einaste to serieheltane kun forbeholdt vaksne, og det er temmeleg legitimt å lese desse blada den dag i dag).

Ein annan som var svært glad i pulp var Dave Stevens. Du har kanskje ikkje høyrd om han, men det har vi, og vi vart svært triste over å lese om hans bortgang tidlegare denne veka.

Dave Stevens var ein teikneserieteiknar/illustratør som kanskje var mest kjend for å hente 50-tals pin-up dronninga Bettie Page fram frå gløymselen med sine Page-inspirerte illustrasjonar. (Bettie Page er i dag den mest kjende pin-up modellen nokon sinne).

Stevens er mannen bak teikneserien The Rocketeer, ein serie som var modellert etter pulp-forteljingar og -filmar frå 30-talet. På den tida var det vanleg med såkalla "Matinee Serials" på kino; sidan dette var før Gud og kvarmann hadde fjernsyn i si eiga stove, var det vanleg å gå på kino og sjå det som i dag er tv-seriar. Dei fleste av desse handla om fantastiske ting; om romfararar og superheltar - men kanskje viktigast for Stevens var dei som handla om fryktlause eventyrarar som flygaressa Smilin' Jack og Ace Drummond. Desse var hovudinspirasjonaskjeldene til både The Rocketeer og Indiana Jones, ein samtidig helt med The Rocketeer, som deler ein god del av den same tematikken, som slemme nazistar som skurkane, og heseblesande eventyr.

Diverre var ikkje Stevens ein spesielt suksessrik teikneserieskapar trass i svært god mottaking av serien, grunna hans ekstreme perfeksjonisme. På 90-talet selde han brorparten av rettane til Disney, som laga ein minneverdig og undervurdert eventyrfilm (med mellom anna Locke frå "Lost" og Timothy Dalton i skurkerollar).

Mark Evanier, teikneserieverdas største gromgut, har skrive ein fin artikkel til minne om sin ven Stevens, der du kan lese meir om karriera hans.

Vi minnst Dave Stevens med den originale traileren til The Rocketeer, med eit ynskje om at det lagast meir slikt (heldigvis kjem snart Indy 4!)


Etiketter: , , ,