on holid on holiday by mistake: 2001-forfattar Arthur C. Clarke og filmskapar Anthony Minghella har gått bort

19 mars, 2008

2001-forfattar Arthur C. Clarke og filmskapar Anthony Minghella har gått bort

DEN LEGENDARISKE SCIENCE-FICTION-gudfaren Arthur C. Clarke, mannen bak boka bak verdas minst forståelege sci-fi film (og den totalt undervurderte oppfølgjaren) gjekk i dag bort i ein alder av 90.

Clarke, som var kjend for sine svært vitskapeleg truverdige teoriar i sitt forfattarskap, er mellom anna kjend som gudfaren for telekommunikasjonssatelittar. Han var enormt visjonær, og inspirerte generasjonar av vitskapsfolk og teknologinerdar. Mellom anna forutsåg han romstasjonar, månelandinga, mobiltelefonar, ja sågar Internett.

Tidlegare på dagen gjekk også den Oscar-vinnande regissøren av Den engelske pasienten og Den talentfulle Mr. Ripley Anthony Minghella bort, i ein alder av berre 54. Minghella døydde frå komplikasjonar etter å ha blitt operert for kreft i mandlane.

Det britiske filmmiljøet er i djup sorg, og det skortar ikkje på godord frå vener og kollegaer, som hyllar Minghella for å ha vore ein usedvanleg sympatisk mann, i tillegg til ein svært habil filmskapar og teaterregissør. Geekanerd har posta nokre ord, samt kanskje Minghella sin beste film, ein kortfilm basert på Play av Samuel Beckett, som var eit stykke Minghella var svært fortruleg med frå si tid i teateret.

Med Dungeons & Dragons-skapar Gary Gygax' bortgang tidlegare denne månaden, bekreftast nok ein gong regelen om at dei store forlét oss tre av gongen.

Les nekrolog for Clarke her og Minghella her. (henhaldsvis LA Times og The Guardian)

(Kjelder: Slashfilm, Geekanerd)