on holid on holiday by mistake: You Don't Mess with Adan Sandler

28 mars, 2008

You Don't Mess with Adan Sandler

ADAM SANDLER ER EIN SÅNN DUSTEKOMIKAR som folk flest har eit hat- eller elskforhold til.

Eg likar fyren. Eg elska Billy Madison og Happy Gilmore då eg var ung, og lo meg skakk av 50 First Dates då eg var mindre ung. Han har vist at han meistrar å vere seriøs (og er fordømt god til det!) i filmar som Punch Drunk Love og Spanglish, for ikkje å snakke om den undervurderte Click!.

Men det er noko med hjernedaud tullefilm som, dersom det vert gjort rett, er reint gull. Will Ferrell greier det, Rob Schneider greier det, og Adam Sandler er kanskje kongen på haugen.

Difor er det ikkje utan grunn til at eg gleder meg til ein og ein halv time med minimal hjerneaktivitet og krampe i kinnbeina med Sandler sin neste film, You Don't Mess with the Zohan.

Konseptet seier alt: Den israelske special-ops-soldaten Zohan forlater sitt valdelege liv i Israel for å følgje draumen om å bli hårstylist i USA. Men så tek fortida han att. Hilarity ensues.

Legg til at manuset er ved Sandler i samarbeid med Judd Apatow og Triumph the Insult Comic Dog-skapar Robert Smigel, så er det veldig tydeleg kva spor dette legg seg i.

Dette er humoren du anten elsker eller hatar. Ingen har eit ambivalent forhold til Sandler.



(via JoBlo)

Etiketter: ,