on holid on holiday by mistake: Sjå Catherine Tate som Doctor Who, pluss nye castingrykte

19 januar, 2009

Sjå Catherine Tate som Doctor Who, pluss nye castingrykte

Komikar Catherine Tate opplevde enorm suksess som Doktoren sitt reisefølge i sesong 4 av Doctor Who. Rollefiguren Donna Noble er blitt ein av dei mest populære bikarakterane i den nye serien, takka vere den fabelaktige karakterutviklinga serien sine skribentar utsette henne for. Hadde det ikkje vore for mitt hjartesukk for Freema Agyeman som Martha Jones, samt kjærleiken til Captain Jack (platonisk, vel å merke), ville eg lett ha kåra Donna som min favorittkarakter i serien. Catherine Tate er mest kjend som sine ufordragelege karakterar på The Catherine Tate Show - som tidlegare har "cross-overed" med den gode Doktoren, berre sjå her:


(Children in Need Comedy Special 2007)

Søndag var Catherine vert for det populære Channel 4-talkshowet The Sunday Night Project, og dei klara sjølvsagt ikkje å styre unna Doctor Who. Om du tolmodig held ut til dei siste par minutta i videoen under, får de sjå Catherine som Doktoren - og det er verdt å venta på.



I øvrige Doctor Who-nyhende er det nyaste casting-ryktet at smellvakre Michelle Ryan - som de sjølvsagt såg på NRK-premiera av BBC-serien "Merlin" i går kveld, eller kanskje som "The Bionic Woman" i fjor, skal traktere rolla som Matt Smith sin følgesvenn i neste sesong av Doctor Who (2010). Ryktet går for å vera svært truverdig, då Ryan tidlegare har jobba for showrunner Steven Moffat i den ypperlege "Jekyll", og showrunnarane i Doctor Who har for vane å gje rollar til skodespelarar dei tidlegare har arbeidd med (for øvrig ein tradisjon i britisk tv generelt). Dette gjer det enno mindre sannsynleg at Paterson Joseph snik seg inn i serien den vegen, trass i at også han spelte i "Jekyll".

(via io9, Outpost Gallifrey)

Etiketter: , , , ,

2 Comments:

Blogger Christian Brandt-Hansen said...

Ny Merlin-serie? Frå BBC? Spanande...

9:51 a.m.  
Blogger Christian Brandt-Hansen said...

Eller ikkje...

Kikka litt på det og kan vel ikkje sei konseptet slo meg som spesielt bra - eller spanande. Merlin og Arthur som ungdomsbuddies er ikkje heilt sånn eg vil ha mine Pendragon-soger.

Men Morgana var heilt grei å sjå på.

10:10 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home