on holid on holiday by mistake

19 januar, 2009

Nye foto frå Where The Wild Things Are

Trufaste lesarar veit kanskje at eg har skrive ein del om tullballet rundt Spike Jonze si filmatisering av Maurice Sendak-boka Where The Wild Things Are (Til huttetuenes land).

Trass i alt dette tullballet, vert filmen rekna som ein av dei mest antisiperte i år, og det er difor spennande når nokre nye bilete dukkar opp som visar oss meir av huttetuane.

Men dei kjem kanskje ikkje frå det mest venta haldet i verda: Tilsynelatande eig Spike Jonze ein skateboardforhandlar, og har planar om å gje ut ein serie brett med motiv frå filmen. Så her er dei! Og dei ser fabelaktige ut!


(via Firstshowings, Slashfilm)

Etiketter: , ,

06 september, 2008

Huttetuane attende til start

Coming Soon (via Slashfilm) rapporterer i dag at Spike Jonze-filmatiseringa av Where the Wild Things Are ("I huttetuenes land") endeleg er på sporet att. Internasjonale distributørar har lenge hatt filmen på "kjem snart"-status, men no er altså ein dato klar: 16. Oktober 2009. De hugsar kanskje at filmen fekk sleppedato 20. Oktober '09 ein gong i Februar, og at dette førde til stor ståhei, då mange (meg inkludert) hevda det tyda på at Warners ville endra retninga i Jonze sitt heller skumle og filosofiske verk (les meir om dette her), og omforme filmen meir mot mindre barn, og ikkje nostalgiske vaksne og hipsters slik Jonze & co. retta seg mot. Men så vart filmen tilsynelatande ført, bakbunden og blindebukk, inn i Development Hell, heilt til WB no altså har gjeve filmen attende den (tilnærma) originale datoen.

Men dette er likevel enormt gode nyhende (filmen kjem i alle fall ut!), og om de ikkje har lese mine tidlegare postar på dette emnet og er like overtydd om kor fabelaktig denne filmen blir som eg, ja då bør de skamme dykk.


Etiketter: ,

27 mars, 2008

Forest Withaker bekymra for huttetuane, han også!

NYLEG HADDE MTV EIT INTERVJU med Oscar-vinnar Forest Withaker, der han snakkar om rolla si i Spike Jonze-filmen Where The Wild Things Are, som vi har skrive om tidlegare.

Withaker er tydeleg ein oppdatert kar, og har lese fleire av omtalane filmen har fått på veven, i artiklar i bloggar og liknande. Han speler ein av huttetuane, og fortel sjølve om korleis han som involvert har forstått kva det er Jonze prøver å gjere. Han har vore så imponert over det han såg under ein testvisning av delar av filmen (som vi også har nevnt tidlegare), at han er svært bekymra over rykta han har lese om at delar av eller heile filmen skal gjerast på ny for å tilfredsstilla produsentane (Warners, of course).

Han og forsvarar Jonze si avgjersle med å leggje filmen så tett opp til boka som mogleg, og justifiserer korleis det kan vere mykje meir skremmande på film enn i ei bok:
"I'm going to call Spike and find out what's going on," he promised. "The thing is, it's one thing to read [scary stuff] in a book, but when you see an itty-bitty kid running alongside a 10-foot-giant on the side of a cliff, it gets intense. But that's the point, because we're representing the things inside of the kid. They represent his struggles, either him being too angry or being confused, or not feeling like he belongs. They're a gargantuan extension of the way he's feeling inside."
Go Forest, Go!

Jo meir eg les om denne filmen, jo meir frustrert vert eg over at eg moglegeins ikkje skal få sjå den slik Spike Jonze vil at eg (og du!) skal sjå den. Eg hugsar denne boka godt frå barndomen, og det hadde vore nostalgitripp som kun kunne overgåast av langfilmversjonar av Shagma eller Maika - jenta frå Verdsrommet.

Etiketter: , ,

27 februar, 2008

Meir huttetu for huttetuane?


Vi melde nyleg om mogleg trøbbel i Spike Jonze-filmatiseringa av I huttetuenes land, og om korleis det kunne sjå ut som om ein fullstendig omarbeiding av den nesten komplette filmen var i emning. Meir prov på at dette kan vere tilfelle etter at Warner Bros. har gått ut med releasedato på filmen - 20. Oktober 2009. Det virkar definitivt som om Warners har tenkt å gjere om store delar av filmen.

Vi følgjer saka vidare.

Etiketter: ,

21 februar, 2008

Til huttetuenes land (oppdatert)

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å skrive om bråket rundt Spike Jonze si filmatisering av den fantastiske barneboka "Til huttetuenes land" (Where The Wild Things Are, 1963) av Maurice Sendak (til norsk ved gudmora av norsk barnelitteratur, Anne Cath. Vestly) då Dagbladet plukka opp saka før meg (ikkje at dei skjøna kva det gjekk i, men det ventar vel ingen at dei skal).

Kort oppsummering av den originale saka: Eit klipp av noko som såg ut til å vere frå denne filmen dukka opp på nettet og skapa stor blest. Var det eit klipp frå sjølve filmen? Eller var det ei performancegruppe i New York som hadde laga sin tributt til filmatiseringa? Mange uttrykte misnøye med den uferdige utsjånaden, spesielt lyden, men dei aller fleste skjøna at om det var eit faktisk utdrag frå filmen, var det tale om eit uferdig testklipp, ikkje eit stykke av den ferdige versjonen. Det meldast hovudsakleg om positive tilbakemeldingar, og Spike Jonze gav ut ei pressemelding der han forklarar at dette er eit veldig tidleg testklipp som ikkje ein gong er ein del av innspelinga, men noko dei gjorde for å prøve ut teknologien og dei Jim Henson Creature Shop-designa kostyma monstra figurerer med.

Men så lakk det ut meir informasjon: Warner Bros., dette ugudelege (og udugelege!) syndens konglomerat, er ikkje nøgd med den tidlege (og fortfarande uferdige) versjonen (IKKJE relatert til klippet, om de følgjer) av filmen som vart vist for eit testpublikum seint i fjor. Filmen er for mørk, for vaksen, for komplisert. Dette er akkurat slikt me ventar WB skal sei (naturleg nok forstår dei ikkje handlinga sjølve), men kvifor har dei då hyra indie-filmkongen Jonze til regi, generasjon X-forfattaren Dave Eggers til manus, og Karen O frå Yeah Yeah Yeahs til å lage filmmusikk? Venta dei ein ukomplisert Disney-film frå denne gjengen?

Deltakarar på testvisninga fortel at representantar frå WB velde møysommeleg ut kven av dei frammøtte som skulle fylle ut eit vurderingsskjema, og valde kategorisk bort alle som kjende Jonze, Eggers og Karen O sine respektive arbeide.

Fans argumenterer at sidan det var Generasjon X som vaks opp på denne boka, burde det i utgongspunktet vere dei som var nøkkelgruppa, men WB er nok for redd for å marknadsføre ein 70-millionars affære til ei så snever gruppe (det skjønar vi óg).

For å sitere Cinnemaniac1979 som såg filmen og kommenterte om det hjå Slahfilm: "Historia handlar ikkje så mykje om å hugse korleis det var å vere barn, som om sjølve realiteten ved å vere eit barn. Småguten Max innbiller seg inn i ei verd befolka av monstre, Dei ville, og deira forhald til ein annan er parallellar til Max eigne forhald til familie og venar. Monstra er store og skumle - ikkje fordi dei er dumme, men fordi dei gjer ting utan å tenkje over det - inkludert ting som kan gjere vondt - slik ekte barn gjer." Høyrest dette ut som noko med Eddie Murphy? Eller som noko som passar godt med ein mørkare tone og arthaus regi?

Men dette er ikkje alt i denne saka. I dag kom ordet over vatnet at WB er så lite nøgde med han vetle gutungen som spelar hovudrolla (i tillegg til misnøye med effektene) at dei vurderer å kreve at filmen vert fullstendig redesigna og spelt inn om att. Dobbel-yikes!
Ei total omattinnspeling ville i alle fall vere katastrofalt: Dei ville mest sannsynleg miste trioen Jonze/Eggers/O, og ville ha kasta 75 mill. ut vindauget.

Typisk WB å skulde på ein liten gut og nokre skarve effekter i staden for å innrømme at dei ikkje skjøna noko av filmen. Gud forby at publikum skulle måtte tenkje seg fram til noko når dei ser film.


De kan lese meir hjå Chud, og me skal følgja med vidare på denne saka.

... For ordensskuld: Her er det omtala klippet. Ser det ikkje fabelaktig ut?
Warners har fått klippet fjerna både herfra, frå Slashfilm og Youtube. Vi vel å ikkje fiske fram ein ny kopi nett no.




Kjelder: Chud, Slashfilm, IO9

Redigert for staveleif, noko omformulert, og gjeven ny tittel

Etiketter: ,