on holid on holiday by mistake

05 september, 2008

Del Toro har tydelegvis ikkje tenkt å ta ut noko avspasering med det fyrste

Guillermo Del Toro står som kjend for filmatiseringa av Hobbiten for Peter Jackson, men no har det kome for ein dag at han også skal lage nye versjonar av Universal Pictures' klassiske skrekkfilmar Doctor Jekyll & Mr. Hyde og Frankenstein. Saman med Dracula stod desse filmane for ryggraden i Universal sitt skrekkabinett på 30-talet, og det var desse filmane som redefinerte karakterane til slik vi kjenner dei i dag (Boris Karloff-Frankenstein-monsteret med boltar i halsen, til dømes).

I tillegg skal han óg filmatisere Kurt Vonnegut-romanen Slaughterhouse Five, ein roman som også har vore filmatisert før, med heller labert resultat.

Alt dette skal altså gjennomførast medan draumeprosjektet hans, Into the Mountains of Madness, filmatiseringa av H.P. Lovecraft si novelle ved same namn (som, lat oss være ærlege, er det vi alle eigentleg ventar på) lét venta på seg. Det er rett og slett irriterande at mannen tek på seg så mykje på bekostning av Mountains, men så er det nettopp for å få lov til å lage Mountains at han tek på seg desse typiske prestisjeprosjekta, så vi får berre sukke, sette oss godt til rette, og vente nokre år til.

For øvrig: Er det berre meg som tykkjer Del Toro kanskje ikkje er riktig mann for å filmatisere... Vonnegut?


(Eigentleg skreiv eg berre denne posten for å få med sistnevnte, for å reklamere for Absalong sitt H.P. Lovecraft-foredrag 15. September, som du kan lese meir om her.

Og, ja, for å slenge ved denne Youtube-videoen av komikar Frank Caliendo. Den er relevant, æresord!)




Etiketter: , , ,

23 mars, 2008

Lolthulhu Fthagn Cheezburger

DEI FLESTE KJENNER NOK TIL internettmemen "lolcats", og tåpene ansvarleg vil vere dei fyrste som må opp mot veggen når kattane ikkje finn seg i å bli hånleggjort på dette viset lenger, og reiser seg for å underkaste seg menneskesamfunnet og ta over all makt på jorda (And I, for one, welcome our new feline overlords. I'd like to remind them as a trusted popcult blogger, I can be helpful in rounding up others to toil in their underground yarn caves). Heldigvis for meg foregår dette fenomenet hovudsakleg på andre delar av verdsveven enn eg vanlegvis frekventerer, men eg veit ikkje korleis det er med dykk.

Samstundes, i eit litt klammare og litt mørkare (men ikkje så veldig) hjørne av interveven, kom nokre, til kontrast, geniale hovuder opp med dette. Ya R'lyeh.

Denne vevsida postar regelmessig fine Lolthulhus, og eg er sikker på at vi alle kjem til å svi den dagen Cthulhu stig fram frå R'lyeh og finn ut at vi fnisar av han [insert ny Kent Brockman-trope].

Ti-hi!

Etiketter: , ,

05 mars, 2008

The Thing - Lego Style!


I dunno what the hell's in there, but it's weird and pissed off


Eitt siste innlegg på ein særs produktiv bloggedag.

The Thing av John Carpenter frå 1982 er basert på "Who Goes There" skriven av John W. Campbell, jr., og var tidlegare spelt inn som The Thing from Another World i 1952. Carpenter sin remake med Kurt Russell og Keith David framstår som noko verkeleg originalt i ei tid der alle forsøkte å gjere ein Polanski, eller rippe off Ridley Scott sin Alien eller Steven Spielberg sin Jaws. Ein kan lure på korleis det kan ha vore for amerikanarane å sjå filmen UTAN å få plottet servert av produsent Larry Franco sin norsktalande cameorolle heilt i byrjinga, men filmen skremte likefullt vetet frå ein generasjon med skrekkfilmbuffs.

Dette er kanskje den beste skrekkfilmen som nokonsinne er laga, så det er kanskje difor den trengte å bli gjengjeven i Lego... Enjoy! (merk at denne gjengjevinga devierer ein del frå filmen!)

Etiketter: , , ,

02 januar, 2007

season's greetings

eg veit at jula er over, men det er alltid ting ein skulle ynskje ein putta på ynskjelista si. nok eit år er gått, og me er eit steg nærare apokalypsen. omfavn slutten, seier eg, og kva med å ha det moro i same stund?

som med t.d. dette:





eller kanskje eit nytt dataspel der sherlock holmes vert kasta inn i cthulhu-mythoset (sic)?

for øvrig ikkje fyrste cross-overen mellom holmes og cthulhu. enkelte hugsar kanskje denne boka:man oh man denne bør filmatiserast....

Etiketter: ,