on holid on holiday by mistake

19 januar, 2009

Nye foto frå Where The Wild Things Are

Trufaste lesarar veit kanskje at eg har skrive ein del om tullballet rundt Spike Jonze si filmatisering av Maurice Sendak-boka Where The Wild Things Are (Til huttetuenes land).

Trass i alt dette tullballet, vert filmen rekna som ein av dei mest antisiperte i år, og det er difor spennande når nokre nye bilete dukkar opp som visar oss meir av huttetuane.

Men dei kjem kanskje ikkje frå det mest venta haldet i verda: Tilsynelatande eig Spike Jonze ein skateboardforhandlar, og har planar om å gje ut ein serie brett med motiv frå filmen. Så her er dei! Og dei ser fabelaktige ut!


(via Firstshowings, Slashfilm)

Etiketter: , ,

04 januar, 2009

Meir Exploitationfilm!

2009 ser ut til å bli eit glimrande år for oss som er glade i exploitationfilm. Det følgande klippet er "green band"-traileren til Black Dynamite, som debuterer på Sundance-festivalen seinare denne månaden.

Enjoy!

Etiketter: , , , ,

29 desember, 2008

KA-CHING! Mitt førjulsynskje gjekk i oppfylling: Her er Lesbian Vampire Killers!

De hugsar kanskje at eg for lenge sidan (eller, i førre innlegg) bad om fleire mainstreamfilmar med moralsk tvilsamt innhald, og bygod dei er på veg!

La meg presentere traileren for Lesbian Vampire Killers, som debuterte denne veka!



Så lenge det ikkje vert Razor Blade Smile omatt, men sidan filmskaparane kallar det "Sean of the Dead with Tits" er det grunn til optimisme.

Åja, jul og sånn, har vore sjuk heile jula, så lista mi over dei beste julefilmane som ikkje er julefilmar er forseinka.

Slapp heller av med ovannevnte Lesbian Vampire Killers si julehelsing til deg:



Og Hastur? Eg SA det gjekk an å finna slikt utan Misty Mundae involvert, og greit nok at det tok eit par år, men told you so. Så det så.

Etiketter: , , ,

16 desember, 2008

Kjære Hollywood: Vi treng meir filmar som dette!

Etiketter: , ,

03 desember, 2008

AWESOME: Ghostbusters: The Videogame

Det er ikkje så mykje meir å seie om dette som ikkje videoen under oppsummerer. Ja, Bill Murray, Dan Aykroyd, Harold Ramis og Ernie Hudson har stemmene til figurar som ser ut som dei. Ja, du får spele Bill Murray alias Peter Venkman. Ja, giantisk Stay-Puft Marshmallowmann kastar bilar på deg. Ja, tidenes meist legendariske tittelkutt-rap er med. Om eg nokon gong skulle falla for fristelsen om å spele eit dataspel som ikkje har Forgotten Realms-stempel utanpå, så er det så definitivt dette:

Etiketter: , , ,

30 november, 2008

Filmomtale: My Name is Bruce

Eg har skrive litt om My Name is Bruce tidlegare. For dei som nett skifta kanal, kan eg oppsummere med at filmen er siste verket til B-filmlegenda Bruce Campbell, og har ein del forventningar knytt til seg av nerdedomen der ute.

Filmen handlar om den utvaska, alkoholiserte skodespelaren Bruce Campbell (Bruce Campbell), som vert kidnappa av ein desperat fan; ikkje for å binda han fast til ei seng og knusa kneskålene hans Misery-style (sjølv om  Bruce på eitt tidspunkt fryktar nettopp denne lagnaden), men fordi actionhelten Campbell må vere den einaste som kan redde småbyen Gold Lick ("We Licked 'Em Good!") frå ein kinesisk demon (som også er skytsengel for bønnedravle - nei, eg køddar ikkje)!

Konseptet er artig nok, men eg må vedgå at eg etter Bruce sin siste eigenregisserte film, Man with the Screaming Brain, var heller skeptisk. Eg meiner, eg hadde elska filmen uansett, men ikkje det hadde ikkje vore ekte kjærleik. Meir slik kjærleik ein påstår for å unngå ubehagelege situasjonar. Men slik lagnaden skulle ha det, viste filmen seg å ikkje berre vere genuint fornøyeleg, men også langt over gjennomsnitteleg smart, godt skoten, og med Campbell sin upåklagelege komiske timing á la dei store førebileta hans The Three Stooges. Bruce i slik form har vi faktisk ikkje sett sidan Evil Dead 2, og betre skussmål enn akkurat dét trur eg ikkje nokon Bruce Campbell-film kan få.

Bruce har tidlegare uttalt at denne filmen er fyrst og framst for fansen. Og jada; der Campbell gjer narr av seg sjølve og sin "figur" - både den overdrivne oppfatningen den fanatiske fanskaren hans har av kven han er, og den parodiske taparen Bruce Campbell vi også møter i romanen How To Make Love - The Bruce Campbell Way - men han gjer også narr av oss, hans hengjevne fans. Og det er berre å gje seg over for korleis han tar oss på kornet ("Bruce Campbell is the single greatest actor of his generation!"), og akseptere at om vi skal le av han, må vi godta at han ler av oss (Campbell er kjend for å vere veldig fan-venleg). Filmen er proppfull med referansar, parodiar og direkte henvisningar til hans lange B-filmkarriere (inkludert eit par falske titlar som den astutte fan kjenner att frå bøkene hans), og gjesteopptrednar av såvel Ellen Sandweiss (Cheryl frå The Evil Dead), Danny Hicks (Jake frå Evil Dead II) og Tim Quill (smeden frå Army of Darkness) - alle for gode for å avsløra her!

Uansett: Er du ein fan av Brusaren er det ingen grunn til å tru at du ikkje kjem til å sjå dette vesle meisterverket. Om du ikkje veit kven han er (seriøst? Brisco County Jr., for pokker!) veit eg ikkje om filmen har noko særleg appell, reint bortsett frå den herlege fysiske komikken, dei lågpanna vitsane, og old-school splatter-scenane som, som Bruce seier sjølv til Ain't it Cool News, vitnar om tida før "torturpornoen".

Filmen er produsert av teikneserieutgjevaren Dark Horse Comics sitt nye filmhus Dark Horse Indie, og er for tida i begrensa kinodistribusjon i USA: Den  kjem på DVD og Blu-ray 10. februar til neste år, fullstappa med ekstramateriale.

Etiketter: , , ,

15 november, 2008

Berre meg som gler seg??

Etiketter: ,

07 oktober, 2008

Filmplakat for WT-vinnar 2006 ute no

Den fabelaktige spelefilmen Special, som vann Apollo for Beste langfilm på WT-festivalen i 2006, har som vi har meldt tidlegare fått kinodistribusjon i USA, og Cinematical har i dag eksklusiv sniktitt den ferdige filmplakaten. Special handlar om ein tragisk sjebne (Michael Rappaport) som byrjar ta eksperimentell medisin, og innbiller seg at han utviklar superkrefter. Konseptet i seg sjølv er godt nok, men utføringa av narrativet er alt i dette tragikomiske eposet. Filmen har kinopremiere 21. November, og vil sikkert vera å finne på DVD i Noreg over jul. Distributørar: hugs kven som oppdaga denne filmen her i Noreg!

(via Slashfilm)

Etiketter: ,

30 september, 2008

Madonna sin regidebut.... bra?

Det er blanda kjensler eg sit att med etter å ha sett traileren til Madonna sin regidebut Filth and Wisdom.

På den eine handa står Madonna for alt som er gale med verda (eg vel å ikkje utbrodere), på den andre sida ser dette ut som ein film... eg kjem til å lika. Herleg sigøynerpop, frekke ballerinatøs, lettfeldig omgong med prostitusjon, store bartar, Richard E. Grant i ei birolle - kva er det ikkje å bli entusiastisk av ved dette?


Filth and Wisdom byrja som eit kortfilmprosjekt, og berre balla på seg, til Madonna stod med ein 80-minuttar lang indiefilm mellom hendene, som Screendaily kallar "no better or worse than the averahe creaky low-budget Britfilck", som, med tanke på at den gjennomsnittelege lågbudsjetts Britflick eigentleg er ganske bra, er utruleg nok gode skussmål(!). Eg kjem framleis ikkje over at eg har positive forventningar til denne filmen. Etter at eg har skrive dette kjem eg til å gå i dusjen og synge "The Crying Game" medan eg skrubbar meg sjølv til blods. Men på den andre sida, dersom Madonna har suksess med dette prosjektet kan det jo hende at ho legg den grufulle musikkarierra si på hylla og konsenterer seg om å lage film om mannlege sigøynarprostituerte på heiltid, og eg trur vi alle kan vere fint einige om at det hadde vore for det beste. Kanskje vi til og med greier å gløyma "Die Another Day" - tittelsporet som øydelagde karriera til Pierce Brosnan.


Her er uansett taileren, via Slashfilm.


Etiketter: ,

26 juli, 2008

David Warner, Doctor Who, Captain America - samanheng?

Medan eg ventar på at det skal bli jul slik at eg kan få min naudsynte dose Doctor Who, har eg nokre sakar å dele med dei som bryr seg om slikt.

Julespesialtrailer på Comic Con
Britiske Doctor Who-fans surmular til den store gullmedaljen etter at Doctor Who-panelet beståande av Grand Moff himself Steven Moffat, Julie Gardner, og John Barrowman (Captain Jack) hadde med seg traileren til årets julespesial til amerikanarane. Den er nemleg ikkje vist i Storbritannia, og for britiske Doctor Who-fans er dette sjølvsagt ei fornærming på linje med å dumpe te i Boston Harbour.

Den har sjølvsagt hamna på veven, og eg såg den sjølvsagt med det same (duh! som om det IKKJE står "Doctor Who Geek" i panna mi eller noko!). Ingen store overraskingar; Cybermen er attende, og historia seiast å vere inspirert av audioskodespelet "The One Doctor", der Doktoren oppdagar at ein sjarlatan nyt sosietetslivets godar ved å utgje seg for å vere vår alles favoritt-tidsherre, komplett med falske Cybermen som han slest mot. Men så dukkar ekte vare opp, og då er vi i gong
. Traileren er i så dårleg kvalitet at eg ventar med å poste den til BBC lanserer den sjølve. Her er i staden teaseren som også var med i sesongavslutninga i Juli:


Captain Jack er... Captain America...?

Under spørsmål-og-svar-runden spurte ein fan John Barrowman om han kunne tenkt seg å spele Captain America i den komande storfilmsatsinga frå Marvel. Barrowman sin respons var noko... uventa (via ComingSoon.net):

He smiled and gave the stock answer that he’d love to play the character and that Captain America has always been his favorite comic book superhero. Clearly, though, the notion did not take him by surprise and he ended up admitting there had been discussions with his agents and meetings on that very issue.

Javel?? Det ville i såfall vere det einaste i verda som kunne få meg til å bli interessert i ein film om ein karakter som har null apell utanfor Statane. Captain Jack FTW!!


Nok SDCC for no, og over til noko heilt anna. Vel, ikkje heilt, det handlar framleis om Doctor Who...


David Warner er Doctor Who!
Dei aller fleste filmnerdar (og då meiner eg nerdar som likar film, altså) har eit relativt vått forhold til kultskodespelaren David Warner. Ein skodespelar med ein karisma berre eit fåtall erkebritiske skodespelarar, som mellom anna Ian McKellen, Brian Blessed, og Richard Harris, har (eller i tilfellet Harris, hadde, RIP). Det er noko med glimtet i auget, måten dei enunsierer ord på, haldninga - svært få har denne spesielle kvaliteten.

Det er kanskje difor Big Finish Productions, som i ei årrekkje har laga audioskodespel med alternative Doktorar frå Doctor Who, vel å produsere eit nytt kapittel om den alternative tredje (!) Doktoren, spela av nettopp Warner. Warner får følge av Nicholas Courtney som Brigadier Lethbridge-Stewart, ein av dei mest elska bikarakterane i serien, som var med med jamne mellomrom frå sekstitalet til åttitalet, og no gjer comeback i Doctor Who-spin-offen "Sarah Jane Adventures", samt den andre skodespelaren til å spele rolla som Daleks-skapar Davros, Terry Molloy, i "The Masters of War". The Master er merkeleg nok ikkje med, tittelen til trass.

Men eg bør leggje til at Warner ikkje er aleine som Doktoren i Big Finish sine nye skodespel. Samstundes med denne produksjonen produserer dei også eit eventyr med den alternative fjerde Doktoren, spela av Trevor Martin, som også spelte inkarnasjonen på scenen i 1974 i "The Seven Keys of Doomsday", og Colin Baker, den femte Doktoren, trer nok ein gong inn i TARDIS i "The Ultimate Adventure. Michael Praed trakterer ein ukjend inkarnasjon av tidsherren i "Curse of the Daleks". EXTERMINAAAATE!

Kvifor Big Finish sjonglerer så mange Doktorar på ein gong (det finst også laaaaaange seriar med den sjuande Doktoren, Sylvester McCoy, og den åttande Doktoren, Paul McGann, samt med Richard E. Grant som den alternative niande Doktoren, og den noverande tiande Doktoren David Tennant, og ei rekke andre - puuuuh!), er umogleg å skjønne. Likevel er det kjekt å sjå at mytoset bak Doctor Who framleis er så knusande populært at det er ein marknad for dette her.


Om berre NRK kunne få fingen ut og sende meir Doctor Who, helst rett etter Barne-TV på laurdagar, då serien er meint for å visast, og kan besudle unge sinn til ekstrem nerderi!

Og ja, eg er allereie utsulta etter sesongavslutninga for nokre veker sidan, og tykkjer det er veeeeeeeeeldig lenge til neste episode av Doctor Who, som kjem Fyrste juledag...

Etiketter: , , , , ,

Moonlightin'

Det hender eg hjelper ein gamal kompis i nauda med å klæsje saman nokre nerdenyhende for nettstaden han er redaktør for, Forum for fantastiske fritidsinteresser (N4F, eller Afahfahfahfah). Sakane eg skriv for han er som regel av slik natur at dei ikkje passar seg her. Det vil seie, eg får ikkje lov å vere så subjektiv som eg ynskjer, og han redigerer som regel bort tøysesetningane eg likar å smite innimellom.

Men i dag såg han gjennom fingrane, og difor vart saka mi om at Jason i dag vann Eisner for Jeg drepte Adolf Hitler (ta den Dagbladet! Det hadde de ikkje fått med dykk, eh?) ståande slik eg skreiv ho. Muahahaha!

I andre nyhende, oppfølgjarar av TRON og RoboCop.


Etiketter: , , , ,

30 juni, 2008

Filmfestivalen sin store konkurrent...

Ahahaha! Medan Rushprint er for opptekne med å bable i veg om Batman: The Dark Knight (enough already! Vi veit at den kjem til å sparke rumpe!), har dei gått glipp av den nye teaser traileren til Quantum of Solace, den munnfulle, nye James Bond-filmen.

Så værsågod, mine damer og nerdar, her er den:



Så kva tykkjer de? Fleire enn meg som blei påminna From Russia with Love blanda med Indiana Jones and the Last Crusade? Ser lekkert ut, ser ut som om dei greier å følgje opp den fabelaktige Casino Royale.

Einaste problemet eg har med denne filmen er at den har premiere MIDT i filmfestivalen... Eg får ringe distributøren og forlange at dei flyttar premieren.

Etiketter: , ,

10 mai, 2008

They're Nazis on the moon, they carry a harpoon

Sett Star Wreck: In the Pirkinning? Om ikkje, er du ikkje humoristisk anlagt og/eller fan av Star Trek eller Babylon 5, eller hatar ein eller båe av dei (i tillegg hatar ofte B5-fans Trek, og Trek-fans B5, og mange hatar båe delar). Forvirra? Ikkje så mykje som du vil vere etter å ha sett filmen. Ein heilsprø komedie som parodierer dårleg science-fiction (men ikkje Doctor Who, merkeleg nok), som garantert vil gje deg ein god latter, og imponere deg med dei heimelaga spesialeffektene, som ser tilnærma profesjonelle ut (det tok 7 år å rendre dei. Nei, eg overdriv ikkje - sju år!) Å, og den er gratis å laste ned frå heimesidene.

Denne veka kom teaser traileren til same gjengen sitt nye prosjekt, Iron Sky, ut. Same formel som sist - filmen vert laga på dugnad - men denne gongen er det ei original historie (vel, noko kan den vel minne om Robert Heinlein sin Rocket Ship Gallileo), og filmen har fått 50000 euro i stønad frå Den finske stat og har Oscar-nominerte produsentar. Og kva handlar den om? Why, nazistar frå månen, så klart! Eg veit ikkje kva de tykkjer, men i mi bok betyr det automatisk vinn.

Teaseren kan du sjå nedanfor, og meir om filmen kan du lese hjå N4f, i ein artikkel underteikna, øh, underteikna.

Etiketter: , ,

04 mai, 2008

Batman Again?

College Humor har sett saman denne interessante kollasjen, der ein berre kan spekulere i om The Dark Knight eigentleg berre er ein rip-off av Tim Burton sin Batman frå 1989. OOoh the irony! Hoohah!

See more funny videos at CollegeHumor

Etiketter: , ,

13 april, 2008

Clone Wars trailer

Den polske distributøren til Warner Brothers var slepphendt nok til å lekke traileren til Clone Wars online, og sjølv om Warners var kjapt på pletten med å få fleire nettstadar til å trekke den attende, var "skaden" allereie gjort.

Kva enn ein forventer av denne animasjonsfilmen som flyg inn i kinosalar verda over til hausten, er det vel ikkje å skyve under ein stol at det ser ut til å bli moro på ein galaktisk skala. Og med så mange positive reaksjonar, har nok Warners fått seg ein heldig buzz i kjølvatnet av labre forventningar til deira fyrste store satsing som LucasFilm sitt nye Star Wars-studio (Star Wars har jo tradisjonelt vore 20th Century Fox-baby - framleis forventar eg å sjå "A long time ago, in a galaxy far, far away" følgje på kvar gong eg høyrer den ikoniske Fox-fanfaren. Om lag som eg ventar på Sopranos når eg ser HBO-vignetten, trass i at nesten alle seriane eg ser er frå HBO, ikkje berre Sopranos).

Kjekt vert det óg å sjå Anakin Skywalker utan Hayden Christensen sitt overspel, med stemma til Matt Lanter i staden. Vi merkar oss også at Keisaren denne gongen har stemma til Ian Abercrombie, som vi kjenner som vismannen i Army of Darkness, og Elaine sin velmeinande men blundrande sjef Mr. Pitt i "Seinfeld". Det er synd å ikkje få høyra det deilige stemmeleiet til Ian McDiarmid, men som substitutt er definitivt Abercrombie verdig.

Kos dykk med videoen hjå io9!

(eg vel å ikkje poste videoen fordi YouTube er for lite stabil med kontroversielle videoar, og Blogger sin video-embedding som vanleg ikkje funkar slik den skal)

Etiketter: ,

28 mars, 2008

WT-vinnar får fulldistribusjon

VINNAREN AV APOLLO-STATUETTEN FOR BESTE LANGFILM 2006 ved WT Os internasjonale filmfestival var eit genialt litte stykke arbeid av Hal Haberman og Jeremy Passmore ved namn Special. Filmen handlar om ein mistilpassa parkometervakt som melder seg til å teste ut ein eksperimentell medisin. Bieffekten er at han utviklar superkrefter, og bestemmer seg for å nytte dei nyvunne kreftene til å bekjempe kriminalitet.

Problemet er berre at den verkelege bieffekten av medisinen er psyotiske reaksjonar.

Filmen utforska einsemda og behovet for eit betre liv på ein heilt ny og original måte, og kan berre anbefalast på det varmaste. Diverre var den einaste staden den fekk distribusjon i England, og det på DVD, men no, etter nesten to år på festivalturné har den endeleg fått napp og får kinodistribusjon i statane.

Les eit intervju med Rapaport hjå MTV her, der han mellom anna snakkar om ein mogleg oppfølgjar. Korleis kan eg ikkje sjå, men med denne gjengen måtte det blitt interessant.

Vonar også at Paul Blackthorne frå "The Dresden Files" får litt lenge fortent eksponering gjennom sin rolle som skurk i denne filmen.

Traileren har byrja versere på veven, og vi presenterer den sjølvsagt her!


Etiketter: , ,

You Don't Mess with Adan Sandler

ADAM SANDLER ER EIN SÅNN DUSTEKOMIKAR som folk flest har eit hat- eller elskforhold til.

Eg likar fyren. Eg elska Billy Madison og Happy Gilmore då eg var ung, og lo meg skakk av 50 First Dates då eg var mindre ung. Han har vist at han meistrar å vere seriøs (og er fordømt god til det!) i filmar som Punch Drunk Love og Spanglish, for ikkje å snakke om den undervurderte Click!.

Men det er noko med hjernedaud tullefilm som, dersom det vert gjort rett, er reint gull. Will Ferrell greier det, Rob Schneider greier det, og Adam Sandler er kanskje kongen på haugen.

Difor er det ikkje utan grunn til at eg gleder meg til ein og ein halv time med minimal hjerneaktivitet og krampe i kinnbeina med Sandler sin neste film, You Don't Mess with the Zohan.

Konseptet seier alt: Den israelske special-ops-soldaten Zohan forlater sitt valdelege liv i Israel for å følgje draumen om å bli hårstylist i USA. Men så tek fortida han att. Hilarity ensues.

Legg til at manuset er ved Sandler i samarbeid med Judd Apatow og Triumph the Insult Comic Dog-skapar Robert Smigel, så er det veldig tydeleg kva spor dette legg seg i.

Dette er humoren du anten elsker eller hatar. Ingen har eit ambivalent forhold til Sandler.



(via JoBlo)

Etiketter: ,

Batman: The Dark Knight of Advertising

VI HAR IKKJE SKRIVE NOKO OM reklamekampanjen til Batman: The Dark Knight tidlegare, fordi, for å vere ærleg, er den så gjennomført og omfattande at det er vanskeleg å berre nevne den utan å bli frista til å skrive ei avhandling om den.

Så sjå på dette som eit kompromiss; eg sender dykk vidare til First Showings, som har ein fin og oversikteleg artikkel som tek for seg denne unike viralreklamekampanjen i sin heilskap.

Og tenkje seg til at den tidlegare indie-hovdingen Christopher Nolan er mannen bak filmen.

Etiketter: , , ,

23 mars, 2008

Lost Boys: The Tribe trailer

MTV HAR DET MED Å HA EKSKLUSIV førsterett på trailarar for tida, merkeleg det der. No har dei oppe traileren til Lost Boys: The Tribe, den lenge etterlengta oppfølgjaren til den verkeleg store vampyrkultfilmen frå 80-talet. Corey Haim og Corey Feldman er attende som henhaldsvis Sam Emerson og Edgar Frog, sjølv om det av traileren eigentleg såg ut som om Corey Feldman har fått mesteparten av rampelyset (Corey Haim kan berre høyrast, med ein replikk). Ingen Jason Patric, however.

For å vere heilt ærleg syntes eg videoen sugde. Den hadde ingenting av magien eller mystikken som gjorde The Lost Boys til ein seminal film. Vampyrfilmsjangeren fekk ein revitalisering den sårt trang etter tiår med campy Hammer-filmar og tvilsame sexploitations (not that there's anything wrong with that!). Filmen sin tittel refererer til dei foreldrelause gutane på Neverland i Peter Pan som ikkje har ei bekymring i verda og generelt berre gjer som dei vil. Akkurat slik har gutane i The Lost Boys det også, men i motsetnad til dei sjarmerane karane som held Wendy fange for Peter Pan, er desse karane vanheilag demonyngel som søv opp-ned i taket om dagen, og moonlighter (heh) som er brutale drapsmenn om natta. Men ideologiane deira er dei same -
som taglinen til The Lost Boys heiter, "
Sleep all day. Party all night. Never grow old. Never die. It's fun to be a vampire." Høyrer de? Vampyrfilmar kunne innehalde noko meir enn støvete slott, kveldsantrekk, og lesbiske orgiar!

Analogien var ganske genial då filmen kom ut, men i dag er ALLE vampyrfilmar slik som denne. Traileren var gresseleg keisam fordi den såg ut til å vere ein av eit dusin lavbudsjettshorrors i veka. Veldig synd om det visar seg å stemme, eigentleg, for Lost Boys fortener ein god oppfølgjar. Det er berre det at ein oppfølgjar er nøydd til å skilje seg ut frå alle Blade-kopiane og dårlege gothic/anarkist-wank-fests som florerer.

Men dette er berre observasjonar, basert på ein trailer og Corey Feldman sitt rykte som sjølvviktig dass (men vi likar han for det om). Filmen kan bli like genial som einaren? Neppe, som rullebladene til regissøren og manusforfattaren vitnar om (Tromafilmar tel ikkje - dei er IKKJE representative for evna til å lage mainstream film!).

Etiketter: , ,

Påskepop

BLOGGENERDAR TEK IKKJE PÅSKEFERIE, men det gjer eg, og difor får vi ikkje med alle popkultnyhendene frå denne veka. Så her kjem ei oppsummering av nokre av vekas viktigaste sakar.

* The Daily Mail melder at Thomas Sangster (biletet), son til Liam Neeson i Love, Actually, har fått rolla som Tintin i Spiel/Jack sin komande trilogi. Heil til deg óg, Thomas.

* Er Clint Eastwood sin nye film Gran Torino eigentleg Dirty Harry 6? (AICN) Nei, meiner Filmjerk, men spekulasjonane flyr. (Slashfilm)

*Rope of Silicon har nokre nye Indiana Jones-bilete, mellom anna dette lekre biletet av Cate Blanchett (trykk for stor versjon). [EDIT: Her var dei visst ikkje så glad for at vi lånte biletet, så de får følgje lenka for å sjå.)


Og medan vi snakkar om han, lyst på ein tur inn i heimen til Indiana Jones? (via Blockbuster Buzz)

* Spekulasjonane om tie-ins mellom dei ulike Marvel-filmane denne sommaren stemmer. Fans har heile tida rekna det for ganske sikkert, fordi fleire av karakterane i desse filmane er knytt til superheltklubben The Avengers, som er eit av dei neste store filmprosjekta til Marvel. Robert Downey, jr. har ein cameo som Tony Stark (Iron Man) i The Incredible Hulk, Hillary Swank har ein cameo i Iron Man, og rykta seier ho speler Black Widow. I tillegg er ein siste, hittil ikkje-namngjeven karakter med i slutten av Iron Man. Det kan vere Samuel L. Jackson som Nick Fury, men dette er mellombels ukjend. (MTV)

På dette biletet som dukka opp på ei russisk Iron Man-side kan vi se regissør Jon Favreau (til venstre for Robert Downey, jr.), men er det Hilary Swank ved sida av han igjen?


* Sylvester Stallone går snart i gong med sin nye Rambo-film, som skal spelast inn i Bulgaria. Mellom anna skal heimbyen til Rambo (i Arizona) gjenskapast her, med kulissene som vart brukt i Van Damme-filmen The Shepherd. Arizona i Bulgaria, you say? Billig-billig. (Moviehole)

* Ice Cube vil gjerne spele B. A. Barraccus i John Singleton sin A-Team-remake, men John Singleton blir irritert over at Ice trur at Mr. T heiter B. A. Barraccus på ordentlig. Men det er jo berre eit tullenamn, han heiter jo, ehm, Mr. T! (men vi diggar Ice fordi om!) (Slashfilm)

*Dei fyrste bileta av Benicio DelToro som varulv i gjeninnspelinga av The Wolfman er her. (EW)


Etiketter: , , , , ,