on holid on holiday by mistake: Tintininnpelinga starta

14 mars, 2008

Tintininnpelinga starta

Spielberg på veg til Møllenborg
Steven Spielberg regisserer den fyrste av dei tre planlagde Tintin-filmane.

Det har lenge vore spekulert i korvidt Peter Jackson eller Steven Spielberg ville regissere den fyrste av deira samarbeid med å bringe Tintin til lerretet. No er det altså klart at Spielberg regisserer den fyrste, etter manuskript av geniale og prisbeløna Steven Moffat, mannen bak tidenes beste (kanskje einaste gode) romantiske sitcom, "Coupling", dei aller beste episodane av nye "Doctor Who" (t.d. vil eg nevne episoden "Blink"), og den fantastiske serien "Jekyll" med James Nesbitt ("oppfølgjaren" til Robert Louis Stevenson sin roman Dr. Jekyll & Mr. Hyde). Moffat skriv så fabelaktig at eg vanskeleg kan tenke meg at ein gong Jack-/-berg kan rote det til.

Det er skodespelar Andy Serkis (Gollum), som spelar kaptein Haddock i filmen (det var vel for mykje å be om Harald Mæle, til og med eg skjønar det...), som avslører regissøren i eit intervju med Indie London, og bekreftar at innspelinga no skal vere i gong.

Filmen er ei blanding av CGI og spelefilm, med karakterdesign henta rett frå teikneseriane. Teknologien, i regi av WETA (som gjør effektene i alle Jackson sine filmar), og dei nyttar same teknologi som vart brukt for å skape Gollum og King Kong, med altså levande skodespelarar som utgongspunkt. Det kan, for alt vi veit, bli heilt utruleg bra, så lenge tekstarane her heime hugsar på å bruke dei norske/franske navna i staden for dei talentlause engelske ekvivalentane. Og så blir det heilt feil at det er på engelsk, men eg reknar med at på DVD-en kan ein nytte fransk tale og norsk tekst, og då er vi jo i boks?

Etiketter: , ,