Monty Python tener fett på å vere gratis
Monty Python gjorde nyleg sitt omfattande arkiv tilgjengeleg på YouTube - gratis - fordi dei var lei av dei uendeleg mange dårlege piratklippa der ute. Samstundes som dei lanserte sin eigen kanal på YouTube, sende dei ut denne videoen:No, nokre knappe månadar seinare, viser det seg at i kjøvatnet - og som direkte konsekvens - av dette vågale trekket, har salet av Monty Python-DVDar auka med 23000 %. Tjuetretusen prosent!
Dette er er stikk i strid med kva det vert hevda frå heksejegarane hjå dei store plate- og distribusjonsselskapa. Dei ynskjer avgrensa tilgjengeleg materiale så mykje som mogleg fordi det vil hindra piratvekrsemd, men så visar det seg altså at gruppa som kanskje er større enn Beatles blir enno rikare av å faktisk gje vekk materialet sitt.
Noko til ettertanke?
(via Slashfilm, Topless Robot)
Etiketter: Monty Pythonia, Popkult, TV-seriar, Vevfenomen, YouTuberi



Fleire kjelder melder i dag at ryktet om at Michelle Ryan skal stille som andrefiolinist i Doctor Who tilsynelatande var sant - men ikkje som Matt Smith sitt reisefølgje.
Kven hadde trudd det? Den nye Star Wars: Clone Wars tv-serien manar fram mykje av den same sjarmen og barnlege gleda som den originale trilogien gjorde. Utan Hayden Christensen sitt åleglatte og talentlause ytre (ei eingong stemme, men med stemma til Matt Lanter!) framstår Anakin som ein perfekt, trøblete helt med akkurat passe dose issues utan å bli EMO, og vissheita om at han ikkje blir Vader i løpet av denne serien gjer at vi kan kjøpe han som helt utan å vente på at han skal bli ond. James Arnold Taylor si stemme som Obi-Wan er ein ypperleg blanding av Ewan McGregor og Alec Guinness, og det er berre heilt fabelaktig å høyra Dee Bradley Baker som SAMTLEGE klonar (sjølvsagt). Sistnevnte er kanskje det kulaste ved heile serien, Star Wars sine nye badass chicks Assaj Ventress og råkule Ahsoka Tano inkludert. Klonane har verkeleg individuelle identitetar, sjølv om enkelte slit med det faktum at dei alle er "like" på bunnen. Eg kjenner at eg verkeleg diggar Commander Cody, sjølv om eg gav katten i han i makkverket som er Revenge of the Sith (som likevel er tolv parsec betre enn Attack of the Clones!), og Captain Rex er eit herleg tillegg til eit rollegalleri som faktisk kunne blitt noko monotont (i og med at 95 prosent av bakgrunnskarakterane er klonar eller battledroids).



Mail on Sunday


