John Carter of Mars
ALLE KJENNER TIL Edgar Rice Burroughs for hans bøker om Tarzan, eh?
Vel, kjenner de til Rice Burroughs sin andre, litt mindre kjende helt, John Carter of Mars?
Carter var helten i Rice Burroughs sin Mars-serie, der han har fantastiske eventyr blant marsbuarane. Han kunne tilsynelatande ikkje døy, men migrerte i staden mellom to former, ein på Mars og ein på jorda, kvar gong han "døydde". På sine eldre dagar i sin jordlege form, fortel han historia si til sin nevø, Edgar Rice Burroughs, som så skriv dei ned, hevda i alle fall Rice Burroughs.
Det har lenge vore kjend at Disney har hatt lyst til å lage spelefilm med John Carter, og Pixar-sjef John Lassiter røpte under premiera av Pirates of the Caribbean 3 at Pixar ynskja å ta seg av den godbiten. Pixar-gjengen har allereie annonsert éin spelefilm, med Brad Bird som regissør, 1906, ein film om jordskjelvet i San Fransisco i det året, som blir ein samproduksjon mellom Pixar/Disney og Warners (*skjelve*).
Og no ser det ut til at det kan bli alvor av ein film på eigahand for Pixarittane fortare enn vi hadde trudd.
Sist August kjøpte Disney opp ei rekke John Carter-relaterte domenenamn på interveven, og no i helga snappa Disney/Pixar opp ein haug nye, mellom anna johncarterandthegodsofmars.com, johncarterandthewarlordofmars.com, godsofmarsmovie.com og warlordofmars-movie.com. Høyrest kosher ut, ikkje sant? (Litt seint ute, der, Ole Boy!)
Jim Hill, som dekkar Disney/Pixar-relatert informasjon ganske grundig, meldar at det er Wall-E-regissør Andrew Stanton som ryktast å stå for regien, etter eit manus av Ratatouille-skribent Mark Andrews, og spekulerer i at noko av grunnen til at dette prosjektet er viktig for Disney er at dei mistar meir og meir popularitet rundt Narnia-filmane. Det ryktast at Prince Caspian og Dawn Trader blir dei to siste av filmatiseringane, og at Disney difor vil ha eit vakuum å fylle utover 2011, som som Io9 formulerer det,"can only be filled with two-fisted sword-wrangling Martian action." Hell yes!
Vel, Narnia var artig nok det, personleg skjøna eg ikkje kva vi skulle med anna enn BBC-filmatiseringa. John Carter-action? Yes please. Kan eg få foreslå Bruce Campbell i hovudrolla...? Trudde ikkje det, nei.
(via IO9)
Etiketter: Popkult, Pulp Action, Ryktebørs
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home