on holid on holiday by mistake: april 2008

15 april, 2008

Kids in the Hall vender attende!

Ah, eg minnst med gledestårer i augene den gongen dette landet hadde kringkastingsmonopol, og almennopplysaren NRK vaktfullt passa på kva vi som mottakarar vart utsett for.

Ein av dei absolutt mest fabelaktige tinga NRK eksponerte oss for, var det kanadiske sketsjeshowet Kids in the Hall. De hugsar kanskje deira mest kjende, faste innslag, nemleg "hovudknusaren":




Kids in the Hall er eit av dei programma som er så legendariske at alle som såg det elskar det hemningslaust, og dei som ikkje fekk det med seg ikkje anar kva vi som er blodfans snakkar om. Deira surrealistiske humor var så fjernt frå alle andre sketsjeshow frå over dammen på den tida, at det einaste det kan samanliknast med er Monty Python (så har då også kanadiarar alltid hatt meir til felles med europearar enn med amerikanarar).

No skal dei leggje ut på turné att, og sjølv om det berre er snakk om i Kanada (og moglegeins USA), er eg merkeleg nok skikkeleg entusiastisk (live-DVD, anyone?).

Så la oss ta ein titt på korleis dei planlegg denne comeback-turnéen. Kjenner vi desse karane rett, er det neppe som på skrivemøte for Karl & Co...

Etiketter: ,

13 april, 2008

Clone Wars trailer

Den polske distributøren til Warner Brothers var slepphendt nok til å lekke traileren til Clone Wars online, og sjølv om Warners var kjapt på pletten med å få fleire nettstadar til å trekke den attende, var "skaden" allereie gjort.

Kva enn ein forventer av denne animasjonsfilmen som flyg inn i kinosalar verda over til hausten, er det vel ikkje å skyve under ein stol at det ser ut til å bli moro på ein galaktisk skala. Og med så mange positive reaksjonar, har nok Warners fått seg ein heldig buzz i kjølvatnet av labre forventningar til deira fyrste store satsing som LucasFilm sitt nye Star Wars-studio (Star Wars har jo tradisjonelt vore 20th Century Fox-baby - framleis forventar eg å sjå "A long time ago, in a galaxy far, far away" følgje på kvar gong eg høyrer den ikoniske Fox-fanfaren. Om lag som eg ventar på Sopranos når eg ser HBO-vignetten, trass i at nesten alle seriane eg ser er frå HBO, ikkje berre Sopranos).

Kjekt vert det óg å sjå Anakin Skywalker utan Hayden Christensen sitt overspel, med stemma til Matt Lanter i staden. Vi merkar oss også at Keisaren denne gongen har stemma til Ian Abercrombie, som vi kjenner som vismannen i Army of Darkness, og Elaine sin velmeinande men blundrande sjef Mr. Pitt i "Seinfeld". Det er synd å ikkje få høyra det deilige stemmeleiet til Ian McDiarmid, men som substitutt er definitivt Abercrombie verdig.

Kos dykk med videoen hjå io9!

(eg vel å ikkje poste videoen fordi YouTube er for lite stabil med kontroversielle videoar, og Blogger sin video-embedding som vanleg ikkje funkar slik den skal)

Etiketter: ,

06 april, 2008

Slow day

Vore litt oppteken i det siste, men ein eksplosiv avslutning på Torchwood og sesongopnarar for Doctor Who og Battlestar Galactica var to ting som var verdt å merka seg denne helga for dei som er interessert i slikt (dei som ikkje er det, er nok heller interessert i at Brann vart overkøyrd av legolaget Aalesund i helga, men slikt har ingen plass i denne bloggen, så nok om dét).

Så i staden for nyhende denne veka postar eg ein video eg hadde tenkt å poste på St. Patricksdag.

Flogging Mollys og Doctor Who. Ein kombo som gjer MEG tårer i augekroken, i allefall...

Etiketter: ,