on holid on holiday by mistake

04 januar, 2009

Meir Exploitationfilm!

2009 ser ut til å bli eit glimrande år for oss som er glade i exploitationfilm. Det følgande klippet er "green band"-traileren til Black Dynamite, som debuterer på Sundance-festivalen seinare denne månaden.

Enjoy!

Etiketter: , , , ,

17 november, 2008

AWESOME: Gris Grimly + Guillermo Del Toro lagar Pinocchio!

Det var ikkje så veldig mange som fekk med seg Gris Grimly sin spesielt inviterte novellefilm "Cannibal Flesh Riot" under årets WT-festival, og det er ein tragedie i seg sjølv. Den fullstendig geniale designeren, som tidlegare har illustrert for Neil Gaiman (The Dangerous Alphabet, sjå bilete nedanfor), har no blitt snappa opp av Guillermo Del Toro, som vil lage stop-motion animasjonsfilm av Grimly si tolking av Pinocchio, med Grimly som regissør, melder Bloody Disguisting. Ikkje nok med dét, dei skal laga det saman med Jim Henson Company!!! (Ja, det var faktisk verdt tre utropsteikn, akkurat det der).

Seier Del Toro:

We are trying to get a full stop-motion version of Gris Grimly’s PINOCCHIO off the ground, with the Jim Henson Company. The idea came from Gris, and everybody loves his book about it. The original story is far more perverse and spooky and semi-necrophilia vibe to it in certain aspects. Gris certainly has that vein in him, he wants to do this with that original spookiness in it, we are trying to get it going.

The Jim Henson Company is the behind it and we are currently working on the screenplay! Its not coming to a screen near you any time soon, even if it were to begin today it would be about three years in the making, but we are working to make it happen. A full-scale puppet universe takes time.


Gris Grimly sjølv er rakst på pletten på sin eigen nettstad, Mad Creator Productions, og spesifiserer at det er enno svært tidleg i prossessen, og at sjølv om Del Toro nevner at det kan ta tre år til den er ferdig, betyr ikkje det at den kjem ut i 2011. Han seier også at han har arbeidd med å få til ein filmversjon av boka i om lag fem år, og har møtt med både Del Toro og Jim Henson Company fleire gongar heilt sidan den fyrste Hellboy-filmen var i produksjon, så dette er ein prossess som tek tid.

Grimly sin veldig originale og ekstremt stiliserte strek er ein perfekt match for Del Toro sine fantastiske visjonar, og dette er eit prosjekt vi kan sjå fram til.

Nok eit prov på at Del Toro er arbeidsnarkoman og/eller fullstendig galen, med tanke på alle ballane han har i lufta akkurat no!

Dei som dreit seg ut på å ikkje sjå "Cannibal Flesh Riot!" på WT-festivalen, kan angra enno meir ved å sjå traileren til filmen på MySpace:
Cannibal Flesh Riot! Trailer 2



(Via Slashfilm)

Etiketter: , , , , ,

08 november, 2008

Nerderiet er over for i år

Med gårsdagens syningar av Outlander og Interplanetary er den fantastiske delen av programmet på WT Os internasjonale filmfestival over for i år. Med nesten fullsatt sal var Outlander lett den mest vitja filmen på årets festival, som ikkje er overraskande, men synd. Moro dog det var, den verkelege stjerna var Interplanetary, som hadde meir eller mindre verdspremiere (den hadde ein tidlegare syning i Memphis for nesten ein månad sidan, men dette var ein tidlegare, meir uferdig klipp, og det var mest folk tilknytt filmen tilstades - les ein omtale av filmen hjå Oxford Film Freak her).

I sann John Carpenter-stil leverer Interplanetary varene med eit imponerande, CG-fritt visuelt ytre, og eit spennande og akkurat passe cheesy manus (til samanlikning var det cheesye manuset til Outlander nok til å skapa laktoseintoleranse). Filmen handlar om staben på ein marsbase eigd av ein megakorporasjon (Interplanetary Corporation), og handlar om kva som skjer når denne staben beståande utelukkande av middle management og support crew hamnar i ein situasjon som merkeleg nok ikkje vert dekka av selskapet sine fyldige permar med retningslinjer og byråkrati. Det heile utviklar seg i ein retning splattermeistar Roger Corman hadde vore imponert over, og regissør Chance Shirley sine grep for å dekkja over sekvensar som hadde blitt for dyre for superlågbudsjettet i blant mersterlige. Kombinert med ein originalt lydspor igjen heilt i Carpenter-anda er dette ein film eg vart sitjande igjen med eit intenst håp om at dei vert plukka opp av ein stor distributør etter. De kan følgja Chance og Interplanetary på veven, på filmen sin blogg, Everybody on Mars is Dead.

Dette er verkeleg den typen filmar WT-festivalen handlar om.

Outlander var også som forventa: Totalt over-the-top, supersnackse effekter, digre eksplosjonar, vikingar og aliens, ein perfekt symbiose av mellom anna Alien, Army of Darkness, Predator, Den 13. kriger og John Wayne-westerns (!). Sistnevnte i form av Jim Caviezel sine utrulig klisje men kontante "kjenslelada" replikkar - heilt i The Duke's ande. For å sitera filmanmeldarane på The Simpsons,"It was a rollercoaster of shrills, thrills AND kills!", og om det var moro! Kombinert med det å ha ein hastig leigd 35mm prosjektør inne i salen (den var for høg for prosjektorrommet frå 1938!), samt bytte av rull midt i, var dette definitivt sann Grindhouse, og det er fantastisk å ha vore med på denne opplevinga.

Det einaste som er så synd er at det må til ein film av dette kaliberet for å lokka folk på kino i Fjellheim - og eg antar filmfestivalar elles. Folk er naturleg skeptiske til ting som nokon andre ikkje allereie har bestemt at skal gå på vanleg kino - men kvifor det? Eg trur vel så mange hadde hatt glede av mange av dei andre filmane våre i år, som leid under låge besøkstal, men fekk svært gode skussmål av dei som såg dei, spesielt Goodbye Baby og Interplanetary. Det som i allefall er sikkert er at det berre er i prime time folk har lyst å gå på kino, og det er absolutt noko festivalen kjem til å ta i betraktning i framtida - men det er framleis synd.

Etiketter: , , ,

07 november, 2008

Statusrapport frå WT-festivalen

WT-festivalen 2008 er i gong, og det er no publisert ein liten statusrapport så langt på nettsidene til festivalen.

Den nasjonale pressa har glimra med sitt fråver nok ein gong (det er jo trass alt berre Os, ikkje Oslo, og det er ingen live sex show på festivalen, som er det som må til for å dra Oslopressa ut av syndebygda si), men det vert sjølvsagt ein del lokalt.

Frå nettsidene til festivalen er her eit utdrag:

Årets festival er i full sving, og det har skjedd mykje allereie.

Opninga onsdag vart sjølvsagt dekka av pressa, både lokal og metropol sådan. Både Midtsiden , Os&Fusaposten, BA og Vestlandsrevyen hadde førehandsomtale av festivalen - trykk på lenkene for å lesa deira inntrykk frå timane før det braka laust som verst. Bergen StudentTV var også tilstades, og denne rapporten kjem seinare i veka.

RadiOs var sjølvsagt representert ved Jan Petter Svendal under opninga, og han opplevde det heile slik .

Midtsiden har lete seg imponera stort over Elin Søfteland si fantastiske utsmykking av Fjellheim, og skildrar dette gjennom denne fotoserien .

BA var tilstades på den raude lauparen, og snakka med både festivalstab, jurymedlemmar, og gjestar, og slik rapporterer dei dét .

Midtsiden tok seg også tid til å snakka med vår æresgjest Timo Vuorensola, og det intervjuet kan du lesa her .


Etiketter: ,

07 oktober, 2008

Programutval for WT-festivalen 2008 no klart - her er årets tilråingar

I helga slapp WT-festivalen årets programutval. På tapeten finn vi ein del sjangergodbitar, crazy Sideshow, og nokre store lanseringar. Her er ein guide til filmane du ikkje kan gå glipp av.

Festivalen har ein eigen (ukomplett) katalog på si side hjå Withoutabox.com, der ein kan lesa om og sjå trailerz av 51 av dei 68 filmane på festivalen. I tillegg ligg dei førehandsomtalte filmane, øh, omtala på programsidene til festivalen.

Programmet inneheld i år 13 langfilmar, som er noko meir enn tidlegare år, og det er definitivt amerikansk Indie som dominerer laget som er plukka ut til start, noko som reflekterer den sterke Indie-bølgja i USA for tida, samt WT-festivalen sitt forsøk på å nå eit breidare publikum. Og det er fleire som er verd å nevna. Opningsfilmen i år er Let Others Suffer (US) av Todd Peters, som generaldelegat Ole Henning Bøe omtalar som ein læreguide på korleis ikkje laga dokumentarfilm. Verdspremiera på sci-fi skrekkomedien Interplanetary (US), med filmskaparane behørig til stades under festivalen, er ein annan godbit. Jack Brooks: Monster Slayer (Canada) er eit kjærleiksbrev til alle 20- og 30-nokoåringar som vaks opp med tjuvlånte skrekkomediar som Evil Dead 2, Beetlejuice, Braindead og A Nightmare on Elm Street - med godaste Robert "Freddie Krueger" frå sistnevnte i ein av birollane. Goodbye Baby (US) er ein romantisk dramakomedie om å slå igjennom som stand-up komikar i New York, og har fleire kjende komifjes i birollane. Og til sist har WT-festivalen snappa til seg noregspremiera på storfilmen Outlander, viking/alien-filmen med Ron Perlman (Hellboy), John Hurt (Indiana Jones IV, Hellboy, Kaptein Corellis mandolin) og Jim Caviezel (Passion of the Christ) i hovudrollane. Sistnevnte skal feirast med stort bravado, kan vi rekna med.

På kortfilmsida har det sluppe gjennom fleire gjengangarar på festivalen, mellom anna tidlegare gjest Sybil H. Mair, som vann Beste kortfilm for "Honey and Sting" i 2006, og er attende med "The Chef's Letter". Mark Withers sjarmerte oss i senk med "My Mum the Wrestler" i fjor, og har send oss oppfølgjaren "My Dad made a Seagull", som er minst like sjarmerande. Som vanleg står nokre suverene spanske kortfilmar på menyen, som "Porque hay cosas que nunca se olvidan" ("Fordi enkelte gongar gløymer ein ikkje"), og "Made in Japan", og eit par glimrande sør-amerikanske, som "Un vaso de Soda" ("Eit glas vatn").

Dokumentarar og animasjonsfilmar er ikkje så sterkt representerte i år, noko som reflekterer ei nedgong av innsende bidrag i år. I tillegg låg lista veldig høgt, som resulterte i eit mindre utval enn tidlegare. Dokumentarfilmane Identity, om ein mann sin søken etter å finna ut om stamfaren frå Scicilia endte opp som landsfaderen Juan Piron i Argentina, og The Beatbox Choir, ein musikkdokumentar utan om det vanlege, er to filmar ein ikkje bør gå glipp av, samt UiB-produserte Demeters åkre, om det europeiske kulturlandskapet. Av animasjonar er det særleg "Red Princess Blues: Animated" å merkje seg - for dei som likar Quentin Tarantino er denne forhistorien til eit svært Tarantinoiansk langfilmprosjekt som kjem neste år eit must. Og programmet har vel sjeldan hatt ein meir sjarmerande kar enn den merkelege figuren i "Rhapsody with James" å bli kjend med.

I tillegg er det som nevnt eit eige Sideshow på plakaten. Dette er filmar med stå-på vilje og sjarm (og gjerne bøtter med upassande humor!) som rett og slett måtte med. Filmane vert vist parallellt med hovudprogrammet, for eit redusert publikum, og inneheld kommande kultlegender som Sex Galaxy og StarSlyderz. I tillegg viser festivalen heile katalogen til den ukrainske exploitationregissøren Yakov Levi - mannen som har sett seg som mål å bli den nye John Waters. Som dei som ser filmane hans vil skjøne, har han faktisk ein reell sjanse på å oppnå dette.

Til sist har festivalen nokre norske godbitar; Torfinn Iversen var ein slam-dunk for programkomiteen med båe bidraga sine, og visar oss korleis ungdomskjærleik kan framtone seg i vår nordlege landsdel i "Fuglen" og "Et kjærlighetskapittel". Pål Aasdal har litt av kvart å seie om "Skjegg", dette vakre, mannlege fenomenet, samt superkorte "Likviditet" med m.a. Janne Formoe, og gutta i Yesbox har sitt sirlig designa dystopia i "Bak lukkede dører" - alle vel verdt å få med seg.

Den 10. WT-festivalen går av stabelen 5.-8. November 2008.

Etiketter:

Filmplakat for WT-vinnar 2006 ute no

Den fabelaktige spelefilmen Special, som vann Apollo for Beste langfilm på WT-festivalen i 2006, har som vi har meldt tidlegare fått kinodistribusjon i USA, og Cinematical har i dag eksklusiv sniktitt den ferdige filmplakaten. Special handlar om ein tragisk sjebne (Michael Rappaport) som byrjar ta eksperimentell medisin, og innbiller seg at han utviklar superkrefter. Konseptet i seg sjølv er godt nok, men utføringa av narrativet er alt i dette tragikomiske eposet. Filmen har kinopremiere 21. November, og vil sikkert vera å finne på DVD i Noreg over jul. Distributørar: hugs kven som oppdaga denne filmen her i Noreg!

(via Slashfilm)

Etiketter: ,

12 juli, 2008

I Heart Finland

Det er eit allereie alment kjent fenomenfaktum at mange av oss i WT-festivalen elskar Finland. Kvifor? Vi er ikkje heilt sikre, men det har nok noko med sakar som dette å gjere:



Elles kan vi gratulere vår tidlegare festivaldirektør Frode Sirevåg med å ha fylt 30 år. Synd dette bandet ikkje spelte i laget ditt, Frode, då hadde du vel gått amok :-D

Etiketter: , ,

30 juni, 2008

Haveselskab 2008

Då er det ein liten månad sidan WT sitt årlege Haveselskab gjekk av stabelen, og vi har akkurat kome oss på beina att og er ute av avrusning.

Om du ikkje fekk med deg herlegheita, skam deg. Du kan gå og gjere noko anna akkurat no.

Men til deg som VAR der;

Mange lurte nok på kva som var greia med at enkelte element ved selskabet spontant braut ut i allsang i tide og utide, gjerne midt i ein samtale. Sangen det gjeld var "The Landlord's Daughter", ein engelsk drikkesang av det tvilsame slaget, som har gått sin sigersgong over eteren gjennom det beste radioprogrammet i Noreg, "Radioresepsjonen", der denne sjarmerande shantien innleier programmet kvar torsdag, for anleidninga direkte frå din lokale pub nede på hjørnet, The Mouse and the Donkey.

Men songen har lengre tradisjon enn som så; den er nemleg berømd frå den absolutt fantastiske britiske grøssaren The Wicker Man frå 1973, med mellom anna WT-favoritten Christopher Lee (ein dag skal du vitja festivalen, Chris, EIN DAG SEIER EG!) og sex-fantasidronninga Britt Ekland. Merkeleg nok er ikkje songen med i den amerikanske remaken med Nicolas Cage.

Uansett, sidan eg alt har gjeve deg songen på hjernen uten at du kan teksten, her er den i sin praktfulle heilskap. Merk deg spesielt kor streng Sergeant Howie er, trass i den muntre stemninga! ("I think you all ought to know that I am here on official business!") Ta deg ein tur innom Platekompaniet og plukk den opp ein dag. Det er verdt det!

Etiketter: , ,

28 mars, 2008

WT-vinnar får fulldistribusjon

VINNAREN AV APOLLO-STATUETTEN FOR BESTE LANGFILM 2006 ved WT Os internasjonale filmfestival var eit genialt litte stykke arbeid av Hal Haberman og Jeremy Passmore ved namn Special. Filmen handlar om ein mistilpassa parkometervakt som melder seg til å teste ut ein eksperimentell medisin. Bieffekten er at han utviklar superkrefter, og bestemmer seg for å nytte dei nyvunne kreftene til å bekjempe kriminalitet.

Problemet er berre at den verkelege bieffekten av medisinen er psyotiske reaksjonar.

Filmen utforska einsemda og behovet for eit betre liv på ein heilt ny og original måte, og kan berre anbefalast på det varmaste. Diverre var den einaste staden den fekk distribusjon i England, og det på DVD, men no, etter nesten to år på festivalturné har den endeleg fått napp og får kinodistribusjon i statane.

Les eit intervju med Rapaport hjå MTV her, der han mellom anna snakkar om ein mogleg oppfølgjar. Korleis kan eg ikkje sjå, men med denne gjengen måtte det blitt interessant.

Vonar også at Paul Blackthorne frå "The Dresden Files" får litt lenge fortent eksponering gjennom sin rolle som skurk i denne filmen.

Traileren har byrja versere på veven, og vi presenterer den sjølvsagt her!


Etiketter: , ,

11 mars, 2008

Ted Fest

Feck! Arse! Drink!
OM DU IKKJE har sett Graham Linehan (Black Books, The IT Crowd sin aller beste serie, "Father Ted", bør du sporenstreks stikke hit og bruke pengar.

"Father Ted" er kanskje den mest blasfemiske serien nokon sinne laga - ein engelsk sitcom om tre irske prestar bannlyste til avsidesliggjande Craggy Island for diverse grunnar (den eponyme Father Ted for underslag - "The money was just resting in my account!", Father Dougal for diverse strekar meir eller mindre som følgje av at han er ein komplett idiot - "Ah! They were only nuns", og Father Jack for, eh, lat oss berre seie for å vere Father Jack). Serien harselerer hemingslaust med Den katolske kyrkja, irar og landlege folk (både Linehan og hovudrolleinnehavarane er irske), med ein rå humor som berre britar (i den mest liberale tydinga av ordet - dette er jo irar!) kan lage. Serien gjekk på Channel 4 mellom 1995 og 1998, og døydde diverre med hovudrolleinnehavar Dermot Morgan, som gjekk bort ved hjarteinfarkt.

Sidan folkeopplysning er det vi hovudsakleg driv med her, ynskjer eg å melde om at The Guardian har eit herleg biletgalleri frå den andre årlege Father Ted-festivalen, Ted Fest, som gjekk av stabelen førre veke.
(frå BoingBoing)

(edit) Her er eit klipp av eit av mine absolutte favorittaugneblinkar frå serien:

Etiketter: ,

06 mars, 2008

I'm Lebowski, you're Lebowski...

We're all Lebowskis
I morgon startar Lebowski Fest 2008 i Chicago.
- Le-kafårnåkke?
- Glad du spurte.


Coen-brødrene rakte inn Oscars under årets Academy Awards for deira No Country for Old Men. Filmen er kanskje den av deira oeuvre som skil seg mest ut frå dei andre, i seg sjølv svært ulike filmane dei har laga.

Men den kanskje mest ikoniske (forutan Miller's Crossing), og definitivt den med størst fanskare (dog den gjorde det dårleg "at the box office"), er utan tvil The Big Lebowski (1998).

Filmen er kjend for sine idiosynkratiske karakterar, surrealistiske drøymesekvensar, ukonvensjonelle dialog, og eklektiske lydspor. Den har blitt kalla "den fyrste kultklassikaren i internetteraen".

Slik Star Trek-fans ("trekkies") har Star Trek-konvensjonar, har også Lebowski-fans ("Achievers" - spot the referance!) ein variant av slike fan-samlingar. Og kva er vel betre enn å ta eit blad frå hovudpersonane, og slå til med ein runde bowlilng?

Riktig. Lebowski-fests, for øvrig avheldt for fyrste gong i Louisville, Kentucky i 2002, er bowlingturneringar i filmens ånd. Men det er langt frå alt.

Eg let Lebowski Fest forklare det sjølve:

Lebowski Fest is a bowling event celebrating all things relating to the Coen Brothers 1998 film, The Big Lebowski. It can be likened to a Star Trek convention in a very loose sense. The event takes place at a bowling alley and includes unlimited bowling, costume , trivia, farthest traveled, and bowling contests, prizes, and what-have-you. The friend of the Coen Brothers who inspired the main character played by Jeff Bridges, Jeff "The Dude" Dowd has been known to make an appearance and drink some White Russians. The 1st annual occurred in Fall of 2002 in Louisville, Kentucky and the 2nd annual took place in July 2003. We then headed way out west to Las Vegas for Lebowski Fest West in Feb., 2004 which featured an appearance by Jim Hoosier who played Liam (The Jesus's bowling partner). The 3rd Annual Lebowski Fest in June of 2004 brought over 4000 Achievers and included an outdoor concert with My Morning Jacket. Lebowski Fest New York was held in Aug. 2004. Lebowski Fest hit a milestone in LA when Jeff Bridges showed up with his band and played "The Man in Me!" He was wearing his jellies. Lebowski Fests have also been held in Austin, Texas.
Heh, dette er vel det næraste ein kjem ei symbiose av nerding og sport? Kanskje vi burde ha ein liten Lebowski-greie på Bowlingen på Os under WT-festivalen i år med tanke på at filmen kom ut same år som fyrste WT-festival vart avheldt? Count me in for White Russians, hold the bowling...

Etiketter: ,

04 mars, 2008

Kosmorama


Då var eg og Ole attende frå fire dagar på Kosmorama, filmfestivalen i Trondheim! Ikkje at vi såg så mange filmar eller hobnobba så valdsamt med fiffen (faktisk ikkje i det heile tatt), men vi fekk no med oss kva det gjekk i, og eit par glimrande filmar.

Inntrykket eg sit att med etter Kosmorama er at eg er litt usikker på kva dei ynskjar å formidla med festivalen sin. I staden for programsjef har dei tre "kuratorar", som kvar hadde sett opp ein programkategori, som dei redegjorde for i festivalavisa. Problemet var at kva kvar enkelt ynskja å formidla var veldig diffust, og det gav kanskje meir inntrykk av kulturformidling enn fellesnemning (om det gjev meining). I tillegg vart denne intellektualiseringa av programflata forbilliga av den usedvanlig cheesy og usjarmerande introfilmen til festivalen.

Det har blitt påpeikt at denne kanskje minnar litt om WT-festivalen sin 2006-intro, men sistnevnte er rufsete, halvgjort og tydeleg fjasete, derav sjarmen. Denne glattpolerte wannabe-Hollywood-film-greia var berre... slitsom, og ganske flau. Det gjorde det ikkje betre at festivalavisa inneheld ei heilside med profil på hovudpersonane i filmen, som minna meir om transkripsjon av post-it notata frå det seine nachspielet denne greia må ha blitt kokt opp under, og som eigentleg ikkje var meininga å bli trykka (om lag som når Vidar publiserer alt han får i hendene på vevsidene til WT-festivalen lenge før det er ferdig). Ein hypotetisk versjon av korleis det gjekk føre seg vart rekonstruert på Otto Jespersentrøndersk av Bjørn og Håvard (som vi var på besøk hjå). Festivalavisa inneheld fleire flauser, utan at eg skal kome inn på det, med tanke på at eg trass alt skreiv WT-festivalen sitt program i fjor, og står framleis i skammekroken for dét.

Når det gjeld programmet så leid det (for meg) av litt det same som 2007-BIFF, nemleg at det ikkje var noko som sprang i trynet på meg, nappa meg i skjegget, og sa "SJÅ MEG SJÅ MEG SJÅ MEG!!" (omlag som ungane i barnehagen eg jobbar i til dagleg). Dette kan derimot vere snakk om ein smaksak, eller om at eg ikkje fann omtalane så interessante. Eller at dei gav bort meir enn eg ville vite på førehand, som med In the Valley of Elah, som også Erlend Loe påpeiker i sin filmblogg. Dei filmane eg hadde mest lyst å sjå hadde eg allereie sett, og fordi vi er rotekoppar, gjekk vi glipp av heile Minimalen, kortfilmfestivalen i Trondheim gjennom fleire tiår, som no er ein sjølvstendig(?) del av Kosmorama.

Minimalen var spesielt interessant for oss, i og med at vi mellom anna var på utkikk etter gode filmar til WT-festivalen, og det er lite blant langfilmane som er aktuelle for oss på mainstreamfestivalar som Kosmorama (John Sayles retrospektiv til trass!). Jaja, til neste år.

Vi gjekk også glipp av Peter Greenaway halde masterclass, men det gjorde også min, eh, kollega Erlend Loe, som ikkje var verre enn at han uttalte seg om arrangementet likevel (more power to him!) . Kort fortalt: Greenaway meiner filmen daude med Werner Fassbinder på tidleg 80-tal. Merkeleg, det vil seie at alle filmane i mi levetid ikkje hadde noko nytt å tilføre. Ikkje akkurat einig med det, og det er heller ikkje Loe.

Av gode filmar vi FEKK med oss, var den absolutt fantastiske Lars and the Real Girl, og Johannes Joner sitt "eksperiment" Respekt. I tillegg hadde eg tidlegare sett mellom anna 3:10 to Yuma og Sean Penn sin Into the Wild, to filmar som absolutt fortener hederleg omtale. Alle desse, med unntak av Respekt, er amerikanske, men berre 3:10 to Yuma er ein stor produksjon. Likevel greier både Lars og Into the Wild å tilføre klassisk Hollywoodfilm noko nytt (trass i kva Greenaway måtte meine), både i høve samspelet mellom menneske og forestillingane om kva det vil seie å ha eit lukkeleg liv (utan å bevege seg inn i metafysikk og eksistensialistisk vås). Lekkert, lekkert!

Respekt var også svært god, med glitrande skodespelarprestasjonar. Kort fortalt, filmen er basert på skodespelet Klassefiende av Nigel Williams. 12 18-19-årige "problembarn" er samla i eit klasserom der det aldri kjem ein lærar for å undervise dei. Halvparten av desse har spelt skodespelet på teater, og veit kva det går i. Den andre halvparten trur dei skal vere med i ein realityserie, og at dei berre skal vere seg sjølve. Kvasireality Breakfast Club for ein ny generasjon, og det funkar. Kanskje den mest originale norske filmen sidan Jonny Vang.

Vi såg óg ein heilt ubegripeleg elendig film, Takashi Miike sin Sukiyaki Western Django, ein "eksperimentell" japansk tullewestern etter historia frå boka "Red Harvest", som For ein neve dollar, Yojimbo, Last Man Standing, Kill! &C &C &C... er basert på. Premisset lokkar meg: Japanarar spelar i Western, med alle trappings som moderne japansk film måtte innebære. Diverre hadde tullingen bak sjokkfilmar som Ichi the Killer slått seg saman med Quentin Tarantino, som hadde ei birolle (nei, han hadde ikkje ein cameo, han hadde ei birolle), og serverte oss det værste makkverket eg har sett sidan Shoot 'Em Up. Sweet yeti of the Serengeti dette var dårleg! Styr unna.

Etter Lars skulle det vere filmfest på ein stad som heit Søstrene Karlsen, angjeveleg i samband med filmen. Men då vi kom dit, etter å ha sett ein finurleg, snurrig og low-beat sak, fann vi ein stad tettpakka med BI-student-liknande klientell (pappagutar og bimbos). Heilt tragisk, totalt feil å gå frå ein film om kva som er ekte til ein stad som berre er falsk. Dårlege greier! (Filmen handla mellom anna om ei sex-dukke som vert behandla som eit menneske, og dei hadde sett opp dukker langs baren som eit artig stunt, men det var litt vanskeleg å sjå dei plastikk blant alle bimboane.) Vi gjekk ein annan stad, og drakk oss til mot i staden.

Som eit siste "stunt" rakk vi å snike nokre WT-flygeblad opp i sakene til Erlend Loe og Kosmorama-festivalsjef Nina Steen, så vi satsar på at dei sjekkar oss ut. Moahahaha!

Elles kom vi attende til Os med kofferten full av erfaringar og inspirasjon frå Kosmorama. Vi åt og drakk og lo og såg film og vart sjarmert i senk av nordlendingar (i Trondheim!), og kom attende skråsikre på at festivalen vår blir the shiznitz etter denne lille studieturen. Sjølv om vi fekk beskjed om at det er Tromsø Internasjonale filmfestival vi EIGENTLEG burde reise på. Jaja, til neste år. Vi gledar oss!

Etiketter: ,