on holid on holiday by mistake: Constantine 2 - til helvete

26 mars, 2008

Constantine 2 - til helvete

MANGE HAR KANSKJE FÅTT MED SEG at Keanu Reeves har fått rolla som Klatuu i ein remake av sci-fi-klassikaren The Day the Earth Stood Still. Og alle gleder seg til nok ei rolle Reeves har høve til å gjere godt; den førre var fantastiske A Scanner Darkly, og ein kan jo merke seg at rotoskop-teknikken som vart nytta på denne filmen gjorde underverker for Reeves sitt heller manglande skodespelartalent. Og Klatuu, i TDTESS, vel, han er kjend for å vere heller stiv og uttrykkslaus, så det burde jo passe vår venn perfekt.

Keanu fortel om filmen:
“The first one was borne out of the cold war and nuclear détente. Klaatu came and was saying cease and desist with your violence. If you can’t do it yourselves we’re going to do it. That was the film of that day,” Reeves explained. “The version I was just working on, instead of being man against man, it’s more about man against nature. My Klaatu says that if the Earth dies, you die. If you die, the earth survives. I’m a friend to the earth. …what we are doing and who we are as a species. We’re trying to reach beyond the idea of [just] environmentalism.” (MTV)
Ikkje så lovande. Ikkje så lovande i heile tatt.

Derimot hadde han noko anna å seie, som gleda våre nerdehjerter langt inn i rota: Keanu seier at han ikkje vil gjere nokon oppfølgarroller. Med andre ord, det blir ingen oppfølgjar til Constantine.

No, for de som ikkje kjenner soga, så er Constantine basert på ein teikneserie ved namn "Hellblazer" frå den skrekk-relaterte underavdelinga Vertigo hjå DC Comics. Hellblazer handlar om ein hardbarka, kjederøykjande og stordrikkjande liverpudlianar i London, som tilfeldigvis også likar å lefle med okkulte krefter, og havnar i den eine metafysiske konspirasjonen etter den andre. Karakteren, John Constantine, vart skapt av serieforfattarguden Alan Moore, kanskje det største namnet innan teikneseriefeltet ved siden av (kanskje over?) Neil Gaiman, som ein bi-karakter i "Swamp Thing", men det var fort tydeleg at karakteren levde sitt eige liv og behøvde sin eige blad.

Så kjem Warner Bros., som tilfeldigvis eig DC Comics, og vil lage filmversjon av denne populære serien. Men ein kan då ikkje lage amerikansk film om ein engelskmann (som atpåtil ser ut som Sting)! Neineinei, han må jo vere amerikansk, og kven er hot nett no? Jo, Keanu, han gjer det jo så godt med Matrix for tida, få inn han. Og denne serien er jo så treig, det er jo berre snakking. Nei, han kan ikkje reke rundt på pub heile dagen, det må vere masse effekter, og så må han reise til helvete i tide og utide. Og magikar? Nei, det gjer det så dårleg med den kristne demografien, så gjer han til synsk i staden, og så må han ha eit tøft skytevapen. Ei heilag hagle! Då snakkar vi ost. Ost, ja. Brått har dei øydelagd alt som var originalt med teikneserien og laga ein dime-a-dozen amerikansk dustefilm. Som atpåtil var ke-e-e-e-eisam (men hadde eit fantastisk soundtrack av Brian Tyler). For øvrig gjekk regissør Francis Lawrence vidare til å skyte box office-gullfuglen med I am Legend.

Men no har i følgje IESB Keanu altså avkrefta at det vert nokon oppfølgjar som kunne valdta franchisen vidare, så dagen i dag er ein gledens dag her hjå On holiday by mistake, vonar de kan dele gleda med oss. John Constantine har endeleg fått hemn.

Ein litt tristare bieffekt blir at Keanu ikkje kjem til å ha cameo som ein av sine beste rollefigurar, agent Johnny Utah i Peter Iliff sin oppfølgjar til Point Break.

(via Slashfilm)

[EDIT: Skreiv Gort i staden for Klaatu ved eit feiltak. Gort er den berømte roboten i same film]

Etiketter: ,