on holid on holiday by mistake: februar 2007

26 februar, 2007

...litt meir bruce...

I høve den nydelege reklamen med vår kjære Bruce i posten under, så oppmodar eg alle fans til å skyte litt Brisco-skurkar i dette flash-spelet som kom i høve dvd-utgjevinga av Brisco for eit år sidan, om dei ikkje allereie har gjort det. I touched Pete's piece!!!


Og til deg som ikkje anar kva eg snakkar om: Skam deg, vantru hund.

Etiketter:

Do you have it?

Alle B-filmhakers mor, haka til Bruce Campbell, er i vinden att. Med Burn Notice teamar kulthelten (som er blitt synonymt med sine eigne rollar - eg kjem til det) opp med Jeffrey Donovan, China Chow, Ray Wise og Gabrielle Anwar i ein spionthriller tv-film signert Jace Alexander, ein av gromgutane bak verdas beste TV-serie, Rescue Me. Jeffrey Donovan kjenner me frå noko så utruleg som ein fantastisk god remake av ein britisk tv-serie, nemleg Touching Evil, om ikkje best som Jared sin lillebror i The Pretender, og det er altså han og Bruce som speler hovudrollene. Right on!
Ray Wise er ein gamal David Lynch-gjengangar; China Chow er diverre ikkje tidlegare pornostjerne, men lolita-skulejenta i John Woo-produserte The Big Hit, og Gabrielle Anwar er foxy lady frå m.a. Things To Do In Denver When You're Dead, så dette kan umogleg bli gale. Gleder seg!

I tillegg, eller kanskje heller Main Attraction: sjølvsagt My Name is Bruce. Nei, ikkje ein spin-off av Jason Lee-serien, men filmen der Bruce Campbell, som seg sjølv på B-filminnspilling, blir kidnappa av nokre vådelause tenåringar som uheldigvis har mant fram demonar. Kva dei skal med Bruce? Han slåst jo mot Dei onde daude, sjølvsagt! Om nokon kan hamle opp med demonar, er det sjølvsagt Bruce! B-filmskodespelaren sjølv forsøkjer forgjeves å forklare at han faktisk er, nettopp det: ein B-filmskodespelar, men jyplingane kjøper ikkje den, og Bruce må motvilleg ta opp hagla og motorsaga nok ein gong...

Bruce har blitt så ikonisk i seg sjølv at han no endeleg har transcendert røyndom/fiksjon-dikotomien og blitt båe. Skjønt, dette har jo fans meint i mange år. No er det altså offisielt. Eg seier berre, gratulerer Brucearen! og feirer med videoen nedst i denne posten.

Det einaste som bekymrer meg er at filmen vert regissert av Bruce sjølv. Ein kan ikkje sei noko som helst gale om haka hans, men som regissør...? Sjekk ut debuten hans og døm sjølv. Ted Raimi er sjølvsagt med i begge!

Meir om My Name is Bruce her

Bruce hevdar for øvrig at rollen hans i Spider-Man 3 er enno viktigare enn dei to foregåande rolletolkningane av kartakterar essensielle for Spider-Man si utvikling, og at han i den tredje installasjonen teamer opp med edderkopphelten. Diverre har han fått munnkorv av produsentane, så me kan berre vente og sjå, hehehe.

Så gjenstår det berre å glede seg, og i mens kan me kose oss med denne... eh... godbiten... Do you have it?




(høg oppløsning)

Etiketter: