on holid on holiday by mistake: oktober 2008

20 oktober, 2008

Fantasytitlar som oppsummerer bøkene på ein måte vaskesetelen aldri kan

Ein av mine favorittbloggar er Mighty God King (også ein av dei einaste nerdebloggane eg les, saman med io9, Penny Arcade, Topless Robot, Mad Mullah Hastur, og min eigen (dersom eg har posta i fylla igjen)), ein canadisk tv-spaltist som også leflar med juss i diverse canadiske tidsskrift, og skriv om nerderi, politikk, og diverse tv-relatert fjas.

No er det skjeldan eg rapporterer om skikkeleg nerdete greier, som rollespel og fantasylitteratur, sidan tilmed eg innser at enkelte ting er best å halda for seg sjølv og skamme seg over i høfleg selskap, men denne veka gjer eg eit unntak, og refererer dykk til denne herlege saken der MGK har gjeve nye namn til fantasybøker, namn det eigentleg kunne vere greit å vite før ein sette i gong med dei respektive bøkene.

Dei av dykk som kjenner forfattarane, vil straks kjenne dei att, og andre, som les meir "sofistikert", hoity-toity litteratur om akademikarar i Stalin-russland som hamnar i trekantdrama som endar med linsehausting i Omsk, vil mest sannsynleg knise litt av dei tydelege tropene som pregar dei ulike forfattarane sine verk.

10 oktober, 2008

South Park illustrerer kva vi alle følte etter Indiana Jones IV




Eg har ingen ting å tilføye, dette er den beste filmvurderinga av Crystal Skull eg har sett.

Jo, éin ting: Topless Robot påpeiker korleis karakteren Indiana Jones var totalt overflødig i filmen.

Sitat, "Frankly, I could have handled the refrigerator and the monkeys and the
groundhogs if it hadn't been for that ending. Do you realize that if
Indy had just stayed home, and let the Russians find and return the
skull, the ending would be exactly the same? Indy accomplished
nothing—nothing in the film."


Der har vi noko å tenkje på. Eller briste saman i gråt og angstanfall over, alt ettersom. Orsak meg, eg må ha meir kleenex.

Etiketter: , ,

07 oktober, 2008

Programutval for WT-festivalen 2008 no klart - her er årets tilråingar

I helga slapp WT-festivalen årets programutval. På tapeten finn vi ein del sjangergodbitar, crazy Sideshow, og nokre store lanseringar. Her er ein guide til filmane du ikkje kan gå glipp av.

Festivalen har ein eigen (ukomplett) katalog på si side hjå Withoutabox.com, der ein kan lesa om og sjå trailerz av 51 av dei 68 filmane på festivalen. I tillegg ligg dei førehandsomtalte filmane, øh, omtala på programsidene til festivalen.

Programmet inneheld i år 13 langfilmar, som er noko meir enn tidlegare år, og det er definitivt amerikansk Indie som dominerer laget som er plukka ut til start, noko som reflekterer den sterke Indie-bølgja i USA for tida, samt WT-festivalen sitt forsøk på å nå eit breidare publikum. Og det er fleire som er verd å nevna. Opningsfilmen i år er Let Others Suffer (US) av Todd Peters, som generaldelegat Ole Henning Bøe omtalar som ein læreguide på korleis ikkje laga dokumentarfilm. Verdspremiera på sci-fi skrekkomedien Interplanetary (US), med filmskaparane behørig til stades under festivalen, er ein annan godbit. Jack Brooks: Monster Slayer (Canada) er eit kjærleiksbrev til alle 20- og 30-nokoåringar som vaks opp med tjuvlånte skrekkomediar som Evil Dead 2, Beetlejuice, Braindead og A Nightmare on Elm Street - med godaste Robert "Freddie Krueger" frå sistnevnte i ein av birollane. Goodbye Baby (US) er ein romantisk dramakomedie om å slå igjennom som stand-up komikar i New York, og har fleire kjende komifjes i birollane. Og til sist har WT-festivalen snappa til seg noregspremiera på storfilmen Outlander, viking/alien-filmen med Ron Perlman (Hellboy), John Hurt (Indiana Jones IV, Hellboy, Kaptein Corellis mandolin) og Jim Caviezel (Passion of the Christ) i hovudrollane. Sistnevnte skal feirast med stort bravado, kan vi rekna med.

På kortfilmsida har det sluppe gjennom fleire gjengangarar på festivalen, mellom anna tidlegare gjest Sybil H. Mair, som vann Beste kortfilm for "Honey and Sting" i 2006, og er attende med "The Chef's Letter". Mark Withers sjarmerte oss i senk med "My Mum the Wrestler" i fjor, og har send oss oppfølgjaren "My Dad made a Seagull", som er minst like sjarmerande. Som vanleg står nokre suverene spanske kortfilmar på menyen, som "Porque hay cosas que nunca se olvidan" ("Fordi enkelte gongar gløymer ein ikkje"), og "Made in Japan", og eit par glimrande sør-amerikanske, som "Un vaso de Soda" ("Eit glas vatn").

Dokumentarar og animasjonsfilmar er ikkje så sterkt representerte i år, noko som reflekterer ei nedgong av innsende bidrag i år. I tillegg låg lista veldig høgt, som resulterte i eit mindre utval enn tidlegare. Dokumentarfilmane Identity, om ein mann sin søken etter å finna ut om stamfaren frå Scicilia endte opp som landsfaderen Juan Piron i Argentina, og The Beatbox Choir, ein musikkdokumentar utan om det vanlege, er to filmar ein ikkje bør gå glipp av, samt UiB-produserte Demeters åkre, om det europeiske kulturlandskapet. Av animasjonar er det særleg "Red Princess Blues: Animated" å merkje seg - for dei som likar Quentin Tarantino er denne forhistorien til eit svært Tarantinoiansk langfilmprosjekt som kjem neste år eit must. Og programmet har vel sjeldan hatt ein meir sjarmerande kar enn den merkelege figuren i "Rhapsody with James" å bli kjend med.

I tillegg er det som nevnt eit eige Sideshow på plakaten. Dette er filmar med stå-på vilje og sjarm (og gjerne bøtter med upassande humor!) som rett og slett måtte med. Filmane vert vist parallellt med hovudprogrammet, for eit redusert publikum, og inneheld kommande kultlegender som Sex Galaxy og StarSlyderz. I tillegg viser festivalen heile katalogen til den ukrainske exploitationregissøren Yakov Levi - mannen som har sett seg som mål å bli den nye John Waters. Som dei som ser filmane hans vil skjøne, har han faktisk ein reell sjanse på å oppnå dette.

Til sist har festivalen nokre norske godbitar; Torfinn Iversen var ein slam-dunk for programkomiteen med båe bidraga sine, og visar oss korleis ungdomskjærleik kan framtone seg i vår nordlege landsdel i "Fuglen" og "Et kjærlighetskapittel". Pål Aasdal har litt av kvart å seie om "Skjegg", dette vakre, mannlege fenomenet, samt superkorte "Likviditet" med m.a. Janne Formoe, og gutta i Yesbox har sitt sirlig designa dystopia i "Bak lukkede dører" - alle vel verdt å få med seg.

Den 10. WT-festivalen går av stabelen 5.-8. November 2008.

Etiketter:

Filmplakat for WT-vinnar 2006 ute no

Den fabelaktige spelefilmen Special, som vann Apollo for Beste langfilm på WT-festivalen i 2006, har som vi har meldt tidlegare fått kinodistribusjon i USA, og Cinematical har i dag eksklusiv sniktitt den ferdige filmplakaten. Special handlar om ein tragisk sjebne (Michael Rappaport) som byrjar ta eksperimentell medisin, og innbiller seg at han utviklar superkrefter. Konseptet i seg sjølv er godt nok, men utføringa av narrativet er alt i dette tragikomiske eposet. Filmen har kinopremiere 21. November, og vil sikkert vera å finne på DVD i Noreg over jul. Distributørar: hugs kven som oppdaga denne filmen her i Noreg!

(via Slashfilm)

Etiketter: ,