on holid on holiday by mistake: Robocop vender attende

15 mars, 2008

Robocop vender attende

VEL, DET MÅTTE JO KOME. Vi er jo i oppfølgjarens era, i gjeninnspelingas tid, og alle gamle 80-talsheltar har jo som kjend ein ny vår.

Allereie har Rocky, Rambo og Terminator gjenoppfunne seg sjølve, og i fjor fekk vi vite at Escape from New York av John Carpenter spelast inn på nytt (originalt med Gerard Butler i hovudrolla, og regi av Brett Ratner (Superman Returns), men dei har båe i ettertid bukka ut). Manuset er ved Ken Nolan (Black Hawk Down). Kvifor må fuglane vita, men personleg skjønar eg ikkje korleis rolla som Snake Plissken (sic) kan gestaltast av andre enn fabelaktige Kurt Russell.

Fredag kom rapporten om at også Robocop skal dra ein Jesus og gjenoppstå. Som Slashfilm foreslår er det nok også her tilbøyeleg å tru at det er snakk om ein slags remake (i stil med Batman, Supermann og Hulken), då siste kapittel i soga om Robocop frå 1993 var ein gedigen flopp.

Tja, kva kan vi seie?
"It's back! Big is back, because bigger is better than ever!"

Etiketter: ,

4 Comments:

Anonymous Anonym said...

Så, så... er jo veldig lite som er sikkert enno då. Ingenting handfast bak rykta om du sjekker kjelda. Ikkje meir handfast enn dei andre murringane om ny film, enten remake eller ein 4ar.

Som er grunnen til at eg ikkje skreiv om det på n4f.no. Vente litt til vi faktisk ser noko meir enn at Robocop står på ei liste over "filmeigedomar".

1:17 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

Her er kjelda, eit presseskriv frå MGM:

"With the appointment of Parent, MGM will enter its new phase of evolution by focusing on its major movie franchises highlighted by JAMES BOND and PINK PANTHER sequels, THE HOBBIT, THOMAS CROWN AFFAIR 2, THE OUTER LIMITS, ROBOCOP, DEATH WISH and FAME, among others."

"Highlighted" vil seie dei som vil få mest fokus, dersom du lurte.

Pink Panter 2 og 3, Hobbiten, James Bond (duh), Thomas Crown 2 og Deathwish vart annonserte for lenge sidan (Deathwish med Stallone, som nevnt i kommentarsporet hjå din blogg), og då er det på den lista to titlar som kom noko overraskande (mange visste om Fame, men ikkje eg, fordi, eh, eg drit i Fame). Eg vil påstå at det er litt meir konkret enn "ei liste over filmeigedomar". Det er ei liste over filmar som vi VEIT er i forproduksjon, med to titlar vi ikkje hadde fått med oss.

I tillegg er denne artikkelen uansett merka med etiketten "Ryktebørs"..

Så rull inn kjeldekritikken din, dette er IKKJE måten å få meg til å skrive for n4f på :-P

8:19 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Haha, er vi hårsåre? Vi veit like godt beggje to at det er veeeeldig usikkert at Robocop vert noko av i ein eller annan form.

Har lest same kjelda som deg, og medan det er tydleg at dei håper å få det til, så er ingenting sikkert før vi får sjå litt meir papir på det. I det minste litt buzz om kven som har ansvaret ;)

1:50 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

Hårsår? Visst pokker er eg hårsår når du kun kan kommentere for å kritisere - og poenglaus kritikk to boot!

Du kritiserer meg for å fortelje i ein popkulturblogg som som regel tek for seg rykter og sladder om komande filmar, for å melde frå om ein komande film under taggen RYKTEBØRS - fordi det ikkje er skråsikkert at den vil bli laga?! Nei, no får du gje deg.

9:40 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home