on holid on holiday by mistake: Popkulturell recap

11 mars, 2008

Popkulturell recap

KVA SKJER når nerdeelita i Sambandstatane reiser på festival heile helga? Jo, dei går amok på nettsidene sine ved vekestart, og gjer at slike stakkarar som meg får litt for mykje å melde om.

Difor tek vi no ein liten oppsummering av dei mest interessante/snålaste greiene vi kom over no etter helga.


Fyrst ut er denne greia her Topless Robot-gutta har grave fram frå ei japansk reklame. Eg seier berre, det måtte vel skje?(Lenke)

Deretter har Fanboy.com funne denne artige videoen signert Rik Mayall, som alle sjølvsagt hugsar som Rik i "The Young Ones", ein av tidenes beste britiske komiserier:

(Lenke)

Michael Moran hjå Blockbuster Buzz melder at den nye Terminator-filmen signert McG (ja, han kallar seg faktisk det, og stod bak Charlie's Angels 2 og tv-serien "Fastlane"), som tidlegare var kjend som Terminator Salvation: The Future Begins mista tittelen sin, og kommenterer følgjande:

Christian Bale's other blockbuster franchise has taken one small step backwards today. The movie we were all getting used to calling Terminator Salvation: The Future Begins has, according to Coming Soon, lost its title. Appropriate, you might think, for a movie that's being directed by a chap without a name.

I quite like 'Terminator 4 - Future War' as a title, but maybe that's just because it has that rhyming ' Gone with the Wind 2 - Electric Boogaloo' sound to it.

(Lenke)

Dei fleste melder også at Fox har bestemt seg for å torturere oss med nok ei gjengvaldtekt av Aliens vs. Predator-franchisen. Why, oh-why?!?! Det meldast også om at Bryan Singer har signert for oppfølgjaren til Superman Returns. Om Brandon Routh nok ein gong vil ta undikken utanpå stilongsen er uvisst enno, men dei aller fleste Supermannfans skulle gjerne sett både Singer og Routh vekke frå dette prosjektet.

Cinema Blend melder at Paramount har tenkt å lansere sin eigen Facebook-applikasjon, for å benytte seg av den mest kostnadssparande måten å reklamere på nokonsinne, nemleg la nerdar blogge og sende reklamefilmar/trailers/sanksjonerte klipp til ein annan. Ja, vi er faktisk så dumme at vi går på den.

Lurar på kvifor vi ikkje har posta den nye Indiana Jones-posteren? Fordi vi veit at det ikkje er den endelege, og greier å spare oss. Vi kan derimot melde om ny trailer på veg, og går dermed Dagbladet, Rushprint, og dei andre sinkene ein høg gong. Og nyhendeverdien i det? Meh, manna for filmnerdar som meg. Rykter seier at den kanskje kjem saman med førpremiere av Iron Man (som vi har meldt for lite om, vi veit... Vi gleder oss skikkeleg, altså! Æresord!)

Den siste snippeten var frå Filmschool Rejects, som også kan melde at Terry Gilliam si siste vindmølle, The Imaginarium of Doctor Parnassus, faktisk er på skinnene att, etter å ha blitt lamma av Heath Ledger sin bråe bortgang. Jøsses, og her var vi og trudde at NOK eit Gilliam-prosjekt skulle kollapse - dei har ein tendens til det... Ikkje misforstå, vi elskar filmane hans, men dei har ein tendens til å lide overdrivent mange problem. Til å ta opp tråden etter Ledger, finn vi Johnny Depp, Jude Law og Colin Farrell. I same rolle. Snakk om å fange opp det kvinnelege publikum til det som til sjuande og sist er ein nerdefilm!

Les også deira oppdatering på to Marvel-filmar til (jesus! Skal dei filmatisere ALLE superheltane sine i år, eller?!), nemleg Thor og Antman. Thor, ein norrøn gud med medlemskap i superklubben Avengers, har nok dei fleste høyrt om, men ein skal vere ganske innbitt teikneserienerd for å ha kontroll på Antman. Det må likevel nevnast at sistnevnte er ein av dei mest komplekse karakterane i Marveluniverset. Rekn med ein eigen artikkel om han i framtida.

SFX melder at Russell T. Davis, den stormannsgale og åpent homofile (ikkje at det er noko gale med korkje av dei to fakta, men det har blitt "ei greie" blant Doctor Who og Torchwood-fans!) sjefen for BBC sin oppdaterte Doctor Who-serie (som er på veg inn i sin fjerde runde når som helst - ikkje spør oss når, BBC er merkelege slik. Den dukkar plutseleg opp!) meiner at den er levedyktig i minst 20 år til! Hei, vi er med i 20 år til! Så har vi noko moro å sjå på i staden for søppel som Battlestar Galactica . Det blir nok neppe heile 20 år med fabelaktige David Tennant (biletet) i hovudrolla, då det ryktast om at han hoppar av etter dei tre tv-filmane som erstattar 2009-sesongen (det kjem ny sesong i 2010). Med det har det vore rykter om sidan den fyrste sesongen hans, så vi får berre vente og sjå.

For å veie litt opp for mangelen på stoff om Iron Man, her er båe trailerane, pluss ein reklamefilm for Audi (det gjer meining når du ser den...)


Etiketter: , , , , ,