on holid on holiday by mistake: oktober 2005

20 oktober, 2005

ingen stadar å gøyme seg for thomas-andré

eg irriterer meg grenselaust over debatten som no rasar om mobbing i humor, som sprang ut frå kritikk mot harald eia sin karikatur på tidlegare miljøvernminister knut arild hareide. eg irriterte meg grenselaust over idiotien som vart spydd utover eteren i høve otto jespersen sin monolog retta mot dåverande statsminister kjell magne bondevik og hans sjukdom, og eg ser dei same tendensane no: idiotar som ikkje har noko vettugt å seie fjernar det som faktisk er eit reelt problem bort frå der fokus på problemet burde vere.

lat meg utbrodere.

når jespersen gjekk til åtak på bondevik vart det ramaskrik fordi bondevik ikkje tålte at nokon tøysa med han. ærleg tala, eg er ikkje nokon fan av jespersen lenger, han burde aldri byrja i tv, for han var faktisk genial på radio. men eg såg det infamøse innlegget, og eg må ærleg tala seie at det overhovud ikkje var over streken. grunn? bondevik har SJØLV VALD å stille som kandidat som den YPPARSTE OFFENTLEGE PERSONEN i samfunnet noreg, noko HAN MÅ TA ANSVAR FOR SJØLV. dakar mannen var deprimert, må vere snill med han! om han var så deprimert at han ikkje var i stand til å styre landet grunna mental sjukdom BURDE HAN IKKJE STILT TIL VAL IGJEN! han burde rett og slett teke konsekvensane. alle er ikkje skikka til den type jobb; eg kan seie at eg sjølv overhovud ikkje hadde vore i stand til å styre landet, eg har ikkje sterk nok psyke til det, og dette burde bondevik innsett med seg sjølve også. og som den ypparste offentlege personen i landet, i ei stilling han overtydde folk om å gje han (for det er det demokrati går ut på; overtyde folk til å gje deg makt) har han sjølv stilt seg i ei posisjon der han er det individet med minst privatliv i landet, eller burde i realiteten vere det per den tvilsame presseetikken som vert praktisert i kongeriket. ein presseetikk han er klar over. dette legitimiserer automatisk ein kvar parodi eller kritikk mot mannen, han har veld det sjølv.

det var legitimiseringa.

så til problemene ved kritikken: ingen reagerer i det heile på harald eia sin karakter thomas-andré, som m.a. vart nytta av den norske stat i reklameinnslag for å få folk til å springe til røystelokala, faktisk er ein parodi og uthenging av triste sjeler som faktisk finns i dei meir anonyme samfunnslaga våre. men når den mest offentlege personen i landet blir tøysa med, vert det ramaskrik. skjøner de kvar eg vil hen?

denne debatten hadde også eit heilt latterleg, sjukt, og patetisk symptom: einkvar b- og c-kjendisidiot nytta høvet til å stikke dei stygge tryna sine fram frå steinane dei gøymer seg bak til vanleg for å kritisere jespersen for det han hadde gjort (i.e. eit satireinnlegg i eit humorprogram. satire er, sjølvsagt, bruken av ironi, sarkasme, harselas o.l. for å blottleggje eller trekkje fram element som kan definerast som paradoksale eller sjølvmotsigande (i.e. idiotiske, som, t.d., at ein psykiatripasient er statsminister), eller for å narrgjere upassande eller idiotisk oppførsle). det mest påfallande var at desse patetiske idiotane (og eg HATAR idiotar, n'est-ce pas?) var at dei kom frå alle hald og nytta jespersen sin metode "mot" han.

ok, lat oss analysere: her er ein mann, ein offentleg person, men langt i frå så framtredande som statsministeren, som harseleler med at mannen faktisk ikkje er skikka til å styre landet vårt men er så maktkåt at han etterlet våte flekkar i stortingssetet sitt kvar gong han tenkjer på å styre. i kontrast, her er ein mindre framtredande offentleg person, riktignok ein populær fjernsynspersonlegdom, men langt i frå nokon statsminister, som vert uthengt på det grovaste (mykje grovare språk enn det jespersen harselerte med bondevik med) av fjompenissar som såg sitt snitt til å få litt spalteplass eller etertid, og begrunna hetsen sin med "no får han smake sin eigen medisin". kva? har jespersen, saman med HUNDRE ANDRE pr-kåte dustar starta ein dritslengingskonkurranse mot EITT individ som ikkje har ein statsministerpost å gøyme seg bak? er det nokon andre som ser skilnaden?

lat oss gå vidare.

den fundamentale skilnaden mellom å hetse ein politikar mot å mobbe ein anonym person på ein arbeidsplass eller ein skule, som er det "kritikarane" (eg nyttar ordet i lausast mogleg forstand, i og med at kritikk eigentleg forutsetjer saklegdom) påstår at t.d. jespersen og eia frammar mobbing gjennom å harselere med politikarar, er at ein thomas-andré ikkje har eit presseapparat å gøyme seg bak når han kjenner seg trampa på.
bondevik kunne springe og grine på nasjonalt fjernsyn.
hareide kunne også om han ville, men i staden vert han flau over opphausinga rundt dette; han såg jo på det som ei ære å bli karikert av eia.

thomas-andré har ingen stadar å gøyme seg. og det er MANGE thomas-andréar der ute.

men DETTE reagerer ingen på. neida, dei ler i staden. bondevik var sjølv med på å nytte thomas-andré-karakteren i ovannevnte reklamekampanje for å få folk til å nytte røysteretten. for ein hyklarsk kjetter den svinepelsen er, eg frydar meg over at hans politiske karriere er daud, den mannen er grusom.

derimot reagerer ALLE på å hets av politikarar. KVA FAEN?! forbanna dobbeltmoralske nordmenn som kjøper alt dei får servert i vg utan nokon som helst form for refleksjon.

i staden for å rette denne debatten, som ER viktig, dit den høyrer heime, fokuserer dei på å "kritisere" satire mot offentlege personar - personar som sjølv har vald eit liv i offentlegdommen, og difor må rekne med og ta hensyn til at dei vil bli harselert med i satire og humoraugemed som faktisk er viktig for å hindre at politikarane distanserer seg for mykje frå vanlege folk, slik at vi ender opp med ein sjuk diktator, slik bondevik eller hagen fort kunne bli, gjeve høvet.

men til slutt, attende til hareide: dette er så tydeleg ein karikatur - ein parodi der ein dreg særtrekk ut i det latterlege - så latterleg at det ikkje kan forvekslast med mobbing. kritikken er meiningslaus!

det er berre EITT argument som har kome ut av denne debatten som eg tykkjer var verdt å få med seg vidare (alt det andre er berre tullball frå idiotar), nemleg argumenta om iq-bøller, høgt utdanna 40-åringar "som bruker utdanningen sin til å oppføre seg pubertalt lenge etter at de har nådd voksen alder." (nrk.no). utanom dette vert debatten vridd så langt bort frå der den høyrer heime at ein kan bli kvalm av mindre:

istaden for å fokusere på at dei som vert mobba og uthengt og får liva sine øydelagde er anonyme og manglar eit apparat å skydde seg bak, så fokuserer dei på at høgt profilerte personlegdommar, som berre treng å vippe på augebrynet før heile noregspressa og alle mindre kjende personlegdommar kongedømet over kastar kroppane sine foran vedkommande vert tøysa med.

så forfattarane kristin a. sandberg og trond k. o. kristoffersen og tidlegare (TAKK GUD FOR DET) statsminister kjell magne bondevik og resten av "kritikarane" meiner harald eia øydelegg for anti-mobbekampanjen? DET ER DE SJØLVE SOM ØYDELEGG FOR KAMPANJEN!!

alvorleg tala. dette blir for dumt. når ein av oss kjem til makta skal alle idiotar stillast opp foran regjeringskvartalet og gjevast eit nakkeskot.

alkoholisert, arbeidsledig forfattar søkjer...

...nokon å dele din økonomi, og evt. leilighet, med.
du må vere mellom 21-28, pen å sjå på, oppegåande, ha fast inntekt og god råd, og vere glad i å spandere og hjelpe til finansielt, t.d. sørgje for at eg ikkje treng å møte i skifteretten.
du likar å komme heim etter jobb og finne meg fyllasjuk på sofaen med ein kamerat, og diske opp med god middag til oss båe, før du vaskar opp, set fram godteri, og ryddar heile leiligheten (nei, det er sant! ENKELTE av oss har det faktisk slik! eg også vil!).

bill.mrk.: har du noko godt i kjøleskåpet?

16 oktober, 2005

just my usual night out, you know

"Just my usual night out, you know. Went to see an experimental film where nothing happened for two hours. Hung out with a pornographer. Got a job in a burger bar. You know, the usual. "
- bernard (dylan moran), black books, series 1, episode 5: the big lockout

i går var det wt-festivalfest (eller sosial trening, som dei så vakkert formulerte det), som var ei lita oppvarming til filmfestivalen på os (der alle bør kome om dei veit kva som er bra for dei), og det var ei fantastisk, fantastisk affære. eg har faktisk aldri vore så full i heile mitt liv (kanskje ein gong), det tok meg tre kvarter å gå den eine kilometeren heim, og eg vakna fullt påkledd (inkl. jakke og sko) i senga i like fantastisk godt humør som eg var i då festen var over. vakkert. vakkert! (kjetil var ikkje betre, han vakna på badegolvet sitt. dette er slik det skal vere.) eg kan ikkje hugse å ha hatt det så vannvittig artig sidan julebordet til gerilja film i fjor. greit nok at eg gjekk glipp av bursdagsfesten til sambo for å vere med på det, men dette var absolutt genialt. storveis. storveis!

men nok om det, i dag er det sceneshow med dylan moran, ein av dei mine absolutte yndlingskomikarar. mange kjenner han som bernard i den fabelaktige serien black books, men han er fyrst og framst standupkomikar. i dag opptrer han på ole bull teater i bergen, og eg gledar meg som ein liten unge. dei som har høve til å springe ned til kl 8 og prøve og få seg billettar anbefalast på det sterkaste å gjere det.

eg skulle gjerne ha skrive masse masse om dylan moran, men eg trur eg må springe i dusjen og vaske av meg fyllet frå i går før vi stikk til byen! sjønt, moran setter garantert pris på fyllesjuke tilskodarar, så lenge dei blir litt brisne under showet hans også. hehehe.

14 oktober, 2005

syrachkonsert i kveld på ungdomshuset 1880

i kveld speler ørjan konsert med bandet sitt syrach gratiskonsert på ungdomshuset 1880. heftig doom metal med panzerbassisten, altså, & eg håpar at folk kan dukke opp & støtte han. eg sjølve er jo ikkje så fælsleg glad i metall, men det er jo ørjan som speler for pokker, & sjølv om syrach har spelt på heftigare scener enn på 1880, så er det viktig å støtte kompisar. så eg kjem til å vere der, og filme konserten for han, slik at dei får eit konsertopptak dei kan sende til utlandet, & eg håpar andre kan dukke opp også.

10 oktober, 2005

ja, apropos...

gløymde jo heilt korleis asterix herser med dei stakkars piratane i hytt og vær, det er jo direkte forkasteleg.

og apropos piratane,og barbe rouge, som kapteinen heiter på fransk, så reknar eg med at alle her også les hastur sin vevlogg.

sjekk dette her:

siste biletet er ganske gamalt, mindre skjegg og utan bart, men likheita er skremmande. han har også langt hår på dette biletet.

og som om ikkje det var nok? sjekk dette:

(pr-foto av ørjan for syrach)

skummelt?!
eg er omgjedd av galne piratar. det er eigentleg herleg å tenkje på. Skjørbukbefengte landkrabbar, fadderullandei og budstikke og alt det der.



lydspor: camera obscura - biggest, bluest hi-fi

asterix: ein terrorist?

ok, eg veit kva du tenkjer; fridomsforkjempar mot den onde overmakta (i.e. romarriket), men det er faktisk ikkje det eg siktar til. (eigentleg tenkjer du, kor pokker fekk han dette frå ut av det blå, men hugs i førre innlegg at eg nevnte teikneserielesing fordi eg ikkje orkar lese bøker? vel, eg har m.a. gått igjennom alle dei gamle asterix, lucky luke, tintin og sprint-albuma mine).
klart, denne tapre vesle gallaren med trønderbart, vingar i hatten, potetnese, svart singlet og raud pysjamasbukse (ja, kjem han frå fusa eller ser han berre slik ut?!) herjar vilt med romarriket, den antikke sivilisasjonen sin siste utpost, før sånne som asterix satte ein stoggar for lærdom og utdanning, fritenkjing, filosofi, kultivasjon, og seksualopplysing tor ekkel staff ville ha fått tårer i augo av(staff er jo akuell som etterfølgjar av caligula, der han driv og knivar med hastur om smørbollen).
men lat oss sjå på kva asterix eigentlg driv på med: han fér rundt i heile gallia, og mykje anna av den antikke verda også, og brautar seg fram som verst; knusar bankboksar i helvetica (1), trampar ned grasplenar og øydelegg fisket i britannica (2), driv gravskjending i egypt, driv pasientar på diett til vanvidd (eller vassvidd?) på kurbadet i aqua calidae (3), og mykje, mykje anna der brautinga hans går utover, ikkje berre romarar, men dei uskuldige, underlagde folkegruppene, inkludert andre gallarar. han og obelix slår inn dører, trampar søle utover alle golv, blandar seg inn i privat næringsliv, og bankar opp trua dyreartar (ein tiger mellom anna). jaja, tenkjer du, han gjer vel kanskje det; men kanskje han ikkje gjer det med vilje? kanskje han ikkje er klar over denne fryktelege businga?

og det er her vi kjem til kjernen: alt han gjer gjer han med eit lurt, reveaktig smil om munnen. han nyt det, han nyt denne anarkistiske hærverksparaden han har gjennom heile den antikke verda. han har ingen samvit for kva han gjer, alt han og obelix øydelegg, eller kven dei køyrer over. obelix er unnskyldt; han datt trass alt i gryta då han var liten, men asterix dopar seg før kvar einaste vandalhandling (eller burde det vere gallarhandling?) han utfører. nei, ein vere terrorist for å halde på slik, og så smile medan ein gjer det.

og ein siste detalj; liknar ikkje miraculix mistenkjeleg på osama bin laden? her er det nok ein samanheng...

vel, no traskar eg attende til teikneseriane, og tintin. han er i det minste ein sunn, moralsk anlagt kjekk, ung mann, som slett ikkje driv med vandalisme. dupont og dupond, derimot, og kanskje kaptein haddock etter litt for mykje loch lomond... også professor tournesol... jaja, men ikkje tintin. nei, sånne staute karar, det vil gamle noreg ha! og spar homovitsane.

neida. eg elskar asterix, det er ein herleg serie med gladvald, anarki, kommunisme og andre koselege faktorar som diverre manglar i dagens samfunn. tenk om folk banka kvarandre opp med smil om munnen, gjerne med illeluktande fiskar, og så hadde festbankett etterpå? og at ein kunne banke opp talentlause musikarar? då hadde det jammen vore mange som skulle få unngjelde frå slegga mi, ja! eh, uansett...

og forresten; eg reknar med det er fleire enn meg og george carlin som har merka seg at det heiter firefighter, crime fighter, etc., og så heiter det freedom fighter (4)? dei er gærne, desse rom-- øh, amerikanarane...


lydspor: abortion clinic shooting spree

(1) sveits
(2) england
(3) vichy
(4) for ikkje å snakke om TIE fighter?
- berre for å halde på anda, liksom. rest in peace, goscinny.

kva med litt fransk etter tysken?

etter den særs vellukka stereo total-konserten er det no duka for eit av dei andre sære banda eg held nært inntil mitt hjarte. 2. november speler nemleg franske nouvelle vague på hulen. duoen marc collin & olivier libaux diskar opp med coverlåtar på bossanova (eller "nouvelle vague" som det blir på fransk), saman med eit kobbel snacksne franske tøser som syng sensuelt på låtar som dead kennedys sin klassikar "too drunk to fuck", "guns of brixton" av the clash!, "marian" av sisters of mercy, og "just can't get enough" av depeche mode. sistenemnde har ein kanskje har høyrd på ein fjernsynsreklame for subaru eller suzuki eller noko slikt.

utan å bable meir (for eg er jo apatisk og tiltakslaus for pokker, ahaha), så refererer eg heller den nyfikne lesar til å lese denne artikkelen om bandet. fin artikkel, om enn noko meir forutsjåande enn artikkelforfattaren kanskje hadde ynskja.

keisamt? eller blir du med, kristian? så skal eg vere med deg når ss regiment nordland kjem på turné.

lydspor: nouvelle vague (duh!)