on holid on holiday by mistake: februar 2008

28 februar, 2008

Til bartebuenes land

Argh! Akkurat då eg må hoppe til køys for å nå 6:45-flyet til Trondheim og Kosmorama dukkar det opp nyhende om Star Wars TV-serien (eg nevnar berre at Jim Marquand, son til Jedi-regissør Richard Marquand er kopla til prosjektet som regissør, og at serien føregår mellom Revenge of the Sith og A New Hope, og handlar stort sett om mindre kjende karakterar frå det utvida SW-universet). Dette er snakk om spelefilm-TV-serien, ikkje den animerte Clone Wars, altså.

I tillegg har Warner Brothers åte opp New Line Cinema. Så no eig piska tre svinepelsane Ringenes Herre-franchisen også. Curses!

Meir om alt dette og rapport frå festivalen på Tysdag.

27 februar, 2008

Meir huttetu for huttetuane?


Vi melde nyleg om mogleg trøbbel i Spike Jonze-filmatiseringa av I huttetuenes land, og om korleis det kunne sjå ut som om ein fullstendig omarbeiding av den nesten komplette filmen var i emning. Meir prov på at dette kan vere tilfelle etter at Warner Bros. har gått ut med releasedato på filmen - 20. Oktober 2009. Det virkar definitivt som om Warners har tenkt å gjere om store delar av filmen.

Vi følgjer saka vidare.

Etiketter: ,

The Fall

Hugsar de The League of Extraordinary Gentlemen? Sikkert ikkje - de har nok fortrengt analvaldtekta av Alan Moore og Kevin O'Neill sitt seminale verk slik som eg har. Men ein som det ser ut som har hatt mareritt om makkverket i lengre tid, og bestemt seg for å gjere noko med det, er Tarsem Singh, regissøren av The Cell. Der The Cell ikkje var anna enn lekre bilete og null substans (omlag som hovudrolleinnehaver Jennifer Lopez sjølv, med andre ord), er Singh sin film The Fall alt mogleg anna. Tydeleg inspirert av The League.. samlar The Fall heltane kjend som Inderen, Eks-slava, Sprengstoffeksperten, Den maskerte banditt, og, eh, Charles Darwin (sic!), som slår seg saman mot den onde Guvernør Odious. Og jepp, dette er så pulp som det kan bli (og er det noko vi likar, så er det pulp!). Filmen kom ut i 2006, men har framleis tilgode å sjå dagens lys her i landet - sikkert fordi den enno ikkje er sluppen i statane, og norske filmdistributørar likar å vente på retningslinjer frå sine overherrar. Skammeleg - for dette er verkeleg vakkert.
Det er IO9 som melder om filmen i høve lanseringa i statane, og me er ikkje verre enn at me også gjev den litt merksemd og serverer denne traileren i håp om norsk lansering snarast.




What the hell, eg sleng med dette klippet også:



Io9 melder også at Singh er kopla til gjeninnspelinga av Westworld, sci-fi-klassikaren frå 1973 som er kjend for å vere den fyrste spelefilmen som nytta med 2-dimensjonal CGI, eller dataanimerte effekter (oppfølgjaren Futureworld var den fyrste filmen som nytta 3-dimensjonal CGI). Det kan bli interessant - vi reknar med Josh Brolin (No Country for Old Men) i rolla far hans, James Brolin, gestalta i originalen, og Michael Biehn (Reese i The Terminator) som gunslingeren Yul Brunner spelte, basert på Brunner sin eigen skapnad frå The Magnificent Seven. Biehn spelte rolla i tv-serien basert på den filmen.

Etiketter: ,

Indy 4 på Cannes?

I går melde Fox News at Lucasfilm er i forhandlingar om å ha premiere av den nye Indiana Jones-filmen (som vi ventar sånn på!) under filmfestivalen i Cannes, ein stad mellom 15. og 25. Mai. Vi går utifrå at det heller er snakk om mellom 15. og 21., då filmen har ordinær premiere 22. Mai, og det ikkje ville vere noko poeng elles.
Dette er sjølvsagt godt nytt for WT-festivalen sine utsende til Cannes, og kanskje ikkje fullt så interessant for alle andre. Men vi gleder oss i alle fall!

via Slashfilm

Etiketter: ,

21 februar, 2008

Til huttetuenes land (oppdatert)

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å skrive om bråket rundt Spike Jonze si filmatisering av den fantastiske barneboka "Til huttetuenes land" (Where The Wild Things Are, 1963) av Maurice Sendak (til norsk ved gudmora av norsk barnelitteratur, Anne Cath. Vestly) då Dagbladet plukka opp saka før meg (ikkje at dei skjøna kva det gjekk i, men det ventar vel ingen at dei skal).

Kort oppsummering av den originale saka: Eit klipp av noko som såg ut til å vere frå denne filmen dukka opp på nettet og skapa stor blest. Var det eit klipp frå sjølve filmen? Eller var det ei performancegruppe i New York som hadde laga sin tributt til filmatiseringa? Mange uttrykte misnøye med den uferdige utsjånaden, spesielt lyden, men dei aller fleste skjøna at om det var eit faktisk utdrag frå filmen, var det tale om eit uferdig testklipp, ikkje eit stykke av den ferdige versjonen. Det meldast hovudsakleg om positive tilbakemeldingar, og Spike Jonze gav ut ei pressemelding der han forklarar at dette er eit veldig tidleg testklipp som ikkje ein gong er ein del av innspelinga, men noko dei gjorde for å prøve ut teknologien og dei Jim Henson Creature Shop-designa kostyma monstra figurerer med.

Men så lakk det ut meir informasjon: Warner Bros., dette ugudelege (og udugelege!) syndens konglomerat, er ikkje nøgd med den tidlege (og fortfarande uferdige) versjonen (IKKJE relatert til klippet, om de følgjer) av filmen som vart vist for eit testpublikum seint i fjor. Filmen er for mørk, for vaksen, for komplisert. Dette er akkurat slikt me ventar WB skal sei (naturleg nok forstår dei ikkje handlinga sjølve), men kvifor har dei då hyra indie-filmkongen Jonze til regi, generasjon X-forfattaren Dave Eggers til manus, og Karen O frå Yeah Yeah Yeahs til å lage filmmusikk? Venta dei ein ukomplisert Disney-film frå denne gjengen?

Deltakarar på testvisninga fortel at representantar frå WB velde møysommeleg ut kven av dei frammøtte som skulle fylle ut eit vurderingsskjema, og valde kategorisk bort alle som kjende Jonze, Eggers og Karen O sine respektive arbeide.

Fans argumenterer at sidan det var Generasjon X som vaks opp på denne boka, burde det i utgongspunktet vere dei som var nøkkelgruppa, men WB er nok for redd for å marknadsføre ein 70-millionars affære til ei så snever gruppe (det skjønar vi óg).

For å sitere Cinnemaniac1979 som såg filmen og kommenterte om det hjå Slahfilm: "Historia handlar ikkje så mykje om å hugse korleis det var å vere barn, som om sjølve realiteten ved å vere eit barn. Småguten Max innbiller seg inn i ei verd befolka av monstre, Dei ville, og deira forhald til ein annan er parallellar til Max eigne forhald til familie og venar. Monstra er store og skumle - ikkje fordi dei er dumme, men fordi dei gjer ting utan å tenkje over det - inkludert ting som kan gjere vondt - slik ekte barn gjer." Høyrest dette ut som noko med Eddie Murphy? Eller som noko som passar godt med ein mørkare tone og arthaus regi?

Men dette er ikkje alt i denne saka. I dag kom ordet over vatnet at WB er så lite nøgde med han vetle gutungen som spelar hovudrolla (i tillegg til misnøye med effektene) at dei vurderer å kreve at filmen vert fullstendig redesigna og spelt inn om att. Dobbel-yikes!
Ei total omattinnspeling ville i alle fall vere katastrofalt: Dei ville mest sannsynleg miste trioen Jonze/Eggers/O, og ville ha kasta 75 mill. ut vindauget.

Typisk WB å skulde på ein liten gut og nokre skarve effekter i staden for å innrømme at dei ikkje skjøna noko av filmen. Gud forby at publikum skulle måtte tenkje seg fram til noko når dei ser film.


De kan lese meir hjå Chud, og me skal følgja med vidare på denne saka.

... For ordensskuld: Her er det omtala klippet. Ser det ikkje fabelaktig ut?
Warners har fått klippet fjerna både herfra, frå Slashfilm og Youtube. Vi vel å ikkje fiske fram ein ny kopi nett no.




Kjelder: Chud, Slashfilm, IO9

Redigert for staveleif, noko omformulert, og gjeven ny tittel

Etiketter: ,

"From now on you will be referred to as Tetsuo"

Så, Warner Brothers har skaffa seg rettane til den seminale mangateikneserien Akira av Katsuhiro Otomo, som også er hyra inn som utøvande produsent. Dette betyr at det innan kort tid kjem ikkje berre ein, men to spelefilmar basert på 6-volums teikneserien frå 80-talet, om motorsykkelgjengleiaren Shotaro Kaneda og hans psynske kompis/nemesis Tetsuo Shima. Gutta rotar seg borti den eponyme Akira, eit kryogenisk nedfrose born som stod for øydeleggjinga av Tokyo fleire tiår tidlegare, og utløyste WWIII. Dette får spesielt sjebnesvange følgjer for Tetsuo, utan at vi skal røpe meir for Akiramøyer. No cruisar gutta rundt i hypermoderne Neo-Tokyo, og havnar i trøbbel med hemelege militærorganisasjonar, terroristar, og korrupte samfunssleiarar.
Pitchen seier "Blade Runner møtar City of God", som høyrest heilt idiotisk ut, og eg fryktar Matrix-kloning deluxe.

Som forventa, er sjølvsagt handlinga flytta til USA, og skal foregå på New Manhattan (hæ???), og Leonardo DiCaprio, som produserer filmen (!), ligg an til rolla som Kaneda, medan Joseph Gordon-Lewitt (frå 3rd Rock from the Sun) skal tangere Tetsuo si skapnad. Ugh.
Garantiane for at det blir ny glorete skinnjakkemote og EMO-hårfrisyrer i kjølvatnet av denne kalkunen er innebefatta. Vi gruar oss, men som dei nerdane vi er, kan vi ikkje hjelpe for å grue oss med ein viss form for fryd...

Vi kjem til å følgje denne saka.

Lenker:
Slashfilm
Ain't It Cool
Variety

(og for dei som lurar på tittelen på dette innlegget, er det sjølvsagt inspirert av Evil Dick på 3rd Rock from the Sun).

Etiketter: ,

20 februar, 2008

Teaser frå 10ande WT Os Internasjonale filmfestival

Heimesidene til WT Os Internasjonale filmfestival har vortne oppdaterte med eit teaser-bilete for årets festival.

Me kan berre spekulere i kva det skal bety, men i samband med headeren som har vore der ei stund, som har eit umiskjenneleg science-fiction preg, går teoriar på om det anten er ein eller annan sci-fi-event som vil finne stad under festivalen, eller om det berre er ein ironisk måte å hinte om celebert besøk på festivalen i form av kjendis-gjestar. Me veit at festivalleiinga har sagt at dei ynskjer eit science-fiction-tema under årets festival, men det er óg 10-års jubileum, så me vel å ta dei litt med ei klype salt. Merk også at det står at festivalen finn stad 5. til 9. November 1938. Kva no enn dt skulle bety.

Døm sjølv:

Watchmen i boks


Me har lenge frykta Zack Snyder (Dawn of the Dead, 300) si innspeling av Alan Moore/Dave Gibbons-serien Watchmen, generelt kjend som den beste (mainstream)teikneserien som nokon sinne er laga. Snyder har vist at han kan ronke i 3D, men korleis han vart veld til å handsame ein av dei meist komplekse og low-key historiane som vert overførd frå returkartong til celluloid kan ein berre spekulere i. Snyder sjølv kallar prosjektet "20 years in the making", og det er ein grunn for det. Ingen har tidlegare ville røre prosjektet avdi fallhøgda er så enormt stor. No er i alle fall teknologien til å gjennomføre det på plass, men i staden for å gje prosjektet til ein regissør som har vist eigenskapane som trengs for å fortelje denne historia, gav altså Warner Bros. (dette selskapet som har vist så god dømekraft i slike høve før, som denne filmen, eller denne filmen, eller denne filmen, for å nevne eit par elendige film-versjonar av kjende seriar) jobben til 3-nerdefilmar-wunderkinden Snyder.

No kan Snydaren melda at filmen er ferdig innspelt, og då er det berre CGI-teamet si monumentale oppgåve som gjenstår. Filmen har premiere Mars til neste år, så ein kan rekne med at det er litt av ein jobb som gjenstår. Snyder har latt fansen få sjå eit bilete frå filmen satt i kontrast med storyboard og panelet frå teikneserien, og dette ser jo riktig flott ut. Rett nok ikkje nokon indikasjon på korleis historia vert fortalt, men me kan jo håpa på at det mannen har gjort tidlegare ikkje betyr at han ikkje klarar det. Me er spente!

Via IO9 og Slashfilm

Etiketter: , ,

Michael Bay er koko, provar det sjølv

Eg skreiv om skrotnissen Michael Bay for eit par dagar sidan, då han frivilleg indirekte innrømde at han gav blaffen i manusforfattarar.

Men no har fyren jammen overgått seg sjølv. Sidan sjansane hans for å nokonsinne motta ein Oscar er fråværande, og han veit det sjølve, så spanderte han liksågodt 125 millionar dollar på å få det til å sjå ut som om han gjorde det. Nei, eg køddar ikkje, The Onion fortel oss om prosjektet, og eg kan berre anta at alle andre som las saka måpte like mykje som meg.

Mannen er så skrullete at det ikkje er morosamt ein gong.

Merk dykk korleis han måtte låne Ben Affleck sin Oscar for å lage ein realistisk modell. Lurar på om han fekk statuetten attende...?

Etiketter:

19 februar, 2008

MENSA-formann visar at han ikkje har peiling på intelligent TV

TV Squad har ein artikkel der formannen for alle nerdeorganisasjonars mor, MENSA, Jim Werdell, plukkar ut det han meinar er dei mest intelligente seriane på TV. Som fan av intelligent fjernsyn, må eg (og dei aller fleste andre) stille meg litt undrande til lista, som ser slik ut:

1. M*A*S*H
2. Cosmos
3. CSI
4. House
5. The West Wing
6. Boston Legal
7. All in the Family
8. Frasier
9. Mad About You
10. Jeopardy!

Uhm, OK...? Heilt seriøst: CSI? House? Boston Legal? All in the Family? Fraiser? Mad About You? Jeopardy?! Nei, alvorleg tala, ei SKIKKELEG liste over dei 10 mest intelligente seriane, ser sjølvsagt slik ut:

1. The Wire
2. The Sopranos
3. Arrested Development
4. Futurama
5. Blackadder
6. Dexter
7. Father Ted
8. The Fast Show
9. Rescue Me
10. The Daily Show

No, tre kandidatar på lista til Werdell fortener kanskje å vere nevnt. Sjølv om M*A*S*H ikkje har noko på filmen ved same namn. West Wing er veldig bra, men noko langdryg, og langt frå så interessant politisk som t.d. The Wire, og Cosmos, ein amerikansk dokumentarserie om universet, har eg aldri sett (men det hindrar meg sjølvsagt ikkje i å uttale meg). Alternative bidrag til lista kunne vere Rome, Deadwood, The Simpsons, The Cobert Report, Mythbusters og Coupling.

Dette visar nok ein gong at braniacs on the Nerd Squad ikkje har snøring på underhaldning eller populærkultur.

Legg gjerne att kommentar på dei ti seriane du meiner fortener plass i kåringa - dette er sjølvsagt ei svært subjektiv sak. Likevel meiner eg at mi liste er mykje meir kurant enn Werdell si.

via Pop Candy

Etiketter:

Dolpharen om sine mest kjende rollar

AV Club har eit lengre intervju med den gamle b-filmhelten Dolph Lundgren. Dei fleste av oss som vaks opp på 80- og 90-talet hugsar dei tallause skrotfilmane mannen spelte i med glede og nostalgi. Det er verkeleg kjekt å lese mannen mimre seg attende til nokre av gromrollane hans, m.a. Ivan Drago i Rocky IV, He-Man, og "gatepredikanten" i Johnny Mnemonic.

Personleg er min favoritt blant Lundgrenfilmar Silent Trigger frå 1996. Filmen er både superostete og stilisert vakker, og oppsummerer spion- og teknothrillarane frå 90-talet heilt perfekt. Silent Trigger kom midt i ei bølgje snikskyttarfilmar, der ganske mange av dei hadde anten Dolpharen eller Tom Berenger i hovudrolla. 90-talet handla verkeleg om å finne ein formel og halde seg til den...

Etiketter:

18 februar, 2008

Indiana Jones and the Kingdom of the Lego Skull


Michael Moran hjå Blockbuster BuzzTimes Online fann denne artige saken å kose oss med medan me ventar på Indy 4.

No burde nokre timar gå med her medan me ventar på at oksepisken atter skal svingast!

Kva finn ikkje dei gærne danskane på når dei samarbeider med amerikanske marknadsførarar...

Etiketter: ,

Stilige ting på Toy Fair 2008

Både Slashfilm og Topless Robot har vore på Toy Fair, og har teke bilete av ein drøss med stilige leikar for vaksne. Nei, ikkje slike leikar - nerdeleikar. Frå filmar.

Topless Robot sine postar frå Toy Fair

Slashfilm sin meir kondenserte éine post

Mine favorittar er sjølvsagt Conan og Beetlejuice, men David Bowie frå Labyrinten og Cary Elwes frå The Princess Bride var utruleg flotte óg (eg gidd ikkje direktelenke, de får berre trykke på lenkene over og scrolle ned). Kos dykk med lenkene og tenk så greit det var på gymnaset då det var akseptert å leike med figurar. Eh, ungdomsskulen, meiner eg. Um, barneskulen skulle det vere... Heh... *set John Constantine-figuren sakte attende i hylla*

Etiketter:

Guantanamo Bay-kommandant klagar på negativ portrettering av interneringsbasa i tøysefilm

Jada, du las riktig. Konreadmiral Mark H. Buzby, leiaren for interneringsleiren på Guantanamo, tykkjer det er frykteleg leit at Guantanamo blir framstilt som eit negativt tiltak (!) i John Cho (MILF-duden i American Pie, og den nye Commander Sulu i Star Trek) og Kal Penn (frå Van Wilder) sin nye "Harold og Kumar"-film, Harold & Kumar Escape from Guantanamo Bay.

Seier Buzby, "Fokuset på Guantanamo som eit kreativt subjekt kan leie til misoppfatningar. (...) Det er som om nokon prøver å få det til å høyrast ut som noko negativt". You don't say?!

New York Times har ein artikkel om diskusjonen rundt den negative portretteringa Guantanamo Bay i media, og då spesielt i denne filmen, her.

(via Boing Boing)

Etiketter:

Meir Bruce i vente, hintar manusforfattar Verheiden

Medan vi ventar på My Name is Bruce, kan vi lese dette intervjuet med manusforfattar Mark Verheiden hjå Horror Yearbook. Mark fortel om inspirasjonskjelda til filmen, den obskure DC-serien The Adventures of Alan Ladd, som faktisk handlar om skodespelaren Alan Ladd og korleis han hamnar i artige situasjonar. Fiktive historiar om kjendisar er jo ikkje noko nytt, men heller eit velkjend fenomen. Eit par av dei tvilsamste eksempla følgjer, som denne godbiten frå Mohammed Ali:


Også skrekkfilmkongen Vincent Price har vore med i teiknefilm. Han hadde fast rolle som seg sjølv i, av alle ting, The Thirteen Ghosts of Scooby Doo:

Ai ai ai!

Men nok om det. Mark Verheiden bekrefter at det er høve for ein oppfølgjar til My Name is Bruce, nemleg My Name is Still Bruce, om det skulle trille i den retningen. Juhuu!

Etiketter: ,

16 februar, 2008

Spongebob Squarepants Sleeps with the Fishes

OK, det er IMDb som melder om denne fantastiske videoen frå College Humor der stemmeskodespelarane frå Spongebob Squarepants re-dubbar kjende Hollywoodklassikarar. Og det er fordømt gjennomført. Laurdagen er redda!




Det einaste som hadde vore betre hadde vore om stemmeskodespelarane frå Futurama gjorde det same...

Etiketter:

Sutter Punished, Norton Smash?

Sidan det gjekk så bra å reboote Batman, slang som kjend Marvel seg på bølgja med ein etterlengta reboot av Hulken, som kjem til amerikanske kinoar 8. Juni i år. Denne filmen er langt tettare teikneserien enn det tragiske, førre forsøket, eller Shrek 2 som den også var kjend som, og har det overraskande stjernelaget Edward Norton, Liv Tyler og William Hurt som henhaldsvis Bruce Banner, Bettie Ross og General Ross, samt Tim Roth som bizarro-hulken Abomination. I tillegg er manuskriptet levert av ingen ringare enn Edward Norton sjølv, ein sjølverklært fan av Hulken, og han ynskjer at denne filmen skal bli grunnsteinen i eit nytt Hulken film franchise. Slahsfilm har bilete av ein promoskulptur av den nye Hulken, samt eit bilete av Shrek-versjonen til Ang Lee til samanlikning her.

Samstundes vel Marvel å reboote nok ein teikneseriehelt på film, nemleg The Punisher. Denne filmatiseringa, med Ray Stevenson (Titus Pullo i HBO/BBC-serien Rome) som Frank Castle, og Dominic West som Jigsaw (og Julie Benz frå Buffy, Dexter og den siste Rambo-installasjonen, men eg tykte det var mindre interessant å nevne). Gjensynsgleda med Dominic West er stor - eg har for lengst erklært The Wire som verdas beste tv-serie og er godt inne i 5., og diverre siste, sesong. Sjå eit kort intervju med West om filmen her.

Manusforfattar Kurt Sutter, kjend frå m.a. sitt arbeid på The Shield, har denne veka bestemt seg for å forlate produksjonen av Punisher: War Zone (premiere i September i statane) grunna ulikheiter av visjon. I bloggen sin fortel han inngåande om grunnane til at han har valgt å ta namnet sitt bort i frå krediteringsvurderingane, og korleis han tykkjer det er synd at The Puisher: War Zone ikkje blir noko anna enn ein formulaisk superheltfilm. Med tanke på at Punisher ikkje har superkrefter, hadde det jo vore artig å sjå korleis ein Punisher-film med stemninga frå The Shield kunne blitt!
Sutter har fått mange sinte reaksjonar frå nerdar, og følte for å (til dels) beklage at folk tok det ille opp når han sa at superheltfilmar er formulaiske. Eh, javel.

Etiketter:

15 februar, 2008

"Du regisserer greit, men du ser ut som ein Ewok"

Slashfilm melder at ein ny dokumentar om George Lucas er på veg. Tittelen er The People vs. George Lucas, og filmskaparane inviterer fansen til å dele sine syn og kjensler ovanfor Ewokkongen. Nøyaktig kva dette blir til, skal eg ikkje spekulere i, men Star Wars-nerdar bes henvende seg her for å vere med på moroa.

IO9 melder at karakteranimasjonane er elendige i Clone Wars-filmen som får premiere til hausten, og Topless Robot har funne denne herlege samlinga Star Wars-merchandiset som aldri vart laga.

Men er eg den einaste som tykkjer at denne halvt vaskebjørn-aktige padawan-tøsen Ahsoka i Clone Wars er ganske foxy? Ho hadde lurt meg over på The Dark Side! Eh, om ho var ond, då...

Etiketter:

The Swede's Gonna Kill Us!


OK, så eg kunne ikkje dy meg med å nytta sitatet frå den undervurderte Charlie Sheen/Thomas Hayden Church-filmen Free Money frå 1998.

Men det er Michel Gondry eg eigentleg skulle nevne. Som dei fleste kanskje veit, er den franske skrullebassen bak Eternal Sunshine of the Spotless Mind og Science of Sleep aktuell med Jack Black og Mos Def i Be Kind, Rewind. Filmen handlar om to dimlingar som lagar sine eigne gjeninnspelingar av kjende filmar, då Jack Black uheldigvis demagnetiserer alle VHS-filmane i videobutikken dei driv. Dei kallar teknikken for "Swedeing" (etter suede, ikkje svensk), og fenomenet som er ein del av marknadføringa av filmen, har vorten svært populær. Sjekk ut heimesida der du kan sjå sweda filmar, eller swede heile interveven. Mykje moro.

Sjekk ut denne lista lenker til sweda filmar - her kan du kose deg i timesvis.

Etiketter:

Hollywoodmogul Bay pissar på streikande, My name is Earl-skapar Garcia sjekkar om Karma funkar

No som streiken endeleg er over. og vi kan glede oss til nye episodar av favorittseriane våre - - eller ikkje. Når det gjeld film, så var det visst ikkje noko problem å mangle forfattarar - i alle fall ikkje for ostekongen, Michael Bay. Han skreiv liksågodt manuset til Transformers 2 sjølv. I følgje Bay, "I always write all my scripts, my movies anyway so at least I've got something to give the writers." Javel.

Samstundes som Michael Bay pissar på dei stakkars jævlane som skal krediterast som manuforfattarane av det som utvilsamt vert eit makkverk, har My Name is Earl-skapar Greg Garcia teke i bruk ein litt annan taktikk for å gjere nytte for seg under streiken.

Han tok seg jobb som burgerflippar og reinhaldar i ein månad. Seier Garcia, "I've wanted to do a book about taking different jobs and what it was like to do them. This was the first. It may be a while before I do the second. But it's just about the fact that we live behind gates and work behind gates, and as a writer you start to lose touch with the audience. You start running out of life experience." Og du kjem vel ikkje nærare Earl si white trash-ræv enn å flippe burgerar! Ingen visste at han var ein kjend tv-produsent der han stod og vaska dassen, ikkje før han slutta. Då gav han løna si til ein medtilsett. Så får vi sjå om karma gjer like godt for Garcia som for Earl!

Ler meir hjå Hollywood Reporter.

Etiketter:

Sure Tonar frå Indiana Jones?

Når traileren til Indiana Jones & The Kingdom of the Crystal Skull hadde premiere i går hadde Dagbladet.no vore så heldig å vere fyrste medie i Noreg til å presentere traileren. Traileren var av svært høg kvalitet, med norske tekstar og titlar - mykje høgare kvalitet enn det dei fleste utanlandske medier kunne presentere. Så grunna den høge kvaliteten svinga nerdar verda over innom denne norske traileren. Og kven skulle tru at det ikkje var den same traileren som amerikanarane får servert? Slashfilm.com kan melde at nerdane hjå CHUD har oppdaga at den europeiske traileren inneheld meir skytevapen enn den amerikanske!


I tillegg inneheld den amerikanske traileren eit kjipt innskotsbilete av det amerikanske flagget, som er fråværande i den europeiske versjonen. Lurar på kvifor...

Medan vi ventar på Indy, kan det vere kjekt med eit gamalt gjensyn. Slashfilm.com har funne fram til dette nostalgiske klippet, frå sesongopninga på andre sesong av Den unge Indiana Jones. Nyt!




Etiketter:

Framtida tygg tyggis, sparkar rompe, i følgje BBC og Jamie Hewlett



Hugsar de Jamie Hewlett, mannen bak Tank Girl og Gorillaz?
Vel, den geniale mannen er attende, denne gongen med ein BBC-sere basert på den knæsje stripa hans Get the Freebies frå 90-talet (nokon som hugsar denne??). Sjå for deg dette: Hovudpersonen Terry Phoo ser ut som om Kato frå Green Hornet hadde fått eit elskovsbarn med Uma Thurman i Kill Bill, og arva mor si garderobe og far si maske. Han jobbar som kung-fu politi i London i 2012, og saman med den signalraudhåra anarkistberta Whitey Action (get it? Phoo Action?) køyrer han rundt i ein Stratos (bilen, ikkje sjokoladen) og bankar opp skurkar. Og tittelen?

Phoo Action!



Phoo Action hadde premiere i går på BBC Three, men diverre til labre sjåartal. Likevel har BBC bestilt ein halv sesong (6 episodar) som kjem på lufta seinare i år.


Sjekk ut serien si myspace eller pressepakka til BBC.

Edit: JA det er Carl Weathers som politisjefen. JA det er dottera til Ray Winstone som speler Whitey.

Etiketter:

Time for some Hooch?

Sett traileren til My Name is Bruce enno? Om ikkje, burde du skamme deg.

Heldigvis veit eg råd!




Filmen er i følgje Brusaren like rundt hjørnet, dvs. i festivalkrinsar. Bruce hevdar han kjem på DVD i Mai, men vi satsar jo på kinopremiere i Noreg i November. I alle fall på Os.

Manusforfattar for filmen er Mark Verheiden, kjend m.a. for manusarbeide på Battlestar Galactica, Smallville, og fleire andre nerdeseriar, samt filmane The Mask og Timecop. Men han er kanskje like kjend som teikneserieforfattar, og hans teikneserieadapsjon av Evil Dead har eg ikkje nevnt grunna fråvær. Verheiden beskriv serien som ein "adaptation/expansion of the first EVIL DEAD movie" , med andre ord er historia litt lengre enn den me hugsar frå filmen. Med tanke på at denne mannen fekk lov til å skrive My Name is Bruce for kongen, burde det eigentleg seie det meiste. Her kan du lese ei vurdering av nummer 1.

Nummer 2 av 4 var i butikkane 13. Februar (i USA). Akkurat i tide til Valentinsdagen. Nevnte eg at det sjølvsagt er John Bolton som illustrerer?

Etiketter:

På flyttefot

Ok, så eg dri og prøver å finna eit betre alternativ til denne knotete greia her, for den nye spalta, "Briefing Room One" - pop-kult spalte for WT-festivalen. Diverre så er WordPress enno meir anal enn dette her (og du kan ikkje ein gong lagra custom-oppsettet ditt utan å betale for det), og det er vel eigentleg det einaste brukbare alternativet. Eg driv og forsøkjer å innstallere på osfilm.no, men kjem til å gå nokre dagar før det er operativt der.

Men eg har nokre lekkjer som må delast, så eg får berre smelle i hop eit skikkeleg siste dødsskrik her før eg migrerer.