on holid on holiday by mistake: Bruce Campbell & George Clooney vs. Killer Tomatoes?

27 mars, 2008

Bruce Campbell & George Clooney vs. Killer Tomatoes?

VISSTE DE AT EIN AV GEORGE CLOONEY sine tidlege rollar var i Return of the Killer Tomatoes frå 1988, oppfølgjaren til ein av dei merkelegste skrekkomediane gjennom tidene, Attack of the Killer Tomatoes (1978). Jada, filmane handlar om vondsinna drapstomatar som trugar menneskeheita, og var eit kultfenomen eg hugsar godt frå barndomen. Serien hadde ytterlegare to oppfølgjarar, Killer Tomatoes Strike Back! og Killer Tomatoes Eat France! på tidleg nittital, alle fire regisserte av John De Bello.

Gærningane bak Ask a Ninja, Doug Sarine og Kent Nichols, har fått det for seg at dei skal lage remake av kultfavoritten, og i eit intervju med Bloody Disguisting hevdar dei to at dei ynskjer seg George Clooney i hovudrolla, og at dei har ei spesiell rolle i tankane for Bruce Campbell.

The Last Movie Star vs. the King of B-Movies? Det er sjølvsagt for godt til å vere sant. Sjølv om Bruce Campbell kunne vere tenkjandes til å stille opp, er det naturlegvis ikkje det spor sannsynleg at Clooney hadde teke seg tid til dette. Sjølv for å vise at han er like flink til å snurre pizza som i gamle dagar...



Men vi har i lov til å håpe (og be, og trygle)!

Heile artikkelen

(PS: Clooney og Bruce Campbell HAR spela i same film før også; Bruce hadde ein cameo i Intolerable Cruelty, som han har i dei fleste av Coen-brørne sine filmar. Han speler såpeoperakirurg saman med Billy Bob Thornton).


Etiketter: , ,