Ny Muppetfilm?
It's time to put on make-up
Eg har aldri heilt skjønt kva muppetar skal med sminke, men no er uansett den raggete gjengen til Jim Henson Creature Shop på veg til filmen att, denne gongen med hjelp frå Apatow-gjengen.
Det er Film School Rejects som melder at Jason Segel og Nick Stoller, som nett har gjort seg ferdig med Forgetting Sarah Marshall, kan få grønt lys til å lage ny Muppetfilm for Disney. Segel og Stoller er to av formelmeisteren Judd Apatow sitt alumni, men vi er litt usikre på korleis dop og sex, som er formelen i Apatow-produserte filmar, passar inn med Muppets.
Segel fekk mot til seg til å pitche idéen etter at han som Peter i Forgetting Sarah Marshall setter opp ein musikalversjon av Dracula for dukker.
( For dei som lurar på kva eg snakkar om så er Judd Apatow mannen bak 40-year old Virgin og Knocked Up, samt kultseriane "Freaks & Geeks" og "Undecleared" ("Collegeliv" på norsk). Apatow har i heile karriera "samla" på både manusforfattarar og skodespelarar, og etter kvart etablert eit kollektiv av folk med prepubertal humor som han lét laga film, og også brukar sjølv. Filmane er som regel ekstremt formulaiske, men trass i at det er klassisk lavkultur sterkt rotfesta i typisk gute- og underbuksehumor, får filmane applaus frå mange uventa hald. Erlend Loe erklærte nyleg på bloggen sin at han likar Superbad, til dømes. )
Her er forøvrig traileren til Forgetting Sarah Marshall, som hadde premiere under SXSW, og som har hatt ein herleg viral kampanje med diverse vevsider og flyers med anti-Sarah Marshall-bodskap:
Etiketter: Popkult
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home