on holid on holiday by mistake: november 2008

30 november, 2008

Filmomtale: My Name is Bruce

Eg har skrive litt om My Name is Bruce tidlegare. For dei som nett skifta kanal, kan eg oppsummere med at filmen er siste verket til B-filmlegenda Bruce Campbell, og har ein del forventningar knytt til seg av nerdedomen der ute.

Filmen handlar om den utvaska, alkoholiserte skodespelaren Bruce Campbell (Bruce Campbell), som vert kidnappa av ein desperat fan; ikkje for å binda han fast til ei seng og knusa kneskålene hans Misery-style (sjølv om  Bruce på eitt tidspunkt fryktar nettopp denne lagnaden), men fordi actionhelten Campbell må vere den einaste som kan redde småbyen Gold Lick ("We Licked 'Em Good!") frå ein kinesisk demon (som også er skytsengel for bønnedravle - nei, eg køddar ikkje)!

Konseptet er artig nok, men eg må vedgå at eg etter Bruce sin siste eigenregisserte film, Man with the Screaming Brain, var heller skeptisk. Eg meiner, eg hadde elska filmen uansett, men ikkje det hadde ikkje vore ekte kjærleik. Meir slik kjærleik ein påstår for å unngå ubehagelege situasjonar. Men slik lagnaden skulle ha det, viste filmen seg å ikkje berre vere genuint fornøyeleg, men også langt over gjennomsnitteleg smart, godt skoten, og med Campbell sin upåklagelege komiske timing á la dei store førebileta hans The Three Stooges. Bruce i slik form har vi faktisk ikkje sett sidan Evil Dead 2, og betre skussmål enn akkurat dét trur eg ikkje nokon Bruce Campbell-film kan få.

Bruce har tidlegare uttalt at denne filmen er fyrst og framst for fansen. Og jada; der Campbell gjer narr av seg sjølve og sin "figur" - både den overdrivne oppfatningen den fanatiske fanskaren hans har av kven han er, og den parodiske taparen Bruce Campbell vi også møter i romanen How To Make Love - The Bruce Campbell Way - men han gjer også narr av oss, hans hengjevne fans. Og det er berre å gje seg over for korleis han tar oss på kornet ("Bruce Campbell is the single greatest actor of his generation!"), og akseptere at om vi skal le av han, må vi godta at han ler av oss (Campbell er kjend for å vere veldig fan-venleg). Filmen er proppfull med referansar, parodiar og direkte henvisningar til hans lange B-filmkarriere (inkludert eit par falske titlar som den astutte fan kjenner att frå bøkene hans), og gjesteopptrednar av såvel Ellen Sandweiss (Cheryl frå The Evil Dead), Danny Hicks (Jake frå Evil Dead II) og Tim Quill (smeden frå Army of Darkness) - alle for gode for å avsløra her!

Uansett: Er du ein fan av Brusaren er det ingen grunn til å tru at du ikkje kjem til å sjå dette vesle meisterverket. Om du ikkje veit kven han er (seriøst? Brisco County Jr., for pokker!) veit eg ikkje om filmen har noko særleg appell, reint bortsett frå den herlege fysiske komikken, dei lågpanna vitsane, og old-school splatter-scenane som, som Bruce seier sjølv til Ain't it Cool News, vitnar om tida før "torturpornoen".

Filmen er produsert av teikneserieutgjevaren Dark Horse Comics sitt nye filmhus Dark Horse Indie, og er for tida i begrensa kinodistribusjon i USA: Den  kjem på DVD og Blu-ray 10. februar til neste år, fullstappa med ekstramateriale.

Etiketter: , , ,

29 november, 2008

Filmomtale: Mama Mia

Antall minutt eg haldt ut før eg var nøydd til å gå frå rommet grunna ubehag: 3 1/2.

'Nuff said.

Neste veke: Eg prøver å halda ut i over 4 minutt av Twilight!

(Addendum: Eg føler eg må påpeike at mitt ubehag ikkje berre skuldast filmen i seg sjølv, men heile settinga, forventingane til dei rundt meg, reaksjonane deira, lidskapen... Eg antar det er omlag slik eg sjølv er når eg skal sjå ein episode av Doctor Who, eller ein Bruce Campbell-film...)

Etiketter:

28 november, 2008

Black Friday-tilbod på Amazon

Denne helga er det Thanksgiving i USA, den desidert viktigaste markeringa dei har der borte. Dette slår óg ut på marknaden, og fredagen før Thanksgiving, altså i dag, er berre kjend som Black Friday, fordi folk går amok med handlinga. Seriøst, ser de ikkje på Chuck?

Kvifor bryr eg meg? Å, jo. Amazon.com, verdas største nettbutikk, har ei rekke sinnsjukt gode tilbod i dag i høve Black Friday, men dei er tidsavgrensa, så sving innom tidleg!

Slashfilm har lista opp spesielt gode tilbod på filmar, så sving innom dei for tips til julegåver til dei som ikkje treng undertekstar på filmane sine (i.e. ikkje mor mi, med andre ord). Spesielt gode tilbod på tv-seriar, hint hint!


Etiketter: ,

27 november, 2008

Dei fem beste antikopireklamane på veven

I desse dagar er det jo stor ståhei på dei sju hav, og med unntak av terrorangrep, finanskrisar o.l, er det piratverksemd det vert skrive mest om i dagspressa. Og då snakkar vi om piratverksemd i ordets rette forstand, ikkje det virtuelle tøyseomgrepet som vert kasta rundt av folk som eigentleg ikkje veit kva det vil seie (hint: Det er lovleg å lasta ned t.d. filmar og tv-seriar i Noreg, så å kalla det piratverksemd er faktisk bakvasking! Det er derimot ikkje lov å spre kopiar, men dette blir omtala i same handvending, sjølv om det ikkje er det same).

Det er likevel ikkje til å stikke under ein stol at (virtuell) piratverksemd kan vere svært skadeleg for ulike ledd av underhaldningsbransjen, men for min eigen del er det hovudsakleg tv-seriar eg lastar ned. Piratverksemd av tv-seriar (som ikkje er utgjeven på DVD, vel å merkje) er ikkje skadeleg i heile tatt, fordi dei i USA nyttar det såkalla Nielsen-systemet for å måla antall sjåarar eine og aleine; dei reknar ikkje med TiVO-opptak, online streaming (mange tv-stasjonar tilbyr no seriane streama gratis over veven), og andre, lovlege, måtar folk ser seriane sine på - berre antall sjåarar som registrerer seg på boksen sin når programmet går på lufta. Ergo har nedlasting av tv-seriar absolutt ingen målbar effekt, fordi det er umogleg å skilje mellom lovlege sjåarar som ikkje vert registrert, og gråsone-lovlege sjåarar (i.e. nedlastarar).

Men dette er langt i frå nokon tirade pro eller kontra nedlasting, ei heller ein justifisering for meg sjølv slik at eg kan sova i natt utan å tenkje på dei stakkars, stakkars tv-serieprodusentane, som Tim Kring, som tapar pengar; dette er berre mitt påskot for å dele med dykk nokre videoar som på alvor set fokus på det alvorlege samfunnsproblemet som er ulovleg kopiering. Eg gjer dykk dei fem beste antikopireklamane, eller Anti-Piracy Public Service Announcements som dei heiter på sambandsstatisk, på veven!

5. Bender (Futurama)

Den elskelege, robotiske rakkaren Bender stel kva det skal vere, og han er ikkje ukjend med piratverksemd. Tidlegare har han mellom anna lasta ned Lucy Liu frå internett, i ein episode av komiserien Futurama. Men er det han gjer moralsk rett, sjølv om det får oss til å le så hjarteleg?



4. Jack Black (Tenacious D)

Jack Black tek eit skikkeleg Patrick Swayze- augneblikk, og gjer oss eit ektefølt bod om å slutte opp med ulovleg kopiering.



3. The IT-crowd

Kva er meist skremmande; Dei langsiktige effektene av ulovleg kopiering, eller dei som lagar antikopireklamar??



2. Christopher "McLovin" Mintz-Plasse (Superbad):
Eg personleg er på nippet til å aldri meir lasta ned ein film med Christopher Mintz-Plasse i - han skal få mine DVD-pengar, ingen diskusjon!

See more Judd Apatow videos at Funny or Die



Og den beste anti-piracy PSA'en, er den originale, frå 1992:

1. Don't Copy That Floppy
Og ja, dette er ekte. Frå 1992. Om noko nokonsinne skal overtyde deg om at det er galt å kopiera spel, så er det denne videoen!

Etiketter: , ,

20 november, 2008

Bill er litt frustrert akkurat no

For dei som ikkje kjenner til det (hallo??), så har JJ Abrahams, mannen bak Mission Impossible III, "LOST" og Cloverfield fått frie tøyler til å gje Star Trek-franchisen ein lenge etterlengta oppfrisking. Filmen er sett til før den originale serien fann stad, men etter prequel-serien Enterprise, og handlar om mannskapet frå den originale serien, men frå før den originale serien fann stad. Puh!

For ikkje å framandgjere fansen totalt, har Leonard Nimoy, som spelte Spock i om lag alle inkarnasjonar av Star Trek, ein såkalla cameo - eit fancy ord for gjesteopptreden - i filmen, som den gamle Spock, som på ein eller annan måte møter den unge Spock gjennom eit eller anna tidsfenomen (som er uklart enno - ja, nettopp, mannen som står bak "LOST", ja. Ringte det ei bjelle no, med dette overdrevent kompliserte plottet?).

Men William Shatner, som spelte den karismatiske, og udiskutable stjerna av Star Trek, kaptein James T. Kirk, vart ikkje spurd om å vere med i filmen, noko han er meir enn middels opprørt over, og ikkje har vore redd for å spy utover internett og media (utan konsekvens, for øvrig) - men eg skal spare dykk frå ein haug med lenker de ikkje kjem til å trykka på - berre ta mitt ord for det.

Så når den nye, og noko overraskande, traileren til Trek kom på lufta hin dagen,
, var ikkje Bill Shatner noko vidare imponert.

Vi tenkjer oss at han reagerte slik:


(Via Topless Robot)

17 november, 2008

AWESOME: Gris Grimly + Guillermo Del Toro lagar Pinocchio!

Det var ikkje så veldig mange som fekk med seg Gris Grimly sin spesielt inviterte novellefilm "Cannibal Flesh Riot" under årets WT-festival, og det er ein tragedie i seg sjølv. Den fullstendig geniale designeren, som tidlegare har illustrert for Neil Gaiman (The Dangerous Alphabet, sjå bilete nedanfor), har no blitt snappa opp av Guillermo Del Toro, som vil lage stop-motion animasjonsfilm av Grimly si tolking av Pinocchio, med Grimly som regissør, melder Bloody Disguisting. Ikkje nok med dét, dei skal laga det saman med Jim Henson Company!!! (Ja, det var faktisk verdt tre utropsteikn, akkurat det der).

Seier Del Toro:

We are trying to get a full stop-motion version of Gris Grimly’s PINOCCHIO off the ground, with the Jim Henson Company. The idea came from Gris, and everybody loves his book about it. The original story is far more perverse and spooky and semi-necrophilia vibe to it in certain aspects. Gris certainly has that vein in him, he wants to do this with that original spookiness in it, we are trying to get it going.

The Jim Henson Company is the behind it and we are currently working on the screenplay! Its not coming to a screen near you any time soon, even if it were to begin today it would be about three years in the making, but we are working to make it happen. A full-scale puppet universe takes time.


Gris Grimly sjølv er rakst på pletten på sin eigen nettstad, Mad Creator Productions, og spesifiserer at det er enno svært tidleg i prossessen, og at sjølv om Del Toro nevner at det kan ta tre år til den er ferdig, betyr ikkje det at den kjem ut i 2011. Han seier også at han har arbeidd med å få til ein filmversjon av boka i om lag fem år, og har møtt med både Del Toro og Jim Henson Company fleire gongar heilt sidan den fyrste Hellboy-filmen var i produksjon, så dette er ein prossess som tek tid.

Grimly sin veldig originale og ekstremt stiliserte strek er ein perfekt match for Del Toro sine fantastiske visjonar, og dette er eit prosjekt vi kan sjå fram til.

Nok eit prov på at Del Toro er arbeidsnarkoman og/eller fullstendig galen, med tanke på alle ballane han har i lufta akkurat no!

Dei som dreit seg ut på å ikkje sjå "Cannibal Flesh Riot!" på WT-festivalen, kan angra enno meir ved å sjå traileren til filmen på MySpace:
Cannibal Flesh Riot! Trailer 2



(Via Slashfilm)

Etiketter: , , , , ,

16 november, 2008

DIY Muppet!

Ynskjar du deg din eigen, custom Muppet? Då har eg gode nyhende til deg: FAO Schwartz tilbyr nemleg eksklusive Muppets med ei rekkje ulike løysingar du kan velje mellom for å skape din eigen, unike Muppet - ein Muppet Whatnot.

No må det seiast at dei er litt gnitne på dei ulike vala, og at ting i tillegg har teke til å bli utseld talar heller ikkje i deira favør - men tilbodet er så unikt og genialt, at her er det berre å kaste seg på kredittkortet. Det heile minnar meg litt om Simpsonize Me, berre at du sit att med ein fysisk sak i hendene, og at du diverre ikkje kan laste opp eit bilete som genererer ein ekte Muppetversjon av deg. Sjølv kjem eg til å avventa og sjå om det kjem fleire kustomiseringsalternativ, det var nemlig ikkje mogleg å laga ein muppet-Ole Henning av desse vala.

Etiketter: , , ,

15 november, 2008

Berre meg som gler seg??

Etiketter: ,

14 november, 2008

Klonane reddar æra

Kven hadde trudd det? Den nye Star Wars: Clone Wars tv-serien manar fram mykje av den same sjarmen og barnlege gleda som den originale trilogien gjorde. Utan Hayden Christensen sitt åleglatte og talentlause ytre (ei eingong stemme, men med stemma til Matt Lanter!) framstår Anakin som ein perfekt, trøblete helt med akkurat passe dose issues utan å bli EMO, og vissheita om at han ikkje blir Vader i løpet av denne serien gjer at vi kan kjøpe han som helt utan å vente på at han skal bli ond. James Arnold Taylor si stemme som Obi-Wan er ein ypperleg blanding av Ewan McGregor og Alec Guinness, og det er berre heilt fabelaktig å høyra Dee Bradley Baker som SAMTLEGE klonar (sjølvsagt). Sistnevnte er kanskje det kulaste ved heile serien, Star Wars sine nye badass chicks Assaj Ventress og råkule Ahsoka Tano inkludert. Klonane har verkeleg individuelle identitetar, sjølv om enkelte slit med det faktum at dei alle er "like" på bunnen. Eg kjenner at eg verkeleg diggar Commander Cody, sjølv om eg gav katten i han i makkverket som er Revenge of the Sith (som likevel er tolv parsec betre enn Attack of the Clones!), og Captain Rex er eit herleg tillegg til eit rollegalleri som faktisk kunne blitt noko monotont (i og med at 95 prosent av bakgrunnskarakterane er klonar eller battledroids).

Alt i alt er Clone Wars, etter sju episodar på Cartoon Network, eit gledeleg gjensyn med Star Wars-universet, etter at nettopp dette tok ein kraftig støyt av filmtrilogien som nesten tok livet av det for fans av dei originale filmane. Eg likte Genndy Tarkovsky sin teiknefilmserie frå 2003 ganske godt også (også på Cartoon Network), men episodane vart for korte og sporadiske til å engasjere - ikkje så med denne nye inkarnasjonen. Lucas har greid å fornya SW på ein måte som fungerer og engasjerer, og eg gledar meg til ein ny episode kvar veke. TV-formatet passar SW overraskande bra i denne drakta, og det er berre å glede seg til live-action serien som etter planen skal på lufta når Clone Wars sine 100 episodar er over.

Etiketter: , ,

08 november, 2008

Nerderiet er over for i år

Med gårsdagens syningar av Outlander og Interplanetary er den fantastiske delen av programmet på WT Os internasjonale filmfestival over for i år. Med nesten fullsatt sal var Outlander lett den mest vitja filmen på årets festival, som ikkje er overraskande, men synd. Moro dog det var, den verkelege stjerna var Interplanetary, som hadde meir eller mindre verdspremiere (den hadde ein tidlegare syning i Memphis for nesten ein månad sidan, men dette var ein tidlegare, meir uferdig klipp, og det var mest folk tilknytt filmen tilstades - les ein omtale av filmen hjå Oxford Film Freak her).

I sann John Carpenter-stil leverer Interplanetary varene med eit imponerande, CG-fritt visuelt ytre, og eit spennande og akkurat passe cheesy manus (til samanlikning var det cheesye manuset til Outlander nok til å skapa laktoseintoleranse). Filmen handlar om staben på ein marsbase eigd av ein megakorporasjon (Interplanetary Corporation), og handlar om kva som skjer når denne staben beståande utelukkande av middle management og support crew hamnar i ein situasjon som merkeleg nok ikkje vert dekka av selskapet sine fyldige permar med retningslinjer og byråkrati. Det heile utviklar seg i ein retning splattermeistar Roger Corman hadde vore imponert over, og regissør Chance Shirley sine grep for å dekkja over sekvensar som hadde blitt for dyre for superlågbudsjettet i blant mersterlige. Kombinert med ein originalt lydspor igjen heilt i Carpenter-anda er dette ein film eg vart sitjande igjen med eit intenst håp om at dei vert plukka opp av ein stor distributør etter. De kan følgja Chance og Interplanetary på veven, på filmen sin blogg, Everybody on Mars is Dead.

Dette er verkeleg den typen filmar WT-festivalen handlar om.

Outlander var også som forventa: Totalt over-the-top, supersnackse effekter, digre eksplosjonar, vikingar og aliens, ein perfekt symbiose av mellom anna Alien, Army of Darkness, Predator, Den 13. kriger og John Wayne-westerns (!). Sistnevnte i form av Jim Caviezel sine utrulig klisje men kontante "kjenslelada" replikkar - heilt i The Duke's ande. For å sitera filmanmeldarane på The Simpsons,"It was a rollercoaster of shrills, thrills AND kills!", og om det var moro! Kombinert med det å ha ein hastig leigd 35mm prosjektør inne i salen (den var for høg for prosjektorrommet frå 1938!), samt bytte av rull midt i, var dette definitivt sann Grindhouse, og det er fantastisk å ha vore med på denne opplevinga.

Det einaste som er så synd er at det må til ein film av dette kaliberet for å lokka folk på kino i Fjellheim - og eg antar filmfestivalar elles. Folk er naturleg skeptiske til ting som nokon andre ikkje allereie har bestemt at skal gå på vanleg kino - men kvifor det? Eg trur vel så mange hadde hatt glede av mange av dei andre filmane våre i år, som leid under låge besøkstal, men fekk svært gode skussmål av dei som såg dei, spesielt Goodbye Baby og Interplanetary. Det som i allefall er sikkert er at det berre er i prime time folk har lyst å gå på kino, og det er absolutt noko festivalen kjem til å ta i betraktning i framtida - men det er framleis synd.

Etiketter: , , ,

07 november, 2008

Statusrapport frå WT-festivalen

WT-festivalen 2008 er i gong, og det er no publisert ein liten statusrapport så langt på nettsidene til festivalen.

Den nasjonale pressa har glimra med sitt fråver nok ein gong (det er jo trass alt berre Os, ikkje Oslo, og det er ingen live sex show på festivalen, som er det som må til for å dra Oslopressa ut av syndebygda si), men det vert sjølvsagt ein del lokalt.

Frå nettsidene til festivalen er her eit utdrag:

Årets festival er i full sving, og det har skjedd mykje allereie.

Opninga onsdag vart sjølvsagt dekka av pressa, både lokal og metropol sådan. Både Midtsiden , Os&Fusaposten, BA og Vestlandsrevyen hadde førehandsomtale av festivalen - trykk på lenkene for å lesa deira inntrykk frå timane før det braka laust som verst. Bergen StudentTV var også tilstades, og denne rapporten kjem seinare i veka.

RadiOs var sjølvsagt representert ved Jan Petter Svendal under opninga, og han opplevde det heile slik .

Midtsiden har lete seg imponera stort over Elin Søfteland si fantastiske utsmykking av Fjellheim, og skildrar dette gjennom denne fotoserien .

BA var tilstades på den raude lauparen, og snakka med både festivalstab, jurymedlemmar, og gjestar, og slik rapporterer dei dét .

Midtsiden tok seg også tid til å snakka med vår æresgjest Timo Vuorensola, og det intervjuet kan du lesa her .


Etiketter: ,

05 november, 2008

Doctor Who eller Doktor Ut?


Ja, det var mullaen att då, framleis på vegne av jbq som er ute og sprer glede på festival. Ei sak som satt seg fast i mytt romslege skjegg her forleden, var at den godaste David Tennant sluttar som Dr. Who.

Ja, eg er no ikkje særleg overraska. Det ligg litt i tida det der. På meir enn eit vis.

David Tennant tok over for Chris Eccleston som var mannen som fekk æra av å sparke liv i den evigvarande serien om Doktoren som vandrar i tid og rom og bekjemper alskens farar. Ja, jbq har vel snakka nok om dette til at eg ikkje treng å introdusere konseptet? No tok nyleg serien pause, og skal, forutan eit par filmar, ha pause fram til 2010, då David Tennant altså ikkje vender attende til rolla.

Då tidlegare doktorar gjerne hadde rolla over lengre tid, lev jo òg han no "i tida og forventar effektivitet", så at doktoren allereie no skal skiftast ut er inga bombe. Vi snakkar attention-span her folkens. Etter dagens fjernsynslogikk er to-tre år i ei rolle ei heil eve, og denslags kan øydeleggje ein karriere, såvel som serien. Så det var det, David Tennant er altså ut.

Spørsmålet om kven som skal ta over er allereie kasta ut til folket, og mange namn vert tatt opp i den samanheng. Eg vil difor, som den profeten eg er, kom med ein liten spådom.

Den neste Doktoren vil vere neger.

Kvifor? Det litt i tida vettu, kan ein neger vere amerikansk president, så kan ein neger vere Doktoren. Er ikkje det logisk då? Dessutan, som Obama har prova denne veka, så sel pigmentert hud ganske bra for tida. Du treng ikkje ein gong å ha eit bodskap om du har litt farge, og skinnande tenner.

Diverre trur eg det er for mykje å vone på at den neste Doktoren vert Denzel Washington - men eg er med på ei underskriftskampanje om du er.

Etiketter: , ,

Forbidden Planet Redux?

God kveld i stova, det er din kjære mulla og profet her, og eg har blitt bedt om å dele litt godsaker her for min venn Jack B. Quick, som for tida er opptatt med ein festival av eit slag. Alle hans kreftar vert satt inn der, og det er ikkje pust i kroppen att i han til å fortelje dykk noko så vidunderleg som at Forbidden Planet får ein remake.

Greit, vidunderleg er det vel kanskje ikkje. Forbidden Planet, frå 1956, er blant dei ytterst få klassiske science fiction filmane som framleis held stand. Det gjorde den i alle fall sist eg såg den. Eg fniste aldri over dårlege effektar, ei heller himla eg med auga, heller ikkje for elendige skodespelarprestasjonar eller dårleg manus. Filmen er simpelthen god, og er det framleis. Faktisk er vel det du reagerar kraftigast på at Leslie Nielsen ikkje snublar eller oppførar seg på sitt etterkvart vanlege klovneaktige vis i denne filmen som mange nok vil rekne som hans dramatiske gjennombrot (og høgdepunkt). Dette er milevis unna den Nakne Pistol og Hjelp! Vi flyr!, dette er science fiction drama, med solide horror-element, som... vel... du bør vel eigentleg sjå den.

For dei som likar triva er det verdt å ta med det velkjente faktum at både romskipet og roboten som står sentralt i filmforteljinga dukkar opp att i fleire episodar av The Twilight Zone og andre seriar og filmar. Kva meir prov treng du eigentleg?

Vel, eit prov på at dette er ein klassisk film er jo at Hollywood, i sin stadige meir openbare idètørke, no vil spele den inn på nytt. Ein idè som eg vanlegvis møter med stønn, gru og diverse utbrot på Yiddish.

Så kvifor ligg eg ikkje i fosterstilling og grin denne gongen? Fordi eg er ein fanboy, og når det er Joe Michael Straczynski (som jbq ikkje er så glad i) som har blidd plukka til å skrive manus, så ser eg for meg at dette kan verte interessant. Ikkje så mykje remake som hyllest ser eg for meg frå mannen som gav oss The New Twilight Zone, fleire sesonger med Murder, She Wrote og ikkje minst - tidanes beste fjernsynsserie - Babylon 5 (som jbq verkeleg ikkje likar). I den siste tida har Straczynski vore involvert i teikneserieproduksjon (Spider Man, Rising Stars) og ymse filmprosjekt som Clint Eastwood sin nyaste; Changeling.

Så kva kan ein vente av ein JMS-versjon av Forbidden Planet? Eg trur vi kan summere det med tre punkter:
1. Ektefølt homage til ein klassikar, dvs. ei utdjuping av det som gjorde originalen god. (Nemnte eg at eg var ein fanboy?)
2. Filosofi. Og mykje av det. Både av det platte og det djupe slaget. Straczynski har alltid hatt ein tendens til å ta opp essensielle spørsmål når han har frie tøyler.
3. Monologar. Heftig lange taler. Taler som gjerne byrjar med "My father always told me...", og som sluttar med at du har gåsehud... evt. har sovna.

Eg trur særleg punkt 3. vert sentralt.

Så får vi sjå då... kor langt dei kjem i prosjektet. Å be nokon å skrive eit manus er framleis eit stykke unna å realisere ein film.

Etiketter: , ,