Fleire castingnyhende frå Doctor Who - Michelle Ryan bekrefta
Fleire kjelder melder i dag at ryktet om at Michelle Ryan skal stille som andrefiolinist i Doctor Who tilsynelatande var sant - men ikkje som Matt Smith sitt reisefølgje.Det er lang tradisjon med fans som luskar på innspelinga av episodar av serien, og spesialepisoden som går på lufta no til påske er inga unntak. Den of Geek og Daily Mail melder båe om at "Bionic Woman" Michelle Ryan har vore observert på settet under innspelinga av det som blir den fyrste av i alt fire spesialepisodar før David Tennant leverer inn nålestripedressen, Converse-skoa, og nøklane til TARDIS. Det hevdast også at ho er i samtalar om å fortsetje i rolla på fast basis - vi reknar då med at det då er tale om den nye sesongen med Smith i 2010.
Som tidlegare rapportert, har Ryan jobba med showrunner Steven Moffat før, og det vert spennande å sjå korleis kjemi ho eventuelt vil ha med henhaldsvis David Tennant og Matt Smith. Serien har fleire gongar fått kritikk for å fokusere for mykje på emo mellom Doktoren og hans "crumpets" (spesielt Rose, spela av Billie Piper), om mange såg det meir platoniske forhaldet mellom han og Donna Noble (Catherine Tate) som forfriskande.
(via Outpost Gallifrey, Daily Mail, Den of Geek)
Etiketter: Doctor Who, Ryktebørs, TV-seriar



Komikar Catherine Tate opplevde enorm suksess som Doktoren sitt reisefølge i sesong 4 av Doctor Who. Rollefiguren Donna Noble er blitt ein av dei mest populære bikarakterane i den nye serien, takka vere den fabelaktige karakterutviklinga serien sine skribentar utsette henne for. Hadde det ikkje vore for mitt hjartesukk for Freema Agyeman som Martha Jones, samt kjærleiken til Captain Jack (platonisk, vel å merke), ville eg lett ha kåra Donna som min favorittkarakter i serien. Catherine Tate er mest kjend som sine ufordragelege karakterar på The Catherine Tate Show - som tidlegare har "cross-overed" med den gode Doktoren, berre sjå her:
I øvrige Doctor Who-nyhende er det nyaste casting-ryktet at smellvakre Michelle Ryan - som de sjølvsagt såg på NRK-premiera av BBC-serien "Merlin" i går kveld, eller kanskje som "The Bionic Woman" i fjor, skal traktere rolla som Matt Smith sin følgesvenn i neste sesong av Doctor Who (2010). Ryktet går for å vera svært truverdig, då Ryan tidlegare har jobba for showrunner Steven Moffat i den ypperlege "Jekyll", og showrunnarane i Doctor Who har for vane å gje rollar til skodespelarar dei tidlegare har arbeidd med (for øvrig ein tradisjon i britisk tv generelt). Dette gjer det enno mindre sannsynleg at Paterson Joseph snik seg inn i serien den vegen, trass i at også han spelte i "Jekyll".



Mail on Sunday


