"From now on you will be referred to as Tetsuo"

Pitchen seier "Blade Runner møtar City of God", som høyrest heilt idiotisk ut, og eg fryktar Matrix-kloning deluxe.
Som forventa, er sjølvsagt handlinga flytta til USA, og skal foregå på New Manhattan (hæ???), og Leonardo DiCaprio, som produserer filmen (!), ligg an til rolla som Kaneda, medan Joseph Gordon-Lewitt (frå 3rd Rock from the Sun) skal tangere Tetsuo si skapnad. Ugh.
Garantiane for at det blir ny glorete skinnjakkemote og EMO-hårfrisyrer i kjølvatnet av denne kalkunen er innebefatta. Vi gruar oss, men som dei nerdane vi er, kan vi ikkje hjelpe for å grue oss med ein viss form for fryd...
Vi kjem til å følgje denne saka.
Lenker:
Slashfilm
Ain't It Cool
Variety
(og for dei som lurar på tittelen på dette innlegget, er det sjølvsagt inspirert av Evil Dick på 3rd Rock from the Sun).
Etiketter: Popkult, Teikneseriefilm
2 Comments:
Jammenherrejemini?! Det er vel ikkje lenge før dei tar fatt på Disney sine teikna klassikarar no. Dette kan jo aldri gå bra.
Neppe. Merka meg at til og med Bergens Tidende meldte om denne saka her om dagen. Sjølvsagt totalt feilinformert, forøvrig. N00bs! ;-)
Legg inn en kommentar
<< Home