on holid on holiday by mistake: Buck Rogers + Frank Miller = OMFG

10 mai, 2008

Buck Rogers + Frank Miller = OMFG

(Dette innlegget er dedikert til Vidar)

Dei som har nokon som helst tilknytning til WT-festivalen veit at fleire av hovuda som kokar saman festivalen har ein spesiell plass i hjartet for nerdeting (ja, tilmed eg! Kven hadde trudd?). Dette gjeld mellom anna snål film, teikneseriar, og obskur science-fiction og pulp. Stikkord på ting vi likar kan vere, tja, Frank Miller og Buck Rogers, for eksempel?

Då kan du tenkje deg korleis vi reagerte då vi fekk høyre rykta om at nettopp Frank Miller kanskje skal gjenopplive nettopp Buck Rogers.

Eller gjer du det? Kanskje du seier, "Miller? Rogers? Kven snakkar du om?"

Velvel, på tide med nok ein liten runde folkeopplysing.

Frank Miller er ein av dei mest banebrytande teikneserieskaparane dei siste 15 åra. Mannen stod bak at Batman reiste seg frå middelmådigheiten etter mange år som ein elendig serie, med The Dark Knight Returns. Han gjorde det same med Daredevil, og skapte fan-favoritten Elektra. Men det verkelege gjennombruddet hans kom med Sin City, som alle har sett, og difor plutseleg skjøna kven eg snakka om. Han, ja. Han som også laga serien 300 er basert på.

Miller har ein ny film på trappene i år, The Spirit, filmatiseringa av teikneserieguden Will Eisner sin seminale serie (for å illustrere kor stor Eisner er, så er den mest prestisjetunge serieprisen i verda kalla the Eisner Award). Diverre er det ingen som lenger veit kven i huleste The Spirit er, så vi får vone at Frank Miller aleine har gravitas nok til at folk går og ser den.

Her er ein teaser trailer, for øvrig. Og ja, det blir ganske likt Sin City, dersom du lurte. Det er liksom Miller sin unike stil (han co-regisserte Sin City, så rekn med at det var han som tilførte denne stilen), så det er eigentleg greit.



Så, lat oss snakke litt om Buck Rogers.

Buck Rogers gjennom 80 år (fritt etter Wikipedia)
Buck Rogers er ein legendarisk romhelt, som fyrst dukka opp under namnet Anthony Rogers i to novelletter publisert i Amazing Stories i 1928, skrivne av Philip Francis Nowlan. Historia er klassisk pulp nonsens: Ein amerikansk flygaroffiser ramlar ned i ein gruvegong og blir slått i koma av ein mystisk gass. Han vaknar opp 500 år seinare, og slår seg saman med ei lekker møy og ein skrullete doktor for å slåss mot onde rom-mongolar (sic).

I 1929 fekk John F. Dille løyve av Nowlan til å snekre ei teikneseriestripe av helten (for dette geniale konseptet skreik jo etter å videreførast?), for høvet omdøypt Buck Rogers. Stripa debuterte saman med den enno meir kjende teikneserien om Tarzan.

Interessant nok redefinerte desse to seriane teikneserieformatet, som tidlegare hadde berre vore enkeltståande vitsar. Buck Rogers og Tarzan var båe sekvensielle, det vil seie dei hadde ei fortsetjande historie, av det formatet Fantomet framleis har i dag, og som alle utanom eldre BA -og Aftenpostenlesarar hatar intenst. Men på denne tida var det grensesprengande, og det er takka vere suksessen av desse to seriane at mediet utvikla seg til det som vi kjenner og elskar (og i somme tilfelle hatar) i dag.

Spin-offprodukt og merkesteinar

Buck Rogers in the 25th Century hadde fleire spin-offprodukt, som pop-upbøker, samlingar, o.l., og ikkje minst den dramatiserte radioføljetongen. Ikkje berre var Buck Rogers den fyrste sekvensielle teikneserien, ikkje berre var det den fyrste science-fictionteikneserien, det var også det fyrste science-fictionprogrammet på radio nokon sinne! Serien vart kringkasta fire gongar i veka i frå 1932 til 1947.

Og det enda ikkje der: Buck Rogers in the 25th Century: An Interplanetary Battle with the Tiger Men of Mars var ein kortfilm på 10 minutt produsert i 1933, med John F. Dille sin son, John Dille, jr. i rolla som Buck (elskar de ikkje tittelen, for øvrig?). Filmen var laga i reklameøyemed, og ein meir obskur Buck-kortfilm var også produsert i 1936.

I 1939 vart det laga ein 12-episodars filmserie produsert av Universal Pictures. Serien var av låg kvalitet, og resirkulerte kulissar og props frå andre sci-fiseriar, som t.d. Lyn Gordon (men kven ville vel ikkje resirkulere kulissar frå Lyn Gordon?). Serien vart også klippa saman til tre spelefilmar over 25 år seinare.

Den fyrste tv-serien av Buck Rogers in the 25th Century vart produsert frå 1950 til 1951 av ABC, men diverre finst det ikkje lengre kinetoskop av denne serien.

Spelefilm og tv-serie for nye generasjonar

I 1979 vart det produsert ein pilotepisode for ein ny Buck Rogers-serie. Denne vart vist på kino, og vart godt motteke. Serien omhandlar US Air Force-pilot kaptein William "Buck" Rogers, kommandør på romferga Ranger 3 i den fjerne framtida 1987. Nok ein gong vert Buck offer for snodige gassar, og ligg komatøs i 504 år. Der (eller burde det vere då?) får han vite at vi burde omskrive historiebøkene våre, fordi jorda var sameina i 1988 etter ei frykteleg atomulukke (kunne ha lurt meg). Alle nasjonar på jorda vert beskytta av Den jordiske forsvarseininga med hovudkvarter i New Chicago (kvar elles), og Buck slår seg saman med desse for å stogge ondingar frå planeten Draconia!

Serien introduserte den elskelege og humoristiske roboten Twiki, som i Statane er nesten like kjend som R2-D2, Cylonar, og den derre roboten frå Lost in Space som heile tida masar "Danger, Will Robinson! Danger!" som ingen veit kva heiter. Den er meir kjend enn Doctor Who sin robothund K-9, men det er ikkje så merkeleg.

Sidan serien var skikkeleg forut for si tid fekk Buck vanskar som han ikkje kunne slåss mot, nemleg ein manusforfattarstreik i 1981 som var minst like brutal som den vi nett hadde. Då serien kom på lufta att, var den mistenkeleg lik Battlestar Galactica: Buck dreg på oppdrag for å finne dei tapte menneskekoloniar i rommet. Serien vart snart lagt ned, men er framleis ein kjempestor kultfavoritt.

Buck Rogers er i dag ein inngrodd del av den amerikanske popkulturelle medvita. Den generelle befolkninga hadde berre tilgong til science-fiction gjennom teikneseriane i avisene, og difor var Buck med på å forme den oppfatninga folk hadde av kva science-fiction skulle vere. Lyn Gordon , Battlestar Galactica, Star Trek og Star Wars er direkte resultat av dette. Buck var fyrst ute, han var alle romfarande swashbucklande* heltars far.

Buck Rogers in the 21st Century
I følgje IGN, står altså ny versjon for tur, med Miller som regissør. Miller er angjeveleg ven med Flint Dille, ein teikneserie-, tv-, og dataspelforfattar og produsent, som m.a. skreiv ein teikneserieroman om Buck i 1990. Åja, og så er han John Dille sitt barnebarn. Flint (vår mann?) skal skrive manus og produsere, og filmen skal ha eit budsjett på omlag 40 millionar dollar. Det er kanskje ikkje så mykje, tenkjer du, men ryktet seier at filmen skal bevisst spele på at effektar og scenografi er billege, samt harselere med kor tåpeleg 1980-serien var. Det kan funke temmeleg bra, spør du meg.
Les mykje av det same og litt uinteressant ekstra info hjå IGN.

Oppdatering: IGN melder no at Nu Image/Millennium Films har kontakta dei i høve saka, og hevdar at ingen avtale er gjort med Miller. Dei har ikkje bestemt seg for regissør enno, seier dei. Eeek!


*No, diverre finst det ikkje noko norsk ord for "swashbuckling", så la oss ta eit bel for å klarere nett kva det betyr.

Swashbuckler er eit omgrep som dukka opp på 1600-talet, og beskreiv ein sjølvgod, pralande og storkjefta fektar, som slest med eit rundt einhandsskjold ("buckler") i eine handa. Dette bråka og vifta han rundt med ("swashing"), og kunne gjerne finne på å gjere ukonvensjonelle manøvre ut av det blå.
- I admit it, you are better than I am.
- Then why are you smiling?
- Because I know something you don't know.
- And what is that?
- I... am not left-handed!
- You are amazing!
- I ought to be, after 20 years.
- Oh, there's something I ought to tell you...
- Tell me.
- I'm not left-handed either!
I litteraturen vart omgrepet utvida til å gjelde den fryktlause, sjarmerande og romantiske arketypen av ein helt. Swashbucklingmanøvrar inkluderer t.d. svinging i lysekroner, fekting opp trange trappeoppgongar, forføre lettpåverkelege møyer, og den slags. Klassiske swashbucklers inkluderer Robin Hood, Dei tre musketerar, Zorro, Lord Flashheart, Indiana Jones og Han Solo.


AAaah no kjenner eg meg betre i alle fall, ingenting eg likar meir enn å besudle opplyse viljuge sinn.

Etiketter: , , ,

2 Comments:

Blogger Christian Brandt-Hansen said...

Finfint med litt folkeopplysning.

Eg er faktisk av dei som kjenner til The Spirit, takka vere onkelen min sine gamle teikneserier. Flott serie, men hadde ikkje The Spirit kvit skjorte?

Buck Rogers har eg ikkje mykje kjennskap til - eg trur det derimot var nok av Roy Rogers i far min si seriesamling frå barndomen. Ikkje heilt det same kanskje, men likevel...

Ellers er det berre å sei swashbuckling ftw!

1:21 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

Spirit hadde blå dress med kvit skjorte, ikkje svart som i Miller sin versjon, men det er greit.

Kanskje eg skal vie eit innlegg til Buck si historie ein gong, ikkje berre historia til franchisen (som for øvrig er godt eksempel på at det ikkje berre er Aliens, Predator og Batman og Highlander som slit med dårleg kontinuitet, men at nokon gjorde det mange tiår tidlegare, og at det å reboote eit franchise a la Batman Begins ikkje er eit originalt fenomen!).

Elles, burde det ikkje eigentleg heite buckleswasher, sidan det ikkje er swashes som blir buckla men buckles som blir swashed? *svinger seg i lysekrona*

Og ein liten oppdatering, Flint Dille og Frank Miller er, indeed, kompisar, og Miller kjem kanskje til å påverke Dille sin kreative prossess (sitat Dille). Men Miller vert IKKJE regissør av Buck Rogers, det kunne Dille avkrefte.

Eg veit at det gjer denne artikkelen noko overflødig, men det drit eg i - eg har leita etter eit påskot for å skrive om Buck.

Alt dette Dille og Miller gjer meg forvirra. Eg forventar at DeMille skal dukke opp når som helst!

5:22 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home