on holid on holiday by mistake

26 juli, 2008

David Warner, Doctor Who, Captain America - samanheng?

Medan eg ventar på at det skal bli jul slik at eg kan få min naudsynte dose Doctor Who, har eg nokre sakar å dele med dei som bryr seg om slikt.

Julespesialtrailer på Comic Con
Britiske Doctor Who-fans surmular til den store gullmedaljen etter at Doctor Who-panelet beståande av Grand Moff himself Steven Moffat, Julie Gardner, og John Barrowman (Captain Jack) hadde med seg traileren til årets julespesial til amerikanarane. Den er nemleg ikkje vist i Storbritannia, og for britiske Doctor Who-fans er dette sjølvsagt ei fornærming på linje med å dumpe te i Boston Harbour.

Den har sjølvsagt hamna på veven, og eg såg den sjølvsagt med det same (duh! som om det IKKJE står "Doctor Who Geek" i panna mi eller noko!). Ingen store overraskingar; Cybermen er attende, og historia seiast å vere inspirert av audioskodespelet "The One Doctor", der Doktoren oppdagar at ein sjarlatan nyt sosietetslivets godar ved å utgje seg for å vere vår alles favoritt-tidsherre, komplett med falske Cybermen som han slest mot. Men så dukkar ekte vare opp, og då er vi i gong
. Traileren er i så dårleg kvalitet at eg ventar med å poste den til BBC lanserer den sjølve. Her er i staden teaseren som også var med i sesongavslutninga i Juli:


Captain Jack er... Captain America...?

Under spørsmål-og-svar-runden spurte ein fan John Barrowman om han kunne tenkt seg å spele Captain America i den komande storfilmsatsinga frå Marvel. Barrowman sin respons var noko... uventa (via ComingSoon.net):

He smiled and gave the stock answer that he’d love to play the character and that Captain America has always been his favorite comic book superhero. Clearly, though, the notion did not take him by surprise and he ended up admitting there had been discussions with his agents and meetings on that very issue.

Javel?? Det ville i såfall vere det einaste i verda som kunne få meg til å bli interessert i ein film om ein karakter som har null apell utanfor Statane. Captain Jack FTW!!


Nok SDCC for no, og over til noko heilt anna. Vel, ikkje heilt, det handlar framleis om Doctor Who...


David Warner er Doctor Who!
Dei aller fleste filmnerdar (og då meiner eg nerdar som likar film, altså) har eit relativt vått forhold til kultskodespelaren David Warner. Ein skodespelar med ein karisma berre eit fåtall erkebritiske skodespelarar, som mellom anna Ian McKellen, Brian Blessed, og Richard Harris, har (eller i tilfellet Harris, hadde, RIP). Det er noko med glimtet i auget, måten dei enunsierer ord på, haldninga - svært få har denne spesielle kvaliteten.

Det er kanskje difor Big Finish Productions, som i ei årrekkje har laga audioskodespel med alternative Doktorar frå Doctor Who, vel å produsere eit nytt kapittel om den alternative tredje (!) Doktoren, spela av nettopp Warner. Warner får følge av Nicholas Courtney som Brigadier Lethbridge-Stewart, ein av dei mest elska bikarakterane i serien, som var med med jamne mellomrom frå sekstitalet til åttitalet, og no gjer comeback i Doctor Who-spin-offen "Sarah Jane Adventures", samt den andre skodespelaren til å spele rolla som Daleks-skapar Davros, Terry Molloy, i "The Masters of War". The Master er merkeleg nok ikkje med, tittelen til trass.

Men eg bør leggje til at Warner ikkje er aleine som Doktoren i Big Finish sine nye skodespel. Samstundes med denne produksjonen produserer dei også eit eventyr med den alternative fjerde Doktoren, spela av Trevor Martin, som også spelte inkarnasjonen på scenen i 1974 i "The Seven Keys of Doomsday", og Colin Baker, den femte Doktoren, trer nok ein gong inn i TARDIS i "The Ultimate Adventure. Michael Praed trakterer ein ukjend inkarnasjon av tidsherren i "Curse of the Daleks". EXTERMINAAAATE!

Kvifor Big Finish sjonglerer så mange Doktorar på ein gong (det finst også laaaaaange seriar med den sjuande Doktoren, Sylvester McCoy, og den åttande Doktoren, Paul McGann, samt med Richard E. Grant som den alternative niande Doktoren, og den noverande tiande Doktoren David Tennant, og ei rekke andre - puuuuh!), er umogleg å skjønne. Likevel er det kjekt å sjå at mytoset bak Doctor Who framleis er så knusande populært at det er ein marknad for dette her.


Om berre NRK kunne få fingen ut og sende meir Doctor Who, helst rett etter Barne-TV på laurdagar, då serien er meint for å visast, og kan besudle unge sinn til ekstrem nerderi!

Og ja, eg er allereie utsulta etter sesongavslutninga for nokre veker sidan, og tykkjer det er veeeeeeeeeldig lenge til neste episode av Doctor Who, som kjem Fyrste juledag...

Etiketter: , , , , ,

21 juli, 2008

Grand Moff dumpar belgisk journalist for heit affære med ukjent doktor!

Mail on Sunday meldar at Steven Moffat har takka nei til ein halv million pund for å skriva manus til Tintin-film 2 og 3, fordi han skal ta over som showrunner for Doctor Who frå og med neste sesong.

Moffen sjølv dyssar det heile ned ved å forklare kvifor han berre skriv manus for Tintin 1, trass i å ha vorten headhunta av Spielberg og Jackson: Han hadde berre kontrakt på film ein og to, og då prosjektet vart utsett av manusforfattarstreiken i statane gjekk det utover Moffat sine nye plikter som showrunner for Doctor Who hjå BBC, og bad difor om å bli løyst frå kontrakten. Han kallar påstanden om ein halv million pund "entirely speculative and wildly inaccurate".

Kanskje ikkje den største nyhendeverdien å hente her, men moro lell, spesielt sidan dette vert slått enormt stort opp i England, der sesongavslutninga av Doctor Who hadde høgaste sjåartal i serien si 45-år lange historie, og slo dei aller fleste sjåarrekordar på britisk fjernsyn i 2008.

Moffat presiserer at Doctor Who var det einaste i verda som kunne ha fått han til å takka nei til å jobba vidare på JackSpiel-filmatiseringa av Tintin. Han seier at "[...]nothing less than Doctor Who could have torn [him] away" from Tintin. Han kallar Tintin eit "stunning project" som han er stolt over å ha vore involveret i, men "the proper duty of every British subject [is] to come to
the aid of the TARDIS".

Etiketter: , , , ,

20 mai, 2008

Meir OMFG! Moffat tek over Doctor Who!

Då er det offisielt, etter mange månadar med spekulering og rykter: Russel T. Davies, mannen som brakte "Doctor Who" attende frå sitt nesten 15-år lange hiatus (eller ni, om ein reknar med filmen) går av som showrunner neste sesong, og gjev fakkelen vidare til ingen ringare enn Steven Moffat.

Moffat har sidan serien gjenoppstod vore hylla som den beste Who-forfattaren, inkludert av Davies sjølv, som hevdar at han tuklar med alle manus han får inn, gjerne med fullstendige omskrivningar - unnteke Moffat sine manus. Og i sanning er Moffat-episodane fleire divisjonar over resten av Who-forfattarane, noko denne sesongen med sine merkeleg keisame episodar (men framleis moro) kan vitne om. Det er store forventingar til Moffat dobbelepisoden som kjem på BBC laurdag om to veker, og Moffat sin Doktor-episode frå førre sesong, "Blink", vann nett BAFTA (britisk Oscar) for beste TV-manus. To gongar! (Den eine ved BAFTA Cymru, den walisiske tevlinga). Det var berre å forvente; ein kunne ikkje svinge innom eit vev-forum eller ei kritikarside som tala om Doktoren, og ikkje få med seg at det var temmeleg unisont blant Doktor-sjåarar verda over at Moffat sine episodar var suverene, og nesten heva over kritikk. Utvilsamt har BBC kjend det på same måten.

Steven Moffat har ikkje berre tiltru frå BBC - han er også mannen Steven Spielberg og Peter Jackson har handplukka til å skrive manus til dei tre Tintin-filmane som er i produksjon - og det er ikkje akkurat å kimsa av.

Han har óg mange fans frå før "Doctor Who"; Her i Noreg gleda vi oss i fleire år over hans vidd med serien "Avisgjengen" etter Barne-tv. Han er mannen bak verdas beste romantiske sit-com, "Coupling" (faktisk er det dein einaste gode romantiske sit-comen i verda, så det blir litt meiningslaust å kalle den verdas beste), som gjekk på TV2, samt den grufullt gode "oppfølgjaren" til Robert Louis Stevenson sin Doctor Jekyll & Mr Hyde, "Jekyll", frå BBC i fjor. Moffat hevdar heile hans karriere har vore eit hemmeleg spel for å få denne jobben som showrunner for "Doctor Who", og at han har søkt før, men då hadde dei andre i tankane (det, og det faktum at han var sju år på tidspunktet).

Eg kan ikkje anna enn å anbefala alt mannen har rørt ved, det er reint gull. Gold, Jerry, gold! Frå eit forfattande standpunkt er Moffat det næraste eg kjem eit førebilete (min store, urealistiske draum er jo å skrive fjernsyn for BBC), og som den "Doctor Who"-fanen eg er, er dette definitivt kategorisert under OMFG (ny label herved oppretta), trass i at det nesten var venta.

(Og dei fleste har kanskje fått med seg at Miller ikkje kjem til å regissere Buck Rogers, men i sanning hadde eg berre leita etter ei orsaking til å skriva ein artikkel om Buck, så det er for såvidt greit. Dille hevdar Miller kjem til å påvirke den kreative prossessen uansett, i og med at dei er så nære vener.)

Etiketter: , , , ,