on holid on holiday by mistake: Hulken teasertrailer

11 mars, 2008

Hulken teasertrailer

Traileren til Hulken endeleg her? Not so much...
(Moglege spoilers)
Marvel set ny standard i tvilsam melking, før dei onsdag lanserer traileren for Edward Norton sin The Incredible Hulk. Akkompagnert av dei splitter nye promobileta frå filmen.


Filmen, med regi av Transporter og Danny the Dog-regissør Louis Leterrier, har Norton som både manusforfattar og hovudrolleinnehavar (i andre roller finn vi Liv Tyler, William Hurt og Tim Roth, så dette er verkeleg eit stjernelag), og har ingenting med Ang Lee sin fadese frå 2003 å gjere, men er Norton sitt forsøk på å starte ein heilt ny franchise (vi har meldt om dette tidlegare). Mange spennande rykte svever rundt på veven, mellom anna at Robert Downey, jr. sin Tony Stark frå den kommande Iron Man (som er minst like spennande) har ein cameo - teorien går ut på at Marvel forsøkjer å knyte saman fleire av filmane med karakterer som høyrer til superheltklubben Avengers (Marvel sitt svar på DC sin Justice League - du veit, klubben Supermann og Batman er med i) for å ENDELEG kunne lage ein skikkeleg ensemble-piece film med heltar vi kjenner trynet på (SPOILERÅTVARING: Warners prøver å gjere det same med Justice League for tida, med Mad Max-regissør George Miller ved spakene, men slit ekstremt grunna nix frå Brandon Routh og Christian Bale. I staden, seier rykta, vil filmen fokusere på karakterar som Green Arrow og Green Lantern, i ei settning der Supermann er daud og Batman har fått sparken. Whoops!). Men dette er rykter, rykter alt saman.

Det som derimot er klinkande klart, er at Marvel og Universal prøver å melke traileren for filmen som om den i seg sjølv er eit høgdepunkt. No, 2007 var spesielt dominert av at trailere for "store ting" hadde "premiere" i den og den samanhengen (gjerne foran Superbowl eller Lost), og no står det slik til at MTV, som har fått æra av å eksklusivt gjeste premieren av denne traileren har gått ut med teaser til traileren.

Du las riktig: Ikkje ein teaser trailer, men teaser til traileren, som i seg sjølv kanskje berre er ein teaser trailer. Mind boggling? Det tykkjer vi óg.

Vi viser sjølvsagt trail... eh, teaseren her, og kjem sjølvsagt også til å poste sjølve traileren når den kjem, som MTV for øvrig berre presenterer for sitt amerikanske publikum, på fjernsyn så vel som på nett - dvs. at ein må ha amerikansk IP-adresse for å sjå den på MTV.com. Kjipingane! Pfft, vi kjem sjølvsagt til å ha traileren her torsdag, vær du trygg. Vi er kanskje kritiske til denne typen marknadsføring, men vi er jo geeks til sjuande og sist, og enn kor mykje vi kan slenge drit om teikneseriefilmatiseringar elskar vi dei.

Og ja, vi burde ha skrive meir om Iron Man. Og ja, vi har merka oss at William Hurt sin bart er über-macho. Vi likar bart - bart er tøft!

Eh, uansett, Eit stk. teasertrailer coming up.

Etiketter: ,