on holid on holiday by mistake: Warner/Jeff Smith - vanheilag allianse

09 mars, 2008

Warner/Jeff Smith - vanheilag allianse

Warners slår klørne i Bone
Fredag kom nyhenda om at Warner Brothers (også kjend som den sekulære inkarnasjon av Satan) har kjøpt rettane til Jeff Smith sin teikneserie Bone, og planlegg å laga filmversjon med Dan Lin (Warners sitt komande He-Man-prosjekt) og Smith som produsentar.

Bone er fantasyserien om dei tre merkelege Bone-fetrane, som etter å ha blitt jaga ut av Boneville rotar seg inn i ein mystisk og vakker dal, der dei møter mange rare skapnadar, mellom anna menneskja som bur der, Den store, raude draken, og slemme rottenikkar. Snart oppdagar dei at ein mørk skugge har senka seg over dalen, og må ta opp kampen mot Dei vonde kreftene for å redde dalen, og forhåpentlegvis til slutt kome seg heim att til Boneville.

Stilen til Smith er tydeleg farga over hans tid hjå Disney sitt animasjonsstudio, og av klassiske seriar som Pogo og Carl Barks sine onkel Skrue-forteljingar.

Historia spant over 55 hefter over ni historiearkar, gjeven ut mellom 1991 og 2004, og er den lengstlevande sjølvpubliserte serien i USA. Den er også samla i ein Ringenes Herre-liknande murstein.

Dette er ganske snåle nyhende (men så er kanskje eigentleg alt som har med Bone å gjere snålt?). Warners er kjend for sine heller stygge ovegrep mot teikneseriar dei filmatiserer (X-Men, Constantine), og Smith er kjend for å ikkje kompromissere, og braut i av eit teiknefilmprosjekt med Nickelodeon då dei ynskja å tone ned dei vaksne elementa i serien for at den skulle passe eit yngre publikum med Britney on N*Sync-soundtrack (sic).

Det er heller ikkje klart om det er snakk om ein spelefilm a lá Where the Wild Things Are-prosjektet til Spike Jonze som Warners prøver å øydeleggje, 3D-animasjon a lá Istid, Shrek, &c., eller tradisjonell 2D-teiknefilm (personleg tykkjer eg dette hadde vore best).

TellTale Games gjev for tida ut ein seriell dataspelserie av Bone i 3D-grafikk, og det ser slik ut.Bone har gjentekne gongar vore forsøkt utgjeven på norsk, med liten respons frå marknaden. Serien har nett starta opp i Egmont sitt nye "Tommy & Tigern"-blad, saman med mellom anna Pogo. Jeff Smith vitja Bergen i 2001.


Etiketter: ,

2 Comments:

Anonymous Christian said...

Dette høyres jo høgst merkverdig ut. Jeff Smith og Warner i allianse. Kva skjer? Er det mogleg Smith rett og slett er tom for idear og ser seg nødt til å selje for å oppretthalde levestandarden sin? Det er jo, så vidt eg veit, lenge sidan noko nytt frå den kanten.

Eventuelt er Warner så gira på prosjektet at dei har gitt Smith lovnadar om den kontrollen over prosjektet han ønskjer. Vanskeleg å tru, eigentleg.

Ellers er eg einig med deg i at tradisjonell 2D-teiknefilm nok er det beste, sjølv om det hadde vore interessant å sjå Bone-fetrane saman med mennesker i levande live.

1:06 p.m.  
Blogger jack b. quick said...

Ja, ganske merkeleg heile greia, eigentleg. Om eg var knallhard på å beskytte min kreative kontroll hadde Warners vore det siste studioet eg hadde gått til. Men det er jo heldigvis ikkje noko eg treng bekymre meg for. Sukk.

5:40 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home