on holid on holiday by mistake: Watchmen i boks

20 februar, 2008

Watchmen i boks


Me har lenge frykta Zack Snyder (Dawn of the Dead, 300) si innspeling av Alan Moore/Dave Gibbons-serien Watchmen, generelt kjend som den beste (mainstream)teikneserien som nokon sinne er laga. Snyder har vist at han kan ronke i 3D, men korleis han vart veld til å handsame ein av dei meist komplekse og low-key historiane som vert overførd frå returkartong til celluloid kan ein berre spekulere i. Snyder sjølv kallar prosjektet "20 years in the making", og det er ein grunn for det. Ingen har tidlegare ville røre prosjektet avdi fallhøgda er så enormt stor. No er i alle fall teknologien til å gjennomføre det på plass, men i staden for å gje prosjektet til ein regissør som har vist eigenskapane som trengs for å fortelje denne historia, gav altså Warner Bros. (dette selskapet som har vist så god dømekraft i slike høve før, som denne filmen, eller denne filmen, eller denne filmen, for å nevne eit par elendige film-versjonar av kjende seriar) jobben til 3-nerdefilmar-wunderkinden Snyder.

No kan Snydaren melda at filmen er ferdig innspelt, og då er det berre CGI-teamet si monumentale oppgåve som gjenstår. Filmen har premiere Mars til neste år, så ein kan rekne med at det er litt av ein jobb som gjenstår. Snyder har latt fansen få sjå eit bilete frå filmen satt i kontrast med storyboard og panelet frå teikneserien, og dette ser jo riktig flott ut. Rett nok ikkje nokon indikasjon på korleis historia vert fortalt, men me kan jo håpa på at det mannen har gjort tidlegare ikkje betyr at han ikkje klarar det. Me er spente!

Via IO9 og Slashfilm

Etiketter: , ,