on holid on holiday by mistake: Klonane reddar æra

14 november, 2008

Klonane reddar æra

Kven hadde trudd det? Den nye Star Wars: Clone Wars tv-serien manar fram mykje av den same sjarmen og barnlege gleda som den originale trilogien gjorde. Utan Hayden Christensen sitt åleglatte og talentlause ytre (ei eingong stemme, men med stemma til Matt Lanter!) framstår Anakin som ein perfekt, trøblete helt med akkurat passe dose issues utan å bli EMO, og vissheita om at han ikkje blir Vader i løpet av denne serien gjer at vi kan kjøpe han som helt utan å vente på at han skal bli ond. James Arnold Taylor si stemme som Obi-Wan er ein ypperleg blanding av Ewan McGregor og Alec Guinness, og det er berre heilt fabelaktig å høyra Dee Bradley Baker som SAMTLEGE klonar (sjølvsagt). Sistnevnte er kanskje det kulaste ved heile serien, Star Wars sine nye badass chicks Assaj Ventress og råkule Ahsoka Tano inkludert. Klonane har verkeleg individuelle identitetar, sjølv om enkelte slit med det faktum at dei alle er "like" på bunnen. Eg kjenner at eg verkeleg diggar Commander Cody, sjølv om eg gav katten i han i makkverket som er Revenge of the Sith (som likevel er tolv parsec betre enn Attack of the Clones!), og Captain Rex er eit herleg tillegg til eit rollegalleri som faktisk kunne blitt noko monotont (i og med at 95 prosent av bakgrunnskarakterane er klonar eller battledroids).

Alt i alt er Clone Wars, etter sju episodar på Cartoon Network, eit gledeleg gjensyn med Star Wars-universet, etter at nettopp dette tok ein kraftig støyt av filmtrilogien som nesten tok livet av det for fans av dei originale filmane. Eg likte Genndy Tarkovsky sin teiknefilmserie frå 2003 ganske godt også (også på Cartoon Network), men episodane vart for korte og sporadiske til å engasjere - ikkje så med denne nye inkarnasjonen. Lucas har greid å fornya SW på ein måte som fungerer og engasjerer, og eg gledar meg til ein ny episode kvar veke. TV-formatet passar SW overraskande bra i denne drakta, og det er berre å glede seg til live-action serien som etter planen skal på lufta når Clone Wars sine 100 episodar er over.

Etiketter: , ,