on holid on holiday by mistake: Statusrapport frå WT-festivalen

07 november, 2008

Statusrapport frå WT-festivalen

WT-festivalen 2008 er i gong, og det er no publisert ein liten statusrapport så langt på nettsidene til festivalen.

Den nasjonale pressa har glimra med sitt fråver nok ein gong (det er jo trass alt berre Os, ikkje Oslo, og det er ingen live sex show på festivalen, som er det som må til for å dra Oslopressa ut av syndebygda si), men det vert sjølvsagt ein del lokalt.

Frå nettsidene til festivalen er her eit utdrag:

Årets festival er i full sving, og det har skjedd mykje allereie.

Opninga onsdag vart sjølvsagt dekka av pressa, både lokal og metropol sådan. Både Midtsiden , Os&Fusaposten, BA og Vestlandsrevyen hadde førehandsomtale av festivalen - trykk på lenkene for å lesa deira inntrykk frå timane før det braka laust som verst. Bergen StudentTV var også tilstades, og denne rapporten kjem seinare i veka.

RadiOs var sjølvsagt representert ved Jan Petter Svendal under opninga, og han opplevde det heile slik .

Midtsiden har lete seg imponera stort over Elin Søfteland si fantastiske utsmykking av Fjellheim, og skildrar dette gjennom denne fotoserien .

BA var tilstades på den raude lauparen, og snakka med både festivalstab, jurymedlemmar, og gjestar, og slik rapporterer dei dét .

Midtsiden tok seg også tid til å snakka med vår æresgjest Timo Vuorensola, og det intervjuet kan du lesa her .


Etiketter: ,