on holid on holiday by mistake: Dei fem beste antikopireklamane på veven

27 november, 2008

Dei fem beste antikopireklamane på veven

I desse dagar er det jo stor ståhei på dei sju hav, og med unntak av terrorangrep, finanskrisar o.l, er det piratverksemd det vert skrive mest om i dagspressa. Og då snakkar vi om piratverksemd i ordets rette forstand, ikkje det virtuelle tøyseomgrepet som vert kasta rundt av folk som eigentleg ikkje veit kva det vil seie (hint: Det er lovleg å lasta ned t.d. filmar og tv-seriar i Noreg, så å kalla det piratverksemd er faktisk bakvasking! Det er derimot ikkje lov å spre kopiar, men dette blir omtala i same handvending, sjølv om det ikkje er det same).

Det er likevel ikkje til å stikke under ein stol at (virtuell) piratverksemd kan vere svært skadeleg for ulike ledd av underhaldningsbransjen, men for min eigen del er det hovudsakleg tv-seriar eg lastar ned. Piratverksemd av tv-seriar (som ikkje er utgjeven på DVD, vel å merkje) er ikkje skadeleg i heile tatt, fordi dei i USA nyttar det såkalla Nielsen-systemet for å måla antall sjåarar eine og aleine; dei reknar ikkje med TiVO-opptak, online streaming (mange tv-stasjonar tilbyr no seriane streama gratis over veven), og andre, lovlege, måtar folk ser seriane sine på - berre antall sjåarar som registrerer seg på boksen sin når programmet går på lufta. Ergo har nedlasting av tv-seriar absolutt ingen målbar effekt, fordi det er umogleg å skilje mellom lovlege sjåarar som ikkje vert registrert, og gråsone-lovlege sjåarar (i.e. nedlastarar).

Men dette er langt i frå nokon tirade pro eller kontra nedlasting, ei heller ein justifisering for meg sjølv slik at eg kan sova i natt utan å tenkje på dei stakkars, stakkars tv-serieprodusentane, som Tim Kring, som tapar pengar; dette er berre mitt påskot for å dele med dykk nokre videoar som på alvor set fokus på det alvorlege samfunnsproblemet som er ulovleg kopiering. Eg gjer dykk dei fem beste antikopireklamane, eller Anti-Piracy Public Service Announcements som dei heiter på sambandsstatisk, på veven!

5. Bender (Futurama)

Den elskelege, robotiske rakkaren Bender stel kva det skal vere, og han er ikkje ukjend med piratverksemd. Tidlegare har han mellom anna lasta ned Lucy Liu frå internett, i ein episode av komiserien Futurama. Men er det han gjer moralsk rett, sjølv om det får oss til å le så hjarteleg?



4. Jack Black (Tenacious D)

Jack Black tek eit skikkeleg Patrick Swayze- augneblikk, og gjer oss eit ektefølt bod om å slutte opp med ulovleg kopiering.



3. The IT-crowd

Kva er meist skremmande; Dei langsiktige effektene av ulovleg kopiering, eller dei som lagar antikopireklamar??



2. Christopher "McLovin" Mintz-Plasse (Superbad):
Eg personleg er på nippet til å aldri meir lasta ned ein film med Christopher Mintz-Plasse i - han skal få mine DVD-pengar, ingen diskusjon!

See more Judd Apatow videos at Funny or Die



Og den beste anti-piracy PSA'en, er den originale, frå 1992:

1. Don't Copy That Floppy
Og ja, dette er ekte. Frå 1992. Om noko nokonsinne skal overtyde deg om at det er galt å kopiera spel, så er det denne videoen!

Etiketter: , ,

3 Comments:

Blogger Mad Mullah Hastur said...

*fnis*

Og eg som hadde tenkt å knabbe denne ideen.

11:47 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

Hehehe, eg hadde tenkt å la den bli, men så var høvet for bra til å la det ligga. Neste blir dei 5 beste julefilmane som ikkje er julefilmar, det er ein artikkel eg har spart lenge..

11:59 p.m.  
Blogger Mad Mullah Hastur said...

Ser fram til det påsan. Du er herved omtalt hjå meg.

12:05 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home