on holid on holiday by mistake: Filmomtale: Mama Mia

29 november, 2008

Filmomtale: Mama Mia

Antall minutt eg haldt ut før eg var nøydd til å gå frå rommet grunna ubehag: 3 1/2.

'Nuff said.

Neste veke: Eg prøver å halda ut i over 4 minutt av Twilight!

(Addendum: Eg føler eg må påpeike at mitt ubehag ikkje berre skuldast filmen i seg sjølv, men heile settinga, forventingane til dei rundt meg, reaksjonane deira, lidskapen... Eg antar det er omlag slik eg sjølv er når eg skal sjå ein episode av Doctor Who, eller ein Bruce Campbell-film...)

Etiketter:

7 Comments:

Anonymous Anonym said...

Sjølv har eg tenkt tanken "Når skal ein bli ferdig med dette Abba-maset?". Diverre trur eg svaret er "aldri".

2:43 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

Mogleg eg er ignorant, men heile denne greia med filmen kom totalt ut av det blå for min del. No skriv dei rett nok ikkje så mykje om musikalar som ikkje inneheld gale vitskapsmenn eller transseksuelle romvesen på dei forhaldsvis nerdete filmfora eg frekventerer, men likevel... Nok er nok, og det er på tide å sei "Thank you for the music" og gå vidare. Tør eg foreslå at Boney M vert neste prosjekt, regissør Phyllida Lloyd?

7:35 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Dei har tatt Beatles. Dei har tatt ABBA. Johnny Cash. Og Ole Bull (sjølv om det rettnok ikkje ar ein musikal). Om Boney M då vert neste ut? Tja. Kva med Queen? Med songaren Mika i rolla som Freddie Mercury?

9:51 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Ka med Metallica som musical, med Call of Ktulu som tema? The Thing That Should Not Be? Eller Megadeth; Peace Sells... But Who's Buying. Eller for å dra det litt mer lokalt; Immortal som sjungespel i klosterruinane. Rancid eller Bad Religion kunne og blitt gjenfødd gjennennom Broadway, eg føler inspirasjonen strømme på.

1:44 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

Eg trur du har misforstått litt Ørjan, ingen av forslaga dine har på nokon som helst måte potensiale for å bli så populære som ABBA-musikalen (eg er villig til å vedde ganske gode pengar på at dei alle hadde floppa ganske saftig - fordi dei ikkje er mainstream nok, med unntak av poporkesteret Metallica, som rett og slett berre sug). Dessutan handlar det vel så mykje om alt rundt filmen som i den, og det er vel neppe sjans for at Bad Religion hadde fått middelaldrande kvinner rundtom i det ganske land til å gå rundt og synga i eit heilt år.

3:42 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

Janne: Etter nærare ettertanke, tek eg gjerne ein Queen-musikal dersom den blir slik som dette: http://www.youtube.com/watch?v=pvebZ59zwGE

7:27 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Haha! No måtte eg le høgt for meg sjølv her. Fantastisk. Rett og slett. Å kombinere Queen og Star Wars måtte jo ha blitt ein uslåeleg hit? Med mindre fan av ein av dei to leirane meiner det er blasfemi.

3:39 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home