on holid on holiday by mistake

24 januar, 2009

Monty Python tener fett på å vere gratis

Monty Python gjorde nyleg sitt omfattande arkiv tilgjengeleg på YouTube - gratis - fordi dei var lei av dei uendeleg mange dårlege piratklippa der ute. Samstundes som dei lanserte sin eigen kanal på YouTube, sende dei ut denne videoen:



No, nokre knappe månadar seinare, viser det seg at i kjøvatnet - og som direkte konsekvens - av dette vågale trekket, har salet av Monty Python-DVDar auka med 23000 %. Tjuetretusen prosent!

Dette er er stikk i strid med kva det vert hevda frå heksejegarane hjå dei store plate- og distribusjonsselskapa. Dei ynskjer avgrensa tilgjengeleg materiale så mykje som mogleg fordi det vil hindra piratvekrsemd, men så visar det seg altså at gruppa som kanskje er større enn Beatles blir enno rikare av å faktisk gje vekk materialet sitt.

Noko til ettertanke?

(via Slashfilm, Topless Robot)

Etiketter: , , , ,

20 januar, 2009

Beastmaster Jr.

Denne videoen går sin sigersgong i nerdebloggar i heile bloggosfæren, så vi kan ikkje vere verre her:



Den vann fyrstepris i Alamo Drafthouse (i.e. verdas feitaste kino) sin Be Kind Rewind Sweded Short Film Contest. Og det er ikkje rart å sjå kvifor!

De kjennar kanskje att guttungen som "unge Jean-Claude Van Damme" i ein video frå tidlegare i år som gjer oss eit betre svar på når JCVD vart ein Mann...

Etiketter: , , ,

15 januar, 2009

Star Wars for Dummies?

Eg lev i eit verd av motpolar. På den eine sida har eg fleire gode venar som aldri har sett Star Wars (i.e. heidningar). På den andre sida, har eg meir enn ein god ven som har halde tittelen Bergensmeister i Star Wars-trivia (i.e. fundamentalistar).

Det er ikkje til å unngå at dei aller fleste veit ein ting eller to om Star Wars, sjølv om dei gjerne ikkje har quizmeisterdiplom, eller ein gong har sett filmane.

Som Joe Nicolosi illustrerer når han får si venninne Amanda til å gjenfortelje plottet i den originale Star Wars-trilogien, utan at ho i det heile har sett filmane ("I've seen bits of it").

Dette er til almennopplysning for Star Wars-jomfruane der ute. De andre kan ty til flaska med det same. Gudane veit at det er det eg gjer no.


(via
BoingBoing)

Etiketter: , ,

13 januar, 2009

The Awesomness That Is Neil Patrick Harris.

Handling er verdt meir enn tusen ord. Også i dette tilfellet:



(via halve blogosfæren)

Etiketter: , ,

27 november, 2008

Dei fem beste antikopireklamane på veven

I desse dagar er det jo stor ståhei på dei sju hav, og med unntak av terrorangrep, finanskrisar o.l, er det piratverksemd det vert skrive mest om i dagspressa. Og då snakkar vi om piratverksemd i ordets rette forstand, ikkje det virtuelle tøyseomgrepet som vert kasta rundt av folk som eigentleg ikkje veit kva det vil seie (hint: Det er lovleg å lasta ned t.d. filmar og tv-seriar i Noreg, så å kalla det piratverksemd er faktisk bakvasking! Det er derimot ikkje lov å spre kopiar, men dette blir omtala i same handvending, sjølv om det ikkje er det same).

Det er likevel ikkje til å stikke under ein stol at (virtuell) piratverksemd kan vere svært skadeleg for ulike ledd av underhaldningsbransjen, men for min eigen del er det hovudsakleg tv-seriar eg lastar ned. Piratverksemd av tv-seriar (som ikkje er utgjeven på DVD, vel å merkje) er ikkje skadeleg i heile tatt, fordi dei i USA nyttar det såkalla Nielsen-systemet for å måla antall sjåarar eine og aleine; dei reknar ikkje med TiVO-opptak, online streaming (mange tv-stasjonar tilbyr no seriane streama gratis over veven), og andre, lovlege, måtar folk ser seriane sine på - berre antall sjåarar som registrerer seg på boksen sin når programmet går på lufta. Ergo har nedlasting av tv-seriar absolutt ingen målbar effekt, fordi det er umogleg å skilje mellom lovlege sjåarar som ikkje vert registrert, og gråsone-lovlege sjåarar (i.e. nedlastarar).

Men dette er langt i frå nokon tirade pro eller kontra nedlasting, ei heller ein justifisering for meg sjølv slik at eg kan sova i natt utan å tenkje på dei stakkars, stakkars tv-serieprodusentane, som Tim Kring, som tapar pengar; dette er berre mitt påskot for å dele med dykk nokre videoar som på alvor set fokus på det alvorlege samfunnsproblemet som er ulovleg kopiering. Eg gjer dykk dei fem beste antikopireklamane, eller Anti-Piracy Public Service Announcements som dei heiter på sambandsstatisk, på veven!

5. Bender (Futurama)

Den elskelege, robotiske rakkaren Bender stel kva det skal vere, og han er ikkje ukjend med piratverksemd. Tidlegare har han mellom anna lasta ned Lucy Liu frå internett, i ein episode av komiserien Futurama. Men er det han gjer moralsk rett, sjølv om det får oss til å le så hjarteleg?



4. Jack Black (Tenacious D)

Jack Black tek eit skikkeleg Patrick Swayze- augneblikk, og gjer oss eit ektefølt bod om å slutte opp med ulovleg kopiering.



3. The IT-crowd

Kva er meist skremmande; Dei langsiktige effektene av ulovleg kopiering, eller dei som lagar antikopireklamar??



2. Christopher "McLovin" Mintz-Plasse (Superbad):
Eg personleg er på nippet til å aldri meir lasta ned ein film med Christopher Mintz-Plasse i - han skal få mine DVD-pengar, ingen diskusjon!

See more Judd Apatow videos at Funny or Die



Og den beste anti-piracy PSA'en, er den originale, frå 1992:

1. Don't Copy That Floppy
Og ja, dette er ekte. Frå 1992. Om noko nokonsinne skal overtyde deg om at det er galt å kopiera spel, så er det denne videoen!

Etiketter: , ,

16 november, 2008

DIY Muppet!

Ynskjar du deg din eigen, custom Muppet? Då har eg gode nyhende til deg: FAO Schwartz tilbyr nemleg eksklusive Muppets med ei rekkje ulike løysingar du kan velje mellom for å skape din eigen, unike Muppet - ein Muppet Whatnot.

No må det seiast at dei er litt gnitne på dei ulike vala, og at ting i tillegg har teke til å bli utseld talar heller ikkje i deira favør - men tilbodet er så unikt og genialt, at her er det berre å kaste seg på kredittkortet. Det heile minnar meg litt om Simpsonize Me, berre at du sit att med ein fysisk sak i hendene, og at du diverre ikkje kan laste opp eit bilete som genererer ein ekte Muppetversjon av deg. Sjølv kjem eg til å avventa og sjå om det kjem fleire kustomiseringsalternativ, det var nemlig ikkje mogleg å laga ein muppet-Ole Henning av desse vala.

Etiketter: , , ,

24 juli, 2008

"Don't cry for me, I'm already dead"

Eg er ikkje spesielt glad i nettseriar. Granted, det fins jævla bra ting der ute, som The Perry Bible Fellowship, og Penny Arcade (TPBF kan ein sitte å le av i timesvis, men Penny Arcade tilrås berre til ekstreme nerdar - ikkje deg, Kjetil) men det aller meste greier berre ikkje å fenge meg. For ikkje å snakka om korleis nettseriar ofte er rein og skjær drit, og det er ein grunn til kvifor dei er på ein eller annan dust si heimeside og ikkje på papir frå Egmont, dei er ofte vanskelege å lese grunna låg oppløysing, og så bortetter.

Men nettseriar har den fordelen at ein ikkje må forhalde seg til kyniske redaktørar, og difor kan det i enkelte tilfelle dukke opp juvelar som er rein poesi - seriar som gjer deg heilt paff i sitt simplistiske geni (og sidan det i tillegg er bilete til teksten slepp ein å keie seg slik som med vanlig poesi! Huzza!).

I dag fekk eg meg ei slik oppleving, ein nettserie som faktisk rørte ved den kalde, daude hjarterota mi. Eg måpte i over 30 sekund, før eg fekk summa meg til å spre ordet ut til alle mine potensielt opptil ti lesarar. Eg kjenner litt for mange Simpsons-sitørar (sjølv er eg kanskje meir ein Futurama-sitør) til at dette kan gå upåakta hen i mine omgongskretsar, og i tillegg har eg opplevd hjerneblødningar og sviktande sinn i nær familie, så dette var sterke sakar.

Kva bablar eg om?

Don't cry for me, I'm already dead, av Rebecca Sugar.

(via MightyGodKing)


Etiketter: ,