on holid on holiday by mistake: Bill er litt frustrert akkurat no

20 november, 2008

Bill er litt frustrert akkurat no

For dei som ikkje kjenner til det (hallo??), så har JJ Abrahams, mannen bak Mission Impossible III, "LOST" og Cloverfield fått frie tøyler til å gje Star Trek-franchisen ein lenge etterlengta oppfrisking. Filmen er sett til før den originale serien fann stad, men etter prequel-serien Enterprise, og handlar om mannskapet frå den originale serien, men frå før den originale serien fann stad. Puh!

For ikkje å framandgjere fansen totalt, har Leonard Nimoy, som spelte Spock i om lag alle inkarnasjonar av Star Trek, ein såkalla cameo - eit fancy ord for gjesteopptreden - i filmen, som den gamle Spock, som på ein eller annan måte møter den unge Spock gjennom eit eller anna tidsfenomen (som er uklart enno - ja, nettopp, mannen som står bak "LOST", ja. Ringte det ei bjelle no, med dette overdrevent kompliserte plottet?).

Men William Shatner, som spelte den karismatiske, og udiskutable stjerna av Star Trek, kaptein James T. Kirk, vart ikkje spurd om å vere med i filmen, noko han er meir enn middels opprørt over, og ikkje har vore redd for å spy utover internett og media (utan konsekvens, for øvrig) - men eg skal spare dykk frå ein haug med lenker de ikkje kjem til å trykka på - berre ta mitt ord for det.

Så når den nye, og noko overraskande, traileren til Trek kom på lufta hin dagen,
, var ikkje Bill Shatner noko vidare imponert.

Vi tenkjer oss at han reagerte slik:


(Via Topless Robot)