16 januar, 2009
30 november, 2008
Filmomtale: My Name is Bruce
Eg har skrive litt om My Name is Bruce tidlegare. For dei som nett skifta kanal, kan eg oppsummere med at filmen er siste verket til B-filmlegenda Bruce Campbell, og har ein del forventningar knytt til seg av nerdedomen der ute. Filmen handlar om den utvaska, alkoholiserte skodespelaren Bruce Campbell (Bruce Campbell), som vert kidnappa av ein desperat fan; ikkje for å binda han fast til ei seng og knusa kneskålene hans Misery-style (sjølv om Bruce på eitt tidspunkt fryktar nettopp denne lagnaden), men fordi actionhelten Campbell må vere den einaste som kan redde småbyen Gold Lick ("We Licked 'Em Good!") frå ein kinesisk demon (som også er skytsengel for bønnedravle - nei, eg køddar ikkje)!
Konseptet er artig nok, men eg må vedgå at eg etter Bruce sin siste eigenregisserte film, Man with the Screaming Brain, var heller skeptisk. Eg meiner, eg hadde elska filmen uansett, men ikkje det hadde ikkje vore ekte kjærleik. Meir slik kjærleik ein påstår for å unngå ubehagelege situasjonar. Men slik lagnaden skulle ha det, viste filmen seg å ikkje berre vere genuint fornøyeleg, men også langt over gjennomsnitteleg smart, godt skoten, og med Campbell sin upåklagelege komiske timing á la dei store førebileta hans The Three Stooges. Bruce i slik form har vi faktisk ikkje sett sidan Evil Dead 2, og betre skussmål enn akkurat dét trur eg ikkje nokon Bruce Campbell-film kan få.
Bruce har tidlegare uttalt at denne filmen er fyrst og framst for fansen. Og jada; der Campbell gjer narr av seg sjølve og sin "figur" - både den overdrivne oppfatningen den fanatiske fanskaren hans har av kven han er, og den parodiske taparen Bruce Campbell vi også møter i romanen How To Make Love - The Bruce Campbell Way - men han gjer også narr av oss, hans hengjevne fans. Og det er berre å gje seg over for korleis han tar oss på kornet ("Bruce Campbell is the single greatest actor of his generation!"), og akseptere at om vi skal le av han, må vi godta at han ler av oss (Campbell er kjend for å vere veldig fan-venleg). Filmen er proppfull med referansar, parodiar og direkte henvisningar til hans lange B-filmkarriere (inkludert eit par falske titlar som den astutte fan kjenner att frå bøkene hans), og gjesteopptrednar av såvel Ellen Sandweiss (Cheryl frå The Evil Dead), Danny Hicks (Jake frå Evil Dead II) og Tim Quill (smeden frå Army of Darkness) - alle for gode for å avsløra her!
Uansett: Er du ein fan av Brusaren er det ingen grunn til å tru at du ikkje kjem til å sjå dette vesle meisterverket. Om du ikkje veit kven han er (seriøst? Brisco County Jr., for pokker!) veit eg ikkje om filmen har noko særleg appell, reint bortsett frå den herlege fysiske komikken, dei lågpanna vitsane, og old-school splatter-scenane som, som Bruce seier sjølv til Ain't it Cool News, vitnar om tida før "torturpornoen".
Filmen er produsert av teikneserieutgjevaren Dark Horse Comics sitt nye filmhus Dark Horse Indie, og er for tida i begrensa kinodistribusjon i USA: Den kjem på DVD og Blu-ray 10. februar til neste år, fullstappa med ekstramateriale.
Etiketter: bruce-o-rama, Filmvurdering, Popkult, Sniktitt
29 november, 2008
Filmomtale: Mama Mia
Antall minutt eg haldt ut før eg var nøydd til å gå frå rommet grunna ubehag: 3 1/2.'Nuff said.
Neste veke: Eg prøver å halda ut i over 4 minutt av Twilight!
(Addendum: Eg føler eg må påpeike at mitt ubehag ikkje berre skuldast filmen i seg sjølv, men heile settinga, forventingane til dei rundt meg, reaksjonane deira, lidskapen... Eg antar det er omlag slik eg sjølv er når eg skal sjå ein episode av Doctor Who, eller ein Bruce Campbell-film...)
Etiketter: Filmvurdering
08 november, 2008
Nerderiet er over for i år
Med gårsdagens syningar av Outlander og Interplanetary er den fantastiske delen av programmet på WT Os internasjonale filmfestival over for i år. Med nesten fullsatt sal var Outlander lett den mest vitja filmen på årets festival, som ikkje er overraskande, men synd. Moro dog det var, den verkelege stjerna var Interplanetary, som hadde meir eller mindre verdspremiere (den hadde ein tidlegare syning i Memphis for nesten ein månad sidan, men dette var ein tidlegare, meir uferdig klipp, og det var mest folk tilknytt filmen tilstades - les ein omtale av filmen hjå Oxford Film Freak her).
I sann John Carpenter-stil leverer Interplanetary varene med eit imponerande, CG-fritt visuelt ytre, og eit spennande og akkurat passe cheesy manus (til samanlikning var det cheesye manuset til Outlander nok til å skapa laktoseintoleranse). Filmen handlar om staben på ein marsbase eigd av ein megakorporasjon (Interplanetary Corporation), og handlar om kva som skjer når denne staben beståande utelukkande av middle management og support crew hamnar i ein situasjon som merkeleg nok ikkje vert dekka av selskapet sine fyldige permar med retningslinjer og byråkrati. Det heile utviklar seg i ein retning splattermeistar Roger Corman hadde vore imponert over, og regissør Chance Shirley sine grep for å dekkja over sekvensar som hadde blitt for dyre for superlågbudsjettet i blant mersterlige. Kombinert med ein originalt lydspor igjen heilt i Carpenter-anda er dette ein film eg vart sitjande igjen med eit intenst håp om at dei vert plukka opp av ein stor distributør etter. De kan følgja Chance og Interplanetary på veven, på filmen sin blogg, Everybody on Mars is Dead.Dette er verkeleg den typen filmar WT-festivalen handlar om.
Det einaste som er så synd er at det må til ein film av dette kaliberet for å lokka folk på kino i Fjellheim - og eg antar filmfestivalar elles. Folk er naturleg skeptiske til ting som nokon andre ikkje allereie har bestemt at skal gå på vanleg kino - men kvifor det? Eg trur vel så mange hadde hatt glede av mange av dei andre filmane våre i år, som leid under låge besøkstal, men fekk svært gode skussmål av dei som såg dei, spesielt Goodbye Baby og Interplanetary. Det som i allefall er sikkert er at det berre er i prime time folk har lyst å gå på kino, og det er absolutt noko festivalen kjem til å ta i betraktning i framtida - men det er framleis synd.
Etiketter: Festival, Filmvurdering, Popkult, Pulp Action
05 november, 2008
Forbidden Planet Redux?
God kveld i stova, det er din kjære mulla og profet her, og eg har blitt bedt om å dele litt godsaker her for min venn Jack B. Quick, som for tida er opptatt med ein festival av eit slag. Alle hans kreftar vert satt inn der, og det er ikkje pust i kroppen att i han til å fortelje dykk noko så vidunderleg som at Forbidden Planet får ein remake.Greit, vidunderleg er det vel kanskje ikkje. Forbidden Planet, frå 1956, er blant dei ytterst få klassiske science fiction filmane som framleis held stand. Det gjorde den i alle fall sist eg såg den. Eg fniste aldri over dårlege effektar, ei heller himla eg med auga, heller ikkje for elendige skodespelarprestasjonar eller dårleg manus. Filmen er simpelthen god, og er det framleis. Faktisk er vel det du reagerar kraftigast på at Leslie Nielsen ikkje snublar eller oppførar seg på sitt etterkvart vanlege klovneaktige vis i denne filmen som mange nok vil rekne som hans dramatiske gjennombrot (og høgdepunkt). Dette er milevis unna den Nakne Pistol og Hjelp! Vi flyr!, dette er science fiction drama, med solide horror-element, som... vel... du bør vel eigentleg sjå den.
For dei som likar triva er det verdt å ta med det velkjente faktum at både romskipet og roboten som står sentralt i filmforteljinga dukkar opp att i fleire episodar av The Twilight Zone og andre seriar og filmar. Kva meir prov treng du eigentleg?
Vel, eit prov på at dette er ein klassisk film er jo at Hollywood, i sin stadige meir openbare idètørke, no vil spele den inn på nytt. Ein idè som eg vanlegvis møter med stønn, gru og diverse utbrot på Yiddish.
Så kvifor ligg eg ikkje i fosterstilling og grin denne gongen? Fordi eg er ein fanboy, og når det er Joe Michael Straczynski (som jbq ikkje er så glad i) som har blidd plukka til å skrive manus, så ser eg for meg at dette kan verte interessant. Ikkje så mykje remake som hyllest ser eg for meg frå mannen som gav oss The New Twilight Zone, fleire sesonger med Murder, She Wrote og ikkje minst - tidanes beste fjernsynsserie - Babylon 5 (som jbq verkeleg ikkje likar). I den siste tida har Straczynski vore involvert i teikneserieproduksjon (Spider Man, Rising Stars) og ymse filmprosjekt som Clint Eastwood sin nyaste; Changeling.
Så kva kan ein vente av ein JMS-versjon av Forbidden Planet? Eg trur vi kan summere det med tre punkter:
1. Ektefølt homage til ein klassikar, dvs. ei utdjuping av det som gjorde originalen god. (Nemnte eg at eg var ein fanboy?)
2. Filosofi. Og mykje av det. Både av det platte og det djupe slaget. Straczynski har alltid hatt ein tendens til å ta opp essensielle spørsmål når han har frie tøyler.
3. Monologar. Heftig lange taler. Taler som gjerne byrjar med "My father always told me...", og som sluttar med at du har gåsehud... evt. har sovna.
Eg trur særleg punkt 3. vert sentralt.
Så får vi sjå då... kor langt dei kjem i prosjektet. Å be nokon å skrive eit manus er framleis eit stykke unna å realisere ein film.
Etiketter: Filmvurdering, Popkult, Snål film
10 oktober, 2008
South Park illustrerer kva vi alle følte etter Indiana Jones IV
Eg har ingen ting å tilføye, dette er den beste filmvurderinga av Crystal Skull eg har sett.
Jo, éin ting: Topless Robot påpeiker korleis karakteren Indiana Jones var totalt overflødig i filmen.
Sitat, "Frankly, I could have handled the refrigerator and the monkeys and the
groundhogs if it hadn't been for that ending. Do you realize that if
Indy had just stayed home, and let the Russians find and return the
skull, the ending would be exactly the same? Indy accomplished
nothing—nothing in the film."
Der har vi noko å tenkje på. Eller briste saman i gråt og angstanfall over, alt ettersom. Orsak meg, eg må ha meir kleenex.
Etiketter: Filmvurdering, Indyologi, Popkult



